søndag 30. desember 2007

Lokalavisredaktørane diskuterte Helse Førde på lokalradioen

I ettermiddagssendinga frå NRK Sogn og Fjordane 27.12. hadde Elgrim Fossheim invitert redaktørane frå lokalavisene i fylket til å oppsummere dei viktigaste hendingane året som har gått. Helse Førde var sjølvsagt blant emna som var teke opp.

• Høyr (heile) ettermiddagssendinga frå NRK Sogn og Fjordane den 27.12. (kl. 16.03–17.30) ved å klikke på overskrifta her.

Innimellom lokale nyhende, vermelding, vegmeldingar o.l. kan du då mellom anna høyra Jan Inge Fardal (Sogn Avis), Bengt Flaten (Fjordingen), Erling Wåge (Fjordenes Tidende) og Rolf Sanne-Gundersen (NRK SFj) fundere over om sjukehusaksjonistane har gått i dvale og kvifor ikkje styret i Helse Førde trekker seg …!

Lærdal Musikklag spreidde glede på sjukehuset

Veka før jul tok Lærdal Musikklag turen til sjukehuset (og sjukeheimen) for å gle pasientar og bebuarar med levande julemusikk, fortel Porten. Besøket var sett pris på:

"For mange av pasientane var denne konserten eit lyspunkt i kvardagen. Enkelte felte ei tåre då musikklaget stemte i med Vi tenner våre lykter, og skapte med det ein magisk augeblink for dei innlagte på Lærdal Sjukehus denne mørke og kalde vinterkvelden. – Det er så kjekt at musikkorpset kan skape julestemning for dei som er innlagde på sjukehus og, seier Gerd Skalle, og ynskte dei frammøtte ei riktig god jul.

Mange ildsjeler
– Det er mange ildsjeler her i kveld, og då tenkjer eg i dobbel forstand, tilføyer, Liv Ohnstad frå Aurland, som har vore innlagt på ortopedien ei lita stund. –Både musikklaget og pleiarane her gjer ein fantastisk jobb. Alle er venlege og ”spring” for oss. Me får i tillegg masse god mat, så det spørs om me ikkje legg på oss i jula, stemmer Ohnstad i. Ho kan ikkje få fullrost nok det fantastiske tilbodet som ein har på ortopediavdelinga ved sjukehuset. Særskilt set ho pris på oppfylginga som dr. Jellestad og pleiarane har gjeve ho under opphaldet. I tillegg har ho vore så heldig å møte sin faste fysioterapeut Monique Huetink , som for anledninga spelar med musikklaget. Inga Gullaksen er ein av pleiarane som tek seg av pasientane på ortopediavdelinga. Ho tykkjer det er kjekt at musikklaget er med på å skape julestemning hjå dei som er innlagt i jula."

• Les heile saka, og sjå bilete, på Porten ved å klikke på overskrifta her!

Roger Allan Ivin underheldt på sjukehuset: Sogndøler vil ha eit godt og lett tilgjengeleg lokalsjukehus

På bursdagen sin, kort før jul, underheldt Roger Allan Ivin på Lærdal sjukehus, fortel Porten:

"-Eg har bursdag i dag, innleia Ivin i kantina på Lærdal sjukehus. Det er vanleg å FÅ noko når ein har bursdag, men eg har tenkt å GJE noko i form av denne minikonserten, sa han. Kan den vera til litt inspirasjon for pasientane og dei tilsette i denne førjulstida, har eg oppnådd noko positivt på dagen min.

Roger Allan Ivin hadde sjølv spurt om å få koma til sjukehuset og bidra med konserten. -Media har hatt ein tendens til så tvil om sogndøler sitt engasjement for lokalsjukehuset. Slik eg oppfattar det, er også me i Sogndal opptekne av å ha eit godt og lett tilgjengeleg lokalsjukehus på hi sida av fjorden, sa Ivin"

• Les heile saka og sjå bileta på Porten ved å klikke på overskrifta her!

fredag 21. desember 2007

God jul!

Forsvar Lærdal sjukehus tek no juleferie.
Me ynskjer lesarane ei god og fredeleg jul, og så møtast me att i det nye året.


----

Kjedar du deg i romjula? På bloggen til Folkerørsla for lokalsjukehusa har eg lagt ut litt lesestoff:

- Økonomiprofessor Bjarne Jensen: Økonomistyringsmodellen er feil for sjukehusa
- Victor Normans kronikk om skatt og velferdssamfunn (Dagens Næringsliv 8.12.), og
- lenker til interessante debattinnlegg om New Public Management (frå Bergens Tidende på nett).

• Klikk på overskrifta her for å komma til den nasjonale bloggen med desse innlegga

onsdag 19. desember 2007

Helse Førde-budsjettet utsett

Budsjettet for 2008 vart berre behandla som ei orienteringssak på styremøtet i Helse Førde i dag. Styret ber administrasjonen om å arbeide vidare med å finne dei manglande 40 millionar kronene som må til for å saldere budsjettet. Konkretiseringa av nye budsjettiltak skal gjerast på styremøtet 18. januar.

Investeringsbudsjettet til Helse Førde vil ikkje bli behandla før på styremøtet i februar. Då veit ein mellom anna meir om ministeren si avgjerd i forhold til nærsjukehuset i Florø.

Når det gjeld driftsbudsjettet, peikar adm. dir. Jon Bolstad på tre aktuelle salderingstiltak:
* Generell effektivisering – sjå endå hardare på korleis ein organiserer verksemda.
* Strukturendring - sjå på tidlegare prosessar - lista frå2006.
* Sjå om ein skal ta bort sentralsjukehusfunksjonar - signala så langt er at ingenting skal bort.

Styreleiar Clara Øberg understrekar at Flora framleis vil liggje inne i budsjettert med heilårseffekt med nedlegging av sengeposten.

I budsjettutkastet er det lagt opp til ein monaleg aktivitetsauke på fleire område. Nestleiar Kjell Opseth bad på styremøtet om at det blir gått ei runde til for å sjå om det er mogeleg å auke produksjonen ytterlegare. Styremedlemmene for dei tilsette, Kjell Nygård og Randi E. Fagereng, var bekymra for korleis ein skal klare å auke produksjonen, når ein samstundes skjer ned på bemanninga, men Opseth heldt fast ved at ein bør ha eit vedvarande press på utstyr og tid. - Ein gjennomgang av kva som er mogeleg å produsere er nesten rein netto, sa Opseth.

• Les heile saka i Fjordabladet på nett ved å klikke på overskrifta her

Desentralisert ambulanseberedskap i samarbeid med kommunane?

Arbeidsmiljølovas krav fører til nye millionutgifter, når Helse Førde må bemanne opp ambulansestasjonane sine. Men pengane går til passiv venting. Nokre stader i fylket har personellet ikkje meir enn ei utrykking på ei heil veke. Dette kom fram då klinikkdirektør Terje Olav Øen onsdag føremiddag orienterte styret om ein venta kostnadsauke på kanskje over 13 mill. kroner, og som i stor mon vil handle om å dekkje opp passiv beredskap. Einskilde stader, som i Selje, er utrykkingsaktiviteten nede i 390 timar per tilsett, noko som svarar til ein time per dag heile året.

Fagdirektør Hans Johan Breidablik sa under møtet at han er sterkt i tvil om om den oppbygginga av ambulansetenesta det handlar om, er ei fagleg styrking. -Her blir det fleire som sit uverksame i akuttberedskap, sa Breidablik.

Styremedlemene Knut Cotta Schönberg og Kjell Opseth, meinte begge ein måtte finne måtar som gjer at ein kan utnytte personellet betre.

Både tilsetterepresentant Rune Larsen og Helse Førdes adm.dir. Jon Bolstad var opptekne av at ein framleis må behalde primæreiningane i ambulansetenesta langt ute i distrikta. -Dette har også med folks oppleving av tryggleik å gjere, sa Bolstad.

Klinikkdirektør Øen orienterte styret om dialogmøte som har vore haldne med Aurland og Selje, og sa han er positivt overraska over viljen desse kommunane viser til å diskutere alternative løysingar.

• Klikk på overskrifta her og les heile saka i Firda på nett

Samarbeid om ambulansetenestene

Eit samarbeid mellom ambulansetenesta og kommunane kan vere med på å styrke beredskapen samstundes som ein får betre utnytting av ressursane. - Dette kan bli ei god løysing både i forhold til økonomi og dei tilsette, meiner styremedlem i Helse Førde Siv Langøen Rotevatn. Ho trur ambulansepersonell vil oppleve eit slikt samarbeid som meiningsfylt samanlikna med å sitje uverksame og vente på oppdrag.

Helse Førde har no sett i gang ein dialog med ein del kommunar der ein drøftar samarbeid om ambulansepersonell og kommunalt tilsette innan helsesektor og brannvesen. Klinikkdirektør Terje Olav Øen meiner ei ambulansesamrøre med kommunane kan bli ein styrke både for kommunane og Helse Førde. Det vil mellom anna føre med seg at ein får meir helsepersonell som er akuttmedisinsk oppdaterte.

• Les meir om dette i Fjordabladet på nett ved å klikke på overskrifta

torsdag 13. desember 2007

Styremøte i Helse Førde 19. desember

Neste styremøte i Helse Førde er på sentralsjukehuset onsdag 19. desember kl. 09. Møtet er åpent for publikum og presse.

Administrasjonen skal legge fram forslag til budsjett for 2008. Helse Førde har fått lov av Helse Vest å gå med 40 millioner kroner i underskudd i 2008, men til tross for det har foretaket fortsatt et innsparingskrav (40-60 millioner?) i forhold til årets resultat. Styreleder Clara Øberg har, som tidligere omtalt, varslet "smertefulle" tiltak i dette budsjettet.

• Klikk på overskriften her for å komme til nettsiden der Helse Førde legger ut sakspapirene når de er klare (før helgen).

Stortingsdebatten om sykehusøkonomi (10.12.)

• Klikk på overskriften her for å lese referat fra debatten i Stortinget da helse-og omsorgsbudsjettet for 2008 ble vedtatt.

Folkebevegelsens kommentarer til statsbudsjettet: Fullversjon fra 14. november

For de som vil lese hele dokumentet med Folkebevegelsen for lokalsykehusenes kommentarer til forslag til statsbudsjettet, slik det ble sendt helse- og omsorgskomiteen på Stortinget 14. november, så er fullversjonen nå lagt ut på Harstadaksjonens sider.

• Klikk på overskriften her for å finne dokumentet i pdf-format (6 sider).

tirsdag 11. desember 2007

Hjarteleg takk for støtta!

Hjarteleg takk til alle privatpersonar, verksemder og ulike lag som har bidrege med økonomisk støtte slik at Forsvar Lærdal sjukehus kan halda fram arbeidet sitt. Takk også til kommunane Årdal, Lærdal og Aurland som har løyvd tilskot.

Sjukehusaksjonen var som kjent i ein vanskeleg økonomisk situasjon tidlegare i haust. Krisa er no over. Med bidraga som er kome inn på konto kan aksjonen løysa inn private utlegg som har hopa seg opp over tid og planleggja ny aktivitet framover. Me tek sikte på å leggja ut ei oversikt over gjevarane her på bloggen på nyåret, når rekneskapen er klar. Privatpersonar vert då berre ført opp med initialar og kommune.

Den økonomiske støtta set oss i stand til å driva vidare, men støtta er også viktig fordi den gjev inspirasjon og legitimitet til aksjonen. Sjukehusaksjonen sitt arbeid kan berre forsvarast så lenge me er talerøyr for befolkninga. Tilbakemeldingane me har fått frå sogningar i ulike kommunar og frå ulikt politisk hald tyder på at me fortsatt har denne funksjonen.

Det har også vore kjekt at ulike lag som har ynskt å få vita meir om sjukehusaksjonen sitt arbeid har bedt oss koma på medlemsmøte og orientera. Støtteerklæringar har kome på ymse vis, både gjennom media og direkte. Me takkar også for gode ord og tillitserklæringar!

I desse dagar arbeider Helse Førde med budsjettet for 2008 som skal leggjast fram på styremøtet i Førde 19. desember. På Stortinget har helse- og omsorgskomiteen avgitt sine kommentarar til statsbudsjettet for neste år, og der er det framlegg om å kutta noko i overføringane til helseføretaka. Både som lokal aksjon og med ei sentral rolle i det nasjonale nettverket av sjukehusaksjonar vil Forsvar Lærdal sjukehus følgja tett med i det som skjer framover. Sjukehusa er tekne vekk frå folkevald styring, og då er det enno viktigare at nokon følgjer med og seier frå når det går gale.

Aksjonen har fått så mykje merksemd at me avslutningsvis vil minna om at det viktige her sjølvsagt ikkje er aksjonen, men framtida for sjukehuset vårt. Målet er å bevare Lærdal sjukehus som eit reelt lokalsjukehus som kan tene innbyggjarane i Sogn. Sjukehuset vårt må kunna gje oss tryggleik. Både sjuke, skadde og fødande må vita at dei er sikra hjelp i rimeleg nærleik, også når det hastar. Ytterlegare kutt i tenester kan ikkje aksepterast, og me kjempar framleis for gjenoppretting av funksjonar.

Som mange vil hugsa, vart Lærdal sjukehus i september rangert som eitt av dei aller beste sjukehusa i landet, sett frå pasientane sin synsstad. Slike resultat kjem ikkje av seg sjølv. Personalet ved Lærdal sjukehus er godt kvalifiserte for oppgåvene og gjer ein fantastisk jobb, under sterkt press om sparing og omstilling. Dei har ein tøff kvardag og fortener ein kollektiv gullmedalje for at dei likevel klarar å gje pasientane så god behandling, omsorg, stell og service. Mest av alle er det dei som skal takkast.

Forsvar Lærdal sjukehus
v/Bente Øien Hauge

Stortinget har vedtatt bevilgninger til sykehusene

Mandag 10. desember vedtok Stortinget bevilgningene til sykehusene. Jeg har lagt inn sitater fra debatten og henvisninger til referat og kommentarer på fellesbloggen for sykehusaksjonene.

• Klikk på overskriften her for å komme til fellesbloggen "Kampen for lokalsykehusene" og lese om budsjettet.

søndag 9. desember 2007

Brustad set foten ned for Florø-nedlegging

Helseminister Sylvia Brustad vil ha ei utgreiing av dei planlagde kutta på nærsjukehuset i Florø, noko som fører til mellombels stopp i avviklinga av sengeposten. Dette kan råke rusposten på Nordfjordeid, skriv Firda i dag.

Etter planen ville ei avvikling av sengepostane i Florø gi Helse Førde ein sparegevinst på sju millionar. Men etter at brevet frå Helse- og omsorgsdepartementet nyleg kom på bordet til Helse Vest, endrar planane seg drastisk.

For medan helseføretaket no må vente på ei avklaring frå ministeren om dei får lov å kutte i Florø, må dei i mellomtida finne andre måtar å demme opp for sju av dei 80 millionane som dei manglar i kassa.

Jon Bolstad, adm.dir. i Helse Førde, seier til Firda at han ikkje er overraska over utspelet, for ministeren har tidlegare gitt signal om at ho vil følgje saka om nærsjukehuset. Konsekvensen blir no at Helse Førde må endre budsjettplanane sine, noko som kjem til å ta lenger tid enn først planlagt.

-Sidan planane om å kutte i Florø ligg inne i neste års budsjett, er vi nøydd til å finna andre løysningar for korleis vi skal spare dei sju millionane det er snakk om, seier Bolstad.

• Klikk på overskrifta og les heile saka på Firda på nett

fredag 7. desember 2007

Når lokalsykehuset er fratatt funksjoner, og ambulanseberedskapen ikke styrkes …

For noen dager siden fikk jeg en epost fra en bestefar i Årdal, som fortalte om en vond opplevelse. Barnebarnet på 14 måneder var blitt sykt med 40,8 i feber og skulle legges inn på sykehus.
Oppgavene er sånn fordelt innen Helse Førde at barn fra Sogn må sendes til Førde sentralsjukehus. Legene på Lærdal sjukehus har ikke lov til å ta imot de små pasientene (selv om her er barnelege). Primærlegen i Årdal kunne/ville ikke rekvirere ambulanse fordi man da ville stå uten ambulanse (dvs måtte vente en time på ambulanse) i Årdal hvis det skulle skje noe akutt. Så den eneste løsningen var å selv kjøre barnet de tre timene til Førde, i mørke, på vinterføre, med egen bil.
Bestefaren kjørte mor og barn til sykehuset, mens far ble hjemme med søsken. Men situasjonen opplevdes ikke som forsvarlig: Hva hvis det skulle oppstå feberkramper eller tilstanden til barnet forverres underveis, uten medisinsk hjelp? Sjåføren ble naturlig nok stressa - hvem ville ikke fått høy puls i en sånn situasjon? Er en privatperson, en pårørende, virkelig en trygg sjåfør i en slik situasjon? Tre timer er lenge!

Det gikk heldigvis bra både med kjøreturen og med barnet. Men hvem ville hatt - eller tatt - ansvaret hvis det hadde gått galt? Så vidt jeg kan skjønne: Ingen! Styret og ledelsen i Helse Førde har ansvar for den strukturelle organiseringen av tjenestene, men vil ikke få noe ansvar for konsekvenser for enkeltpersoner. Legen i Årdal handlet sikkert i tråd med retningslinjer for risikovurdering. Foreldrene og bestefaren hadde ikke noe valg.

Når oppgaver sentraliseres til Førde sentralsjukehus, må ambulanseberedskapen styrkes! Dette er ikke den første hendvendelsen jeg har fått der transporten til Førde er et tema.

onsdag 5. desember 2007

Florø skal få tilført ny kirurgi

Firda siterer i dag klinikkdirektør Anne Ma Øvsthus som seier at samstundes som sengeposten blir avvikla, skal Nærsjukehuset i Florø tilførast ny dagkirurgi.

• Les heile saka i Firda på nett ved å klikke på overskrifta her

tirsdag 4. desember 2007

Stortingsrepresentantane frå SFj krev svar frå Brustad

Fylkets fem stortingsrepresentantar krev no at helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad må stå fram og vise kven som kan opprette og eventuelt legge ned sjukehus her i landet.

I dag sende dei fem stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane brev til helsestatsråd Sylvia Brustad. Og ordlyden er klar: Legg ein ned sengeposten ved Nærsjukehuset i Florø, legg ein i realiteten ned sjukehuset. Og sjukehus-prosjekt oppretta av ein tidlegare statsråd, kan ikkje leggjast ned av eit regionalt helseføretak.

– Dette er vi heilt samde om og difor må no Brustad på bana så raskt som råd, seier initiativtakar til brevet, Reidar Sandal (Ap).

• Klikk på overskrifta her og les heile saka i Firdaposten på nett.