onsdag 7. april 2010

Fylkestingsgruppa: Årdøl i mindretal


SOGN AVIS (kl. 10.38) Fleirtal i fylkestingsgruppa til Arbeidarpartiet stør nedlegging av lokalsjukehusa i Lærdal og Eid.

Dermed står årdølen Arne Hovland nærast aleine i gruppa med å ønskje vidare drift av Lærdal som eit fullverdig sjukehus, og ikkje som eit diffust lokalmedisinsk senter.

Etter gruppemøta i går kveld bestemte Ap å sleppa sine 11 representantar fritt, men etter det Sogn Avis har grunn til å tru vil åtte av representantane uttrykkje støtte til høyringsframlegget til Helse Førde.

Helse Førde sin styremedlem Harry Mowatt og styreleiar Clara Øberg sit begge i fylkestinget og har argumentert hardt for sitt syn, men Arne Hovland stiller på tingseta med eit klart mandat frå sitt lokallag i Årdal. Både Lærdal, Aurland og Årdal Ap har sagt eit klart nei til nedlegging av Lærdal som lokalsjukehus.

Difor vert det og spanande når representantskapen i Sogn og Fjordane Ap skal møtast seinare i april. Det er all grunn til å tru at fleirtalet i fylkestingsgruppa står på tvers av fleirtalet i representantskapen - som er det høgste organet i fylkespartiet utanom årsmøtet.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar