onsdag 7. april 2010

Lokalsjukehus-ja i Luster Ap


SOGN AVIS Luster Ap stør hovudpunkta i uttalen frå Ap-laga i Årdal, Luster og Aurland om strategiplanen til Helse Førde.

Vedtaket i Luster Ap tysdag, som vart gjort mot ei røyst, betyr at partiet går inn for eit sterkt sentralsjukehus, samstundes som dei krev at lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid får leva vidare.

Vil ha politisk avgjerd
Luster Ap hadde ein lang og grundig debatt om strategiplanen på medlemsmøtet tysdag kveld. Etter at kommuneoverlege Knut C. Schønberg hadda hatt ei fagleg innleiing om utfordringane i spesialitshelsetenesta. Og Ap-leiarane Knut O. Aarethun og Hilmar Høl hadde teke føre seg dei politiske sidene rundt strukturdebatten.

Luster Ap er samde med partikollegane sine på sørsida av fjorden i at strukturelle endringar i det omfanget Helse Førde legg opp til i strategiplanen sin, ikkje kan vedtakast av helseføretaket aleine. Dei meiner at denne saka må regjeringa og Stortinget ha siste ordet i.

På vippen
Lustringane er ikkje like bastante når det gjeld punktet om avvikling i Lærdal, og flytting av aktivitetar til Sogndal. Partiet seier i uttalen at dei er uroa over dette framlegget frå Helse Førde-styret. Men dei går ikkje så langt at dei ber regjeringa instruera Helse Førde til å leggja bort det framlegget, slik Ap-laga i Årdal. Lærdal og Aurland seier i sin uttale.

Vedtaket i Luster Ap om å behalda lokalsjukehusa, betyr truleg også at det synet får fleirtal når representantskapet i Sogn og Fjordane Ap skal behandla høyringsutkastet om Helse Førde-strategien neste torsdag. Ifølgje partilagsleiar Hilmar Høl i Årdal, var Luster Ap tunga på vektskåla i denne saka.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar