søndag 29. juni 2008

Sjukehusaksjonen tek ferie i juli


Med mindre det skjer noko heilt ekstraordinært, tek Forsvar Lærdal sjukehus ferie i heile juli månad, og bloggen vert då ikkje oppdatert.

Me ynskjer alle lesarar og støttespelarar ein god sommar!

fredag 27. juni 2008

Førde Arbeidarparti: Fryktar for sjukehustilbod


Ap-leiar trur vi kan ende opp med tre lokalsjukehus på grunn av sjukehuskrangel.

- Det er viktig for oss å ha god rekruttering til alle sjukehusa. Eg meiner vi treng gode lokalsjukehus samstundes som vi har eit sterkt sentralsjukehus, seier Jorunn Eide Kirketeig, gruppeleiar i Førde Arbeiderparti.

Uroa
- Det som uroar er at om vi ikkje byggjer godt nok opp kring Sentralsjukehuset vårt, blir det anten eller. Vi kan til slutt stå att med tre lokalsjukehus, seier ho.

- Å fordele operasjonane bidreg til at Sentralsjukehuset får styrka seg, legg ho til.

• Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider ved å klikke her eller på overskrifta

Legane i Nordfjord er lojale mot eigne pasientar og ikkje styrevedtak i Helse Førde


FJORDENES TIDENDE: Nordfjordrådet firer ikkje ein tomme. Dei krev at eigne innbyggjarar får behandling av fagfolk på Eid og ikkje vikarar i Førde. Kommunelege i Eid, Einar Sandven, seier at legane i Nordfjord er lojale mot eigne pasientar og ikkje styrevedtak i Helse Førde.

• Les heile saka i Fjordenes Tidende ved å klikke her eller på overskrifta

Styreleiar i Helse Førde: Merkeleg


NRK: AP går krasst ut mot vedtaket som vart gjort i ortopedisaka av Helse Førde-styret – som har ein styreleiar frå AP.

Styreleiar – og Arbeidarpartipolitikar – Clara Øberg ved Helse Førde synest det er merkeleg at partiet ikkje har teke kontakt med styret eller administrasjonen for å få informasjon om saka.

– Eg tykkjer det er rart at ein verken har snakka med administrasjonen eller styret før dei kjem med ein slik påstand, fortel ein skuffa styreleiar.

Ho tykkjer ikkje det er problematisk å vere heilt usamd med eige parti.

• Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider ved å klikke her eller på overskrifta.

Sogn og Fjordane Arbeidarparti: Lokalsjukehus og ortopeditenester


Sogn og Fjordane Arbeidarparti har merka seg debatten om korleis ortopeditenestene skal vere i fylket. Spesielt har vi merka oss at Helse Førde no ønskjer å flytte deler av pasientgruppa innanfor operasjonar av ortopedi frå lokalsjukehusa til Førde Sentralsjukehus.

Ei flytting av pasientane vil på sikt svekke grunnlaget for gode ortopeditenester ved lokalsjukehusa. Eit svekka pasientgrunnlag vil og kunne bidra til legeflukt og dermed gjere det vanskelig for lokalsjukehusa å ha fagleg gode tenester til dei vanlegaste pasientgruppene og pasientar med samansette problem.

Sogn og Fjordane Arbeidarparti er sterkt uroa over denne utviklinga. Vi viser til vårt helserådslag "Eit godt og likeverdig helse- og sjukehustilbod til alle", vedteke på representantskapsmøte 5 april d.å., der vi meiner at lokalsjukehusa må gje tenester i akuttberedskap innan kirurgi og ortopedi.

Det vil vere beklageleg om ein no øydelegg eit godt velfungerande og solid fagmiljø ved Nordfjord sjukehus.

Sogn og Fjordane har fleire geografiske utfordringar som ein må ta omsyn til, som t.d. lange avstandar, fjordar og fjell og varierande vêrforhald. Dette tilseier at sjukehusstrukturen og tenestene må vere desentralisert.

• Henta frå Sogn og Fjordane Arbeidarparti sine nettsider. Les saka ved å klikke her eller på overskrifta

torsdag 26. juni 2008

Kommunelege i Nordfjord: Godtek ikkje årelating


FJORDABLADET: - Det er dette vi kallar kaldkveling eller årelating i forhold til å undergrave verksemda ved Nordfjord sjukehus. Det seier kommunelege Einar Sandven om det omstridde ortopedivedtaket til Helse Førde.

- Vi skrik ulv, ulv denne gongen fordi ein no rører ved noko fundamentalt viktig for Nordfjord sjukehus, seier kommunelege Einar Sandven. Einar Sandven var til stades under ekstramøtet i Nordfjordrådet i dag, der han la fram legane sitt syn på det som no er i ferd med å skje med Nordfjord sjukehus.

I Nordfjord skal ein til med felles legevakt og legane nektar å godta at pasientar skal sendast vidare til Førde, når ein har ein velkvalifisert ortopedisk kirurg 20 meter unna.

- Ein sender ikkje vidare pasientar når ein har overleger ved Nordfjord sjukehus som har vore overlegar ved traumekirurgisk avdeling på Haukeland for at dei skal bli operert av ein assistentlege i Førde, som kanskje er blautdelskirurg.

- Det er rett og slett uetisk. Det er heilt uakseptabelt for oss som kommunelegar å sende frå oss pasientar som kan få førsteklasses behandling ved Nordfjord sjukehus, seier Sandven, som nektar å gå på akkord med pasientane sitt ve og vel.
- Nordfjord sjukehus har ei lang historie med å lukkast på ortopedifeltet, og god rekruttering har lukkast nettopp på grunn av det. Kvaliteten og opplegget kring utdanning er førsteklasses ved Nordfjord sjukehus sjølv om dei har færre ortopediske akuttpasientar enn Førde.

Sandven ser ingen fordelar som følgje av vedtaket, men mange ulemper; auka transport, pasientflukt og negative ringverknader for resten av sjukehuset.

• Les saka i Fjordabladet på nett ved å klikke her eller på overskrifta

Nordfjordrådet ut mot ortopedivedtaket


FJORDABLADET: Nordfjordrådet reagerer sterkt på vedtaket i Helse Førde om at ortopediske akuttpasientar som treng narkose skal sendast til Førde. Rådet har bede folk frå departementet om å ta turen til Nordfjord.

Medlemmene i Nordfjordrådet reagerer sterkt på ortopedivedtaket til Helse Førde. Nordfjordrådet var i dag samla for drøfte ortopedivedtaket, og dei vil raskt gje tilbakemelding til Helse Førde om at dette er noko som dei ikkje vil godta.
Eid-ordførar og leiar i Nordfjordrådet, Sonja Edvardsen(Ap) opplyste at den nye statssekretæren Dagfinn Sundsbø kjem til Nordfjord for å setje seg inn i situasjonen den 24. juli. Det vil i etterkant bli bede om eit møte med leiinga i Helse Førde.

- Det er alvorleg når det blir tukla med ortopedien. Eg er redd for at den misstilliten som er, kan gå ut over tilboda ved sentralsjukehuset. Vi må ha ein dialog vidare bygd på faglege argument, meinte Hornindal-ordførar Bjørn Lødemel (H).

- Agendaen til Helse Førde er å ha eitt sjukehus. Dei må slutte å bygge opp i Førde. Det vi treng er akuttberedskap og fullverdig fødeavdeling. Vi må få ein fullverdig plan. I ei vanleg bedrift omorganiserer ein ikkje i villelse. Vi må krevje at dei ikkje rører sjukehuset før ein får ein heilskapleg plan, sa Vågsøy-ordførar Roger B. Silden (Ap).

- Vi må ha næringslivet på banen. Dette er verken fagleg eller økonomisk ei god løysing. Dei prøver å reparere noko som ikkje fungerer på kostnad av noko som fungerer. Det er eit ledd i ei utarming av sjukehuset, frykta
Selje-ordførar Gunn Helgesen (KrF).

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

onsdag 25. juni 2008

Tilsetterepresentant i HF-styret: Fryktar konsekvensane av vedtaket

FJORDABLADET: "Tilsetterepresentant i Helse Førde-styret, Randi Fagereng, fryktar for konsekvensane av vedtaket om Øyeblikkeleg hjelp (ØH) til ortopediske pasientar som treng narkose.

- Sentraliseringa av ØH er i strid med rådet frå ti fast tilsette overlegar ved Nordfjord sjukehus og den opphavlege ortopediplanen, som berre såg på konsekvensar for kirurgisk klinikk og ikkje heilskapen. Ein kan også stille spørsmål om vedtaket held i forhold til «Soria Moria»- erklæringa, meiner Fagereng.
Ved Nordfjord sjukehus skal ein framleis ha døgnkontinuerleg anestesi/operasjonsvakt, og ein skal ha planlagde (elektive) operasjonar som skjer i narkose. Ortopedane skal også vere tilgjengelege i forhold til elektive pasientar.

- Beredskapen er her i og med at ein har fødeavdeling. Pasientane skal inn hit for vurdering, men blir dei vurderte til å måtte ha narkose, må dei vidaresendast, sjølv om det er spesialistar i vakt ved lokalsjukehusa. Økonomisk sett vil det også vere billigare å behandle dei her, seier Fagereng, som saman med styremedlem Kjell Nygård stemde imot sentralisering av ortopediske akuttpasientar som treng narkose.

- Pasienten bør vere i fokus. Med lengre turar inn til hjelpa, kan eg ikkje sjå at det er teneleg,
- Ein del av dei ortopediske pasientane som skal i narkose, er slike som burde ha vore opererte med ein gong av medisinske årsaker. Dersom vi skal ha pasientane i fokus, vil det beste vere å operere dei her ved sjukehuset, når vi likevel har legar på vakt, seier Fagereng. Ho er oppteken av samspelet med andre avdelingar ved Nordfjord sjukehus og fryktar at vedtaket vil få konsekvensar også for desse. Ho trur at dette kan bli ein manifestasjon av kva konsekvens klinikkorganiseringa betyr for eit lokalsjukehus.

Ti overlegar ved Nordfjord sjukehus har sagt at dersom ortopedisk akuttverksemd vert flytta frå Nordfjord sjukehus, vert ikkje turnuslegetenesta fullverdig, og utan turnuslegar som går primærvakt (dag og nattvakt som er felles for alle avdelingar på sjukehuset), skriv inn og heim pasientar og gjennomfører kontrollar på poliklinikken, kan inga avdeling ved Nordfjord sjukehus fungere og heile sjukehuset kollapsar som akuttsjukehus."


• Les meir i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta.

lørdag 21. juni 2008

Referat kommer!

Olav Wendelbo og Bente Øien Hauge representerte Forsvar Lærdal sjukehus på tilhørerbenken under styremøtet fredag. Referat fra diskusjonen om ortopedivedtaket vil bli lagt ut på bloggen så snart det er klart.
- Referenten beklager sterkt at dette tar lenger tid enn tidligere meldt!

FrP-politikar i Nordfjord: - Degradering til medisinsk senter

- Styrevedtaket om sentralisering betyr ei degradering av Nordfjord sjukehus til eit medisinsk senter. Det meiner Frp-politikar Lars-Svein Drabløs.

- Dersom ortopedisk avdeling berre skal drive med kikholskirurgi, treng dei vel ikkje anestesi. - Utan trong for narkose på ortopedien, blir det mest berre fødeavdelinga igjen som treng den funksjonen. Då vert det ikkje lenge før den også forsvinn, og avdelinga der blir omgjort til fødestove, fryktar Frp-politikar Lars Svein Drabløs.

Han oppfordrar Senterpartiet sine representantar til å ta ein prat med den nye helseministeren Bjarne Håkon Hanssen. - Dersom Sp skal ha noko som halst truverde som distriktspolitisk parti, så må dei føreta seg noko. Etter det eg forstår er vedtaket klarert med Helse Vest, og det er berre ministeren som kan gjere noko, seier Drabløs.

Han meiner at utskifting av Sylvia Brustad og innsetting av Bjarne Håkon Hanssen som helseminister skjer for å få på plass ein bulldosar som kan dryle igjennom sentraliseringa så den ikkje blir liggande som ei svepe for Ap i valkampen.

Drabløs har ikkje så mykje pent å seie om styremedlem Harry Mowatt, som han karakteriserer som ei kjeftesmelle og politisk lauskanon som har kome seg fram med kjeften og partiboka. I denne saka har han vore ein nyttig reiskap for dei som vil sentralisere.

• Les saka i Fjordabladet på nett ved å klikke her eller på overskrifta

Fryktar konsekvensane av ortopedivedtaket

SOGN AVIS SKRIV: Alle pasientar som treng narkose og operasjon etter brot skal opererast på sentralsjukehuset i Førde, avgjorde styret i Helse Førde i går. Dermed vert drygt 300 pasientar i året flytt frå Lærdal og Nordfjord til Førde.

– Fleire i styret kritiserte at det har vore for dårleg kommunikasjon om kva som vert konsekvensane av dette vedtaket, og det kan nok vera. Men eg trur det ikkje er heilt klart for nokon kva som faktisk vil verta konsekvensane, seier leiar i Forsvar Lærdal sjukehus, Bente Øien Hauge som var til stades under styremøtet.

– For meg er det framleis uklart om eldre med lårhalsbrot som kjem inn på Lærdal må sendast til Førde eller om vakthavande på sjukehuset kan gjera individuelle vurderingar. Konsekvensane for pasientane tykte eg vart lite diskutert. Eg tykte også at det var lite fokus på heilskapen for lokalsjukehusa og faren for ein "dominoeffekt", seier ho.

Bakgrunnen for vedtaket – som fekk to røyster mot frå tilsetterepresentantar som kom med nytt framlegg – er at legar under spesialistutdanning i Førde treng meir volumtrening. Øien Hauge fryktar at vedtaket på sikt kan stilla fødestova i ein svakare posisjon.

– Når operasjonsberedskapen ikkje lenger skal nyttast til anna enn keisarsnittberedskap vert det fødestova som må ta heile kostnaden for anestesien her. På sikt vil det truga heile fødetilbodet i Indre Sogn, for det er uaktuelt å oppretthalda ei fødestove utan tryggleiken ein har i legeberedskapen, seier ho.


• Les denne saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

• Les også om saka på NRK sine sider:
Akuttpasientar skal til Førde
Nordfjordaksjonistar varslag kamp
Nordfjord-ordførar: Eg er utruleg skuffa
Stortingsrepresentant truar med helseministeren

• Les om saka i Firda ved å klikke her

torsdag 19. juni 2008

Overlegane ved Nordfjord sjukehus: Å halda pasientane for narr

I eit brev til styret krev overlegane ved Nordfjord sjukehus at pasientar som treng akutte operasjonar etter til dømes beinbrot ikkje vert sende til Førde.

- Det må jo pasientane reagere på også. Dersom ein pasient kjem inn med til dømes eit brot i handleddet og treng meir omfattande narkose må pasienten ut av Nordfjord Sjukehus og vidare til Førde for å få det gjort. Det tykkjer eg på ein måte er å halde pasientane for narr, seier Overlege Rune Muri ved lokalsjukehuset på Nordfjordeid.

• Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider ved å klikke her eller på overskrifta

onsdag 18. juni 2008

Kommunelegar i Nordfjord protesterer mot Helse Førde: Nok er nok!

No er nok nok. Som kommunelegar i Nordfjord kan vi ikkje lenger sitja rolege og sjå på kva som kan koma til å skje med lokalsjukehusa i fylket vårt. Vi har lenge og ofte kjent oss urolege over utviklinga. Ulike vedtak i styret i Helse Førde dei siste åra har gjeve oss god grunn til det. (Fjerning av urologitilbod ved Nordfjord sjukehus, omorganisering av fødeavdeling til ei forsterka fødestove i Lærdal, samanslåingar av avd. i helgar og stenging av fødeavdelingar om sommaren og i høgtider med meir).

På siste styremøte i HF kom nyvald styremedlem Harry Mowatt med eit nytt framlegg. Om det hadde vorte gjennomført, ville sogningar og nordfjordingar ikkje lenger få heildøgnshjelp innan ortopedi frå sitt lokalsjukehus. Dette vil for folket i Sogn og Nordfjord innebera ei dramatisk endring i eit tenestetilbod som dei fram til no har kjent seg trygge på å få. Som kommunelegar i Nordfjord og talspersonar for desse innbyggjarane, kan vi berre seia at dette rett og slett er heilt uakseptabelt. Nasjonale føringar seier at lokalsjukehusa skal vera berebjelken i spesialisthelsetenesta. Det er lokalsjukehusa og dei tenestene dei kan utføra som skal sikra alle innbyggjarane i landet eit mest mogeleg likt helsetilbod.

At langt over halvparten av innbygjarane i Sogn og Fjordane no kan verta nøydde til å køyra forbi ”sjukehuset sitt” og endå 1 1/2-2 1/2 time til for å verta undersøkte i 14 av døgnet sine 24 timar på vekedagar og heile døgnet i helger og høgtider, kjem vi ikkje til å finna oss i. For nokre år sidan vart urologitilbodet fjerna frå Nordfjord sjukehus. Argumentet for å gjera dette var å spara pengar. Vi veit alle korleis det har gått. HF mista eit velfungerande tilbod, og i tillegg pådrog føretaket seg vesentleg større utgifter. La oss unngå at noko liknande no skjer med ortopedien. Det har korkje Førde Sentralsjukehus eller HF råd til.

Hadde årsaka til å leggja ned døgntilbodet innan ortopedi vore at det fagleg ikkje er forsvarleg,hadde det sjølvsagt stilt seg annleis. Det er imidlertid ei kjensgjerning at det i alle år har vore svært høg kvalitet på det arbeidet som har vore utført innan ortopedien ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Eid. Alle kommunelegane i fylket veit dette. At ein i periodar har streva meir med kvaliteten og produksjonen ved FSS, er like velkjent. Dette kan imidlertid ikkje forsvara at ein legg opp til å øydeleggja dei gode fagmiljøa ein har i Lærdal og på Eid. For kven trur at ein vil kunna rekruttera topp fagfolk slik ein har i dag til å gjera turnuskandidatarbeid?

Fjernar ein døgnberedskapen vil ein nok også missa turnuskandidatstillingane på ortopedisk avdeling på Eid og i Lærdal. Då må ortopedar bruka mykje tid på arbeid andre kunne ha gjort like godt,medan arbeid berre dei kan gjera, må venta. Dette er elendig ressursutnytting og dårleg økonomi. Vi vonar at dei konsekvensane som er nemnde ovanfor denne gongen kjem med i dei berekningane som Harry Mowatt har bedt om i sitt ”bestillingsverk”.

Verst råka av ei eventuell stenging av døgnberedskapen vert likevel sjøvsagt den pasient som treng ortopedisk vurdering/hjelp i den tida beredskapen er fjerna. Dei færraste av desse pasientane vil trengja operasjon som snøgghjelp, men alle treng vurdering og må difor tilvisast til ein stad dei kan få slik hjelp. Tenk deg ei 6 år gamal jente fra Selje. Klokka er 17, ein tirsdag. Ho ramlar av sykkelen og slår seg i handa. Kan det vera eit beinbrot? Klokka 1830 må ho køyra forbi ”låste dører” på Nordfjord Sjukehus. 2 timar seinare er ho framme på FSS. Så ventar undersøkingar og vurderingar før ho igjen får leggja i veg på sin 17 mil lange heimveg. Kanskje når ho heim att til kl 0100. Ville nokon frå Førde finne seg i å reise dei ca 17 mil det er til Bergen i same ærend?

Nordfjordingane er tolsame folk, men no er nok nok. Helse Førde vedtok for ca 1 år sidan ein ortopediplan som det har lukkast å oppnå semje om. Hald fast ved denne og sørg for at også sogningar og nordfjordingar i framtida kan sikrast godt kvalifisert hjelp frå lokalsjukehuset sitt innan ortopedi heile døgnet alle vekedagar. No må det skapast ro om ordningar som fungerar godt. Styret i Helse Førde har endå ei gong rota det til for seg og folket i Sogn og Fjordane når dei einstemmig etterkom Harry Mowatt sitt ynskje om å sjå kva som kunne sparast ved å stengja dørene ved Lærdal og Nordfjord Sjukehus for heilt naudsynleg helsehjelp i størstedelen av døgnet.

Kommunelegane i Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal og Stryn kommunar

Legane ved Nordfjord sjukehus mot dei føreslegne endringane

Ti overlegar ved Nordfjord sjukehus meiner at heile sjukehuset kollapsar som akuttsjukehus dersom styret i Helse Førde vedtek tilrådinga frå administrasjonen fredag.

I eit brev til føretaksstyret hevdar dei at ein ikkje lenger kan ha turnuslegar ved sjukehuset dersom den ortopediske akuttverksemda blir flytta frå Nordfjordeid.

– Utan turnuslegar kan inga avdeling ved Nordfjord sjukehus fungere, og heile sjukehuset kollapsar som akuttsjukehus, skriv overlegane Berg, Petterson, Larsson, Muri, Santander, Gustafsson, Sennaby, Kvist, Järnbert og Kløtz.

• Les saka i Fjordabladet på nett ved å klikke her eller på overskrifta

tirsdag 17. juni 2008

Alt vel for ortopedien?

Om du går inn på Helse Førdes nettsider, kan du laste ned den omtalte ortopedisaka til styremøtet førstkommende fredag. Den heter "Styresak 044-08 V Arbeidsdeling og beredskap innan fagområdet ortopedi i HF.doc" og du finner den på denne siden.

MINE KOMMENTARER ETTER FØRSTE GJENNOMGANG
Både Helse Førde og flere medier har presentert ortopedisaken som en slags "glad-sak", at alt nå er vel, at ingen ting blir forandret og at akuttberedskapen blir opprettholdt. Det er både sant og ikke sant.

Konsekvenser for øyeblikkelig hjelp-pasienter
Enda flere av pasientene skal sendes til Førde, døgnet rundt. Alle ortopediske øyeblikkelig hjelp-pasienter som trenger operasjon og narkose, skal sendes fra sine lokalsykehus til sentralsykehuset. I 2007 gjaldt dette 180 pasienter fra Nordfjord og 116 pasienter fra Sogn.

Den akuttberedskap som beholdes, er altså for de som har mindre skader, f.eks. i armer og bein - skader som kan ordnes med røntgenfotografering og gipsing. Mens f.eks. gamle mennesker med lårhalsbrudd nå ikke lenger kan få opereres på lokalsykehuset og dermed blir fratatt muligheten for kontakt med sine nærmeste under sykehusoppholdet.

Del av en større sentralisering
Det er en litt absurd situasjon at både leger og pasienter i stadig større må reise til sentralsjukehuset i Førde for å gjøre det de tidligere fikk utført på lokalsykehuset. Legene reiser fra Nordfjord og Sogn fordi sentralsjukehuset ellers er underbemannet og trenger kompetansen, og pasientene reiser fordi sentralsjukehuset trenger mer pasientvolum. Dette er sentralisering, det er ikke noe annet ord for det!

Hovedformålet med å sende disse ca 300 akutte operasjonstrengende menneskene til Førde, er å øke treningsvolumet for leger som er under utdanning til spesialister. Hvorfor kan ikke LIS-legene, som en må forutsette er friske, reise ut til lokalsykehusene for å få treningen?

I Lærdal driver en i dag med et relativt bredt spekter av ortopediske operasjoner: Traumekirurgi, kneprotesekirurgi, hofteprotesekirurgi med primære hofteproteser, artroskopisk kirurgi, aksekorrigerande knekirurgi, handkirurgi, fotkirurgi og skulderartroskopisk kirurgi. Det er klart at sykehuset vårt blir mindre robust og mer personavhengig dersom en skal snevre inn, som foreslått til bare knær ("utvikle seg vidare på hovudområdet/subspesialitet innan diagnostikk og behandling knytt til sjukdommar og skadar i kneledd").

Har Sentralsjukehuset i Førde forresten kapasitet til å ta i mot alle de pasientene som skal sluses dit? Kan en i praksis klare å overta stadig flere av de planlagte operasjonene og samtidig ha alle akutte ortopediske operasjoner?

Underlige regnestykker
Helse Førde skriver i saken at en hadde 116 øyeblikkelig hjelp-operasjoner i Lærdal i 2007. Når de et stykke lenger ute i saken har fordelt disse prosentvis, er det bare 93. Og når de skal regne hvor mange ekstra ambulanseturer de får utgifter på, se da er tallet helt nede i 50! Bare 50 turer fra Sogn til Førde, ingen ekstra returer! Og - simsalabim - blir merkostnaden ved å transportere disse 300 pasientene bare en halv million …

• Klikk her for å se Helse Førdes styresaker 20. juni

torsdag 12. juni 2008

Styremøte i Førde fredag 20. juni start kl. 09


(Oppdatert fredag)
Neste styremøte i Helse Førde er fredag 20. juni. Møtet vert i Førde og startar kl. 09.

Innkalling og styrepapir blir lagt ut på nett måndag. Møtet er ope for publikum og presse.

Her må ein vel rekna med at akuttberedskapen i ortopedi vert diskutert, etter at styremedlem Mowatt på forrige styremøte ba administrasjonen greia ut dei økonomiske konsekvensane av ei sentralisering til Førde.

• Følg med ved å klikke her eller på overskrifta.

onsdag 11. juni 2008

Lærdal kommune: Fråsegn om ortopediberedskap

Fråsegn frå Lærdal kommunestyre i møte 5. juni 2008, sendt til Helse- og omsorgsdepartementet, Helse Vest RHF og Helse Førde HF:

Styret i Helse Førde gjorde 29. mai vedtak om å greie ut nedlegging av ortopedisk døgnberedskap ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Eid som ledd i innsparing.

Vedtaket er klart i strid med nasjonale føringar. Statsråden er tydeleg på at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned og at det skal vere tilpassa akuttberedskap ved alle lokalsjukehus.

Det er berre eitt år sidan Helse Førde vedtok ein godt gjennomarbeidd ortopediplan, som skulle syte for å nytte kompetansen på tvers av sjukehusa, få betre prioritering, koordinering og samordning av ressursar, betre kvaliteten på utdanning av ulike yrkesgrupper m.m.

I ortopediplanen heiter det at Helse Førde skulle arbeide vidare med akuttmedisinske team ved sjukehusa. Sentralt i eit akuttmedisinsk team vil vere ein anestesilege i døgnkontinuerleg vaktberedskap. Så seint som i januar 2008 inviterte Helse Førde kommunane i Nordfjord og Sogn til vidare arbeid med slike team. Eventuell nedlegging av akuttberedskapen vil medføre at Helse Førde sin invitasjon til utvikling av akuttmedisinske team vert eit fromt ønskje, totalt utan konkret innhald.

Samstundes vil eventuell nedleggjing sjølvsagt få følgjer for beredskapen ved fødeavdelinga på Eid og den forsterka fødestova i Lærdal, truleg også for pasientgrupper ved medisinsk avdeling m.v.

I tillegg er det ei kjensgjerning at den beste kompetansen i ortopedi innan Helse Førde dei siste åra har vore knytt til sjukehusa på Eid og i Lærdal. Dette er og grunnlaget for dei mest sentrale delane av ortopediplanen, der legane i Lærdal og på Eid reiser til Førde for operasjonar. Ein byggjer ikkje ned velfungerande faglege gode ortopeditenester ved lokalsjukehusa for å styrkje tilbodet i Førde. Det vil til sjuande og sist vere til stor skade for det samla tilbodet i heile helseføretaket.

Ut frå dei følgjene Lærdal Kommune ser av ei nedleggjing av akuttberedskapen i ortopedi ved lokalsjukehusa, vil me på det sterkaste protestere mot ei slik utvikling, då dette kan medføre ei rasering av fleire andre tilbod ved lokalsjukehusa våre. Me vil derimot oppmode styret i Helse Førde om å halde fast ved den vedtekne ortopediplanen og halde fram arbeidet med å utvikle akuttmedisinske team ved knytt til sjukehusa i fylket.

Det er på tide at styret i helseforetaket gir dei tilsette ved lokalsjukehusa arbeidsro gjennom god tilrettelegging og motivering, slik at dei kan vidareutvikle det gode og viktige tenestetilbodet ved sjukehusa våre. Det er også viktig å få ro kring gode vedtak og strukturar, slik at befolkninga og pasientarne kan ha tillit til sjukehustilbodet i fylket.

• Klikk på overskrifta eller her og sjå fråsegna på Lærdal kommune sine heimesider

Fråsegn frå Utval for helse, sosial og omsorg i Årdal kommune

Utval for helse, sosial og omsorg i Årdal kommune har vedteke denne fråsegna, som er sendt både til helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad, Helse Vest RHF og Helse Førde HF:

Vi ser med uro på stadig nye utspel frå styret i Helse Førde som går på nedbygging av tenester ved lokalsjukehuset i vår region.

Det siste eksempelet i så måte er styrevedtaket i mai d.å. om å greie ut nedlegging av ortopedisk døgnberedskap. Dette vedtaket kjem mindre enn eit år etter at Helse Førde sette i verk ein ortopediplan for føretaket.

Det er no på høg tid at befolkningen i regionen, og dei tilsette ved sjukehuset, får ro.

Fokus må bli snudd til å dreie seg om gode tenester for befolkninga, skikkelege arbeidsvilkår for tilsette og eit godt samarbeid mellom kommunehelseteneste og spesialisthelseteneste.

Nærleik til eit sjukehus med akuttfunksjonar og eit skikkeleg fødetilbod, har stor innverknad på om folk ynskjer å busetja seg i regionen vår, og på om vi får behalde dei innbyggarane som pr idag bur her.

Styret i Helse Førde må halde seg til retningslinene skissert i Soria Moria erklæringa, som også ved fleire høve har vore påpeikt av Helse- og Omsorgsministeren.

tirsdag 10. juni 2008

Liv lagas fødekonferanse

www.babyverden.no har reportasje om konferansen som brukerorganisasjonen Liv Laga arrangerte 26. mai (se tidligere innlegg om denne på bloggen til Folkebevegelsen for lokalsykehusene, der kan du søke på "Liv laga" i søkefeltet oppe til venstre).

- Det var 25 engasjerte brukere som kom fra hele landet for å høre på innlederne og diskutere hva brukerne selv ønsker av helsetjenestene, forteller nestleder Siv-Lise Bendixen og styremedlem Live Kjølstad i Liv Laga til Babyverden.no.

- Det var flott å møte så mange engasjerte mennesker, og det er tydelig et behov for at brukerne organiserer seg. Det satte vi i Liv laga stor pris på å høre! Det er mye å ta tak i og vi håper at enda flere engasjerer seg!

- Konferansen satte blant annet fokus på psykisk helse og spesielt barselomsorgen, fortsetter Stærk. - Et gjennomgangstema fra gruppearbeidet var at brukerne ønsker kontinuitet. Både gjennom å forholde seg til færrest mulig mennesker gjennom graviditet, fødsel og barsel, men også kontinuitet i form av samsvar i informasjonen som gis.

- Også trygghet rundt fødested er meget viktig. Ikke alle er klar over hva slags valgmuligheter som finnes, enten fordi jordmor eller fastlege ikke alltid er oppdatert, eller ikke interessert i å informere om alle mulighetene som finnes, supplerer Kjølstad.

Kvinnens helsetilstand avgjørende
- Brukerne er tydelige i sitt krav: Det er kvinnens helsetilstand og ikke legens holdninger som skal avgjøre om kvinnen kan velge hjemmefødsel, sier Kjølstad.

- Brukerkonferansen ga også et ganske klart inntrykk av at de som bor i distriktene stort sett er fornøyde med omsorgen de får, men de bekymrer seg for lang reisevei til fødeavdelingen. Å frakte en kvinne i fødsel tre timer i bil er ikke akseptabelt.

• Les resten av reportasjen ved å klikke her eller på overskriften

• Les også på Liv lagas egne nettsider. Ingeborg Altern Vedal skriver:
Vi er veldig fornøyd med brukerkonferansen vi arrangerte. Vi fikk mange nyttige innspill vi brukte på konferansen dagen etter. Og vi kommer til å følge opp arbeidet både gjennom Nasjonalt råd for fødselsomsorg (der jeg er medlem) og ellers i vår kontakt med myndighetene. Takk til alle som deltok og som hjalp oss med å spre informasjon!

NRK melder: 28 mill. meir til Helse Førde i statsbudsjett 2009

- For oss i Helse Førde utgjer dette 28 millionar kroner og me er glade for alt vi får fordi vi veit me har store utfordringar. Men 28 millionar rettar ikkje opp utfordringane me har i 2009, så me må sjølvsagt gjere grep likevel, seier styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg.

250 mill. til Helse Vest
Utvalet som har sett på fordelinga mellom helseføretaka, Magnusenutvalet, meinte opprettinga av skeivfordeling skulle skje ved at ein reduserte løyvinga til Helse Sør-Øst, som får 780 millionar for mykje av dagens helsekake, og så dele dette på dei tre andre helseføretaka, der Helse Vest skal få 250 millionar.

Men no vel regjeringa å ikkje redusere løyvinga til sør øst, og dermed må dei andre få desto meir. Helse Vest over 500 millionar. Kor mykje regjeringa vil løye av friske pengar, er enno usikkert, seier fylkesleiar Aud Kari Steinsland som deltok på det store telefonmøtet med statsråd og partileiing i går kveld.

- Glade for det me får
- Det vart ikkje nemnt summar, men det vart uttrykt stor politisk vilje til at dette skulle ein gjere og greie ut gjennom ein skikkeleg prosess der regjering, stortingsgruppe og sikkert resten av partiet var involvert. Fram mot løyvingane i statsbudsjettet,

- Det regjeringa seier er at dei i alle fall skal rette opp dokumentert skeivfordeling. Då vil eg sjå litt nøyare på kva det inneber. Me hadde håpa på 40 millionar kroner, men vi er veldig glade for det me får her, seier Øberg.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider ved å klikke her eller på overskrifta

mandag 9. juni 2008

Arbeiderpartiet: Mer penger til sykehusene i statsbudsjettet 2009


Helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad vil rette opp skjevfordelingen mellom helseregionene her i landet. Det skal ikke tas penger fra noen, men skal skje gjennom økte bevilgninger. Regjeringen vil komme tilbake saken i forbindelse med statsbudsjettet for 2009.

Magnussen-utvalgets innstilling ble overlevert helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad 11. januar i år. Deretter sendte Helse- og omsorgsdepartementet NOU 2008:2 Fordeling av inntekter mellom regionale helseforetak på en bred høring. Høringsfristen var 11. april, og mange høringsinstanser har sendt inn svar til departementet. Regjeringen vil på bakgrunn av høringsuttalelsene gå gjennom Magnussenutvalget og på det grunnlaget ta stilling til omfanget av skjevfordeling mellom regionale helseforetak.

Regjeringen vil etter dette forslå å rette opp skjevfordeling som kan dokumenteres mellom de regionale helseforetakene. Opprettingen skal skje gjennom vekst i bevilgning. Regjeringen vil komme tilbake saken i forbindelse med statsbudsjettet for 2009.

• Les dette, og bakgrunnen (bl.a. historikken med Hagenutvalget osv.) på Arbeiderpartiets sider ved å klikke her eller på overskriften

fredag 6. juni 2008

Misvisende overskrift


"Fødestova under lupa", skriver NRK. Mens det som departementet har bedt om en utredning om, er tilbudet til de fødende i Indre Sogn. Det vil si hvordan det fungerer med fødestuen i Lærdal og fødeavdelingene i Voss og Førde.
Så det er faktisk ikke fødestova som er under gransking.

Oppsiktsvekkende på NRK Tekst-TV


For de som blir bekymret av å lese dagens oppslag på tekst-tv (NRK Sogn og Fjordane, s. 182, her): Slapp av! Det er ikke skjedd noe nytt eller dramatisk i saken.

Helse Vest har laget en redegjørelse som departementet har bedt om for lenge siden. Denne har vært oppe i gårsdagens styremøte i Helse Vest.

Det er ikke slik at departementet vurderer å legge ned fødestova! I notatet fra Helse Vest diskuteres fordeler og ulemper ved de fire alternativene full fødeavdeling, forsterket fødestue, vanlig fødestue og nedlegging av fødetilbudet. Det foreligger ingen tilråding om nedlegging.

NRK Sogn og Fjordane vurderer å legge ned fødestova i Lærdal

NRK Sogn og Fjordane har i dag skapt et inntrykk av at det er kritikkverdige forhold på fødestova i Lærdal og at departementet nå gransker disse. Dette er feil.

Sakens har sitt utspring i kritikken fra det tidligere Nasjonalt Råd for fødselsomsorg, en kritikk som ble fremført i mars 2006 - et halvt år etter at rådet sist hadde vært i kontakt med, eller fått noen informasjon om, fødestova. Denne kritikken ble tilbakevist av fagdirektør i Helse Førde og avdelingsjordmor i Lærdal.

Det som rådet kritiserte var ikke kvaliteten på fødselshjelpen som var gitt, men at hjelpen var gitt ved fødestova i Lærdal - ikke fødeavdelinga i Førde. Blant de negative eksemplene rådet brukte var at fødestova hadde tatt i mot en tvillingfødsel da alle veier mellom Sogn og Førde var stengt på grunn av ras og uvær. Rådet mente fødestova skulle sendt denne kvinnen med to ambulanser og ekstraferge - en tur som ville ta 5 timer! Les om dette her.

Når departementet ber om en rapport fra Helse Vest, er det grunn til å tro at det ikke bare er rapporten fra det avgåtte Nasjonalt Råd for fødselsomsorg som ligger til grunn. Også diskusjonen i Stortinget, i Helse- og omsorgskomiteen og fagmiljøer bidrar til at departementet har behov for mer informasjon om den faktiske situasjonen. Det kan vel også tenkes at gjentatte krav fra lokalpolitiske miljøer og aksjonister med oppfordring til å gjenopprette fødeavdelingen er medvirkende til departementets ønske om en redegjørelse.

Forsvar Lærdal sjukehus vil i en egen henvendelse til Helse- og omsorgsdepartementet kommentere notatet fra Helse Vest.

• Les NRK Sogn og Fjordanes oppslag på saken i dag ved å klikke her eller på overskriften.

Epost til NRK Sogn og Fjordane

Jeg har i dag sendt følgende epost til NRK Sogn og Fjordane:

Jeg er forbauset over den redaksjonelle vinklingen dere kjører på fødestova i Lærdal (titler, intro osv.). Det fremstår som dere bevisst prøver å skape et bilde av at det er dårlig kvalitet på tilbudet når dere refererer til de resirkulerte "bekymringsmeldinger" fra Nasjonalt Råd og får statssekretæren til å si en selvfølgelighet som at en ikke kan opprettholde et fødetilbud med dårlig kvalitet.

Ønsker dere virkelig å skape et bilde av dårlig kvalitet på fødestova? Eller har dere ikke god nok oversikt over denne saken?

Nasjonalt Råd for fødselsomsorgs kritikk av fødestova i Lærdal, som dere stadig henviser til, bygger på rådets kontakt med fødestova fram til oktober 2005 og ble tilbakevist av Helse Førde i 2006! Dette burde NRK, av alle, vite for dere intervjuet daværende fagdirektør om forholdet i mars 2006:
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.387797

Nasjonalt Råd har fått mye pepper for den kritikken de fremførte.
Rådet kritiserte blant annet fødestova ved Lærdal sjukehus for å ha tatt i mot en tvillingfødsel på et tidspunkt da alle ordinære veier fra Sogn til Førde var stengt: "Grunna uvêr fekk kvinna føde tvillingane sine i Lærdal. Nasjonalt råd for fødselsomsorg meiner ho kunne vore send med to ambulansar og ekstraferje til Førde - ein tur på bortimot fem timar."
http://www.bt.no/lokalt/hordaland/article271586.ece

Nasjonalt Råd har ikke kritisert Lærdal for dårlig kvalitet på den fødselshjelpen som er gitt her inne. Det de har kritisert er at hjelpen ble gitt i Lærdal, i steden for i Førde.

Rådet har kritisert ting som skjedde i den første perioden fra omlegging i 2004 frem til september 2005. Det er blant annet at ovennevnte tvillingfødsel ble tatt i mot, at noen fødende som trengte vakuum på slutten av fødselen for å få ut barnet ikke er blitt sendt videre til Førde osv. Rådet oppfattet dette som motstand mot/sabotering av fødestuemodellen. Dette fremgår tydelig av rådgivningsgruppas rapporter, som jeg tidligere har sendt over til dere.

Fødestova fikk en ny avdelingsjordmor høsten 2005, Sigrid Lysne. Hun leste kritikken, skjerpet inn praksisen med å gi denne type hjelp lokalt og sendte flere fødende til Førde. Etter at hun begynte i jobben ventet hun på bistand fra Nasjonalt Råd, men hørte aldri noe fra dem før jeg ringte til henne i mars 2006 og kunne fortelle at rådet hadde sendt brev til Helse Vest der de trakk seg ut av rådgivningsgruppa for fødestova. På det tidspunktet kjente heller ikke Helse Førde til brevet fra Nasjonalt Råd. Jeg hadde funnet det på postlisten til Helse Vest før Helse Førde eller fødestova hadde fått noen henvendelse om saken!

Avdelingsjordmoren ble dypt sjokkert og kjente seg dolket i ryggen av de som skulle bistå henne i arbeidet, noe hun også har gitt uttrykk for i avisintervjuer etter at hun sluttet i stillingen. Da brevet med kritikken kom hadde den nye avdelingsjordmoren vært i jobben et halvt år uten at Nasjonalt Råd hadde tatt seg bryet med å kontakte henne eller innhente oppdaterte opplysninger om driften ved fødestova. At et offentlig oppnevnt utvalg oppfører seg slik er ganske oppsiktsvekkende.

NRK fokuserer mye på en bitteliten gruppe (iflg Helse Vest-saken er det vel ca. 20 stk. av totalt ca. 300) som velger vekk Lærdal fordi de vet at de risikerer overflytting under fødsel f.eks. hvis de får behov for smertelindring som epidural. Hvis jeg ikke visste bedre, ville NRKs presentasjon få meg til å tro at disse kvinnene valgte vekk Lærdal fordi det var litt farlig å føde her. Det er det ikke!

Og det er faktisk en langt større gruppe som ville valgt Lærdal, som ikke får lov på grunn av seleksjonskriteriene (som følger Helse Vest-saken). Fødende får f.eks. ikke føde på fødestova hvis de er overvektige, unge (under 17 år), eldre (over 35 år), ikke har gått til regelmessige kontroller, har uttalte sosiale problemer eller av ulike medisinske grunner har risiko for komplikasjoner. Mange i denne gruppen fortviler over at de ikke får føde her!

NRK kunne bidra til folkeopplysning ved å fokusere på de reelle forskjellene på, og de ulike kriteriene for, fødeavdeling og fødestue, i steden for å etterlate vage inntrykk av dårlig kvalitet i Lærdal.

Til slutt:
Det er nok ingen dramatikk i at departementet ber om en utgreiing fra Helse Vest om fødetilbudet i Indre Sogn, slik man kan få inntrykk av i NRK Sogn og Fjordanes fremstilling av saken. Det pågår en kontinuerlig nasjonal diskusjon om fødestuer kontra fødeavdelinger. Departementet er dessuten stadig utsatt for henvendelser om å gjenopprette fødeavdelingene både i Mosjøen og Lærdal. Forsvar Lærdal sjukehus var så sent som i april i et møte i departementet om dette.

Helse Vest har gjennomgått fordeler og ulemper ved fire ulike scenarier for fødetilbudet i Indre Sogn. Det er bare NRK Sogn og Fjordane som foreslår å legge det ned.

onsdag 4. juni 2008

Hvem møter seg selv i døren?


Årdalssignaturen "Skriveline" har lagt ut dette innlegget på NRK SFj Torget i dag:

Hvem møter seg selv i døren?
Ikke kvinnene i Sogn og Fjordane, <
Ikke de som jobber på Lærdal Sjukehus, 
Ikke de i “Forsvar Lærdal Sjukehus”. 
Ikke jordmødrene som i forkant var imot “forsterka fødestove”. 

Da kan en spørre seg, hvem sitter vi gjen med da? Slik er trenden i dagens samfunn i flere sammenhenger: Spare, spare, spare. Til hva da? Redusere alle tilbud ved å stenge dørene tidlig, hindre folk til å bruke tjenesten. Bli “tvunget” til å forflytte/velge andre tilbud etc.etc. Tallene blir fort “røde”, og ingen problem med å finne ønsket % avvik. Noe av det som skjer kan kanskje svare til hensikten,men hva med TRYGGHET? Unge fremadstrebende “blåruss”/politikere har nok ikke tid til å tenke på det (enda). Gi oss tilbake tilbake tryggheten innen helse og omsorg før det er forsent!!


• Klikk her eller på overskrifta for å sjå innlegget på Torget

Ortopedisentralisering i Sogn Avis i dag


Sogn Avis legg diverre ikkje så mykje av stoffet ut på nett, men i dagens papirutgåve handlar både leiaren og to lesarinnlegg om Helse Førde, Harry Mowatt og ortopedisentralisering.

Svein Hansen frå Sjukehusaksjonen i Nordfjord oppmodar alle med interesse for helsetilbodet i Sogn og Fjordane om å stille opp no: "Det er no eller aldri. Vi kan ikkje tillate meir surr frå styret og adm. i Førde. No vil vi ha på plass ein gong for alle korleis helsetilbodet skal vere for dei som høyrer til og vil ha tenestene frå lokalsjukehusa."

Innlegget frå Martha Kjøllesdal, plasstillitsvalt ved Nordfjord sjukehus for Norsk Sykepleierforbund, har overskrifta "Husmenn i eige land". Ho har ei grundig gjennomgang av saka før ho rår styret til å arbeida for å betre rammevilkåra for Helse Førde - eller legge ned styreverva. Kjøllesdal peikar mellom anna på at:
- Nasjonale føringar seier at det skal vere eit likeverdig tilbod for alle innbyggjarar
- sentralisering av akuttberedskap vil få store negative ringverknader for lokalsjukehusa
- sentralsjukehuset i Førde ikkje har kapasitet til å ta unna pasientane frå Nordfjordeid og Lærdal
- arbeidssituasjonen med stadig omstilling og usikkerheit for framtida røyner dei tilsette.
Kjøllesdal peiker til slutt på at Brustad har pengar, og ho trekk fram dømet med finansieringen av sjukehotellet i Helse Øst, ein region som i utgangspunktet får "for mykje".

"Mowatt sine mange hattar" heiter dagens leiar i Sogn Avis. Avisa skriv:
Ein av dei eldste og mest framståande medlemmane i Sogn og Fjordane Arbeiderparti, i alle fall ein av dei med lengst fartstid i fylkespolitikken, Harry Mowatt, har dei siste dagane erta på eg partifellar og andre frå Nordfjord og Indre Sogn. Det er Mowatt sitt utspel om å utgreia ei sentralisering av akuttberedskapen innan ortopedien til sjukehuset i Førde, og leggja ned all akuttberedskap på sjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid, som har fått sjukehusaksjonistar og lokalpolitikarar til å sjå raudt.

Harry Mowatt overtok som mange vil hugsa, styreplassen i Helse Førde då hans gamle partifelle Kjell Opseth trekte seg i fjor haust. Hovudårsaka til at tillitsvalde frå Arbeiderpartiet i Sogn og Nordfjord rasar mot Mowatt no, er sjølvsagt fylkespartiet sitt vedtak i vår om at det skal vera akuttberedskap innan ortopedi ved lokalsjukehusa i fylket.

Det ville vore heilt uforståeleg om ikkje andre i dette partiet reagerte når ein av deira fremste tillitsvalde så kort tid etterpå går ut som styremedlem i Helse Førde med eit framlegg som er stikk i strid med det hans eige parti vedtok for kort tid sidan. Det får vera måte på hugsalause.

Mowatt avviser kritikken og presterte å seia til NRK Sogn og Fjordane i går at hans medlemskap i Arbeiderpartiet ikkje har noko med utnemninga som styremedlem i Helse Førde å gjera. Nei, sjølvsagt var det heilt tilfeldig at Ap-veteranen Kjell Opseth vart erstatta med Ap-veteranen Harry Mowatt. Sjølv om det heilt sikkert kunne vera grunnlag for å stille spørsmål ved kva interesser desse to Ap - veteranane eigentleg har representert og altså representerer i styret for Helse Førde, men ærleg tala, dette er patetisk av Harry Mowatt.

For same kva han seier og meiner om sine mange styrehattar - i denne saka vil og bør veljarane i Sogn og Fjordane merka seg at det er ein Ap-veteran som, mot eige fylkesparti sitt ynskje, syter for at lokalsjukehusa si framtid nok ei gong er sett på spel her i fylket. For det er sjølvsagt konsekvensen dersom Mowatt sitt ynskje om å sentralisera all akuttberedskap innan ortopedi til Førde skulle få gjennomslag.

Med eitt einaste slag vil han då rasera mesteparten, truleg all kompetanse som er bygd opp i Lærdal innanfor ortopedi. Og forsvinn akuttberedskapen på denne avdelinga vil det berre vera starten på slutten for sjukehuset. Det er det Harry Mowatt sine mange partifellar i Indre Sogn og Nordfjord forstår. Spørsmålet er om dei maktar å få Harry Mowatt til på forstå dette. Eller om dei berre må leva med at mannen held fram med hatteleiken sin.

Klikk her for å lesa leiaren på Sogn Avis sine nettsider.

Underlig NRK-sak: "Ei av tre vel vekk Lærdal"


NRK Sogn og Fjordane har en litt underlig vinkling på en sak om fødestova i Lærdal i dag. "Ei av tre som kunne valt fødestova i Lærdal gjer det ikkje", opplyser de og intervjuer informasjonssjef Bjørg Sandal i Helse Vest, som sier: "Desse tala er talande og dei er til ettertanke."

Andre punkter til ettertanke kan være: 
- Hvorfor så mange fødende, som ønsker å føde lokalt, ikke får lov til det?
- Hvorfor Helse Førde har satt opp så strenge seleksjonskriterier for en så godt bemannet fødeenhet?
- Hvorfor NRK synes det er så interessant med en liten gruppe som faller fra (30% av de 40% av fødende som innfrir de strenge seleksjonskriteriene) når de fleste er fratatt valget?
- Hvem som plutselig skal ha det til at fødestua er i fare på grunn av disse valgene, selv om den i realiteten har over dobbelt så mange fødsler som normen for fødestuer tilsier?
- Hvorfor Helse Vest og Helse Førde ignorerer klare signaler fra lokalbefolkningen og mødrene om at alle ønsker tilbake den gamle fødeavdelingen?

Sist, men ikke minst:
- Hvorfor er nyheten disse få kvinnenes valg? Hvorfor er ikke "saken" Helse Førdes strenge kriterier, som sender de fleste fødekvinnene i Sogn ut på veiene, helt unødig når en har god lokal bemanning og beredskap i Lærdal?

• Klikk her eller på overskriften for å lese saken på NRK Sogn og Fjordanes nettsider.


Helse Vest rapporterer om fødetilbudet i Indre Sogn

Helse Vest har styremøte i dag og på sakskartet står blant annet rapportering til departementet om fødetilbudet i Indre Sogn. Helse Vest har i sakspapirene (på slutten av saken) valgt å gjennomgå 4 alternativ for fødetilbudet:

ORGANISERING AV FØDETILBOD I INDRE SOGN - DRØFTING AV ALTERNATIV

Statens helsetilsyn gjorde i 1997 ei utredning (IK-2565 ”Faglige krav til fødeinstitusjoner”) der det blei gitt tilrådingar for organisering av fødselsomsorga i Noreg. I det følgjande vil vi drøfte dei alternative modellar for fødetilbodet i Indre Sogn basert på dei innspela Helse Vest RHF har motteke frå Helse Førde.

Alternativ I
Fødeavdeling ved Lærdal sjukehus


Fødeavdeling vert definert i Statens helsetilsyn sin utredningsserie 1-97 ”Faglige krav til fødeinstitusjoner” slik:
”En Fødeavdeling har kompetanse til å utføre vanlige typer operativ fødselshjelp og kan behandle fødende med et unntak av de som krever spesiell kompetanse eller en forventer at barnet umiddelbart etter fødsel vil trenge behandling ved nyfødtavdeling”
………………
”Fødeavdelinger skal etter dette ha minst 4-500 fødsler pr år”.
………………….
”En fødeavdeling som skal ta imot kompliserte fødsler bør ha et minimum av antall fødsler for å sikre kompetanse og trening”.
…………..
”ved en fødeavdeling må en ha ansatt …..fortrinnsvis minst 4 spesialister for å kunne dekke kontinuerlig vaktberedskap innenfor de krav arbeidsmiljø og tariffavtaler stiller” (St.h 1-9)

I 2002 og 2003 var det ved dåverande fødeavdeling ved Lærdal sjukehus 233 og 232 fødslar. Det vart motteke friske første- og fleirgangsgravide til fødsel etter 36. svangerskapsveke. Dei andre gravide med til dømes fleirlingesvangerskap eller medisinske tilleggssjukdommar, blei tilvist til fødsel ved Førde sentralsjukehus.

Det samla fødselstalet har både på landsbasis og i Sogn og Fjordane vore fallande dei seinare åra, og krava til seleksjon av fødslar til rette behandlingsnivå er innskjerpa.

Bemanninga ved ein fødeavdeling skal med utgangspunktet i krav til arbeidsmiljø og tariffavtaler være 4 legar i døgnkontinuerleg vaktberedskap, 8 jordmødrer og 6 barnepleiarar.

Dersom ein ikkje i utgangspunktet skal basere seg på dispensasjonar frå arbeidsmiljølov og tariffer - skal det være tilsett minimum 4 gynekologar ved ein fødeavdeling. Det er i frå før vanskeleg å rekruttere faste gynekologar til Sogn og Fjordane, så drifta må derfor sannsynligvis basere seg på vikarordningar.

Sjølv om ein legg til grunn eit fødselstal på rundt 200 pr. år (jf Tabell 1) må det leggast ein god del gynekologisk aktivitet til Lærdal sjukehus dersom ein skal nytte gynekologane fullt ut.

Det er tidlegare konkludert med at det er for få pasientar i fylket til å fordele gynekologiske operasjonar på tre sjukehus. Sjølv om ein del poliklinisk aktivitet skulle bli overført til Lærdal, vil det framleis vere for lite gynekologisk aktivitet til å nytte gynekologressursen på ein hensiktsmessig måte.

I tillegg til personell som er direkte knytt til fødeavdelinga kjem bemanning til beredskap ved anestesi/operasjonsavdeling og tilgjenge på laboratorium/blodbank.

Om ein føreset at det ikkje på førehand finst kirurgisk operasjonsberedskap ved Lærdal sjukehus, må det vera døgnberedskap med anestesilege, anestesisjukepleiar, operasjonssjukepleiar og bioingeniør fullt ut.

SPØRSMÅL FRA AKSJONEN; HVORFOR VIL HELSE VEST FORUTSETTE EN SITUASJON MED AT DET IKKE SKULLE VÆRE BEHOV FOR ANESTESILEGE, ANESTESISYKEPLEIER, OPERASJONSSYKEPLEIER OG BIOINGENIØR PÅ SYKEHUSET VÅRT???

I tilfelle det på førehand er beredskap for kirurgisk operasjonsverksemd, inngår ein del av anestesilege, operasjonssjukepleiar, anestesisjukepleiar og bioingeniør i drifta av fødeavdelinga og resten på annan operativ verksemd.

Mengdetrening og kompetanse kan ein oppnå ved at det vert laga hospiteringsordningar ved større sjukehus for alle tilsette ved fødeavdelinga. Eventuelt kan det bli tilsett personale som dels arbeider ved større klinikkar og dels ved fødeavdeling i Lærdal, med dei ulemper det måtte ha for personell – og arbeidssituasjonen elles.

KOMMENTAR FRA AKSJONEN: FOR LEGENES DEL ER DET IKKE NØDVENDIG MED SPESIELLE TILTAK FOR MENGDETRENING, DERSOM EN OPPRETTHOLDER AVTALEN MED DE SVENSKE GYNEKOLOGER/FØDSELSLEGER SOM HAR HATT ÅRELANG TILKNYTNING TIL LÆRDAL SJUKEHUS.


For/mot gjenoppretting av Fødeavdeling ved Lærdal sjukehus: 
For: Ei fødeavdeling vil kunne gje eit fullverdig fødetilbod med geografisk nærleik for kvinnene i Indre Sogn.

KOMMENTAR FRA AKSJONEN: FØDEAVDELINGEN I LÆRDAL VAR EN SVÆRT POPULÆR FØDEENHET MED GOD KVALITET. EN GJENOPPRETTING AV FØDEAVDELINGEN VILLE VÆRE I TRÅD MED LOKALE ØNSKER. DET VILLE GI BEDRE TRYGGHET, MINDRE REISEVEI OG MINDRE RISIKO FOR MOR OG BARN, SAMT MINDRE ULEMPE FOR FAMILIENE. GJENOPPRETTING VILLE STYRKE ANDRE AVDELINGER OG SYKEHUSET SOM HELHET. DET VILLE VÆRE BEDRE UTNYTTELSE AV RESSURSENE.

Mot: Totalt for få pasientar i fylket til å oppretthalde tre fødeavdelingar jfr. St.h 1-1997.
Vanskeleg å rekruttere faste gynekologar. For lite innhald i gynekologitenesta i Lærdal dersom det ikkje vert overført gynekologisk aktivitet. Denne må då reduserast tilsvarande ved dei andre sjukehusa i fylket.



Alternativ II
Forsterka fødestove ved Lærdal sjukehus

Forsterka eller modifisert fødestova er styrt av jordmor. Det skal vera etablert beredskap for naudkeisarsnitt. Fødande som blir selektert til å kunne føde på ei forsterka fødestove vil sjeldan ha behov for keisarsnitt.

Helse Førde estimerte i utgreiinga i 2003 at ca. 150 kvinner i opptaksområdet til Lærdal sjukehus kunne føde ved ei fødestove med beredskap for naudkeisarsnitt. Dette på bakgrunn av fødselstal ved fødeavdelinga i Lærdal i 2002 og 2003 på 233 og 232 fødslar.

Fødselstalet i Sogn og Fjordane har sidan då vist ein fallande tendens. Nedgangen er på 17% i perioden 2000-2007 (jf Tabell 1). Det har også vore færre fødslar enn føresett i dei åra fødestova har vore i drift i Lærdal .

Tabell 4 viser at 3 av 4 fødande i Indre Sogn nyttar andre fødeavdelingar enn fødestova i Lærdal, dei fleste går til Førde og resten til Voss som begge har fødeavdeling. Det vanlege er at dei fødande som bur nord for Sognefjorden (Leikanger, Sogndal og Luster) vel Førde sentralsjukehus, medan fødande sør for Sognefjorden (Årdal, Lærdal og Aurland og dels Vik) nyttar Voss i større grad.

Dei første 1 _ år av drifta ved fødestova vart gjennomgått av rådgjevingsgruppa frå Nasjonalt råd for Fødselsomsorg. Ved ei jordmorstyrt fødestove med keisarsnittsberedskap vert alle kvinnene som har risiko for komplisert fødsel, selektert til å føde ved institusjon som har eit høgare omsorgsnivå. Rådgjevingsgruppa vurderte at seleksjonskriteria ikkje var følgt ved alle fødslar. Det har derfor kontinuerleg vore arbeidd med forplikting i forhold til seleksjonskriteria som ligg til grunn for drifta. Ved siste evaluering av fødestovedrifta som er gjort av lokal evalueringsgruppe, blei det vurdert at drifta var i tråd med kriteria. Vurderinga var at fødestove med gynekolog i beredskap var eit trygt og kvalitativt godt tilbod til fødande etter gjeldande kriterium.

Ved minimum fire av dei operative forløysingane var det i følgje rådgjevingsgruppa si vurdering tale om tilfelle der den fødande sannsynligvis ikkje kunne blitt overflytta til anna sjukehus utan risiko for mor og/eller barn.

Beredskapen for naudkeisarsnitt blir ivaretatt dels av norsk gynekolog som arbeider i halv stilling ved fødestova og dels av svenske overlegevikarar. Overlegevikarane har svangerskaps- og gynekologisk poliklinikk på kvardagar. Denne aktiviteten er likevel ikkje tilstrekkeleg til å nytte gynekologane sin kapasitet fullt ut, men det blir akseptert fordi det er vurdert viktig å ha gynekolog til stades som tek hand om keisarsnittsberedskapen.

KOMMENTAR FRA AKSJONEN: BETYDNINGEN AV BEREDSKAPEN ER JO DEMONSTRERT TYDELIG VED FLERE ANLEDNINGER, BL.A. I APRIL I ÅR DA ET OPPEGÅENDE OG KJAPT MOBILISERBART APPARAT I LØPET AV TRE DAGER REDDET TO BARN OG EN MOR DA DET OPPSTOD KOMPLIKASJONER UNDER FORVENTEDE UKOMPLISERTE FØDSLER; DEN ENE MED NAVLESNORSFREMFALL, DEN ANDRE MED MORKAKELØSNING.


Det vil likevel på sikt eventuelt være mogeleg å gjeninnføre visse polikliniske aktivitetar til gynekologen, føresett at det ikkje medfører bruk av anestesi/operasjons- eller sengeavdeling. Det er likevel ut frå arbeidsmiljøomsyn avgrensa kor mykje aktivitet det kan leggast på gynekologvikaren i dagens vaktordning, der gynekologen går i kontinuerlig beredskapsvakt ei veke om gangen. 
KOMMENTAR FRA AKSJONEN: VI HÅPER AT DET HER ER SNAKK OM ØKNING AV AKTIVITETEN. FOR HELSE VEST VET VEL AT GYNEKOLOGENE DRIVER POLIKLINIKK I LÆRDAL I DAG?


For/mot å vidareføre forsterka fødestove med gynekolog i beredskap for naudkeisarsnitt:

For: Vurderinga er at det i dag finst eit godt fødetilbod til kvinner i Indre Sogn som ut frå seleksjonskriteria kan føde ved Lærdal sjukehus. Modellen med gynekolog i beredskap blir vurdert som viktig. Fleire operative forløysingar i løpet av dei åra fødestova har vore i drift, er vurdert sannsynligvis å ha vore av livreddande karakter.

Mot: Manglande ressursutnytting av gynekolog (som imidlertid er akseptert fordi det er vurdert viktig å ha ein gynekolog som kan ha keisarsnittsberedskap.)



Alternativ III
Vanleg jordmorstyrt fødestove (utan beredskap for naudkeisarsnitt) ved Lærdal sjukehus

Seleksjonskriteria for ei fødestove utan gynekolog i keisarsnittsberedskap vil stort sett være tilsvarande dei kriteria som er gjeldande for den ”forsterka fødestova” i dag. Det vil likevel kunne diskuterast om førstegangsfødande bør føde der.

Per i dag kan ca. 150 kvinner frå Indre Sogn føde ved ei forsterka fødestove. Ein del av desse (ca 20) reiser til annan fødestad. Med 20 - 30 førstegangsfødande kvinner, vil det forventa talet på fødande ved ei vanleg fødestove sannsynlegvis ligge rundt 100. Dette er likevel usikre estimat, jf utviklinga i fødslar ved Lærdal (Tabell 1)

Mellom 5 – 10 % av dei fødande kvinnene frå fødestova vil ein kunne forvente overflytting til fødeavdeling i løpet av fødselen.

I følgje Nasjonalt Råd for Fødselsomsorg er det fullt forsvarlig å føde ved ei jordmorstyrt fødestove dersom etablerte seleksjonskriterium blir følgt.
KOMMENTAR FRA AKSJONEN: NASJONALT RÅD FOR FØDSELSOMSORGS SYNSPUNKTER ER OMSTRIDT I FAGMILJØET - DET MANGLER SÅKALT "FAGLIG KONSENSUS" OM DET GRUNNLEGGENDE PREMISSET DERES; AT MAN KAN FORHÅNDSSELEKTERE FOR KOMPLIKASJONER.

Mot dette står synspunkt frå deler av fagmiljøet i Sogn og Fjordane (gynekologar, jordmødrer og kommunelegar), er at dei i dag ikkje er innstilt på at det blir drive fødselsomsorg i Indre Sogn utan at det finst gynekolog i keisarsnittsberedskap.
KOMMENTAR FRA AKSJONEN: DET ER IKKE BARE I SOGN OG FJORDANE AT EN IKKE SER DET SOM FORSVARLIG Å DRIVE FØDETILBUD UTEN LEGEBEREDSKAP I RIMELIG NÆRHET!


For/mot vanleg fødestove utan beredskap for naudkeisarsnitt:

For: Eit geografisk nært, desentralisert fødetilbod. Ein unngår utgift til gynekolog og beredskap innan anestesi, operasjon, laboratorium/blodbank.
KOMMENTAR FRA AKSJONEN: "GEOGRAFISK NÆRT, DESENTRALISERT" HAR EN OGSÅ PÅ FØDEAVDELING OG/ELLER PÅ FØDESTUE MED BEREDSKAP!OG NEI, EN UNNGÅR IKKE DE NEVNTE UTGIFTER TIL NEVNTE BEREDSKAP - FOR SYKEHUSET TRENGER DEN TIL ANDRE PASIENTER!


Mot: Sjølv om føringar frå Nasjonalt råd for fødselsomsorg tilseier at det skal være mogeleg å selektere så godt at uønska hendingar ikkje skal kunne oppstå, er det vanskelig å frigjere seg frå tal som ligg føre vedrørande fødestovedrift i Lærdal dei siste åra. Det har vært fleire tilfelle av operative forløysingar som i ettertid blei vurdert til ”sannsynligvis livreddande for mor og barn”.


Alternativ IV
Nedlegging av fødetilbod ved Lærdal sjukehus

Før omlegginga til forsterka fødestove i 2004 var det ca 230 fødslar ved fødeavdelinga i Lærdal. Ca. 80 kvinner frå Lærdal sjukehus sitt opptaksområde fødde ved Førde Sentralsjukehus (60 av disse pga seleksjon av risikosvangerskap). Ca. 30 fødde på Voss sjukehus på grunn av geografisk nærleik.

I dag, etter omlegging til forsterka fødestove føder ca. 125 kvinner frå Indre Sogn ved Førde sentralsjukehus og ca. 87 på Voss. Dei fleste av desse på grunn av skjerpa seleksjon, resten som følgje av kvinnene sitt eige val.

KOMMENTAR FRA AKSJONEN: TIL TROSS FOR LOKAL BEREDSKAP AV BEVISELIG HØY KVALITET, HAR HELSE FØRDE UTARBEIDET EKSTREMT STRENGE SELEKSJONSKRITERIER FOR FØDESTOVA I LÆRDAL. HVORFOR??? ER DET FORDI EN BEVISST VIL STYRE FØDSLER TIL FØRDE FOR Å FÅ OPP VOLUMET DER?

Det er ikkje registrert auke i tal av transportfødslar trass i auka tal av fødande som må reise frå Indre Sogn til Førde sentralsjukehus i denne perioden.

KOMMENTAR FRA AKSJONEN: HVORFOR BEHANDLER IKKE HELSE VEST DET FAKTUM AT NOEN AV DEM SOM FAKTISK ER SELEKTERT TIL FØRDE FÅR EN SÅ RASK START PÅ FØDSELEN AT JORDMØDRE OG KOMMUNELEGER SENDER DEM TIL LÆRDAL LIKEVEL, NETTOPP FOR Å UNNGÅ TRANSPORTFØDSLER, FORDI DE SER AT KVINNENE IKKE VILLE RUKKET FREM? KJENNER IKKE HELSE VEST TIL DETTE? BLIR IKKE DETTE REGISTRERT HOS HELSE FØRDE? 


For/mot nedlegging av fødetilbodet i Lærdal:
For: 210 kvinner, overvegande med risiko for kompliserte fødslar, reiser alt i dag frå Indre Sogn til fødsel i Førde eller Voss utan at det er registrert komplikasjonar i den forbindelse. Det skulle då teoretisk og praktisk være mogeleg for dei resterande 130 kvinnene frå Indre Sogn, som ikkje er vurdert til å ha risiko for komplikasjonar i forbindelse med fødsel, å reise tilsvarande.
SE FORRIGE KOMMENTAR FRA AKSJONEN.

Mot: Ønskje om nærleik i fødetilbodet. Fleire fødande må opphalde seg ved Førde sentralsjukehus i påvente av fødsel. Vanskelegare kontakt til familie på grunn av lang reiseveg, auka reiseutgifter for pårørande til den fødande. Det er også mogeleg med fleire transportfødslar.

KOMMENTAR FRA AKSJONEN: DET ER OGSÅ MYE URO OG BEKYMRINGER FOR DEN GRAVIDE OG HENNES FAMILIE NÅR EN IKKE KAN VÆRE SIKKER PÅ HVOR EN SKAL GJENNOMFØRE FØDSELEN FØR BARNET ER KOMMET UT PÅ GRUNN AV SELEKSJONSKRITERIENE! DE GRAVIDE GIR UTTRYKK FOR USIKKERHET I FORHOLD TIL OM DE VIL FÅ BEHOV FOR SMERTELINDRING, OM DE MÅ VIDERESENDES HVIS DET BLIR KOMPLIKASJONER, OM DE I SÅ FALL VIL NÅ FRAM TIL SYKEHUS PÅ VOSS/FØRDE, DE TENKER PÅ VÆR OG RAS OSV.
ALT DETTE ER UNØDIGE EKSTRABELASTNINGER I EN GRAVIDITET!
VI HAR FÅTT MANGE BREV FRA KVINNER SOM SIER AT ALT HADDE VÆRT MYE ENKLERE FOR DEM OM EN HADDE GJENOPPRETTET FULLVERDIG FØDEAVDELING I LÆRDAL.

• Du finner hele saksutgreiinga fra Helse Vest ved å klikke her eller på overskrifta. Klikk så på "Sak 065/08 B Fødetilbodet i Indre Sogn" og "Sak 065/08 B Vedlegg 1 Notat til Helse- og omsorgsdepartementet om fødetilbodet i Indre Sogn" for å laste ned dokumentene.

tirsdag 3. juni 2008

Nils R. Sandal & co: – Kven er mest verdt i helse-Norge?


– Å oppretthalde skeivfordelinga vil bli eit særdeles grovt maktovergrep mot nesten halvparten av landets befolkning og sette det norske demokratiet på alvorleg prøve.

9 fylkesordførarar og fylkesrådsleiarar frå Nord-, Midt- og Vest-Noreg har gått saman om ein kronikk med krav om å rette opp skeivfordelinga til helseforetaka. Mellom dei er fylkesordføraren i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal (Sp). Kronikken er attgjeve i Fjordabladet på nett:

"Då staten overtok ansvaret for sjukehusa for seks år sidan blei det varsla ein grundig gjennomgang av finansieringsordninga. Eit utval leia av professor Terje P. Hagen ved Senter for helseadministrasjon ved Universitetet i Oslo blei sett ned.
Hagen-utvalet konkluderte med at det burde innførast kostnadsnøklar knytt til befolkningstal, alderssamansetning og liknande. Desse kostnadsnøklane tilsa at Helse Vest og Helse Midt-Norge var underfinansiert i forhold til dei andre helseregionane.

Hagen-utvalet sine konklusjonar fanga ikkje opp Nord-Norge sin spesielle situasjon, noko som førte til at berre deler av skeivfordelinga blei retta opp for Vestlandet og Midt-Norge for å skjerme Nord-Norge. Austlandet slapp unna, til sterke protester frå politikarar i Midt-Norge og på Vestlandet.

Regjeringa valde derfor for to år sidan å sette ned eit nytt utval, leia av professor Jon Magnussen ved NTNU, for å avklare om det fantes ei vedvarande økonomisk skeivfordeling innan helse-Norge. Utvalet har bestått av representantar frå heile landet og alle helseregionane, blant dei landets fremste ekspertar på helseøkonomi.

Oppgåva var å lage eit forslag til modell for fordeling av basisløyvingane - det vil seie den delen av inntektene som ikkje er direkte knytt opp mot aktivitet - mellom dei fire regionale helseføretaka. Målet er at føretaka skal settast i stand til å gje eit likeverdig tilbod til befolkninga.

I januar konkluderte Magnussen-utvalet som følgjer: Helse Sør-Øst får 781 millionar kroner for mykje i forhold til dei tre andre helseregionane, som får tilsvarande for lite.
Dersom pengane vert fordelt likt, etter utvalet sine berekningar, skal Helse Midt-Norge ha 324 millionar av desse kronene, medan Helse Vest og Helse Nord skal ha høvesvis 246 millionar kroner og 211 millionar kroner. Konklusjonen i utvalet var samrøystes, og det er verdt å merke seg at denne skeivfordelinga kjem på toppen av den delvise opprettinga som skjedde kjølvatnet av Hagen-utvalet.

781 millionar er eit stort tal. For å sette det i perspektiv: I årsverk snakkar vi om ein sum som utgjer om lag 1300 sjukepleiarar eller om lag 1000 legar.

Basisløyvingane til drift må fordelast etter mest muleg objektive og nøkterne kriterium. Ikkje minst er det viktig for å kunne oppretthalde eit godt helsetilbod i distrikta, og då utan at det blir kritikk om subsidiar på grunn av vanskeleg geografi. Det synes å vere brei politisk semje om at lokalsjukehusa skal bestå, men det kostar å drive dei.

Dersom vi ikkje har økonomisk evne til å ha eit oppegåande helsevesen med lokal forankring i distrikta, vil fleire pasientar nytte seg av ordninga med fritt sjukehusval. Det igjen vil føre til auka press på dei større sjukehusa, og ikkje minst: Mange som ønskjer behandling nær heimane vert tvinga ut på ei lengre reise, samtidig som økonomien og lokalsjukehusfunksjonane for dei som bur i byområda blir sett under press.

Om Stortinget vel å følgje Magnussen-utvalet sitt resonnement, er det neppe så enkelt som å ta 781 millionar kroner frå Helse Sør-Øst sitt budsjett og fordele pengane på dei andre regionale helseføretaka. Ein så stor inntektsreduksjon vil forsterke allereie store utfordringar innan omstilling.

Den andre mulegheita er å gå inn med friske midlar for å skjerme Helse Sør-Øst for kutt. For å få ei rettferdig fordeling då, har Professor Magnussen rekna ut at ein må auke ramma med cirka 1460 millionar kroner for å følgje kriteria for fordeling som utvalet blei einige om. Helse Sør-Øst får då behalde dei pengane som i utgangspunktet skulle ha tilfalle dei andre regionane, medan Staten tek ekstrarekninga. Fordelinga må då bli cirka 520 millionar ekstra til Helse Vest, ca 535 millionar til Helse Midt og ca 400 millionar ekstra til Helse Nord.

Om vi ikkje skal legge Magnussen-utvalet si utgreiing til grunn for korleis pengane skal fordelast mellom helseregionane: Kven skal vi då støtte oss til? Har kritikarane den nødvendige kompetansen til å stille spørsmålsteikn ved desse konklusjonane?

Magnussen-utvalet blei sett ned for å fjerne tvilen som oppsto i diskusjonen etter Hagen-utvalet. Det blir direkte uhaldbart om departementet på ny skal forsøke å rekne vekk den dokumenterte skeivfordelinga, eller sette ned eit nytt utval i håp om ein konklusjon som favoriserer Helse Sør-Øst.

Det er eit fleirtal på Stortinget busett i Helse Sør-Øst området. Enkelte stortingspolitikarar frå dette området har tatt til orde for å sementere dagens situasjon og dermed oppretthalde den urettferdige skeivfordelinga. Det vil i så fall bli eit særdeles grovt maktovergrep mot nesten halvparten av landet si befolkning, og sette det norske demokratiet på alvorleg prøve, og vi vil få en særdeles uoversiktlig parlamentarisk situasjon.

Den mest naturlege og rettferdige løysinga blir derfor å utvide rammene med cirka 1460 millionar kroner på toppen av årleg regulert vekst innan sektoren. Då skjermar ein Helse Sør-Øst for kutt, medan skeivfordelinga vert retta opp. I tillegg bør regjeringa i samband med Nasjonalrekneskapen sanere gjeld for Helse Vest, Midt og Nord, sidan desse helseregionane har tyngre gjeldsbyrde som følgje av den dokumenterte skeivfordelinga i åra sidan 2002. Då kan alle bli fornøgde.

Til slutt vil vi gi uttrykk for at vi synest det er forstemmande kor liten spalteplass og sendetid den dokumenterte skeivfordelinga får i nasjonale media, samanlikna med til dømes saka om sjukehotellet ved Rikshospitalet, som var langt mindre i både struktur og omfang. Dei nasjonale media har eit særskilt ansvar for å opptre kritisk på vegne av befolkninga også utanfor den regionen dei har sine hovudkontor.

Nils R. Sandal, fylkesordførar (Sp), Sogn og Fjordane
Tom Tvedt, fylkesordførar (Ap), Rogaland
Olav Bratland, fylkesordførar (H), Møre og Romsdal
Torill Selsvold Nyberg, fylkesordførar, (KrF) Hordaland
Tore O. Sandvik, fylkesordførar (Ap), Sør-Trøndelag
Susanne Bratli, fungerende fylkesrådsleiar (Ap), Nord-Trøndelag
Odd Eriksen, fylkesrådsleiar (Ap), Nordland
Paul Dahlø, fylkesrådsleiar (Ap), Troms
Runar Sjåstad, fylkesordførar (Ap), Finnmark"

• Les saka i Fjordabladet si nettutgåve ved å klikke her eller på overskrifta

Så er det på'an igjen … for ortopedien i Lærdal


Ordførarane i Lærdal og Eid likar svært dårleg at styremedlem i Helse Førde Harry Mowatt vil greie ut nedlegging av døgnberedskapen på ortopediklinikkane ved dei to lokalsjukehusa, fortel nettstaden Porten og held fram:

"I ei felles pressemelding frå ordførar i Lærdal Arne Sanden og ordførar på Eid, Sonja Edvardsen skriv dei følgjande;
Etter framlegg frå det nye styremedlemet Harry Mowatt, gjorde styret i Helse Førde sist veke vedtak om å greie ut nedlegging av ortopedisk døgnberedskap ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Eid. Framlegget frå Mowatt og vedtaket i styret kjem om lag eit år etter at Helse Førde den 1. juni 2007 sette i verk ein godt gjennomarbeidd ortopediplan. Framlegget er klart i strid med nasjonale føringar. Statsråden er tydeleg på at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned og at det skal vere tilpassa akuttberedskap ved alle lokalsjukehus.

I styremøtet 27. april 2007, der denne planen vart vedteken, konkluderte styret med følgjande:
Ortopedisk avdeling vil framstå som meir heilskapleg etter føreslegne endringar;
- nytte kompetansen på tvers av sjukehusa.
- betre prioritering/ koordinering og samordning av ressursar
- betre kvaliteten på utdanning av ulike yrkesgrupper
- deltaking i pasientbehandling og undervisning på alle tre sjukehusa vil gi ein auka fagleg breidde m.v.


I planen heiter det vidare at Helse Førde straks bør (må) arbeide vidare med akuttmedisinske team ved sjukehusa. Ein sentral fagperson i eit akkuttmedisinsk team vil vere ein anestesilege i døgnkontinuerleg vaktberedskap og faggruppa som utarbeidde ortopediplanen, føreset at slik beredskap finst både i Lærdal og på Eid. Den 9. januar 2008 inviterar Helse Førde kommunane i Nordfjord og Sogn til vidare arbeid med slike team.

Innsparingar knytt til akuttberedskapen vil i stor grad vere knytt til anestesilegen og kuttar ein denne, vil det og få følgjer for ei utviklinga av akuttmedisinske team. Etter vårt syn vil nedlegging av akuttberedskapen dermed medføre at Helse Førde sin invitasjon til utvikling av akuttmedisinske team vert eit fromt ønskje, totalt utan konkret innhald. Samstundes vil nedleggjinga sjølvsagt få følgjer for beredskapen ved fødeavdelinga på Eid og den forsterka fødestova i Lærdal.

I tillegg er det ei kjensgjerning at den beste kompetansen i ortopedi innan Helse Førde dei siste åra har vore knytt til sjukehusa på Eid og i Lærdal. Dette er og grunnlaget for dei mest sentrale delane av ortopediplanen, der legane i Lærdal og på Eid reiser til Førde for operasjonar. Det er og ei kjensgjerning at ortopediavdelingane i Lærdal og på Eid har vore svært produktive, medan ein i Førde har hatt vansker med å få til ei effektiv drift. Ein byggjer ikkje ned velfungerande faglege gode ortopeditenester ved lokalsjukehusa for å styrkje tilbodet i Førde. Det vil til sjuande og sist vere til stor skade for det samla tilbodet i heile helseføretaket.

Ut frå dei følgjene me ser av ei nedleggjing av akuttberedskapen i ortopedi ved lokalsjukehusa, vil me på det sterkaste protestere mot ei slik utvikling, då dette kan medføre ei rasering av fleire andre tilbod ved lokalsjukehusa våre. Me vil derimot oppmode styret i Helse Førde om å halde fast ved den vedtekne ortopediplanen og halde fram arbeidet med å utvikle akuttmedisinske team ved knytt til sjukehusa i fylket. Det er dessutan på tide at styret i helseforetaket gir dei tilsette ved lokalsjukehusa arbeidsro gjennom god tilrettelegging og motivering, slik at dei kan vidareutvikle det gode og viktige tenestetilbodet ved sjukehusa våre."

• Sjå saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

LHL Region vest: Nei til nedbygging av lokalsjukehus


Nettstaden Porten skriv: Regionmøtet i LHL Vest protesterer mot enkelte helseforetak sine planar om nedbygging av lokalsjukehus.

John Normann Melheim og Jarle Vindedal representerte Årdal og Lærdal på regionutvalsmøte i LHL Vest som nyleg vart skipa til i Bergen. LHL meiner lokalsjukehusa er viktige for at folk skal ha det trygt, mange av dei som er pasientar på eit lokalsjukehus, har ein hjarte- eller lungsjukdom. Dei vedtok difor eit protestskriv mot det dei kallar enkelte regionale helseforetak sine planar om nedbygging av lokalsjukehus. Både hjarte- og lungesjuke er heilt avhengig av eit heilskapleg, tverrfagleg og samanhengande behandlingstilbod. Dette gjeld ikkje minst ved akutte hendingar, som til dømes eit hjarteinfarkt eller forverringar i samband med kols, står det i brevet frå LHL.

Nei til nedbygging
Regionmøte i LHL seier nei til nedbygging av lokalsjukehusa, og krev at regjeringa held løftet sitt i "Soria Moria erklæringa der det heiter at dei vil oppretthalde eit desentralisert sjukehustilbod, som mellom anna sikrar nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod, vidare at ingen lokalsjukehus skal leggast ned, og at Regjeringa vil vidareføre arbeidet med ei betre arbeidsdeling mellom sjukehus som fremmar styrka kvalitet i pasientbehandlinga.

• Les heile saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Olav Lunden ny leiar i Koordingeringsrådet


Olav Lunden vart mandag valt til ny leiar i Koordingeringsrådet, det overordna samhandlingsrådet mellom kommunane og Helse Førde. Lunden er leiar for KS i Sogn og Fjordane, og det er i eigenskap av denne rolla at han er vald som leiar. Det betyr at nestleiaren i KS, Gerd Dvergsdal, er hans vara til leiarfunksjonen. Helse Førde skal framleis ha sekretariatsfunksjonen til rådet.

Koordineringsrådet skal mellom anna:
- Vere ein arena for dialog og samhandling på overordna strategisk nivå
- Utarbeide forslag til rammeavtalar for samhandlinga
- Diskutere og gi råd om korleis samhandlinga kan sikre pasientane best mogeleg tilbod.


Kommunane og Helse Førde har også oppretta eit fagråd som skal gje fagleg støtte og råd til Koordineringsrådet.

• Henta frå Helse Førde sine nettsider, les saka ved å klikke her eller på overskrifta

Ferieflyttar legevaktsentralen frå Lærdal til Førde

Legevaktsentralen ved sjukehuset i Lærdal blir flytta til AMK-sentralen i Førde i sommar.

– På grunn av personalsituasjonen ved medisinsk sengepost i Lærdal, har me funne det rett å flytta legevaktsentralen der til AMK-sentralen i tre månader i sommar, fortalde klinikkdirektør Arve Varden i styremøtet i Helse Førde torsdag 29. mai.

Flyttinga blir sett i verk frå 1. juni i år, og vil vara fram til 1. september. AMK-sentralen skal bemanna legevakttelefonen på ettermiddags- og kveldstid. Medan sjukehuset i Lærdal sjølve må ta seg av natt-tenesta.

Styremedlem Knut Cotta Schønberg spurde kvifor ordninga ikkje skal gjelda også om natta i denne perioden. Han meinte at for legane i kommunehelsetenesta ville dette vera ei føremon.

– Då me tok tak i dette med flytting av denne sentralen i sommar, var det også mi meining at flyttinga skulle gjelda også natt-tenesta. Men situasjonen ved AMK-sentralen er ikkje slik at dette let seg gjera, fortalde Arve Varden.

• Henta frå Sogn Avis sine nettsider, les saka der ved å klikke her eller på overskrifta.

NB! DET ER IKKJE SJØLVE LEGEBEREDSKAPEN, MEN BEMANNINGA AV TELEFONVAKTA SOM VERT FLYTTA I FERIEN

Vi(s)eadministrerande direktør


Vidar Vie er tilsett som viseadministrerande direktør i Helse Førde. Han kjem frå stillinga som informasjonssjef i helseføretaket.
43-åringen har vore informasjonssjef i Helse Førde sidan desember 2005, og har bakgrunn frå avisa Firda og NRK Sogn og Fjordane. Han tek over etter Erlend Eriksen som skal inn i stillinga som administrerande direktør i Svorka Energi AS. Vie vart nyleg tilsett som nyheits- og reportasjesjef i Firda Media, men valde etter ei totalvurdering å ta i mot stillinga som viseadministrerande direktør i Helse Førde.

• Les meir på Helse Førdes eigne nettsider ved å klikke her eller på overskrifta

Mowatt får kjeft av sine eigne


Partifeller meiner Mowatt svekkar Arbeiderpartiet sitt truverde i Helse Førde-styret.

- Dette er eit ømtålig tema, så det gjeld oss alle, seier varaordførar i Luster, Anders Bolstad.

Trass i at Sogn og Fjordane Arbeidarparti i vår vedtok at det skal vere skuttberedskap innan ortopedi ved lokalsjukehusa, har ein av partiet sine fremste politikarar Harry Mowatt bede leiinga i Helse Førde om å utgreie ei nedlegging. Det betyr at alle som bryt eit bein i Nordfjord eller i Indre Sogn må til Førde for å få hjelp. Bolstad meiner Mowatt no er på ville vegar og at han øydelegg for partiet. - Dette er alvorleg, seier han.

Støtte frå Nordfjord
Og han får støtte frå partifellar i Nordfjord og Sogn, Vågsøy - ordførar Roger B. Silden seier at Nordfjordingane ikkje kan finne seg i at ideane til Mowatt vert gjennomførte. Legg ein ned akuttberedskapen så vil det også gå ut over annan beredskap på lokalsjukehusa fryktar han. - Dette med akuttberedskap og fødeavdeling er så viktig for oss i distrikta at dei må lære at dei kan ikkje terpe på dette kvar einaste månad. Vi må få ro for å diskutere økonomien i Helse Førde, seier han.

• Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider ved å klikke her eller på overskrifta

Mowatt vil greie ut den ortopediske akuttberedskapen

Under styremøtet i Helse Førde torsdag føreslo Harry Mowatt (Ap) at administrasjonen i helseføretaklet greier ut om det er pengar å spare på å sentralisere all ortopedisk akuttberedskap.

- Bakgrunn for framlegget mitt var at administrerande direktør annonserte at han ville sjå på vaktberedskapen i føretaket. Ut frå dette bad eg om at ein vurderte den ortopediske akuttberedskapen spesielt. Dette med bakgrunn i om det ville vere pengar å spare ved å samle ortopedisk akuttberedskap til eitt sjukehus, utan at det får store skadeverknader for pasientane, seier Harry Mowatt til Fjordabladet.

• Les resten av saka i Fjordabladet på nett ved å klikke her eller på overskrifta

Helse Førde i dialogmøter


Helse Førde har en egen nyhetssak på sine nettsider om dialogmøtene med ordførere, fylkeskommune og aksjonsgrupper, der det blant annet står:
- Det er andre gong styret gjennomfører desse møta, og dette blir ein fast post framover. For oss er det viktig å ha ein god dialog med både aksjonsgruppene og med dei folkevalde i fylket. Vi kan ha ulike innfallsvinklar på enkelte saker, men vi er alle opptekne av eit best mogeleg helsetilbod til innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Eg opplever at desse møta har vore svært positive, seier Clara Øberg.
Mellom tema som vart diskuterte på møta var:
Arbeidsdeling mellom sjukehusa
Forbetringsprogrammet i Helse Førde
Samhandling mellom kommunane og Helse Førde
Senior- og rekrutteringspolitikk i Helse Førde
Rekruttering gynekologi/føde Helse Førde
Ambulansesituasjonen i Helse Førde


• Klikk på overskriften for å lese saken på Helse Førdes sider