onsdag 28. april 2010

LO kjempar for Lærdal


SOGN AVIS LO i Sogn og Fjordane meiner at sentralsjukehuset og dei to lokalsjukehusa må sjåast på som berebjelkar i helsesektoren i fylket.

Under LO sin fylkeskonferanse på Skei tysdag kveld, vart det vedteke samrøystes ein uttale som sler fast at ein ønskjer å behalde alle dei tre sjukehusa med dei føde- og akuttfunksjonar ein har i dag.

–LO sin fylkeskonferanse i Sogn og Fjordane er klare på at me skal ha eit godt utbygt helsetilbod, med sentral- og lokalsjukehus som ivaretek behova for viktige og naudsynte behandlingstilbod for innbyggarane, heiter det i uttalen frå konferansen.

LO syner til at helsetenestene er av dei viktigaste velferds og tryggleiksfaktorane for folket i fylket og at dei er opptekne av at innbyggarane skal ha eit best muleg helsetilbod.

– Eit sterkt sentralsjukehus med eit robust fagmiljø må være ein berebjelke i sjukehustilbodet i Sogn og Fjordane. Dette er heilt avgjerande om me skal kunne sikre opplæring og rekruttering til heile helsesektoren i fylket. Dei andre berebjelkane er lokalsjukehusa i Lærdal og Nordfjordeid, meiner LO.

LO er sterkt uroa over mangelen på investeringar i nytt medisinsk utstyr ved sjukehusa. Denne utviklinga vil føre til dårlegare kvalitet på tenestene som igjen kan skape usikkerheit og dårlegare behandling ved våre sjukehus, meiner dei.

– Me ser det som svært viktig at Helse Førde kjem i ein økonomisk situasjon slik at naudsynte investeringar kan utførast i takt med den teknologiske utviklinga. Me ser på ambulansetenesta som det vitigaste akuttmedisinske tilbodet til våre innbyggarar. Denne tenesta må ikkje verte forringa men utviklast vidare slik at tryggleiken vert best mogleg, sler LO sin fylkeskonferanse fast.

Dei krev og at helsetenestene kjem på plass snarast og at det blir fred kring sjukehusa våre, slik at dei tilsette får den ro og tryggleik dei har krav på i sitt arbeidsforhold.

– Dette er naudsynte arbeidsplassar, og spesielt kvinnearbeidsplassar, som tel i ein heilskap som er viktige i vårt fylke, meiner LO i Sogn og Fjordane og krev at regjering og storting aukar løyvingane slik at helseføretaka kan gi trygge og gode helsetenester for alle innbyggarane i fylket.

• Les saka og kommentarane i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar