onsdag 28. april 2010

Tove Hovland vert utviklingsdirektør i Helse Førde


HELSE FØRDE Det pågåande strategiarbeidet i Helse Førde vil krevje mykje ressursar i tida framover.

- Uavhengig av kva modellval styret fell ned på, er det viktig å rigge eit apparat i føretaket som får si fremste oppgåve i å ha hundre prosent fokus på dei mange omstillingane vi står overfor. Utvikling og endring i ein så stor organisasjon, og som i tillegg vil krevje ein heil del av våre kliniske miljø, fortener ein god organisering slik at det vert eit støtteapparat for driftsorganisasjonen og eit apparat for styring av utviklingsarbeidet, seier administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.

Frå ord til handling
Arbeidet med strategiplanen så langt har vore tidkrevjande, men Jon Bolstad meiner at dette er lite mot det som ventar.

- Når ord skal følgast opp med handling, vil det krevje mange handlingsplanar. Det set krav til både involvering, forankring, innsyn og gode prosessar generelt. Skal vi få kraft i arbeidet må ein del nøkkelpersonar i første omgang hentast ut frå sitt daglege virke, og kanskje må vi akseptere at andre oppgåver må vere på vent i ein periode, seier Bolstad.


Pilotsjukehus og forbetringsarbeid
Sjølv om enkelte personar skal setjast til å jobbe mykje med strategi og omstilling, gjer direktøren merksam på at folk frå ulike miljø til tider blir drege inn i arbeidet. Vi skal møte framtida i lag, seier Bolstad.

- Måten Helse Førde jobbar med omstillingar/endringar på, er blitt lagt merke til i Helse og omsorgsdepartementet. Vi er eit pilotsjukehus innan forbetringsarbeid, og det er eg veldig stolt av. Ved å bruke denne måten å arbeide på, og samstundes involverer og lære opp flest mogleg, er det stor sjanse for at vi klarar å byggje ein endå betre organisasjon inn i framtida.

Stort ansvar
Tove Hovland (biletet), som i dag arbeidar i adm.direktør sin stab, vert utviklingsdirektør og får ansvar for å etablere avdelinga som skal leie dette viktige arbeidet. Avdelinga skal rapportere til adm.direktør.

• Les saka på Helse Førde sine nettsider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar