onsdag 7. april 2010

Dette meiner partia om sjukehusa


NRK SOGN OG FJORDANE (kl.15.02) Når fylkestinget i ettermiddag skal gi si tilråding til Helse Førde si omstrukturering, ligg det fire ulike forslag på bordet. Truleg får ingen fleirtal.

Fylkesrådmann Jan Øhlchers rådde på førehand fylkesutvalet å tilrå fylkestinget å gjere følgjande tilråding:

Sogn og Fjordane fylkeskommune går inn for modell 1 i Helse Førde sitt høyringsdokument. Modellen inneber at sjukehusa Nordfjord og Lærdal vert gjort om til lokalmedisinske senter, og at fylkeskommunen oppmoda kommunane om å gå saman for å sikre sterke senter.

Alle mot alle
Dette er fellesframlegget frå opposisjonen. Får 16 røyster slik det ser ut.
Åtte medlemmer frå Ap vil stemme for fylkesrådmannen sitt forslag, mens tre Ap-medlemmer truleg kjem til å stemme imot alt.

Eit fellesframlegg frå opposisjonen (Frp, Høgre, Venstre og KrF) ligg an til å få 16 røyster. Eit forslag frå Senterpartiet får berre Sp sine røyster, mens eit fjerde forslag frå SV får berre røyster frå eige parti.

Dermed ser det ut til at fylkestinget ikkje kjem til å fatte noko fleirtalsuttale til Helse Førde.

• Klikk her eller på overskrifta for å sjå partia sine framlegg (som kjem i tillegg til fylkesråmannen si tilråing ovanfor) på Nrk Sogn og Fjordane sine sider.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar