mandag 19. april 2010

Byrjinga på slutten for Sogn og Fjordane som eitt helsefylke?


FJORDABLADET – Som fastlegar i Nordfjord kjenner vi oss langt frå trygge på at dei tala som Helse Førde byggjer på i sitt høyringsdokument, er godt nok kvalitetssikra og konsekvensutgreidde.

Dette skriv 32 av totalt 33 fastlegar i Nordfjord i ei fråsegn til strategiarbeidet i Helse Førde HF 2010-2020.

I fråsegna viser fastlegane til at i 2009 vart det innlagt 1.660 pasientar ved medisinsk avdeling på Nordfjord sjukehus (NS). Tilsvarande tal på Lærdal sjukehus (LS) var 1.362. Nær 100 prosent av desse pasientane vart innlagde med behov for øyeblikkeleg hjelp, og nær alle kom til sjukehus med ambulanse. Alderen på denne pasientgruppa er høg, og vi veit at talet på slike pasientar vil auke dei neste 10-20 åra. I tillegg vart 523 pasientar lagde inn til dagopphald ved medisinsk avdeling ved NS (441 på LS). På dei ortopediske avdelingane var tilsvarande tal 825 på NS og 680 på LS, til dagopphald høvesvis 459 på NS og 322 på LS. Summerer vi desse tala, svarar det til omlag 45 prosent av totaltalet på pasientar behandla ved medisinske og ortopediske avdelingar i Helse Førde. Tek vi også med tala på inneliggjande pasientar på kvinneklinikkane på NS (679) og LS (198), vert det til saman 7149 pasientar. Om styret i HF får det som dei vil, misser desse pasientane lokalsjukehustilbodet sitt slik dei har hatt det dei siste generasjonane.

I fråsegna viser fastlegane til at det er grunn til å stille ein del kritiske spørsmål:
● Har verkeleg Førde Sentralsjukehus kapasitet til å handtere ein så sterk auke i pasienttalet?
● Har ambulansetenesta stor nok kapasitet?
● Korleis går det med beredskapen i kommunane våre når vi må rekna med at det kvar dag, 365 dagar i året, vert mellom 10 og 15 ambulansar ekstra borte frå sine heimkommunar i 4-5 timar kvar tur til Førde? I høyringsgrunnlaget er det ikkje lagt opp til ein auke i ambulanseressursen.
● Kva vil dette kosta, ikkje minst samfunnsøkonomisk?
● Kva vil det medføre av ekstra liding og komplikasjonar for mange av desse pasientane?

«Som fastlegar i Nordfjord kjenner vi oss langt frå trygge på at dei tala som Helse Førde byggjer på i sitt høyringsdokument, er godt nok kvalitetssikra og konsekvensutgreidde. Vi ser og at det innleigde konsulentbyrået som har gjort grunnarbeidet, presiserer at det er «grove estimat» og «usikkerheit» knytt til estimata. Likevel har eit samla styre i Helse Førde gått inn for alternativet med eitt sentralsjukehus og to lokalmedisinske senter (utan senger). Grunngjevinga for å gå inn for denne modellen har vore dels faglege, dels økonomiske.

Den viktigaste rettesnora for organiseringa av norsk helsevesen dei siste 20-30 åra har vore at helsetenestene skal gjevast på lågaste/beste effektive omsorgsnivå (LEON/BEON-prinsippet). I praksis vil dette seie at pasientane bør få naudsynt helsehjelp nærast råd der dei kan få den kvalifiserte hjelpa dei treng.

Innan spesialisthelsetenesta er det lokalsjukehusa som har vore berebjelken. Dette er nok årsaka til at Soria Moria II slår fast at «dagens desentraliserte sykehustilbud skal opprettholdes» og at «ingen lokalsykehus skal legges ned». Det var dette dei raudgrøne partia lova oss før siste val.

”Dette stiller strenge krav til at ein ikkje dimensjonerer tenestetilbodet slik at ein tek på seg oppgåver ein ikkje kan bli gode på, eller som andre er betre på

Med berre cirka 107.000 innbyggjarar i fylket kan FSS aldri verta noko anna enn det minste sentralsjukehuset i landet. Dette stiller strenge krav til at ein ikkje dimensjonerer tenestetilbodet slik at ein tek på seg oppgåver ein ikkje kan bli gode på, eller som andre er betre på. Seinare års forsking har gjeve mange signal om at det ofte er ein klar samanheng mellom talet på operasjonar ein utfører av ein spesiell type (volum) og resultatet av operasjonen. Vi kjenner dette godt frå fødselsomsorga, men og frå kreftkirurgi, ortopedi og ei rekkje andre sjukdomar/tilstandar der det ut frå kvalitetsomsyn er ynskjeleg med ei auka sentralisering.

Om Helse Førde ikkje vil at pasientgrunnlaget på 107.000 skal verta endå lågare, må dei i alle fall sørgje for at ikkje pasientlekkasjen ut av fylket aukar. Med tilrådd modell vil dette heilt sikkert skje i stort omfang. Då vil nok mange av dei som så langt har nytta FSS, velje andre sjukehus, og dermed svekkja driftsgrunnlaget og økonomien for den vidare utviklinga ved FSS. Dette er trist. Som fastlegar i Nordfjord har vi i alle år hatt stor glede og nytte av å samarbeide med dei «mindre spesialavdelingane» ved FSS (mikrobiologisk avdeling, auge/ØNH/revmatologi/nevrologi/barneavdelinga/hudavdelinga/ kreftpoliklinikken og gyn./obst.). Slik vil vi ha det også i framtida. Desse avdelingane har heile tida vore flinke til å dimensjonera verksemda si slik at dei berre har teke på seg å driva med «lokalsjukehusfunksjonane» innafor felta. Resten har dei sendt frå seg.

Modell 3 i høyringsdokumentet, tre likeverdige lokalsjukehus, har såleis inga støtte frå nokon av fastlegane i Nordfjord. Kvifor Helse Førde likevel har funne det bryet verdt å utgreie dette alternativet, er ei gåte. Det same kan seiast om modell 2 – berre eitt sentralsjukehus. Dette framlegget vart avvist som uaktuelt av helseministeren sjølv, allereie under presentasjonen av høyringsdokumentet. Den einaste grunnen til å fremja dette framlegget må vere at ein ved å presentera to heilt urealistiske framlegg, kan gjere det tredje framlegget meir «spiseleg».

Men med fleirtalsregjering og Soria Moria-lovnader om at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned, stiller vi oss undrande til at ikkje også denne modellen vart avvist som heilt uaktuell av helseministeren då den fyrste gongen vart presentert for henne.
Spesialisthelsetenesta vil med lokalmedisinsk senter berre gje eit reint poliklinisk tilbod, og utan sengepostar kan det då heller ikkje vere eit sjukehus, skulle ein tru.

Helse Førde er imidlertid godt kjend med at vi, som fastlegar i Nordfjord, lenge har vore skeptiske til den satsinga og utbygginga ved FSS, som har vore gjort for å ta seg av tilstandar og sjukedomar som i alle fall like godt kunne ha vore behandla andre stader. Skal det sparast pengar, må det først og fremst vere på desse tiltaka ein brukar sparekniven.

Fedmekirurgi er ressurskrevjande og beslaglegg altfor mykje kapasitet for eit relativt lite sjukehus. Ettersom kreftkirurgi også set relativt store krav til dyre tilleggsfunksjonar, som mellom anna eiga patologisk avdeling, vert denne aktiviteten svært dyr. Kostnaden med dette må då prioriterast opp mot andre oppgåver.

Når vi så veit at dei pasientane som er aktuelle for kreftkirurgi, stort sett er i god allmenntilstand, og i allfall kan få eit like godt tilbod ved Haukeland Universitetssykehus, meiner vi det må vere betre å sende desse relativt få pasientane dit, enn å leggje ned lokalsjukehus som sikrar mange - og ofte svært sjuke – pasientar hjelp i nærleiken av heimstaden. For mange pasientar i Vågsøy og Selje er avstanden frå deira bustad til FSS omtrent den same som avstanden frå FSS til Haukeland Universitetssykehus. Nærleik til kanskje det viktigaste velferdstilbodet vi har, sjukehuset, gjev tryggleik, og denne tryggleiken er like viktig for folk i Nordfjord og Indre Sogn som for folk i Sunnfjord.

At det også finst andre innsparingspotensiale ved FSS, kjenner vi oss trygge på. Vi veit at dagkirurgi er ein kostnadseffektiv måte å behandle pasientar på. Medan ein har drive med dette ved NS sidan tidleg på 1990-talet, er dette arbeidet berre så vidt kome i gang ved Førde Sentralsjukehus. Kvifor ein ikkje har teke tak i dette forsømde området tidlegare, kan vi berre spørje om.

Elles vil vi nemne at vi som fastlegar i Nordfjord sjølvsagt heile tida har hatt stor forståing for at ny kunnskap og ny teknologi må føre til endringar i sjukehusfunksjonane og oppgåvefordelinga sjukehus imellom. Historia til Nordfjord Sjukehus gjennom dei siste 20 åra viser også til fulle det. Vi har allereie nemnt omgjeringa frå døgnopphald til dagkirurgi som skjedde i eit nært samarbeid med primærhelsetenesta. At blautdelskirurgien også vart sentralisert, aksepterte vi som eit naudsynt tiltak med bakgrunn i så vel økonomi som kvaliteten på tenestene. Vi aksepterte også ortopediplanen slik den først vart lagt fram i 2007, men då sa vi at «no er nok nok». Det viste seg at vi seinare fekk rett i dette, då det i Stortingsproposisjon 59 i 2008 blei slått fast at:

«alle lokalsykehus med tilpassede akuttfunksjoner, som et minimum, må ha indremedisinsk akuttberedskap på døgnbasis og anestesileger i døgnberedskap. Disse sykehusene bør kunne tilby elektive kirurgiske tjenester innrettet mot store pasientgrupper, organisert enten som dagkirurgi eller med mulighet for innleggelse i sengepost. I tillegg bør sykehusene ha kompetanse i akuttkirurgiske prosedyrer på døgnbasis for enklere tilstander, samt prosedyrer for å stabilisere dårlige pasienter. Lokalsykehus med tilpassede akuttfunksjoner bør også ha røntgen og laboratorietjenester tilgjengelig hele døgnet, med tilgang til kvalifisert tolkning av prøveresultater helst gjennom telemedisinske løsninger. Det kan være tilleggsfunksjoner ut over dette minimum, dersom det anses som den beste lokale løsningen».

Med fleirtalsregjering og Soria Moria-lovnader skulle vi tru at vi var trygge, men styret i Helse Førde har like fullt lagt fram ei tilråding som er klart i strid med stortingsproposisjon 59. Dette skjer trass i at Nordfjord Sjukehus er som skreddarsydd etter lokalsjukehusmodellen i stortingsproposisjon 59. Gjennom dei siste 10 åra har NS bygd opp ein topp nasjonal kompetanse og kvalitet innan subspesialiteten «kikholsortopedi». I 2009 var ortopedisk avdeling ved NS den avdelinga i Noreg som opererte nest flest skuldrer artroskopisk av offentlege sjukehus.

96 prosent av desse pasientane kom frå Sogn og Fjordane. Så vidt vi veit, er det ingen andre ortopedar i Helse Førde som har slik kompetanse. Vi veit ikkje korleis Helse Førde har tenkt å tilby denne behandlinga om NS vert lagt ned. Det å leggje ned eit slikt høgkompetent ortopedimiljø utan å ha noko i staden, burde uroa alle, også styret i Helse Førde, som er opptekne av at folk i Sogn og Fjordane skal ha eit like godt helsetilbod som folk elles i landet. Difor lyt ein spørja kva planar HF har for å erstatte ortopeditilbodet ved NS.

Vi vil imidlertid gje ros til ein av dei konklusjonane som er komne ut av strategiarbeidet i Helse Førde. Pasientane i Nordfjord har lenge hatt stor nytte og glede av at hudspesialist og barnelegar har hatt kontordagar på lokalsjukehusa. At det no ser ut til at også fleire spesialistar kan ha arbeidsdagar der spesialisten flyttar seg nærare pasienten, er udelt positivt. God pasientflyt har vore i fokus lenge. No er tida komen til å få ein betre terapeutflyt. Det er bra.

Sidan ingen frå administrasjonen i HF så langt har vore interessert i å høyra kva modell/struktur vi ville ha utgreidd, lyt vi lansere den sjølve. I tråd med politiske lovnader og beskriving som nemnt i Stortingsproposisjon 59 om lokalsjukehus, meiner vi at ein modell med 2 lokalsjukehus med tilpassa funksjonar og eit godt sentralsjukehus med tilpassa sentralsjukehusfunksjonar i Førde, bør vera den rette modellen å organisere spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane etter. Berre på dette viset vil ein kunne sikra innbyggjarane i heile Sogn og Fjordane eit best mogleg og likeverdig helsetilbod. Om det noverande styret i Helse Førde vinn fram med sin modell, er vi redde for at det er byrjinga på slutten for Sogn og Fjordane som eitt helsefylke», skriv fastlagen i fråsegna.

Fråsegna er signert av 32 av totalt 33 fastlegar for om lag 32.000 innbyggjarar i kommunane Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy.


• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar