onsdag 7. april 2010

Erling Sande, SP: – Nedleggingsprosessane må stoppast


FJORDABLADET – Det vil vere heilt meiningslaust å gjere store strukturelle endringar i sjukehusstrukturen før Stortinget har handsama Nasjonal Helseplan, som skal trekke opp dei store linjene for det framtidige samla helsestellet i Norge.

Dette seier stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) som meiner det må vere demokratisk feil når Helse Førde og andre helseføretak handlar på sida av det han oppfattar som ein ikkje fullført eller klarlagt politisk debatt.
– Politikarane har og skal ha eit ansvar for å seie noko om heilskapen i helsetilbodet i Norge. Det kan bli vanskeleg om strukturane forsvinn før politikarane får gjort vedtak i høve ein overordna nasjonal helseplan. Det kan heller ikkje vere rett, reint demokratisk, at helseføretaka handlar på sia av den politiske debatten, seier Sande og viser til at det er to store helsepolitiske saker som skal behandlast i Stortinget det komande året.

– I slutten av denne månaden skal Stortinget legge rammeverket for Samhandlingsreforma, som igjen kjem til å bli ein del av ein overordna nasjonal helseplan. Nasjonal Helseplan vil truleg bli handsama av Stortinget mot slutten av inneverande år. Det er viktig at vi ser det som no er i ferd med å skje i samanheng med desse to sakene. Difor har Senterpartiet si stortingsgruppe samrøystes vedteke å sende eit brev til helse- og omsorgsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen der vi ber om ei konkretisering av regjeringsplattforma (Soria Moria II) når det gjeld lokalsjukehus si rolle i høve akuttberedskap og fødetilbod.

– Betyr det du seier at prosessane som er på gong i Helse Førde bør frysast inntil det blir avklart kva regjeringspartia kvar for seg meiner om innhaldet i Soria Moria II.
– Ja det er det det betyr. Det føregår i dag prosesser i ein del helseføretak og regionale helseføretak som kan føre til vedtak som er i strid med Senterpartiet si forståing av formuleringane i Soria Moria II. Vi er også klar over at mange av prosessane er kome så langt at det vert lagt opp til vedtak i helseføretaka sine styrer i løpet av 2010. Vi deler den uro som svært mange uttrykkjer om at vedtaka kan føre til at lokalsjukehus kan bli lagt ned samtidig som Stortinget arbeider med ny nasjonal helseplan og ei ny helsereform, samhandlingsreforma. Ein del prosesser i helseføretaka legg også opp til vedtak som direkte påverkar kommunane sin situasjon. I Helse Førde opptrer styre og administrasjon langt på veg som ein «overkommune». Det er ei rolle dei faktisk ikkje har, seier Erling Sande.

• Les saka (og brevet) i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar