tirsdag 6. april 2010

Sjukehussplid i Sp- og Ap-gruppene


FIRDA.NO Fylkesutvalet måtte utsetje debatten til i morgon.

Senterpartiet bad om meir tid til å diskutere sjukehusomleggingane, då fylkesutvalet i ettermiddag skulle ta gi si tilråding til Helse Førdes sjukehusomleggingar.

Dette førte til at den store stridssaka ikkje blir diskutert i fylkesutvalet før i forkant av eller under sjølve tingseta i morgon.

Ein orienteringsrunde i fylkesutvalet viste at dei raudgrøne regjeringspartia ikkje er samkøyrde i fylkestinget om sjukehussaka, som har også skapt alvorleg splitting i regjeringa. Både hos Sp og Ap er det klart delte syn i gruppene.

Samla opposisjon
Venstre, Frp, KrF og Høgre har derimot allereie klart eit fellesframlegg som går mot endringar i sjukehusstrukturen, når fylkestinget i morgon skal ta stilling til Helse Førdes sjukehusomleggingar.

Dette framlegget går ifølgje Høgres Mathias Råheim først og fremst inn på samhandlingsreforma, og i mindre grad på dei konkrete modellane Helse Førde har sendt ut på høyring.

• Les saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar