tirsdag 13. april 2010
Sjå til Møre og Romsdal: Krav om 4 fullverdige sjukehus!
Møre og Romsdal KrF er, saman med mange innbyggjarar i fylket, uroa over forslag om nedbygginga av sjukehustilboda til innbyggjarane i Møre og Romsdal slik det går fram av Helse Midt-Norge sin Strategi 2020. Dette uttaler fylkesstyret i Møre og Romsdal KrF.
- Vi kan ikkje akseptere at store investeringsutfordringar ved sjukehusa i Midt-Norge skal medføre vesentlege reduksjonar i faktiske driftsrammer for sjukehusa. Dette medfører dårlegare og vesentleg meir sentralisert pasienttilbod.
Spesielt merkar ein seg at akuttkirurgi vert sentralisert til eitt sjukehus i kvart helseføretak og at fleire fødeavdelingar kan omgjerast til fødestover. Dette medfører lengre reiseveg og svekka tilbod for akutt sjuke pasientar og fødande i distrikta. Det er viktig at lokalsjukehusa vert vidareført med nærleik til pasientar og kommunehelseteneste som tryggleiksbasar for folk i distrikta.
I strategiarbeidet er det ikkje teke tilstrekkeleg omsyn til lokalsjukehusa i beredskapssamanheng. Dette gjeld særleg ved ulukker og naturkatastrofar. Ambulanse og helikopter er ikkje alltid tilgjengelege og kan aldri erstatte sjukehus med akuttmedisinsk kompetanse.
Erfaring frå andre stadar i landet tyder på at reduksjon i tilbodet ved lokalsjukehusa fører til forvitring av kompetansemiljø og på sikt nedlegging.
Det er eit krav at nye vegsamband som bind saman regionar også på tvers av helseregionane og som medfører kortare reiseveg til sjukehus vert teke omsyn til i strategiarbeidet.
I fylgje Soria Moria 2 frå 2009 legg regjeringa til grunn at dagens desentraliserte sjukehustilbod skal oppretthaldast med nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod. Dei store strukturendringane som no er varsla, var ikkje tema før stortingsvalet i 2009. Møre og Romsdal KrF er kritiske til at vesentlege endringar i sjukehustilbod tilsynelatande kan gjennomførast utan at veljarane har hatt høve til å ta stilling til slike endringar i samband med val.
Tryggleik for helsetenester, når ein treng desse, og i særleg grad akuttmedisin og fødetilbod, er viktig for innbyggjarane. Helseføretaket viser gjennom strategi 2020 til at endringar er naudsynte for å møte ei ny tid og nye krav. Folke flest vil vere opptekne av at tilbod, tilgjenge og kvalitet ikkje blir redusert med eventuelle endringar. Det er eit ansvar for helseføretaket og dokumentere at slike endringar ikkje skjer. Dette må vere det berande prinsippet før eventuelle endringar blir sette i verk.
Møre og Romsdal KrF krev at det framleis skal vere 4 sjukehus med akuttfunksjonar og at alle sjukehusa framleis skal ha fullverdige fødeavdelingar.
• Les saka på Møre og Romsdal KrF sine sider ved å klikke her eller på overskrifta
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar