torsdag 30. april 2009

Styremøte i Helse Førde torsdag 30. april i Lærdal







Det var ikkje mange tilhøyrarar på Helse Førde sitt styremøte i Lærdal i dag; utanom journalisten frå Sogn Avis var det ein representant for brukarrådet og tre frå sjukehusaksjonen.

Truls Jellestad heldt innleiing om status for ortopediplan og fortalte styret at funksjonsfordelinga fungerer godt i Helse Førde.

• Sakene til styret ligg ute på Helse Førde sine nettsider, du finn dei ved å klikke her.

Det sjukehuspolitiske møtet onsdag 29. april




Omlag 70 personar møtte opp til det sjukehuspolitiske møtet i Lærdal kulturhus om kvelden onsdag 29. april.

Professor Bjarne Jensen frå Høgskulen i Hedmark og rådgjevar Unni Hagen frå Fagforbundet heldt engasjerande innleiingar med både faktaopplysningar og nokre politiske utfordringar til representantane for regjeringspartia i forsamlinga.
(Registrert revisor Fanny Voldnes frå LO si næringspolitiske avdeling hadde diverre meldt forfall.)

I debattpanelet var, i tillegg til innleiarane, Hilmar Høl (Ap), Erling Sande (Sp), Trond Aarre (SV) og Bente Øien Hauge (Forsvar Lærdal sjukehus).

Møteleiar Knut Henning Grepstad losa forsamlinga gjennom møtet.

Ein stor takk til alle som på ulike måter bidrog til gjennomføringa av møtet!

Ta tilbake styringa!




NRK SOGN OG FJORDANE Dei folkevalde må ta tilbake styringa i helseføretaka. Det var politikarane samde om under eit folkemøte om sjukehuspolitikk i Lærdal onsdag kveld.

Trond Aarre frå SV og tilsett i Helse Førde, meinte at hans parti hadde aldri tvilt.
- Denne reforma var vi imot, og det er vi framleis.

Verre for Hilmar Høl
Då var det verre med Hilmar Høl frå Arbeidarpartiet. Hans parti har nett bestemt seg for å behalde dagens helseføretak, men justere på ordninga. Høl var klar på at han personlig aldri hadde likt reforma. Og det var det nok lurt å seie i denne forsamlinga.

- Skummel utvikling
Professor Bjarne Jensen frå Høgskolen i Hedmark var svært uroa over konsekvensane.
- Det er klart at denne kombinasjonen med ein forretningsorganisasjon utan skikkeleg folkevald styring fungerer ikkje, og den er skummel med omsyn til utviklinga. Får denne utviklinga halde fram får vi ei kraftig strukturrasjonalisering av sjukehustenestene som folk ikkje ynskjer.
- Men det blir sagt at etter at vi fekk helsereforma er det blitt behandla langt fleire pasientar, det er brukt meir pengar på kvar pasient, og ventelistene har gått ned.

- Feil medisin
- Eg meiner at Noreg har ei ganske god helseteneste, men det er ikkje denne måten å organisere på som har ført til det. Eg trur det er feil medisin som er brukt.

- Store konsekvensar
Unni Hagen, rådgjevar i Fagforbundet, meinte at mangel på demokrati får store konsekvensar for små sjukehus.
- Noko av det som er ille er at vi er i ferd med å endre sjukehus og helseteneste på ein måte som ikkje syner før det er for seint. Vi er i ferd med å bygge ned lokalsjukehusa i distrikta innanfrå til dei til slutt blir ståande igjen og fungere som avanserte sjukeheimar.

Ønskjer ei folkerørsle
Hagen ønskjer ei folkerørsle.
- Dersom politikarane ikkje endrar systemet må folk presse politikarane til å endre det som ikkje verkar i forhold til måla
Erling Sande frå Senterpartiet mener at analysane til Jensen og Hagen av helsereforma stadfestar den motstanden hans parti hadde mot reforma i 2002.

- Senterpartiet åtvara
- Den røyndomen vi får presentert her er veldig i tråd med det vi i Senterpartiet åtvara mot då vi fekk denne reforma, der vi flytta ansvaret for spesialisthelsetenesta frå fylkeskommunen inn i "profesjonelle" styre som skulle ta hand om helsestellet.
- No har vi fått svaret på kva reforma har ført med seg når det gjeld demokrati og openheit. Senterpartiet ynskjer seg tilbake til ei utvikling der det er det lokale og regionale demokratiet som har ansvaret, og pasienten står i sentrum

Ikkje politisk fleirtal for endring
Men noko politisk fleirtal for å gjere om reforma finst ikkje på Stortinget.
- Vi må vel innsjå at slik den parlamentariske situasjonen er i dag er det ikkje fleirtal for å gjere desse endringar, men vi går til val på å gjere endringar på dette feltet, så får valet avgjere kor mange representantar Senterpartiet får. Vi håpar å kunne halde fram i ei raudgrøn regjering, og då kjem organiseringa av helsestellet til å vere eit tema i regjeringsforhandlingane.

• Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

mandag 27. april 2009

Sjukehuspolitisk møte i Lærdal kulturhus onsdag 29. april

SJUKEHUSPOLITIKK OG ØKONOMISTYRING
Ope møte i Lærdal kulturhus onsdag 29.4. kl.19

INNLEIINGAR ved
• rådgjevar Unni Hagen (Fagforbundet),
• reg. revisor Fanny Voldnes (LO) og
• professor Bjarne Jensen (Høgskulen i Hedmark)

om tema som forretningsmessig styring av sjukehus og offentleg sektor, fiktive underskot, marknadstenking, “New Public Management” og kva dei har endra med styringa av sjukehusa i Skottland.

DEBATT OG OPE FOR SPØRSMÅL FRÅ SALEN.
Gjester: Sonja Edvardsen (Ap), Erling Sande (Sp), Trond Aarre (SV), Randi Aanonsen (Fagforbundet), sjukehusaksjonen m.fl.

MØTELEIAR Knut Henning Grepstad

Slutt seinast kl. 22.

søndag 26. april 2009

Helse Førde-styremøte i Lærdal torsdag 30. april: Sakene er lagt ut på nett

Helse Førde-styret har møte i kantina på Lærdal sjukehus, torsdag 30. april kl. 10.30.

Møtet er ope for presse og publikum.

• Saksliste og sakspapir finn du på Helse Førde sine nettsider ved å klikke her eller på overskrifta.

• Oversikt over styret finn du her

tirsdag 7. april 2009

Lesarbrev i Sogn Avis 7. april: Med bind(ingar) for auga

Med bind(ingar) for auga

I etterkant av styremøtet i Helse Førde er det igjen fokus på fenomenet ”bindingar” på foretaket. Desse plagsomme bindingane er for det meste knytt til tenestenivået på lokalsjukehusa: Styret er hindra av sentrale politiske føringar og får ikkje ta ned fødetenester og akuttilbod i Lærdal og Eid meir enn dei alt har gjort. Dei får heller ikkje selja sjukehusbygningane i Florø.

Bindingane vert presenterte som urimelege hinder for naudsynte og fornuftige val i ein situasjon med budsjettunderskot. Men sjukehusstruktur er meir enn økonomi og årsbudsjett! Nivå og organisering av sjukehusa våre handlar mellom anna like mykje om distrikts- og næringspolitikk, familiepolitikk og helsepolitikk. Dette perspektivet trur eg Førde Arbeidarparti har gløymt når dei i lokalradioen ”rasar” mot stortingsrepresentantane frå fylket.
Etter at sjukehusa vart organiserte i helseforetak, er botnlinja i rekneskapen vorte den endelege fasit på kor godt sjukehusa vert drivne, medan kvalitet blir målt etter eit hellert snevert utval indikatorar som blir presentert for styret i svært forenkla form (raude, gule og grøne lys).

Politikarar på kommune- og fylkesnivå med ynske om å driva helsepolitikk, har ingen reell påverknadskraft. Dei må vere nøgde med å bli orienterte og få høve til å ytre fromme ynske i dialogmøte med representantar frå foretaket. Slik sett må ein no faktisk til Oslo og Stortinget for å finne helsepolitikarar. Og med foretaksmodellen er også deira makt og mogelegheiter for innsyn kraftig redusert.

Øberg, Mowatt, Ringstad & co må sjølvsagt leggja frå seg politikarhatten på dørstokken til styrerommet. Innanfor den rådande modellen skal dei fyrst og fremst vere lojale mot eigar sine krav, ikkje mot innbyggjarane i fylket. Og eigar (Helse Vest) har sin eigen representant i styret som passar på at dei held seg på rett spor.

Når helseforetaka slit med store underskot, er det sjølvsagt ingen enkeltfaktor som kan forklara det. Utilstrekkelege løyvingar, skeivdeling mellom regionane, det høge lønsnivået til legar, endringar i pensjonsordninga, vikarbruk, auke i levealder og folks urimeleg høge forventningar til tenestene har vore nemnt frå ulike hald.

Men det er påfallande at utgiftene til denne sektoren er bortimot dobla etter sjukehusreforma i 2001! Kor mykje av underskotet skuldast den nye organiseringa og den forretningsmessige rekneskapsmodellen? Dersom Helse Vest RHF hadde ført rekneskap etter fylkeskommunale rekneskapsprinsipp, ville foretaket gått i balanse og vel så det. Då ville me her i fylket kanskje sluppe den uverdige diskusjonen der viktige tilbod innan t.d. geriatri og rus blir sett opp mot grunnleggjande tryggleik for innbyggjarane i Nordfjord og Indre Sogn.

Er det ikkje på høg tid å ta tak i det grunnleggjande og sjå kritisk på styringsmodellen? Kvifor skulle ein lata vere? Me har vel ikkje bind(ingar) for auga?

Bente Øien Hauge, aksjonen Forsvar Lærdal sjukehus

Leiar i Sogn Avis: Eit heilt legitimt krav


LEIAR I SOGN AVIS, MANDAG 6. APRIL

Sogn og Fjordane Arbeiderparti forlangar no at heile skeivfordelinga som Helse Vest har vore råka av sidan opprettinga av helseføretaka, blir kompensert i revidert nasjonalbudsjett i vår. Dette er eit heilt nødvendig og eit heilt legitimt krav. Det er på høg tid at det blir sett eit skikkeleg lokalt fokus på denne saka, det burde vore gjort for lenge sidan.

Det er i eit brev til Helse- og omsorgsdepartementet den nyvalde leiaren i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Nils P. Støyva peikar på at Helse Vest førebels i 2009 berre har fått kompensert for halvparten av den skeivfordelinga alle involverte er samde om at helseføretaket vårt har vore råka av. Resten av den urettferdige skeivfordelinga vil etter planen bli kompensert først i 2010.

Den økonomiske stoda i Helse Førde er dramatisk. På siste styremøte måtte Helse Førde utsetja å ta stilling til framlegg om alvorlege kutt i ambulansetenesta. Men det vart vedteke budsjettkutt som mange meiner vil råka til dømes overvakinga på Lærdal sjukehus uforsvarleg hardt. Som om ikkje dette er nok ha det dei siste dagane kome klar melding frå mellom andre styremdlem i Helse Førde, Harry Mowatt og Jorunn Eide Kirketeig i Førde Arbeiderparti, som begge forlangar at Sentralsjukehuset no må skjermast for vidare kutt.

Bak dette ligg krav om at regjeringa må oppheva dei bindingane som er lagt på styret, mellom anna om at den forsterka fødestova i Lærdal ikkje skal rørast. Når budsjettet skal handamast att i midten av juni, må eitt av to skje – enten må det koma friske midlar eller så må det kuttast i tilbod som det blir hevda er uforsvarleg å kutta i, enten det no er på lokalsjukehusa eller Sentralsjukehuset.

Først og fremst, og på kort sikt må det rettast opp i skeivfordelinga. Det er uhøyrt at nokon i eit forsvarleg politisk parti ber Helse Førde vurdera å kutta den forsterka fødestova i Lærdal. Denne burde i staden oppgraderast til ordinær fødeavdeling att. Det er etter vårt skjønn det einaste fornuftige.

Den interne kampen som Mowatt & Co no nører opp under, er fullstendig meiningslaus. I staden burde det fokuserast på sjølve styringsmodellen for det norske helsevesenet. Slik det fungerer i dag er dette eit botnlaust sluk som aldri vil koma i noko som liknad økonomisk balanse. Som me ha skrive før, lær av Skotland og å norsk helsevesen på beina att.

Men i mellomtida må skeivfordelinga rettast opp og det lyt skje kjapt. Akkurat der har Sogn og Fjordane Arbeiderparti heilt rett.

Jan Inge Fardal, redaktør

• Les leiaren i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta.

fredag 3. april 2009

Sogn og Fjordane Ap: Ber for Helse Vest


SOGN AVIS Sogn og Fjordane Ap vil ha heile skeivfordelinga kompensert i revidert i vår.

I eit brev til Helse- og omsorgsdepartementet peiker Sogn og Fjordane Arbeidarparti på at Helse Vest har fått kompensert 50 prosent av skeivfordelinga i 2009, medan resten vil bli kompensert i 2010.

«Helse Førde har saman med dei andre helseføretaka på Vestlandet store problem med å få budsjetta i balanse. For å kunna behalda tenesteytinga og tilby eit likeverdig sjukehustilbod i Sogn og Fjordane, ber Sogn og Fjordane Arbeidarparti om at kompensasjonen som skal kome i 2010 vert flytta fram til revidert statsbudsjett våren 2009. Dette for å få 100 prosent utteljing for 2009».

Sogn og Fjordane Arbeidarparti ber også om at Helse Vest set fortgang i arbeidet med ein ny finansieringsmodell for helseføretaka på Vestlandet og at denne modellen må byggja på prinsippa til Magnussen-utvalet.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

onsdag 1. april 2009

Førde Ap: - Helse Førde må få kutte


NRK SOGN OG FJORDANE Førde Arbeidarparti er rasande på stortingsbenken, og krev at Helse Førde må få lov å kutte ved lokalsjukehusa.

Gruppeleiar i Førde Arbeidarparti og fylkestingsrepresentant Jorunn Eide Kirketeig meiner stortingspolitikarane øydelegg for Helse Førde.

- Fått betre helsetilbod
- Det er utidig at stortingsrepresentantane blandar seg inn, og raljerer med styremedlemmene som berre prøver å gjere ein jobb. Det ville vore betre om dei prøvde å løyse opp i bindingane som ligg der, seier Eide Kirketeig.
Førde Arbeidarparti er rasande på stortingsbenken frå fylket. Partiet krev at Helse Førde må få lov å ta vekk funksjonar ved lokalsjukehusa.

Bad styret om å trekkje seg
I går sa Stortingsrepresentant Åge Starheim frå Framstegspartiet at styret bør trekkje seg om dei meiner Helse Førde ikkje har pengar nok.
- Hadde det vore noko tak i medlemmene i styret hadde dei gjeve ein klar beskjed oppover i systemet, og teke hatten sin og gått, seier Starheim.

Kirketeig reagerer sterkt på at stortingsrepresentant Åge Starheim frå Framstegspartiet i går ba Helse Førde styret om å kaste korta for å synleggjere alvoret.
- Det har vore innblanding frå alle kantar heile vegen når styremedlemmene har prøvd å gjere ein jobb.

Tek ikkje kritikken
I dag er mellom anna fødeavdlelinga i Nordfjord og den forsterka fødestova i Indre Sogn freda av helsedepartementet, i tillegg får ikkje Helse Førde lov til å selge sjukehusbygningen i Florø.

Eide Kirketeig meiner Helse Førde må få kutte som dei vil ved lokalsjukehusa.
- Vi sit igjen med eit sentralsjukehus som nesten ikkje er eit sentralsjukehus, seier ho.

Men stortingsrepresentant Erling Sande frå Senterpartiet støttar bindingane til Helse Førde, og seier dei er resultat av vedtak som gjeld for heile landet.
- Det skal vere ein nærleik til akutt - og fødetilbod, og det trur eg alle er samde i. Det er avgjerande for geografien i fylket, seier Sande.

• Les saka (og diskusjonen) på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta