fredag 27. april 2012

Lev Vel - Rødts plan for et solidarisk helse-Norge



FRA TIDSSKRIFTET RØDTS HJEMMESIDER   
Vi har nå over ti år med sjukehuskamp bak oss etter Stolten­bergs sjukehusreform fra 2001. 
Reformen flytta makt fra de folkevalgte organa til høytlønna byråkrater i helseforetaka. 
Etter reformen er sjukehusa styrt på samme måte som private aksjeselskap med økonomisk overskudd som mål.

Rødt ber om innspill: 
Velferdspolitisk utvalg i Rødt ber om kommentarer og tilbakemeldinger til Versjon 1.0 av dette heftet. 
Medlemmer av utvalget deltar gjerne på møter. 
Seinere vil vi lage en Versjon 2.0. Da håper vi å komme et steg vi­ dere med å beskrive gode alternativ for organiseringa og finansieringa av sjukehusa. Vi mener Norge trenger en ny sjukehuslov.
Heftet kan kjøpes i vår butikk for kr. 50,-

• Les saken og bestill heftet på tidsskriftet Rødts sider ved å klikke HER

tirsdag 24. april 2012

Førde-sjukepleiarar kan få jobbar ved Nordfjord sjukehus


NRK SOGN OG FJORDANE   Dersom Nordfjord sjukehus, i samband med Framtidas lokalsjukehus, får fleire nye poliklinikkar, vil ein måtte hente sjukepleiarar frå Førde sentralsjukehus.


– Dei polikliniske aktivitetane på Nordfjordeid vil jo først og fremst bli drivne av fagfolk og legar og sjukepleiarar som er tilsette ved Sentralsjukehuset, seier prosjektleiar Odd Søreide.
Det er planlagt ei rekkje nye poliklinikkar ved Nordfjord sjukehus i samband med prosjekt Framtidas lokalsjukehus.
Odd Søreide
PROSJEKTLEIAR: Odd Søreide.
Mellom anna er tilbod innan øyre-nase-hals, nevrologi, ortopedi, kirurgi og eldremedisin på trappene.

50 mill. til utvikling av nye tilbod

– Dette er polikliniske tenester som vi trur og meiner og kan dokumentere at folk har bruk for, seier Søreide.
Som kompensasjon for at Nordfjord sjukehus har mista fleire sentrale pasienttilbod, er det sett av 75 millionar i statlege middel til prosjektet «Framtidas lokalsjukehus».
25 av desse millionane skal gå til drift av rusposten, resten til å utvikle eksisterande og opprette nye sjukehustilbod på Nordfjordeid.

Meiner det er nye opplysningar

Men at fagfolk som skal drive poliklinikkane må hentast frå Førde, er tillitsvald for pleiarane ved Nordfjord sjukehus, Oddlaug Lyslo, svært kritisk til.
– Det var veldig mange som reagerte på det. Dette er heilt nye opplysningar i forhold til det vi har fått lovnader om, seier Lyslov.
Ho er klar på at det er pleiarar frå Nordfjord som må prioriterast til jobbane ved dei nye poliklinikkane som skal opnast på Nordfjordeid.

Kallar det lovnadsbrot

At poliklinikkane skal fyllast opp av pleiarar frå Førde, er brot på alle lovnader, seier Lyslo.
– Det tykkjer eg ikkje er rimeleg i det heile tatt, seier Lyslo.
– Men viss det manglar pleiarar og kompetanse på Nordfjordeid, er det ikkje då forståeleg at det vert nytta folk frå Førde?
– Nei, det er ikkje forståeleg i og med at mandatet legg så sterke føringar som det gjer, seier Lyslo.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider ved å klikke HER

    mandag 23. april 2012

    Styremøte i Lærdal fredag 27. april










    HELSE FØRDE:
    Det blir halde styremøte i Helse Førde fredag 27. april klokka 10.30 på Lærdal sjukehus.
    Av Arne Eithun, Helse Førde
    Sakliste:

    • LES SAKA PÅ HELSE FØRDE SINE SIDER VED Å KLIKKE HER
    • Alle Helse Førde sine møte er opne for presse og publikum. Forsvar Lærdal sjukehus vil vera til stades på tilhøyrarbenken.


    søndag 22. april 2012

    Sjukehusforkjempar fryktar sjukehus er lagt ned på feil grunnlag


    NATIONEN.NO  Tilbod ved lokalsjukehus kan vera lagt ned på feil grunnlag, fryktar leiar i Folkebevegelsen for lokalsykehusene, Bente Øien Hauge.


    Dei siste åra har fleire lokalsjukehus mista viktige tilbod, som akuttenester og fødetilbod. Bente Øien Hauge krev at helsepolitikarane ryddar opp og at Stortinget så raskt som overhovudet mogleg får alle fakta på bordet.
    — Sjukehus-Noreg er under eit enormt press som følgje av sparekrav. Til grunn for innsparinga ligg det påståtte overforbruket av sjukehustenester, seier Hauge.
    I fjor vart legeberedskapen fjerna frå fødetilbodet ved fire lokalsjukehus.
    — Regjeringa argumenterte då med faglegheit, men det synte seg at det ikkje var høgare risiko ved desse sjukehusa, tvert om. Diverre er konsekvensen at kvinner har mista det lokale fødetilbodet, og det på feil grunnlag frå Regjeringa, seier Hauge.
    Ho seier Folkebevegelsen for lokalsykehusene ikkje har fått svar når dei har konfrontert departementa med denne kunnskapen.
    — Det er på høg tid at regjeringa tek ein reell diskusjon om sjukehusøkonomi og strukturendringane som er pressa gjennom. Om grunnlaget for den harde økonomiske linja er feil, må det rettast opp. Det må få fylgjer for kutta som no går føre seg rundt om i landet, seier Hauge.
     Ho er ikkje overraska over analysen frå Terje L. Møinichen-Berstad.
    Les mer på Nationens e-avis lørdag 21. april. Den kan du kjøpe her
    — Sidan eg vart aktiv i sjukehuskampen i 2003 har eg mista dei fleste illusjonar om openheit og redelegheit i sjukehuspolitikken, seier Hauge.

    • Les saka i nettutgåva av Nationen ved å klikke HER

    Les heile saka over i Nationen (papirutgåve som pdf-fil)







    På www.buyandread.com kan du kjøpe Nationen som pdf-fil for å lese hele saken. Velg "Arkiv" og så utgaven for lørdag 21. april.


    Direkte lenke til utgaven finner du HER.

    fredag 20. april 2012

    Norge bruker ikke "mest i verden" på helse: Helseanalytiker avviser OECDs samanlikning av helsekostnadar



    NATIONEN.NO Terje L. Møinichen-Berstad seier at OECDs samanlikning av helsekostnader i Europa ikkje tek omsyn til at landa har ulikt lønsnivå.

    — Helseutgiftene i Noreg vert skildra som kjempehøge, men justert for prisnivået for helsetenester, stemmer det slett ikkje. Tvert om ligg helseutgiftene våre då under snittet for dei vestlege EU-landa.
    Det seier analytikar Terje L. Møinichen-Berstad.
    I ein artikkel som vert publisert i tidsskriftet Samfunnsøkonomen i dag, argumenterer han for at OECD-tala norske styresmakter har basert helsebudsjett, helseføretaksreform og andre store endringar i sjukehusstruktur på, er feiltolka.
    Statssekretær Robin Kåss (Ap) i Helsedepartementet avviser påstandane og held fast på at Noreg ligg på europatoppen i pengebruk på helse.

    Trekk vurderingar i tvil
    Frå statsbudsjettet for 2012 går det fram at Noreg i 2009 brukte i overkant av 229 milliardar kroner på helseføremål, eller om lag 47 4000 kroner per innbyggjar. "Sammenlignet med andre OECD-land er det bare USA som bruker mer penger per innbygger", heiter det i statsbudsjettet.
    — Det er ein vanleg påstand frå fagmiljøa i helsesektoren, helseøkonomar og politiske miljø at Noreg har høgare ressursbruk til helsetenester enn andre land, seier Møinichen-Berstad, som meiner tala er feil.
    — Det er skrike opp om at ting kostar for mykje og at det vert produsert lite helse. Det kan sjølvsagt vere gode faglege argument også har spela inn for endringane som er gjort, men vurderingane som er gjort på kostnadssida er det i alle fall god grunn til å trekkje i tvil, seier han.
    Ut frå prisjusterte tal han har sett på, er det til dømes ikkje grunn til å seie at helseføretaksreforma har redusert kostnadsnivået på produksjon av helsetenester.
    — At privat modell ikkje automatisk er av stor verdi for effektiviteten i helsesektoren, stemmer også godt med konklusjonen i ein av OECDs eigne rapportar frå 2011, påpeikar han.

    — Noreg har lågast vekst
    I artikkelen "Helseutgiftene i Norge sammenliknet med andre land" presenterer Møinichen-Berstad utrekningar som syner at volumet av helsetenester per innbyggjar i Noreg er mindre enn snittet per innbyggjar i dei vestlege EU-landa.
    — For å kome på nivå med land som Frankrike, Tyskland, Sverige, Østerrike, Sveits og Nederland, må helseutgiftene aukast med minst 10 prosent. For å verte best i Europa må auken vere på minst 20 prosent, skriv han.
    Han syner til at volumet av helsetenester kan aukast på to måtar: Ved å kjøpe fleire tenester, eller ved å redusere kostnadsnivået på produksjonen av tenestene.
    — Vi har høgt kostnadsnivå, men det er i hovudsak forklart med det generelle lønsnivået vårt.
    I artikkelen syner han også at Noreg har hatt ein lågare vekst i helseutgiftene per innbyggjar det siste tiåret enn alle andre OECD-land. Det har påverka volumet av helsetenester, men ikkje kostnadsnivået.

    Nedleggingar kan vere feil
    Han seier utviklinga på Nordfjord sjukehus kan vere eit godt døme på korleis helsetenestetilbodet i Noreg sakkar bakut. I Nordfjordeid vart fødeavdelinga vedteken nedlagt i fjor.
    — Vart det gjort for å spare pengar, var det feil. Kanskje øydelegg vi no eit helsesystem som eigentleg leverte mykje helse for lite pengar, seier Møinichen-Berstad.
    Det som skil Møinichen-Berstad sine tal frå dei rådande OECD-tala, er at han mellom anna korrigerer for lønsnivået i Noreg og tek omsyn til at lønningar betyr meir for helseutgiftene enn for BNP.
    — Løn utgjer hovuddelen av helseutgiftene i Noreg. Den viktigaste innvendinga mot OECD-tala er at prisnivåjusteringa deira ikkje tek høgd for at norske løningar er høgare enn lønningane i andre land.

    • Les også om saken i Nationens e-avis 20. april. Den kan du kjøpe her.

    • DU KAN LESE DENNE ARTIKKELEN OG KOMMENTARAR PÅ NATIONEN.NO VED Å KLIKKE HER

    tirsdag 17. april 2012

    Kan velja barsel i Lærdal



    SOGN AVIS Fødande i Indre Sogn kan velja å ha barseltida si ved Lærdal sjukehus. – Ei god løysing, meiner jordmødre.

    Utgangspunktet var nedlegging av fødestova i Lærdal. Det tvinga lokale jordmødre, tiliitsvalde, verneteneste og brukarrepresentantar til å tenkja nytt om svangerskapstilbodet i indre Sogn.

    Barsel i Lærdal
    Den nye organiseringa, som truleg kjem i gong i mai, fører til at kvinner i Indre Sogn som har fødd i Førde eller på Voss får moglegheit til opphald ved sjukehuset i Lærdal i barselperioden.
    – Me ser også føre oss at kvinnene kan vera i Lærdal på barsel i ein ventesituasjon, i påvente av fødsel der ein avklarer situasjonen. Dette gjer at kvinnene slepp ut på vegen att og blir transporterte mellom sjukehus og heim, seier Tom Guldhav, avdelingssjef ved Kvinneklinikken i Helse Førde.
    Tysdag presenterte han planane for representantane frå kommunane i Indre Sogn.

    Betaler føljeteneste
    Kvinner med såkalla høgare risiko skal føda i Førde, medan lågriskofødande kan velja mellom Voss og Førde.
    Frå før av er det ei følgeteneste for fødande i Luster, Leikanger og Sogndal. No blir også Årdal og Lærdal inkludert i dette tilbodet. Nytt er at Helse Førde vil dekka kostnadene kommunane har med ordninga.
    – Me oppmodar kommunane til å bruka nokon av pengane dei sparer på at føretaket overtek vaktordninga inn i tilbodet til dei fødande, seier Guldstad.

    Nøgde jordmødre
    4,5 stillingar skal brukast til ordninga, i tillegg bidreg Årdal og Lærdal med sine jordmødre inn i senteret.
    – Det gjer det mogleg å vera jordmor, bu i Sogn og ha ein interessant jobb. Dette vil verka rekrutterande, meiner Guldstad og får støtte frå årdalsjordmor Rigmor Chruickshank.
    – Innbakt hospitering på modersjukehuset Førde gjer dette attraktivt.
    – Når me ikkje fekk fødestove måtte me gå for dette. Det er faktisk ganske unikt i Noreg å oppretta ei slik eining og det er spennande, seier jordmor Sigrid Karin Lysne.
    • Les saka i Sogn Avis ved å klikke HER

    torsdag 12. april 2012

    Sentralsjukehuset manglar ressursar til å gje nødvendig pleie






















    NRK.NO/SFJ   Sjukepleiarar ved kirurgisk klinikk på Førde sentralsjukehus meiner dei har for lite tid, særleg i helgane, til å ta godt nok vare på alvorlege sjuke pasientar.

    I ein omfattande rapport som no er send til Fylkesmannen, ved fylkeslegen i Sogn og Fjordane, har sjukepleiarar meldt inn ei rekkje alvorlege hendingar ved klinikken.
    Tillitsvald i Sjukepleiarforbundet, Arthur Norevik, seier deira medlemmer ofte opplever at dei har for lite tid til pasientane.
    – Ofte høyrer vi at dei ikkje har nok tid til å ivareta pasientane på ein god nok måte etter våre medlemmar si oppfatning, seier Norevik.

    «Unødige plager for pasienten»

    Rapportane som er kome inn er no sende vidare frå sjukehusleiinga til fylkeslegen. Dei fortel i detalj kva sjukepleiarane meiner manglande bemanning ved avdelinga har ført til. Det blir meldt om ein tøff arbeidskvardag.
    «Pasient hadde ikkje fått munnstell. Hadde då tjukt gult belegg på tunge og under tannprotese. Pasient har nesten ikkje ete på grunn av kvalme og vond smak i munnen. Dette er unødige plager for pasienten.»
    Frå melding skriven av sjukepleiar
    «Avdelinga har over lengre tid no vore svært full. Mange av pasientane er veldig dårlige og har høgt pleiebehov. Ein opplever at der ikkje er nok ressurser i avdelinga til å gje den nødvendige pleie.»
    Frå melding skriven av sjukepleiar

    – Vil det beste for pasientane

    I alt 12 meldingar frå sjukepleiarar ved sengeposten på kirurgisk klinikk er teke med i rapporten til fylkeslegen, som no skal vurdere dette nærare.
    – Når våre medlemmer melder inn slikt, så er det nettopp for å få ei best mogleg helseteneste til pasientar og brukarane av tenestene, seier Norevik i Sjukepleiarforbundet.
    – Føler du at leiinga høyrer på dykk som tillitsvalde i forhold til eventuelle kritiske merknader og kritiske rapportar som kjem fram?
    – Eg trur dei høyrer på oss, men vi opplever som andre som melder frå om ting, at ein ikkje alltid får gjennomslag for ting. Men vi får sett fokus på ting og det er viktig i helsevesenet, seier Norevik.
    «Pasient er fortvila, gret, kun tid til korte tilsyn, ikkje tid for oppfølging.»
    Frå melding skriven av sjukepleiar
    (Artikkelen held fram under biletet)
    Tore Dvergsdal (Foto: Noralv Pedersen/NRK)
    VIKTIG: Klinikkdirektør Tore Dvergsdal i Helse Førde seier det er korrekt av sjukepleiarane å varsle om slike ting.
    Foto: Noralv Pedersen/NRK

    – Ein spesiell situasjon

    Meldingane som sjukepleiarane har skrive til leiinga ved kirurgisk klinikk er frå oktober til desember i fjor, men etter det NRK kjenner til har det lenge vore intern kritikk til manglande bemanning – ikkje minst i helgane.
    Klinikkdirektør Tore Dvergsdal i Helse Førde seier derimot at det var ein heilt spesiell situasjon i fjor haust.
    – Vi meiner at vi generelt har den bemanninga som vi skal ha i helgane rundt om i Helse Førde, seier Dvergsdal til NRK.
    – Den situasjonen som har oppstått nokre helgar no, har vore fordi vi har hatt for mange pasientar liggjande over i helgar. Dette er ikkje nokon normal situasjon, seier klinikkdirektøren.

    – Dette er viktig for oss

    Dette skal ifølgje Dvergsdal spesielt dreie seg om helga kring 6. og 7. desember i fjor.
    Han meiner det er heilt korrekt at sjukepleiarane har varsla frå om det dei meiner er uforsvarlege tilhøve.
    – Dei som har rapportert dette har følt at dei desse helgane har hatt for mykje å gjere, i forhold til dei ressursane dei har hatt tilgjengeleg. Det er klart dette er viktig å ha med seg når vi skal planlegge drifta, seier Dvergsdal.

    Glad leiinga tek tak

    Tillitsvald for sjukepleiarane, Arthur Norevik, er glad for at leiinga i Helse Førde no har gått vidare med saka til fylkeslegen.
    – Ja, det synest eg er veldig bra. Det viser at dei har teke tak i denne situasjonen og bede om ei ekstern vurdering.
    Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her