torsdag 22. april 2010

Professor Jensen: – Metodevalet er heilt feil


FJORDABLADET Bjarne Jensen, professor i forvaltningsøkonomi ved høgskulen i Hedmark, hadde ikkje mykje godt å seie om styret i Helse Førde sine analysemetodar då han heldt innlegg om dei økonomiske sidene ved Helse Førde sine strategiske val på folkemøtet sist måndag.

– Det finst ingen enkle løysingar, men det er ei rein røvarhistorie å påstå at Norge er eit av landa som nyttar mest pengar til helse. At ingen lokalsjukehus skal leggast ned, slik regjeringspartia har formulert seg i regjeringserklæringa, er også ei «sanning» det er grunn til å stoppe opp ved og stille spørsmål ved. Under dei raudgrøne regjeringspartia er det lagt ned fem lokalsjukehus, i tillegg til at det no er planar om å legge ned fleire, mellom desse lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid. Nedleggingane vi har hatt vore vitne til og forslaga om ytterlegare nedleggingar fører til store og dramatiske endringar i sjukehusstrukturen i Norge, sa Bjarne Jensen og stilte seg samstundes tvilande til at styresmaktene ville oppnå det som er målet med endringar i sjukehusstrukturen, nemleg å spare pengar.

Brukar ikkje meir enn andre
– Frå sentralt politisk hald vert det sagt at vi må følgje med i den teknologiske og utviklinga, og at ting ikkje kan vere slik som det alltid har vore. Dette er ei merkverdig framstilling av fakta. den viktigaste endringa som har skjedd i spesialisthelsetenesta er at det skjer endringar som er i tråd med medisinsk og teknologisk utvikling heile tida. Det blir også sagt at vi brukar meir pengar på helse enn land vi kan samanlikne oss med. Dette er ein like merkverdig påstand som den eg nettopp har nemnt. Dersom vi justerer for måtar å rekne helseutgifter på og legg kostnadsnivået i Norge til grunn, så nyttar vi mindre til helse enn dei nordiske landa, bortsett frå Finland. I Norge reknar vi langtidspleie (sjukeheimar og eldreomsorg) som helseutgifter. I til dømes Sverige vert dette rekna som sosiale kostnader. Det er også slik at vi her i landet har hatt den lågaste realveksten på helse blant OECD-landa dei siste ti åra, sa Bjarne Jensen og poengterte at både sjukehusreforma og den komande samhandlingsreforma er «sparereformer».

Auka konkurranse
– Sjukehusreforma som førte til at helse, som er eit av våre viktigaste velferdsgode, vart unnateke all form for demokratisk styring. Vi har i staden for demokratisk styring fått ei styring av helse-Norge ut frå bedriftsøkonomiske prinsipp. Då staten tok over styringa av spesialisthelsetenesta, så skulle det føre til meir samarbeid mellom sjukehusa. Det har det ikkje gjort. Den har ført tilkonkurranse mellom sjukehus, helseføretak og regionale helseføretak, der botnlinja er viktigare enn ei rasjonell utnytting av tenestene. Ein annan effekt av endringa var at dei «proffe» styremedlemmene som i dag sit i helseføretaka sine styre ikkje er ansvarlege overfor folk, men overfor sin eigar. Kort oppsummert kan vi seie at reforma ikkje har ført til betre struktur eller tryggleik. Reforma har ført til svekka politisk styring, stimulerer til lønsemd, konkurranse i staden for samarbeid og manglande økonomistyring

Samhandling
– I desse dagar vert det lagt fram forslag til ei ny reform, samhandlingsreforma. Dette er også ei «sparereform». Vil så denne nye reforma, der ein overfører større helseoppgåver til kommunane gi lågare vekst i dei samla helseutgiftene? Det er ingen grunn til å tru at ein vil spare, men kanskje vil førebyggande arbeid føre til at folk lever lenger. Med ein stadig veksande del eldre i dette landet, så er det grunn til å tru at ein vil bruke meir pengar på helse i framtida, sa Bjarne Jensen og viste til at det er i dette lyset ein må sjå endringane som Helse Førde gjer framlegg om.

To alternativ
Bjarne Jensen var klar på at framlegga til endringar i sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane, slik den er greidd ut i Helse Førde sitt styre, var ein plan som hadde liten verdi som informasjonsgrunnlag for å vurdere dei valmoglegheiter Helse Førde har:

– Hovudårsaka til dette er at dei alternativ og føresetnader for berekning av konsekvensar er valt slik at dei understøttar ein på førehand valt konklusjon som baserer seg på eitt sentralsjukehus i staden for den strukturen ein har i dag med eitt sentralsjukehus og to lokalsjukehus. Planen byggjer på at det er overkapasitet på spesialisthelsetenester i Sogn og Fjordane. Kapasiteten i spesialisthelsetenesta skal vere sju prosent lågare i 2020 enn i dag. Dette trass i at ein vil ha ein auke i befolkninga på menneske over 60 år på 20 prosent. Planen byggjer også på forenkla bedriftsøkonomi som analysemetode. Sidan dette er offentleg verksemd burde ein brukt samfunnsøkonomisk analysemetode. Det er verknadene for befolkninga, næringsliv og andre samfinnsforhold som burde stått i sentrum for analysen og ikkje forenkla bedriftsøkonomiske verknader for Helse Førde, sa Bjarne Jensen som meinte det var umuleg å nytte eit samanlikningsgrunnlag for behovet i Sogn og Fjordane samanlikna med behovet i til dømes Helse Stavanger.

– Styret burde sendt den føreslegne modellen tilbake. Vi har gode og veldrivne helsetenester i Norge, som vi burde ha råd til, sa Bjarne Jensen som ein konklusjon til slutt i si innleiing.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar