onsdag 14. juli 2010
Pause i oppdatering av bloggen
Det har nå vært en pause i oppdatering av bloggen, men jeg regner med å oppdatere (også med eldre saker) fra neste uke.
fredag 2. juli 2010
Attval på alle

SOGN AVIS Ingen utskiftingar i Helse Førde styret
Styret i Helse Vest har i dag gjenvald det sitjande styret i Helse Førde for perioden fram til ordinært styreval i februar 2012.
I februar 2010 valde styret å ikkje gjere endringar i styresamansettinga på grunn av den pågåande strategiprosessen i Helse Førde. Det blei samtidig uttalt at eigar ville gjere ei vurdering av om det skal gjerast endringar i styresamansettinga innan utgangen august 2010.
– Vi har i dag valt å gi styret i Helse Førde fornya tillit, blant anna for å sikre kontinuiteten, seier styreleiar Oddvard Nilsen i Helse Vest RHF, i ei pressemelding.
Styret skal i tråd med vedtektene ha sju eigaroppnemnde styremedlemmer. Av desse skal fire medlemmer veljast blant føreslåtte folkevalde kandidatar. Det er gjennomført ein prosess i tråd med føringane som er gitt av styret, og kommunar og fylkeskommunar i regionen har vore inviterte til å føreslå aktuelle kandidatar.
Endeleg oppnemning av styret skjer i føretaksmøte fredag 9. juli 2010.
I tillegg til dei eigaroppnemnde styremedlemmene er det fire styremedlemmer som er valde av og blant dei tilsette. Desse er ikkje ein del av denne prosessen.
• Les saka og kommentarer i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta
Abonner på:
Innlegg (Atom)