onsdag 14. april 2010

Slakta høyringsutkastet til Helse Førde


FJORDABLADET – Hadde vi i Eid kommune budsjettert og rekna på same måte som det Helse Førde gjer i dette dokumentet, så hadde vi hatt null styring på kommuneøkonomien.

Dette sa Kjell-Magne Åshamar (Sp) då kommunestyret i Eid kommune tysdag ettermiddag handsama kommunen sin uttale til Helse Førde sin framlagde strategiplan.

– Eg er vel kjend av dei fleste i denne sal som ein person som er oppteken av økonomi. Det som skremmer meg når eg les helseføretaket sitt høyringsutkast, er at ein kjem med framlegg om å starte så store prosessar på eit så spinkelt grunnlag. Eg vil oppfordre alle til å sjå nærare på det reknestykket (side 30 i høyringsutkastet) som Helse Førde legg til grunn for si tilråding. Etter mitt syn er dette rekne stykket så fullt av feil at det rett og slett manglar eit kvart truverde, sa Kjell Magne Åshamar og peikte på at helseføretaket rekna å få 98 millionar kroner i ekstra inntekter ved sentralsjukehuset om ein flytta over pasientane frå lokalsjukehusa.

– Lokalsjukehusa er i dag ein del av Helse Førde, og med det ein del av inntektsgrunnlaget til helseføretaket. Ein aukar ikkje inntektene ved å flytte pasientane frå eit sjukehus til eit anna i same føretak. Eg kunne nemnt fleire døme, men det er i stand til å finne ut av dette sjølve. Poenget mitt er at, dersom vi skal bruke Helse Førde sitt eige oppsett, så vil dei faktisk tene på å oppretthalde lokalsjukehusa, sa Åshamar og la til at han til liks med mange andre var luta lei av dei stadige kampane for å oppretthalde lokalsjukehuset i Nordfjord og med det eit tilnærma likeverdig helsetilbod med resten av landet.

– Eg tykkjer som mange andre at det er frustrerande å måtte bruke så mykje tid på å overtyde oppegåande menneske om kva som faktisk er fornuftig helsepolitikk, sa han.

Les meir om debatten i formannskap og kommunestyre i avisa torsdag.

Vedtaket:

Kommunestyret vedtok tysdag samrøystes at dei ikkje støttar nokon av dei framlagde modellane som Helse Førde har lagt fram i sitt høyringsnotat.
I uttalen, som vart samrøystes vedteken av både formannskap og kommunestyre tysdag, viser Eid kommune til høyringsgrunnlaget modellar for Helse Førde i 2020, der det ligg føre tre modellar for organiseringa av den framtidige spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane.

1. Eitt sentralsjukehus og to lokalmedisinske sentra
2. Eitt sentralsjukehus som leverar alle spesialisthelsetenestene i fylket
3. Tre likeverdige lokalsjukehus som samarbeidar med Haukeland universitetssjukehus om sentralsjukehusfunksjonar.

Helse Førde tilrår modell 1.

Eid kommune støttar ikkje nokon av dei framlagde modellane slik dei ligg føre i dag Eid kommune står fast på at Sogn og Fjordane treng eit desentralisert sjukehustilbod med nødvendige støttefunksjonar og akuttberedskap.

Nasjonale styringsdokument
Slik Eid kommune oppfattar den politiske plattforma Regjeringa gjekk til val på, er gjennomføring av modell i i strid med denne.
Framlegget er også i strid med Nasjonal Helseplan og st.prop. nr 59. Desse dokumenta skal sikre ei god politisk styring av helseføretaka, og det kan ikkje aksepterast at eit føretakstyre skal kunne omgjere lokalsjukehus til lokalmedisinske senter, fjerne akuttfunksjonar og legge ned fødeavdelinga. Dette er heil klart eit politisk ansvar.
Dette er store strukturendringar som må leggast fram for regjering og storting til avgjer.

Samhandlingsreforma
Utan at samhandlingsreforma er vedteke, ligg reforma inne som ei tung føring og føresetnad i Helse Førde sitt val av modell. Dette er i tillegg gjort utan å kommunisere det med dei involverte kommunane.

Det er uomtvisteleg opp til kommunane sjølve å organisere sitt eige arbeid innanfor helse ut frå lokalpolitiske prioriteringar og prinsipp. Slik forslaga i samhandlingsreforma ligg føre i dag, skal nye oppgåver som vert overført til kommunane finansierast av midlar frå dei regionale helseføretaka. Innsparingane som HF legg til grunn i sitt modelival, er difor utan dokumentert grunnlag.

Økonomiske analyser
Helse Førde har ikkje lagt fram grundige økonomiske analyser som syner kva aktivitetar som
skal takast bort for å redusere produksjonen med sju prosent og dei eventuelle økonomiske
innsparingane og konsekvensane av dette.

Sogn og Fjordane vil ha eit auka behov for spesialisthelseteneste dei neste 20 åra jamført Statistisk Sentralbyrå (SSB) sin base for befolkningsframskrivingar. Forslaget om å redusere tenestene vil då stå i sterk kontrast til det reelle behovet innbyggarane i Sogn og Fjordane vil ha for sjukehustenester framover.

Det er ikkje rekna på kostnad knytt til gjestepasientar ut av fylket, konsekvensar av større pasientlekkasje frå helseføretaket, auka transportkostnader, oppgradering av ambulansetenesta, omstillingskostnader og store investeringskostnadar ved sentralsjukehuset.
Endringar av ein slik karakter må konsekvensutgreiast og det må utarbeidast risiko- og sårbarheitsanalyse.

Sentralsjukehuset
Eid kommune er samd i at det er trong for eit sjukehus med sentralsjukehusfunksjonar i
fylket, som stettar behovet til store sjukdomsgrupper. Eid kommune meiner at konsekvensane av modell 1 vil svekke pasientgrunnlaget ved FSS.
Dette vil igjen påverke driftsgrunnlaget og økonomien ved Sentralsjukehuset, og det kan etter
kvart verte eit spørsmål om trongen for eit eige helseføretak i Sogn og Fjordane.

Med bakgrunn i grunngjevingane som ligg føre, har Eid kommune desse merknadene/krava:

• Høyringsdokumentet stettar ikkje krava til dokumentasjon, konsekvensutgreiingar, og analyse som ein må kunne forvente, før ein tek avgjer i ei så viktig sak som dei framtidige helsetenestene til innbyggarane i Sogn og Fjordane.
Dette underbygger vi ved å vise til vedlegg frå ulike kompetansemiljø.

• Modellvalet som Helse Førde legg fram kjem som ein konsekvens av den økonomiske situasjonen til helseføretaket og ikkje som eit resultat av ei grundig utgreiing av ei berekraftig utvikling av helseteneste i Sogn og Fjordane.

• Staten er sjukehuseigar og regjeringa må gjennom ein nasjonal helse – og omsorgspolitikk sikre befolkninga i distrikta nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod. Det må i verksettast tiltak for å sikre den noverande sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane.

• Sogn og Fjordane må få tilført tilstrekkeleg økonomiske ressursar til å yte spesialisthelseteneste ut frå behovet for å gje innbyggarane i heile fylket eit likeverdig og trygt sjukehustilbod.

Vedtaket var samrøystes og i tråd med tilrådinga frå Nordfjordrådet.


Stryn formannskap handsama den same tilrådinga måndag og gjorde eit likelydande vedtak som kommunestyret i Eid. Kommunestyret i Stryn skal handsame saka den 26. april.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar