tirsdag 6. april 2010
Ringstad ut mot eige parti
NRK SOGN OG FJORDANE Senterpartiet sin representant i Helse Førde-styret, Jorunn Ringstad, rettar kritikk mot eige parti i lokalsjukehussaka.
Partiet ba i dag helseministeren stogge framlegg om å gjere lokalsjukehusa i Eid og Lærdal om til lokalmedisinske senter.
• LES OGSÅ: Krev stogg i sjukehusnedbygginga
- Dei har vore med å bestemme råmene og styringsmodellen. Når dei reagerer på styringsmodellen, så tykkjer eg dei møter seg sjølv litt i døra, seier nestleiar, og tidlegare stortingsrepresentant for Sp, Jorunn Ringstad.
- Skal ikkje legge ned
Landet over står lokalsjukehus i fare for å miste akutt- og fødefunksjonar. I Sogn og Fjordane er protestane høglytte mot Helse Førde sitt framlegg. Også i regjeringa er det strid.
- Dersom det viser seg at store område får dårlegare akutt pasienttilbod, så må statsråden gå inn og styre politisk. Det skal ikkje leggjast ned lokalsjukehus i Norge, seier parlamentarisk leiar i Sp, Trygve Slagsvold Vedum.
- Må bestemme seg
Ringstad kritiserer utspelet og meiner regjeringspartia må bestemme seg for kva dei faktisk meiner, og deretter gje klare signal. Og avklaringa meiner ho må komme raskt.
- Slik eg ser det så må vi forholde oss til dei signala som vi får frå eigarane vår. Vi kan ikkje lytte til enkelte parti. Her må det vere eigarane som i første omgang er helse vest, men og signal som kjem frå fagstatsråden vår, helseministeren, seier ho.
• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar