torsdag 8. april 2010

Arbeidarpartiopprør: - Løftebrot frå regjeringa


KLASSEKAMPEN - Det er eit grunnplansopprør i gang i Arbeidarpartiet, seier Ap-ordførar Arne Sanden. Han og flere andre ordførarar frå Ap og SV går hardt ut mot regjeringa.

Ordførar Arne Sanden (Ap) i Lærdal i Sogn og Fjordane er ikkje i tvil: Dersom sjukehuset i Lærdal blir lagt ned, er det eit løftebrott frå regjeringa, klart i strid med det dei har lovt i to Soria Moria-erklæringar.

Vi når Lærdal-ordføraren på mobiltelefon medan han er på veg til Oslo for å «snakka paven midt imot», og han er ikkje åleine.

Grunnplansopprør
- Det er eit grunnplansopprør i gang i Arbeidarpartiet, det er ikkje tvil om det. No reiser vi til Oslo for å ha samtalar med det sentrale partiapparatet, seier Sanden til Klassekampen.

Både Lærdal, Aurland, Årdal og Luster i Sogn og Nordfjord-kommunane har gitt klare signal om kva dei meiner om framlegga frå Helse Førde om å leggja ned lokalsjukehusa i Lærdal og Nordfjordeid.

- Helseministeren er på tynn is når ho held fast på at det framleis kan vera eit lokalsjukehus når ein vil leggja ned føde- og akuttavdelingar. Eit lokalsjukehus må ha eit minimum av akuttfunksjonar. Noko anna er vås i mine auge, seier Lærdal-ordføraren.

Sanden minner om at i tillegg til at helsetilbodet i seg sjølv er viktig for innbyggjarane, er sjukehuset ein viktig arbeidsplass, ein kompetansearbeidsplass i ein relativt liten kommune, og naturlegvis er det viktig for framtidig busetting i kommunen.

- Vi vil kjempa med nebb og klør mot ei avvikling av lokalsjukehusa, og folk mobiliserer. Dersom Arbeidarpartiet held fram slik statssekretær Roger Ingebrigtsen gir signal om, blir det ei veljarflukt, og eg er alvorleg bekymra, seier han.

Felles fråsegn
Ordførar Roger B. Silden (A) i Vågsøy i Nordfjord er heller ikkje i tvil om at det er tale om eit klart løftebrot.

Blir sjukehuset i Nordfjordeid lagd ned, vil reisetida til næraste sjukehus - i Førde - bli opptil fire timar frå Vågsøy. Sju kommunar i Nordfjord, som har om lag ein tredel av innbyggjarane i Sogn og Fjordane, har i ei felles fråsegn gjort det klart at sjukehuset i Nordfjordeid må behaldast.

- Vi har gått til val ut frå ein felles avtale mellom Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV om at sjukehusa skal haldast oppe. I dag opplever vi at helseministeren støttar helseføretaka i deira forsøk på å leggja ned lokalsjukehus. Det reagerer eg kraftig på. Vi gjekk til val ut frå at vi trudde på lovnadene. Blir dei brotne, vil det få følgjer, seier Silden til Klassekampen.

- Eg er Arbeidarparti-ordførar, men eg er først og fremst representant for innbyggjarane i ein utkantkommune. At eit lokalsjukehus skal leggjast ned, er noko folk ikkje forstår. Fire timars reise til fødeavdelinga kan eg ikkje forsvara overfor innbyggjarane. Vi slit med å rekruttera til industrien her. Vi får ikkje unge folk til å flytta hit dersom fødetilbodet er fire timars reise unna. Dette er også ei kvinnesak, og uverdig overfor våre kvinner, seier Vågsøy-ordføraren.

Sju eller ti mil
Jann-Arne Løvdahl (Ap), ordførar i Vefsn i Nordland er også skuffa over regjeringa si haldning til lokalsjukehusa.

Fødeavdelinga på sjukehuset i Mosjøen er alt gjort om til fødestove, og akuttfunksjonane er flytta til Sandnessjøen og Mo i Rana - ti mils reise den eine vegen og sju mil den andre.

- Det må gjerast ei viss funksjonsfordeling mellom sjukehusa, men dei viktige funksjonane må vi ha på plass. Alle fagmiljøa som uttalar seg, er einige om at eit lokalsjukehus skal ha føde- og akuttfunksjonar, og det er eg einig i, seier Vefsn-ordføraren.

- Kompetente arbeidssøkjarar ser ikkje berre på kor dei kan få jobb, dei ser også på lokalsamfunnet, og eit godt helsetilbod er viktig. Tar du vekk det bit for bit, blir det vanskeleg å halda det oppe, seier Løvdahl.

- Kan de få tilbake noko av det de har mista i Vefsn?
- Det er vanskeleg, men vi må tru på det. Akuttfunksjonen er vi ikkje ferdig med enno, seier han.

Nedlegging av fødeavdelinga i Namsos er eitt av framlegga frå styret i Helse Midt-Norge, og det har møtt kraftig motstand.

I faresona

Ordførar Kari Ystgård (SV) i Namsskogan, godtar ikkje ei slik nedlegging.
- Sjølvsagt er det eit løftebrot frå regjeringa dersom ein mistar lokalsjukehusa. I Namdalen må vi ha eit fullgodt sjukehustilbod på grunn av store avstandar. Føde- og akuttilbod heng i hop. Det blir for langt å køyra 20-30 mil for å føda, og distriktspolitisk blir vi ikkje attraktive om ikkje tilbodet er godt, seier Ystgård til Klassekampen.

Ho legg til at det har vore arbeidd mykje med helsetilbodet både lokalt og regionalt.
- Skal det bu folk i distrikta, må både sjukehus, primærlegeteneste og godt ambulansetilbod vera på plass, understrekar ordføraren.

Mykje uvisse
Bersvend Salbu (SV) er ordførar i Tynset, ein kommune med eit sjukehus som ikkje er direkte nedleggingstruga akkurat no, men ordføraren er likevel uroleg for følgjene av helsepolitikken.

- Dei regionale helseføretaka bruker samhandlingsreforma for å dra i gang strukturelle utgreiingar og endringar, og dytta funksjonar frå sjukehusa over på kommunane. Det blir diffust kva helseministeren meiner med lokalsjukehus, omgrepet blir uthola. Det skulle vera klinkande klart at akuttfunksjonane må vera på plass i eit lokalsjukehus, seier Salbu til Klassekampen.

• Les saka i Klassekampen ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar