tirsdag 6. april 2010

Fylkestinget om Helse Førde-høyringa: Stiller Ap-gruppa fritt


SOGN AVIS Harry Mowatt og resten av Ap-gruppa blir fristilt når dei i morgon skal røyste over Helse Førde sitt framlegg om omorganisering av sjukehusa i fylket.

– Primært ønskjer Ap å uttale seg om høyringsframlegget frå Helse Førde, ikkje om alt mogleg anna. Etter gruppemøta i dag har vi valt å stille gruppa fritt i morgon, seier fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap) til Sogn Avis.

Det er svært sjeldan Arbeidarpartiet slepp sine folkevalde laus på denne måten og det er heilt tydeleg å sjå at det er ein djup splid internt i partiet om kva veg ein ønskjer å gå i høve sjukehusstruktur og framtida for spesialisthelsetenestene i fylket.

Under fylkestinget kjem Høgre, Venstre, FrP og KrF til å stille eit felles framlegg om å avvise heile høyringsdokumentet til Helse Førde.
– Me ønskjer inga endring i dagens strukturar og det står me samla om, seier Høgre sin gruppeleiar Mathias Råheim til Sogn Avis.

Ap ønskjer ikkje å gjere politikk ut av fylkestinget si handsaming, ikkje minst fordi dette er ei sak der geografi og fogderi betyr vel så mykje som partibok.
– Det ligg jo i korta at det er usemje om denne saka, sa partisekretær Monica Oppedal i ein kommentar i ein møtepause tysdag.

No får altså dei 11 Ap-representantane stemme etter si eiga overtyding. Her kan det brått vere snakk om sprikande røysting, sjølv om dei enno har ein lang kveld og natt på seg til å bli piska godt i hop.

• Les saka på Sogn Avis sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar