onsdag 23. februar 2011

Velkomen til støttekonsert for Lærdal sjukehus, Samfunnshuset Øvre Årdal 2. mars kl. 19



No er det alvor for Lærdal sjukehus! Lokalsjukehuset vårt har aldri vore så trua som no.
Me vil ikkje gje oss, men kjempe vidare! Me fyller difor Samfunnshuset med lokal musikk og appellar både frå årdøler og gjester denne onsdagskvelden. Vis at du støtter kampen for lokalsjukehuset vårt - avlys alt anna og møt opp! Dette er kanskje siste sjansen me har, så dette vil du vere med på!

Samfunnshuset, Øvre Årdal kl. 19.

Musikalske innslag : Joacim Styve, Ine Hillestad, Longhorn, Øvre Årdal Janitsjarkorps, Odd Tore Moen, Øyvind Aga, Camilla Stefanski, Kjell Hestetun, Sigyn Øren, Morten Flugheim, Ranveig Øren, Thea Berg, Robert Hansen, Thomas Nordheim Moen

Korte appellar frå representantar for pasientar, næringslivet, politikarar, Forsvar Lærdal sjukehus m.fl.

Arr.: Hugin Musikkforum, Årdal Arbeidarparti, Årdal frivilligsentral
Arbeidsgruppa er Odd Tore Moen (initiativtakar), Hilmar Høl, Geir Nordnes, Bjørn Årebru, Helge Øren og Thomas Nordheim Moen.

OPPDATERT INFORMASJON OM PROGRAMMET FINN DU PÅ FACEBOOKSIDA - KLIKK HER ELLER PÅ OVERSKRIFTA

"Aordøle - no e det alvor!"


I april blir Lærdal sjukehus sin lagnad avgjort. - Me må vakna no årdøler, før det er for seint! Møt opp for å støtta "Forsvar Lærdal sjukehus" i samfunnshuset i Øvre Årdal onsdag 2. mars, og bli ei pressgruppe mot lokale og sentrale politikarar, seier arbeidsgruppa som lovar god musikkunderhaldning samt fleire korte og gripande apellar.

Det var Odd Tore Moen som forrige veke tok initiativ til å skipa saman ei politisk musikkmarkering i Årdal kalla for ""Aordøle - no e det alvor!"

- Eg tykte me kunne køyra mykje av det same opplegget som nyleg vart gjort i Lærdal, det dei kalla Støttekonsert for Lærdal sjukehus "politikk og musikk". På denne måten viser me solidaritet, og syner at me meiner nett det same som dei så framifrå gjorde. Totalt sett blir me vonaleg då ei sterkare politisk pressgruppe, seier Odd Tore Moen til porten.no måndag kveld.

Lærdøler også med
Arbeidsgruppa i Lærdal, "Forsvar Lærdal sjukehus", er informerte om planane i Årdal, og er svært positive til arrangementet.
Nokre av desse vil også stilla opp i Øvre Årdal denne onsdagen.

Arbeidsgruppa i boks med det same
Initiativtakar Moen fekk tromma saman ei arbeidsgruppe i Årdal med positive og ressusterke personar på èin, to, tre. Gruppa består av Odd Tore Moen, Hilmar Høl (Årdal Arbeiderparti), Bjørn Årebru (Frivilligsentralen i Årdal), Helge Øren (Musikkkorps), Thomas Nordheim Moen (Hugin Musikkforum) og Geir Nordnes (Næringslivet i Årdal).

Arbeidsgruppa jobbar no hektisk for at alt skal vera i boks innan 2. mars.

- Me har ikkje problem i det heile med å få folk til å stilla opp verken på eller utanfor scena. No handlar det mest om å sy saman detaljane, seier karane i arbeidsgruppa medan dei diskuterer heftig seg imellom eller kastar seg på telefonen for å nå dei rette folka dei ikkje har fått klargjort alt med enno.

Appellar og god musikalsk underhaldning
Arbeidsgruppa vil ikkje ut med alle detaljar per i dag, men seier at det heile vil vara i rundt 90 minuttar, der publikum vil få høyra korte politiske apellar der kvar talar får to minutt på seg. Apellane blir halde av privatpersonar, politikarar og næringsliv.

Innimellom appellane vil ein få servert mykje god musikk frå scena
Den musikalske underhaldninga vil blant anna vera frå Øvre Årdal Janitsjarkorps, Årdal musikk- og kulturskule, Hugin Musikkforum, samt gruppa Longhorn frå Lærdal. "Sjukehussongen" til Longhorn vil bli kopiert opp og levert til alle i salen som kan ta del i allsong.

Gratis inngang
Det vil ikkje kosta ei krone for publikum å møta opp. Det vil heller bli sendt rundt bøsser der folk kan gi ein sum til "Forsvar Lærdal sjukehus".

- Me likar heller å kalla dette indremedisin, dette handlar om kjensler, at me bryr oss og viser solidaritet. Me er opptekne av tryggleiken til folk, me er alle avhengige av at sjukehuset i Lærdal skal bestå, seier arrangørane.

Siste sjanse for årdøler
- Me trur kanskje at ein del årdøler ikkje har vore flinke nok til å visa kor dei står i høve til ei eventuell nedlegging av sjukehuset i Lærdal. Men no har dei sjanse til å reisa seg og møta mannsterke opp og visa politisk styrke mot styresmaktene før det er for seint, seier den ivrige arbeidsgruppa.

Sidan føretaket vart lagt ut på Facebook for eit par dagar sidan, har arbeidsgruppa nærast blitt nedringt av folk som vil vera med og hjelpa til.

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Mobiliserer for full musikk


SOGN AVIS – No må årdølene ha seg ut or godstolen og gå på barrikadane for sjukehuset vårt. Gjer me ikkje noko no, er eg redd at tida vil springa frå oss, seier Bjørn Årebru i Frivillig sentralen i Årdal.

Saman med musikk- og kulturlivet i Årdal, politikarar, privatpersonar og Forsvar Lærdal sjukehus, inviterer Årebru til «Musikk og politikk for Lærdal sjukehus» i samfunnshuset i Øvre Årdal onsdag 2. mars.

– Skal høyrast
Arbeidsgruppa som førebur konserten neste onsdag har laga si eiga gruppe på Facebook. Ifølgje interessa der, kan dei nok rekna med fullt hus i samfunnshuset, som har plass til i underkant av 400 i salen.

Odd Tore Moen i arbeidsgruppa har klokkartru på at det skal bli «stinn brakke» denne kvelden. Og at aksjonen skal bli lagt merkje til.

– No er det alvor, for tidspunktet for når lagnaden til sjukehuset vårt blir avgjort nærmar seg. Difor mobiliserer me årdølene til å stilla opp for sjukehuset. Og eg er heilt sikker på at det skal høyrast på lang lei at me ikkje vil gje slepp på sjukehuset, seier han.

Ord og tonar
Moen har fått med Øvre Årdal janitsjar, så vel som musikk- og kulturskulen i Årdal på deltakarlista til konserten. Helge Øren i janitsjaren fortel at det er viktig å stilla opp no.

– No må me buldra det me kan, for det er truleg siste sjansen vår til å markera oss i denne saka, seier han.

Og arrangørane vonar at «bulderet» vil bli høyrt både i stortings- og regjeringskrinsar der sjukehusavgjerda til sjuande og sist blir teken.

– Me har invitert dei to Ap-representantane frå fylket, Ingrid Heggø og Tor Bremer, til markeringa i samfunnshuset. Me vonar at dei kjem, og ser gjerne at dei tre andre frå stortingsbenken, Erling Sande, Bjørn Lødemel og Åge Starheim, også stiller opp. I tillegg har me sjølvsagt sendt invitasjon til våre folk i helse- og omsorgskomiteen, samt til den politiske leiinga i Helse- og omsorgsdepartementet, seier, Ap-leiar Hilmar Høl.

Allsang
Og tek dei inviterte turen til samfunnshuset den 2. mars, får dei i tillegg til engasjerte innlegg, janitsjaren og kulturskuleelevar, høyra musikkinnslag frå medlemer i Hugin musikkforum, så vel som Longhorn frå Lærdal.

– Longhorn skal framføra sjukehussongen sin, og Bjørn Årebru har lova å kopiera opp teksten til den songen i tilstrekkeleg mange eksemplar. Så då blir det allsang frå eit fullsett samfunnshus, seier Thomas Nordheim Moen.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

mandag 21. februar 2011

Helse Førde-styremøte 24. februar 2011, i Førde


Frå Helse Førde sine nettsider:

Styremøte 24.02.2011

Det er styremøte i Helse Førde torsdag 24. februar. Møtestart kl 09.00. Stad: Førde sentralsjukehus, møterom 4.

Sakene til styremøtet:

Saksliste styret HF 24. februar 2011
Styresak 008-2011 A Godkjenning av protokoll 28. januar 2011
Styreprotokoll HF 28. januar 2011
Styresak 009-2011 O Adm dir si orientering
Styresak 010-2011 A Rapportering fra verksemda per januar 2011
Verksemdsrapport KIR januar 2011
Verksemdsrapport MED januar 2011
Verksemdsrapport PHV januar 2011
Verksemdsrapport Stab og støtte januar 2011
Styresak 011-2011 O Årsmelding 2010 frå Pasient- og brukarutvalet
Skriv og meldingar til 24. februar 2011
Brev fra Helse Vest 11. februar 2011 - Melding om oppstart av internrevisjon Brannvern 2
Brev fra Helse Vest 2. februar 2011 - internrevisjon av medisinsk kodepraksis
Årsmelding 2010 - Pasient og brukarombodet
Årsmelding KU i HF 2010
Årsmelding PTU i HF 2010

• Klikk her eller på overskrifta for å komme til Helse Førde sine sider med sakspapir til styremøtet.

søndag 20. februar 2011

Stortingshøring om nedlegging av regionale helseforetak og frys i lokalsykehusprosesser


STORTINGET.NO Dagfinn Høybråten, Geir Jørgen Bekkevold, Kjell Ingolf Ropstad, Laila Dåvøy og Rigmor Andersen Eide (alle KrF) har fremsatt et representantforslag om å legge ned de regionale helseforetakene og omgående å fryse alle omstillingsprosesser i lokalsykehusene (Dokument 8:54 S (2010-2011)).

Det ble avholdt høring i saken 17. februar. Foreløpig dato for avgivelse av innstilling er 29. mars.

• Klikk her eller på overskriften for å følge denne saken på Stortingets sider

• Klikk her for å se video-opptaket av komitéhøringen om forslaget. Et interessant punkt i videoen er Legeforeningens utdyping av begrepet "underledelse" i forbindelse med mangel på stedlig ledelse. De negative konsekvensene ved klinikkorganisering og mangel på stedlig ledelse har Folkebevegelsen for lokalsykehusene pekt på i flere år. Vi er veldig glad for at Legeforeningen formulerer dette så godt og klart.

torsdag 17. februar 2011

Knallharde ord og mjuke melodiar


PORTEN.NO Arrangørane Lærdal musikklag, Lærdal Frivilligsentral og Forsvar Lærdal sjukehus skipa søndag kveld til støttekonsert i Storstova på Lærdalsøyri skule. Utruleg god og variert underhaldning, sjølvsagt ispedd skarpe apellar, solidariske songar og samtalar om sjukehuset si framtid.

Støttekonsert for Lærdal sjukehus "Politikk og musikk”
Aurland, Lærdal og Årdalstangen musikklag ved dirigent Oddgeir Øren opna programmet med, "You`ll never walk alone".
Deretter fulgte, "Kor e alle heltar" og til slutt, "Always look at the bright side".
Dette let kvalitetsmessig veldig bra og sette ein standard for resten av kvelden. Det spørs om ikkje desse korpsa burde slå seg saman?

- Dette er ikkje demokrati, dette er ikkje tryggheit for alle
Innimellom dei musikalske innslaga vart det halde politiske appellar frå både lokale og tilreisande . Blant dei var medlem av Helse- og omsorgskomiteen Geir Ketil Hansen, Hilmar Høl leiar i Årdal Ap og Hege Lothe fylkesleiar i SV.

- Det som no skjer er ikkje folkets vilje. Dette er ikkje demokrati. Det er kun ein rein fråskrivelse av ansvar frå våre sentrale tillitsvalde som med vår tillit sit der dei sit, sa Hilmar Høl.

Årdal Arbeidarparti finn det uforståeleg og meiningslaust at prosessane i helseføretaka får føregå slik som i dag, utan at omstillingane kjem som ein del av regjering og Storting si handsaming av nasjonale helse- og omsorgplan.

- Nedbygging av lokalsjukehusa vil ikkje gje ” trygghet for alle”, sa Høl.

- Helse Førde har gløymt kor dei kjem frå
- Helse Førde forvaltar store samfunnsressursar og ansvar, men i sin dårskap har dei gløymt kven dei er, og at dei – anten dei likar det eller ikkje – har fleire oppdrag enn å spara pengar og maksimera profitt for eigaren. Dei har gløymt kor dei kjem frå, og har valgt den autoritære maktarrogansen framfor ein åpen og humanetisk styringsmodell, sa Høl frå talarstolen.

- Årdal Arbeidarparti meinar at omgjering av Lærdal sjukehus til lokalmedisinsk senter, fjerning av akuttfunksjonar og fødetilbod er det same som å leggje ned lokalsjukehuset vårt, avslutta Høl.


Variert program med dyktige musikarar
På den musikalske sida stilte Kine Svori opp med tradisjonsmusikk frå Jostedalen, og frå Årdal kom Odd Tore Moen med sang og gitar.

Frå Aurland kom Vilde Skjerdal. MGP- juniorfinalist Ida Skjerping Mo med UKM deltakar Knut Isdal Lindstrøm stilte opp frå Lærdal, samt Dick Jan Zwart fiolin og Årdal og Lærdal Trekkspelklubb.

Eit variert program med svært gode utøvarar.

Blomar til Bente Øien Hauge
Bente Øien Hauge fekk ros og overrekt blomar for den store innsatsen ho har gjort for å bevara Lærdal sjukehus, og ho fekk ståande applaus.

Longhorn avslutta konserten med ”Song for sjukehuset”, tekst Kristen Olav Grøttebø, medan publikum song med.

Arrangørane var godt nøgde med kvelden. - Kvalitet frå fyrste stund og strålande nøgde. Dette har det vore moro å jobba med. Me starta for ca to veker sidan og det var Magnhild Aspevik som kom med ideen, seier dei til porten.no

- Eg vart inspirert av det dei gjorde på Eid, og meinte dette kan me og få til. Dermed var det gjort. Alle me har spurt har vore positive til å stilla opp. Har heller fått inntrykk at det er enkelte som er litt sure for dei ikkje er blitt spurt, - humrar Steinar Kvigne.

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

• Sjå Porten sitt biletgalleri frå arrangementet ved å klikke her

onsdag 16. februar 2011

Fødekutt tas først


AFTENPOSTEN 4. FEBRUAR 2011 Regjeringen kommer trolig med en avklaring omkring nedlegging og omorganisering av fødetilbud i løpet av noen uker. Striden om andre oppgaver ved lokalsykehusene får ulme videre.

Etter det Aftenposten erfarer går regjeringspartiene nå inn i diskusjoner om nedlegging av konkrete fødetilbud, med sikte på å løfte dette ut som en egen regjeringsbeslutning om kort tid. Til grunn ligger de regionale helseforetakenes vedtak og forslag om nedlegging av fire fødeavdelinger og to fødestuer, samt å frata ytterligere to fødestuer gynekolog. Det er usikkert om politikerne vil lytte til alle faglige råd.

Uenighet
Regjeringspartiene har ulikt ståsted. Mens Ap har vært mest villig til å bifalle helseforetakenes opplegg, holder Sp og SV igjen. Mye tyder på at det særlig vil bli dragkamp om nedleggingen av fødeavdelingen ved Nordfjordeid sjukehus. De fødende skal etter planen flyttes til Volda sjukehus. Til tross for at indre Nordfjord, Hornindal og Stryn nyter godt av ny fergefri vei til Volda, vil kvinner i ytre Nordfjord få lengre reisevei.

Sp-leder og kommunalminister Liv Signe Navarsete står sterkt i sitt hjemfylke Sogn og Fjordane, og lovet på landsstyremøtet i januar at «en helsepolitikk som gir distriktskvinner lengre vei til fødetilbud, er ikke Senterpartiet med på». Sp krever endringer i forhold til nedleggingsplanene, og har trolig støtte av SV.

Kutt kommer
At det likevel blir endringer, er det liten tvil om. Det er vanskelig å argumentere mot entydige faglige råd om at såkalte forsterkede fødestuer (med én gynekolog) ikke holder mål. Dermed står fødestuen på Lærdal sjukehus, i Navarsetes egen hjembygd, lagelig til for hugg.

Forslaget om å gjøre to fødeavdelinger i henholdsvis Molde og Kristiansund til én blir derimot trolig skjøvet frem i tid, pga. den svært betente utbyggingsstriden på Nordmøre.

Forslagene om kutt og flytting av andre oppgaver ved lokalsykehusene må fortsatt vente på avklaring. Omleggingene kommer neppe inn som konkrete punkter når Regjeringen fremmer Nasjonal helse- og omsorgsplan for Stortinget før påske. Likevel kan lokalsykehusenes skjebne bli avklart her, gjennom de føringer som gis.

Sp vil ha en definisjon av lokalsykehus inn i denne planen, som ville bety at også akuttkirurgi-sentraliseringen må oppgis. Det går Ap neppe med på.

Ap straffes
Nedlegging av sykehusfunksjoner koster. Ap frykter katastrofetall i berørte kommuner til høsten. Valgforsker Frank Aarebrot tror lokalsykehusdebatten får utslag i berørte kommuner ved høstens valg, og at det vil ramme Ap hardest.

Are Helseth (Ap), medlem av Stortingets helse og omsorgskomité, bekrefter at det er bekymring sentralt i partiet for hva sykehussaken får å bety for kommunevalget.
- Vi vet at vi må ha tillit på helse og omsorg for å gjøre gode valg, sier han.

I Vågsøy kommune i Nordfjord har ordføreren meldt seg ut av Arbeiderpartiet. I nabokommunen Selje gikk det lokale arbeiderpartilaget i oppløsning i fjor. To nedleggingsvennlige Ap-politikere i Helse Vest-styret, er ikke renominert på fylkestingslisten.


• Les saken i Aftenposten ved å klikke her eller på overskriften

tirsdag 15. februar 2011

Sogn og Fjordane: Høgre slår ring om lokalsjukehusa


FIRDA Høgre sitt helsepolitiske utval rår fylkesårsmøtet til å slå ring om lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid.

Men utvalet opnar opp for å vurdere framtida til fødeavdelinga på Nordfjordeid innan 2020, og då ut frå fødselstal og fagleg personell.

– Vi kan ikkje frede noko, og ting kan skje, samstundes som vi veit at Volda står klar. Difor vil vi vurdere spørsmålet på nytt innan 2020, seier leiar for utvalet, Arve H. Mjømen.

- Kan suge pasientar
Det er også klart at utvalet vil ha tilpassa akuttfunksjonar ved lokalsjukehusa. Ifølgje Mjømen er det å oppretthalde dagens føde- og ortopediberedskap.

– Viss vi ivaretek desse sjukehusa kan vi med god kompetanse suge pasientar frå andre deler av landet, seier Mjømen.

Utvalet seier også at sjukehusa i fylket må rustast til å ta dei store utfordringane knytt til alders- og livsstilssjukdomar. Det er også viktig å jobbe for å få aksept for at sjukehus-vesenet i Sogn og Fjordane vil måtte vere dyrare per innbyggjar enn meir urbaniserte fylke, heiter det i konklusjonane til utvalet.

- Lær av Hordaland
– Samhandlingsreformen tvinge fram større løyvingar til helsesektoren. Og det er viktig å sjå kva som skjer i Hordaland. Der er dei komne godt i gang og byggjer på samspel med sjukehusa. Dit må vi komme også her i fylket, seier Mjømen.

Utvalet har mellom anna hatt synfaringar ved sjukehusa på Eid, i Lærdal og på Voss.

– Vårt framlegg til uttale skil seg ikkje så mykje frå det Høgre har sagt før, men vi har jobba svært grundig, og meiner vi står endå stødigare i konklusjonen vi no legg fram for fylkesårs-møtet, seie Mjømen.

Høgre har sitt fylkesårsmøte i Førde 12. og 13. mars.

• Les saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta

mandag 14. februar 2011

Oddmund Hoels appell på "Politikk og musikk for lokalsjukehuset" 13. februar


FRA KRUNDALSBLOGGEN, ODDMUND HOEL I går kveld hadde Forsvar Lærdal sjukehus, Lærdal Musikklag og Lærdal Frivilligsentral tromma saman til stor tilstelling med musikk og politikk for sjukehuset. Over 300 hadde møtt fram i den fullsette Storstova på Lærdalsøyri skule, og frå Jostedalen var det tinga folkemusikkinnslag og appell. Kine Svori (14) gjorde stor lukke med hardingfela og kvedarrøysta si, og eg fekk gleda av å seia dette (med nokre illustrerande lenkjer):


Godtfolk!
Det er eit trylleord som førekjem oftare og oftare når det er snakk om sjukehus og andre offentlege tenester, og det er ordet kvalitet. Det kan sjå ut som eit uskuldig og tilforlateleg ord, for ingen er vel mot god kvalitet.

Det gjekk eit lys opp for meg då eg såg ei fersk svensk doktoravhandling om korleis kvalitetsomgrepet på få år har vorte styrande i skulevesenet. Her vert det dokumentert korleis ei av fleire moglege tolkingar av kvalitetsomgrepet hadde vore med på å endra utdanningspolitikken i ei bestemt av fleire moglege retningar.

Den same kampen om kvalitetsomgrepet står i sjukehusdebatten, og den er for viktig til å bli overlate til Sosial- og helsedirektoratet og dei sentraliseringskåte fagmiljøa som helsepolitikarar altfor ofte skuvar framfor seg. Spørsmålet om kva som er god kvalitet, er minst like mykje politikk som fag.

God kvalitet for fødetenester skal visstnok vera store avdelingar med mange fødslar og mange gynekologar. Så kjem det tal, slik som rett før helga, som viser at mange små fødeavdelingar kan visa til betre resultat enn mange store. Så seier aksjonistar og andre rabulistar at det viktige er ikkje om ei fødeavdeling er stor eller lita, men om ho er god eller dårleg. Men då er svaret at dei små avdelingane er kanskje ikkje dårlege no, men dei kan koma til å bli det om nokre år, for dei er så lite robuste – eit anna trylleord. Så dei bør leggjast ned straks.

Paradokset er at eit meir og meir marknadsorientert helsevesen har teke opp dei verste sidene av marknadstenkinga, men ikkje dei beste. I næringslivet er det langt meir interessant om ei bedrift er god eller dårleg, enn om ho er liten eller stor. I næringslivet har kunden alltid rett. I helsevesenet har kunden aldri rett om kunden vil noko anna enn dei som styrer. Dei fødande kvinnene våre i Jostedalen og me som gjerne vil besøka dei på sjukehuset, er styrte av kjensler og manglande kunnskap og er i det heile ikkje heilt kloke når me ikkje skjønar at eit fødetilbod 1-2 timar lenger borte er betre for oss.

Men det er god kvalitet for oss. For oss er det god kvalitet at me faktisk rekk fram til Føden, og slik er det for ei stor mengd folk som no kjempar for lokalsjukehusa sine over heile landet.

Me i den gamle aksjonsgruppa i Jostedalen vil retta ein stor takk til dei tilsette på Lærdal sjukehus som har greidd å halda oppe eit sjukehustilbod med framifrå kvalitet trass i alle åtaka gjennom desse åra. Me vil òg retta ein varm takk til Bente Øien Hauge og alle andre eldsjeler i Forsvar Lærdal Sjukehus og Folkeaksjonen for lokalsjukehusa som har gjort eit politisk og fagleg arbeid av så høg kvalitet gjennom alle desse åra at me kjem til å vinna!

• Les appellen på Krundalsbloggen ved å klikke her eller på overskrifta

torsdag 10. februar 2011

Fødande trygge ved små sjukehus


NRK SOGN OG FJORDANE Det er like trygt å føde på små fødeavdelingar som på store. Det viser tal NRK Sogn og Fjordane har henta inn. Fagfolk har tidlegare brukt manglande trygleik som eit argument for å legge ned fødeavdelingar ved lokalsjukehusa.

I fleire år har det pågått ein kamp om nedlegging av fødeavdelingar rundt om i landet. Til saman seks lokalsjukehus, blant dei Lærdal og Nordfjordeid, står no i fare for å miste fødetilbodet sitt.

Ein viktig argument i debatten har vore at dei fødane ikkje er like trygge på små lokalsjukehus, men det manglar dokumentasjon på at så er tilfelle.

– Berre eit inntrykk vi har
Helsetilsynet sende i desember i fjor eit brev til Helse- og omsorgsdepartementet om fødselskader frå 2006-2008.

Undersøkjinga tok utgongspunkt i 101 fødslar der det gjekk gale, og konklusjonen var at i 33 av desse var det berre jordmor til stades. Kor mange av desse fødslane som skjedde ved små avdelingar, blir det ikkje konkludert med.

Helsetilsynet kom då fram til at det var rett å åtvare mot små fødeavdelingar, men det finst ikkje god nok dokumentasjon.
– Eg tenkjer at vi skal vere forsiktig med å trekkje bastante konklusjonar av dette materialet, men vi har eit inntrykk av at dei små avdelingane er sårbare, seier helsedirektør Lars E. Hansen.

Heller ikkje konstituert avdelingssjef Tom Gulhav i Helse Førde, har klare fakta på kvar det er tryggast å føde.
– Vi har ikkje haldepunt for å seie at den organsiseringa som er i dag fører til eit dårlegare tilbod til dei fødande, seier Gulhav.

Trygt og godt på Eid
Dei fødande ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Eid, meiner det er trygt og godt å føde på små sjukehus.

Denne veka såg ein ny verdsborgar dagens lys på Nordfjord Sjukehus. Ein mørkhåra krabat, som har fått namnet Isak, blir teken godt vare på av mor Lillian Myklebust.

Dette er hennar fjerde barn i løpet av 18 år, alle har kome trygt til verda ved sjukehuset på Eid.
– Eg synst det er heilt forferdeleg å leggje ned avdelinga på Eid, for eg føler at det er veldig trygt å føde her, seier Myklebust. Ho lurer også på kva slags dokumentasjon som finst på at det ikkje er tilfelle.

Ny undersøkjing lagt fram neste år
Også Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesten slo i 2008 fast at det ikkje finst nasjonale undersøkjingar på at dei fødande er meir nøgde på store enn på små sjukehus.

Til neste år skal kunnskapssenteret presentere ei ny undersøkjing, og håpar då å kunne gje klarare svar på kvar pasientane er mest nøgde.

NRK har sjølv henta ut tal på riftskadar for ti fødeinsitusjonar på Vestlandet frå 2001 til 2010.

Desse tala viser òg at den største institusjonen Haukeland kjem klart dårlegast ut medan små institusjonar som Voss og Molde kjem godt ut.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider ved å klikke her eller på overskrifta

Jordmorforeningen ønsker ingen sentralisering av fødetilbud


JORDMORFORENINGEN.NO, 7. FEBRUAR 2011 Aftenposten skriver i sin søndagsutgave 6. februar at Den norske jordmorforening går inn for en sentralisering av fødetilbudet. Det medfører ikke riktighet. Dnj ønsker ikke noen sentralisering av fødetilbud, vi ønsker kvalitet og det gjelder ved både små og store enheter, sier leder i Dnj, Marit Heiberg.


Den norske jordmorforening stiller seg i hovedsak bak Helsedirektoratets nye kvalitetskrav til fødselsomsorgen fra desember 2010. I kvalitetskravene frarådes det bl.a. drift av forsterkede fødestuer i fremtiden. I den forbindelse har Dnj`s leder, Marit Heiberg, uttalt til Aftenposten at de forsterkede fødestuene enten må rustes opp til fødeavdelinger, gjøres om til jordmorstyrte fødestuer eller legges ned. Det må gjøres en helhetlig vurdering hvor det tas hensyn til geografi, veinett, reiseavstand, værforhold, befolkningsgrunnlag og tilgjengelighet på faglig kompetanse, påpeker Heiberg. Det er i dag tre forsterkede fødestuer i Norge: Lærdal, Odda og Lofoten.

Ett av kvalitetskravene som spesielt vil berøre de små fødeavdelingene, er kravet om minimum fire-delt gynekologvakt. Dette er en utfordring for flere av de minste fødeavdelingene. Her må det også gjøres en helhetlig vurdering, poengterer Heiberg. Norge er et langstrakt land med en utfordrende geografi. Hvis vi ønsker at det fortsatt skal fødes barn utenfor de store byene i Sør-Norge, må det opprettholdes et faglig forsvarlig fødetilbud også ute i distriktene. Kvinnene skal kunne være trygge på at de får et trygt og kvalitativt godt tilbud den dagen de skal føde barn, sier Heiberg.

• Les saken på Jordmorforeningens sider ved å klikke her eller på overskriften

tirsdag 1. februar 2011

Søndag 13. februar: Politikk og musikk for lokalsjukehuset!



Velkomne til mobilisering for Lærdal sjukehus i Storstova på Lærdalsøyri skule søndag 13. februar kl. 19-21.

Programmet vert oppdatert her og på Facebook.

Lærdal, Årdalstangen og Flåm Musikklag • Ida Skjerping Mo • Knut Isdal Lindstrøm • Odd Tore Moen • Kine Svori • Gudmund Bolstad Skjær • Dick Jan Zwart • Vilde Skjerdal • Longhorn • Lærdal trekkspelklubb • m.fl.

Medlem av Stortingets helse- og omsorgskomité Geir-Ketil Hansen (SV) deltek. Korte appellar frå ungdom, politikarar, næringslivsfolk, pasientar og andre engasjerte.

Gratis inngang. Innsamling til sjukehusaksjonen.

Arr.: Lærdal musikklag, Lærdal frivilligsentral og Forsvar Lærdal sjukehus

Kveldsmøte i Oslo 2. februar: Krysspress mellom fag og politikk


Norsk sykehus- og helsetjenesteforening arrangerer kveldsmøtet:
Krysspress mellom fag og politikk. Oppgavefordeling av helsetjenester
Onsdag 2. februar 2011 fra kl. 17.30 til kl 20.00 Oslo Kongressenter


Målgruppe:
Ledere på alle nivå i kommune- og spesialisthelsetjenesten, politikere, tillitsvalgte, bruker-/ pårørendeorganisasjoner, offentlige myndigheter og andre interesserte.

Kaffe og enkel servering
Åpning ved NSH

Møteleder: Magne Lerø, redaktør i Ukeavisen Ledelse

Teknologi krever sentralisering
v/ Erik Fosse, professor og leder av Intervensjonssenteret ved Rikshospitalet, Oslo universitetssykehus

Dialog og diskusjon
med Mads Gilbert, professor og klinikkoverlege ved Universitetssykehuset Nord-Norge

Sykehuspolitikk – hvorfor er det så vanskelig?
v/ Jan Grund, professor i helseledelse og rektor ved Høgskolen i Akershus

Pause

Når fag og politikk møtes - refleksjoner
v/ Bjørn Engum, leder for nasjonalt senter for samhandling og telemedisin ved UNN og tidligere adm. direktør ved Helse Nordmøre og Romsdal

Oppgavefordeling av helsetjenester
v/ Bent Høie, leder av helse- og omsorgskomiteen (H)
v/ Kjersti Toppe, medlem av helse- og omsorgskomiteen (Sp)
v/ Bente Øien Hauge, koordinator for Folkebevegelsen for lokalsykehus
med flere

Uformell middag på den italienske restauranten Santinos like ved Oslo Kongressenter
Med forbehold om endringer.

Arr.: Norsk sykehus- og helsetjenesteforening

• Klikk her eller på overskriften for å lese mer om møtet, informasjon om påmelding etc.