søndag 11. april 2010

Nordfjord: Slår ring om sjukehuset


FJORDENES TIDENDE - Vi er ei stor interessegruppe som ynskjer å etablere oss, byggje og bu på Stadlandet. Når vi høyrer om planane som Helse Førde presenterer om nedbygging av fødetilbod og akuttberedskap ved Nordfjordeid sjukehus må vi reagere, seier Raymon Myren.

Myren seier at anten statsråden og Helse Førde trur det eller ikkje, så har det som skjer med lokalsjukehuset store konsekvensar for demografien i Sogn og Fjordane.

- Vi som nyetablerarar veit med oss sjølve at blir vegen lenger enn den allereie er til ein fullgod fødeklinikk med akuttberedskap, så må vi slå ifrå oss draumen om ei framtid på Stadt. Saman har vi planar om å setje til verda mange fleire "Stadsarar", seier Myren.

Myren avviser at det er eit "sytete" folkeferd som bur på Stadlandet. -Vi som er unge på Stad prøver berre å synleggjere alvoret i det som skjer, seier Raymond Myren.

Dei som er på bildet er:
Bak frå venstre: Kenneth Brandal, Aina Brandal, Alina Fure, Torstein Fure, Marion Hatlelid, Sveinar Leikanger, Hildegunn Myren, Raymond Myren, Ingvild Hånes, Kristine Åndal, Erlend Åndal, Luna Åndal, Marianne Leikanger, Elisabeth Leikanger, Thomas Rønsåsbjørg, Solveig Tveit, Jens Petter Honningsvåg, Tomas Haaland, David Haaland, Jessica Haaland.
Framme frå venstre: Oda Åndal, Tuva Åndal, Rakel Myren (i vogn), Rebekka Hånes, Anita Leikanger, Aleksander Leikanger, Kristina Hånes, Silje Leikanger, Siren Leikanger Hafsås. (Foto: privat)

• Les saka i Fjordenes Tidende ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar