torsdag 29. april 2010

Raudt i Høyanger: Prøver å få omkamp om sjukehusfråsegn


FIRDA - Eg ser ikkje bort frå at utfallet kunne blitt annleis i kommunestyret.

Etter at eit kløyvd formannskap støtta Helse Førdes omlegging av lokalsjukehusa, prøver Raudt å få sjukehusfråsegna opp også i kommunestyret.
Det skjer gjennom ein interpellasjon som Einar Rysjedal (R) har sendt ordførar Kjartan Longva (Ap) før dagens kommunestyremøte.

Rysjedal meiner saka kunne ha venta til kommunestyremøtet, og trur Helse Førde ville gitt rom for nødvendig utsetjing.
– Eg ser ikkje bort frå at utfallet kunne bli annleis i kommunestyremøtet. Det er folk i Ap som truleg ville bryte ut og røyste for at lokalsjukehusa skal stå ved lag, seier Raudt-politikaren til Firda.

I formannskapet vart Høyangers omstillingsvillige fråsegn vedteken med Ap og SVs 3 mot Høgres eine røyst. Senterpartiets representant var fråverande i formannskapet.
– Eg ser at fleirtalet i formannskapet ikkje ville blitt annleis om Sp hadde møtt, men i kommunestyret kunne vi hatt ein annan situasjon, seier Rysjedal. Det har ikkje lukkast Firda å få kommentar frå ordførar Kjartan Longva (Ap).

• Les saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar