onsdag 30. september 2009

Helse Førde-styret vil legge ned fødestova i Lærdal


NRK Sogn og Fjordane fortel at det er krefter i Helse Førde-styret som vil legge ned fødestova i Lærdal før jul. Men Helse- og omsorgsdepartementet har gitt beskjed om at fødetilboda ikkje kan endrast før den regionale fødeplanen er klar, i juli 2010. Alle dei regionale helseforetaka i landet er pålagde å utarbeida fødeplanar i samarbeid med kommunane.

Her er oppslag om saka:
29. september NRK Sogn og Fjordane Vil legge ned fødestova i Lærdal
29. september NRK Sogn og Fjordane Kan spare 12 millionar i Lærdal
29. septemberVestlandsrevyen (nett-tv)
30. september NRK Sogn og Fjordane Fødestova i Lærdal er freda

Og her er Sogn Avis sin kommentar "Puslete "sterke" helsekrefter"

lørdag 26. september 2009

Lønskutt rammar tilsette og pasientar i Nordfjord


FJORDABLADET Norsk Sykepleierforbund Sogn og Fjordane (NSF) ser med stor uro på situasjonen som oppstår ved Nordfjord Sjukehus frå måndag 28. september.

Dette skriv fylkesleiar Oddgeir Lunde i Norsk Sykepleierforbund Sogn og Fjordane i ei pressemelding etter at kirurgisk klinikk i Helse Førde pålegg NSF sine medlemmar ved operasjons og anestesiavdelinga ved Nordfjord Sjukehus å gå inn i ei arbeidstidsordning som rammar pasientar og medlemmar.
– Pasientane vert ramma fordi både vaktberedskap og vanleg drift ved operasjon og anestesiavdelinga vert råka ved dette pålegget om mindre aktiv vaktteneste, skriv Lunde i pressemeldinga.

– NSF er kritisk til måten dette har vore handtert på frå Helse Førde si side. Våre medlemmar ved Nordfjord sjukehus har gjennom prosessen strekt seg langt i forsøket på å møte arbeidsgjevar sitt tilbod. Dette har dei gjort fordi dei er svært glad i arbeidsplassen sin.

Arbeidstidsordninga er pålagd frå måndag 28. september. Den består av auke i passiv vakt(vakt på vaktrom/beredskap) og mindre aktiv teneste i kvar stilling. Helse Førde vil lønne spesialsjukepleiarane med 1/3 timelønn ved vakt på vaktrom. I følgje våre medlemmar ved Nordfjord sjukehus utgjer denne reduksjonen i aktiv arbeidstid ein lønnsreduksjon mellom 100.000 og 120.000 kr i året. NSF beklagar at medlemmane er utsett for konsekvensen av arbeidsgjevarpolitikken til Helse Førde, heiter det til slutt i pressemeldinga frå NSF Sogn og Fjordane.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

fredag 25. september 2009

Folk i Sogn og Fjordane vil ha lokalsjukehusa


Tre av fire i Sogn og Fjordane vil halde på dagens sjukehusstruktur med lokalsjukehus i Lærdal og Eid og sentralsjukehus i Førde.

Venta resultat
Dette viser ei meiningsmåling som ei meiningsmåling som Bergens Tidende presenterer. Målinga blei gjort samstundes med partimålinga avisa hadde fredag før stortingsvalet 14. september.

Ingrid Astor i Aksjonsgruppa for Førde sentralsjukehus synest ikkje meiningsmålinga viste eit uventa resultat.

-Nok pengar til alle?
– Det er ikkje rart at folk ønskjer å ha det slik det har vore, men då må det skaffast pengar til det. Spørsmålet er vel om alle sjukehusa kan haldast oppe? Når eg snakkar med folk, opplever eg at stadig fleire er i ferd med å få augo opp for at Sogn og Fjordane treng eit sterkt sentralsjukehus i Førde, seier Astor til BT

SV mot straumen
Men ikkje alle dei spurde i meiningsmålinga er like positive til å behalde dagens sjukehusstruktur.
SV-veljarane er mest positive til tanken om eit sterkt sentralsjukehus i Førde. Kvar tredje SV-veljar støtta modellen med eit utbygd sentralsjukehus.

- Ein informasjonsjobb å gjere
Dette synest Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus er uventa.

– Eg er SV-ar sjølv og får nesten håpe det er ein statistisk feil. Men er det korrekt, har eg ein informasjonsjobb å gjere i mitt eige parti, seier Øien Hauge til Bergens Tidende.
Også fylkesleiar Heidi Kathrin Osland synest meiningsmålinga var uventa. Ho meiner forklaringa er at partiet står sterkt i Sunnfjord.

Veljarane til Venstre, Høgre, KrF og Senterpartiet er dei meste positive til lokalsjukehusa.

• Les saka på Firda sine sider ved å klikke her eller på overskrifta. Saka er henta frå Bergens Tidende si papirutgåve fredag 24. september.

Styremøte i Florø 25. september





Styret i Helse Førde er i dag samlet til møte på Nærsjukehuset Florø. På tilhørerplass er fra aksjonen Olav Wendelbo og Bente Øien Hauge.

mandag 21. september 2009

Uttale frå Årdal Pensjonistlag, 15. september 2009

Helse Førde
v/direktør Jon Bolstad, Førde
Styreleiar Clara Øberg, Sogndal

VEDKOMANDE LÆRDAL SJUKEHUS

Årdal Pensjonistlag samla til møte ser med stor uro på nedlegginga/nedbygginga av overvakingsavdelinga og dermed det akuttmedisinske tilbodet ved Lærdal sjukehus.
Årdal pensjonistlag har over 500 medlemar og i dag er me 90 samla til møte.
Me er alle eldre menneskje og storforbrukarar av helsetenester og sjukehus.

Minner og om at Årdal er ein industristad med stort behov for akuttmedisinsk beredskap.

Frå Årdal er det 1/2 - 1 time med bil til Lærdal, kort reisetid er svært viktig når ting hastar som t.d. ved hjarte- og slagtilfeller.

NÆRLEIK GJEV TRYGGLEIK

Til Førde er det over 3 timar og til Voss over 2 timar reisetid.
Medlemane våre er godt nøgde med behandling og service på Lærdal og me ber så pent me kan om å få behalde lokalsjukehuset vårt som no.

Med helsing
Årdal pensjonistlag

Astrid Nagel Moen
Leiar

Kopi til:
Sogn avis
Sjukehusaksjonen v/Bente Øien Hauge
Norsk pensjonistforbund

fredag 18. september 2009

Leiar i Sogn Avis: Frykt og openheit


LEIAR I SOGN AVIS, 17. SEPTEMBER. Skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Sogn Avis freistar så langt det er mogeleg å unngå bruk av anonyme kjelder i vår journalistikk. Det er no ein gong slik at saker med opne kjelder er mest truverdige og slagkraftige. Men det finst unntak. Av og til er det slik at belastninga for kjeldene med å stå fram med namn og bilete kan vera så stor at det er på sin plass å anonymisera.

Spesielt i saker med stor offentleg interesse og som vedkjem liv og helse.

Eit slikt unntak er saka om forholda ved Lærdal sjukehus. Sist måndag fekk to av sjukepleiarane kommentera ei sak utan at Sogn Avis sine lesarar fekk vita kven dei var. Saka, som gjekk landet rundt siste veke, handla om sjukepleiarane som gjekk med sørgjeband på jobb. Etter kommentarane frå leiinga i Helse Førde til NRK å dømme, skulle ein tru at det handla om ein omfattande og godt organisert aksjon.

Ifølgje sjukepleiarane Sogn Avis har snakka med var det snakk om ein spontan aksjon, der to einslege sjukepleiarar i rein avmakt over innføringa av nytt regime, knytte på seg sørgjeband ei kort stund den første dagen. Mange dagar seinare vart dette ei kjempesak i media.

Kvifor tok ikkje leiinga i Helse Førde seg bryet med å sjekka faktum i saka før dei kommenterte dette? Burde ikkje direktørane ha snakka med sine tilsette før dei var med på å framstilla dette som ein omfattande aksjon, som ein kunne tru hadde lamma heile sjukehuset og øydelagt både for pasientar og pårørande?

Ville leiinga i Helse Førde kommentert saka som dei gjorde, om dei visste kva realiteten var? Og er dette godt leiarskap?

Administrerande direktør Jon Bolstad peikar på at organisasjonen hans har følgt spelereglane i arbeidslivet også i denne saka, og han avviser at Helse Førde har noko ansvar for at saka hamna i media, både lokalt og nasjonalt. Det kan så vera, men er det ikkje leiinga sitt ansvar å ivareta sine tilsette først – sjekka innhald i påstandar som vedkjem dei tilsette før desse blir kommentert – før dette vart lagt ut som ein aksjon som omfatta heile sjukehuset?

Diverre må me nok ein gong konstatere at sjukepleiarar i Helse Førde hevdar at kommunikasjon oppover i denne organisasjonen er den typen som frontar frykt snarare enn trivsel. Det er ille i ein organisasjon som må basera seg på at sine tilsette alt for ofte må gå doble skift for at hjula skal gå rundt.

Det er oppsiktsvekkjande at Lærdal sjukehus kjem så bra ut av ulike pasientundersøkingar som dei faktisk gjer, med slik «oppbakking» frå si eiga leiing. Kor lenge vil det vara – og kva tid skal me få oppleva sjukepleiarar som ope torer å snakka kritisk om sine arbeidsforhold ?


• Les leiaren og kommentarene ved klikke her eller på overskrifta

mandag 14. september 2009

Sjukepleiarane tek til motmæle: Ingen organiserte aksjonar


SOGN AVIS Sjukepleiarane ved Lærdal sjukehus fortvilar over at leiinga i Helse Førde karakteriserer einskildepisodar som organsierte protestaksjonar

Sist veke vart det hevda at sjukepleiarane ved Lærdal sjukehus aksjonerte mot omorgansieringa av overvåkinga ved å gå med sørgjeband på jobb

Dette avviser sjukepleiarane på det sterkaste, og seier det nærast var galgenhumor som førte til at to av dei tok på seg sørgjeband fyrste dagen under det nye regimet.

Dumt
– Det som skjedde, skulle sjølvsagt aldri skjedd, det var dumt, det ser alle i ettertid. Men det var ikkje slik at dette var nokon organisert protest mot omorganiseringa, det var eit innfall som to kollegaer fekk, og dei knytte eit svart band rundt armen i nokre timar den dagen, meir eller mindre i rein avmakt over situasjonen, seier to sjukepleiarar som Sogn Avis har vore i kontakt med.

Torer ikkje stå fram
Dei fortel at alle er lei seg over at dette no vert karakterisert som ein protestaksjon av både klinikkdirektør Arve Varden og leiar i sjukepleiarforbundet i Sogn og Fjordane, Oddgeir Lunde.

– Dei to det gjaldt har teke dette særs, særs tungt, og me vil alle beklaga det dersom nokon av pasientane eller pårørande har kjend seg støytt over det.

Må ta til motmæle
– Det har me ikkje fått attendemeldingar om, seier dei to, som absolutt ikkje vil stå fram med namn i media av frykt for å gjera arbeidssituasjonen sin verre.

Kommunikasjonen oppover i systemet er av den typen som frontar frykt framfor trivsel, og dei to tilsette Sogn Avis har snakka med, seier dei rett og slett ikkje orkar den belastninga opp att på arbeidsoppgåvene.

Les meir om sjukepleiarane sine frustrasjonar i papirutgåva av Sogn Avis måndag.

• Les noko av saka i Sogn Avis på nett ved å klikke her eller på overskrifta

fredag 11. september 2009

Om sørgebånd og ledelsen i Helse Førde og media

Jeg sitter med en virkelig ekkel følelse etter den siste tidens oppslag i media om de såkalte "aksjoner" der sykepleiere skal ha brukt sørgebånd på jobb for å markere motstand mot omleggingene av overvåkningen i Lærdal.

Hva er realiteten? Jeg har spurt meg for, og ingen ansatte på Lærdal sjukehus kjenner til noen "aksjon". En eller to sykepleiere skal ha hatt et smalt svart bånd rundt armen i noen timer den dagen overvåkingen var nedlagt. Altså ikke engang et reelt sørgebånd. Ingen aksjon, bare noen timers uttrykk for frustrasjon.

Man kan sikkert stille spørsmål om det var klokt. Men på bakgrunn av at personalet ærlig og redelig reagerer sterkt på at OVOP (kombinert overvåkning og oppvåkning, en av sykehusets juveler) blir nedlagt, synes jeg det langt på vei er forståelig. Jeg har ikke hørt om at noen pasienter skulle ha reagert. Jeg vil tro de fleste pasienter er takknemlige for sykepleiernes sterke faglige engasjement.

Media finner frem krigstypene og svinger pisken. Pasientombud og helsetilsyn hentes frem. Man roper om sykepleiernes etiske ansvar, mens hva som er årsaken til frustrasjonen kommer stadig lenger i bakgrunnen. Ingen setter søkelys på Helse Førdes etiske ansvar når de vedtar å bygge ned tilbudet til pasientene …

Hvem har interesse av at dette presenteres som en "aksjon" innenfor sykehusets vegger? Hvem har interesse av å skape et negativt inntrykk av sykepleierne på overvåkingen?

Hvordan har det seg at en ansatt med lederansvar på sykehuset bekrefter til media at vedkommende har sett det, men nekter å si noe mer? Hvis en leder har sett det, hvorfor har vedkommende ikke satt en umiddelbar stopper for det? Og hvorfor vil vedkommende tilsynelatende bidra til å skape et svært overdimensjonert bilde av hva som har skjedd?


Jeg er faktisk begynt å stille meg selv spørsmålet om sørgebåndopplysningene er gitt til media som en del av den interne kampen i Helse Førde? Det er jo ikke mer enn et par uker siden ledelsen i Helse Førde gav media inntrykk av at sykepleierne ved overvåkingen hadde en organisert sykemeldingsaksjon. Mens realiteten var at én eneste sykepleier brått ble sykemeldt etter et uhell. Tankene går også tilbake til "drittpakken" som ortoped Jellestad ble utsatt for. Dette gjør meg faktisk mer til bekymret enn at noen har brutt uniformsreglementet noen timer …

Her er lenker til noen oppslag om saken. Den kritiske leser kan selv se hvor lite grunnlag det er for sensasjonsoppslagene.

NRK Sogn og Fjordane: Jobbar 21 timer i strekk

NRK Sogn og Fjordane: Sjukepleiarar med sørgjeband

NRK Sogn og Fjordane: Uakseptabelt og uetisk

Sogn Avis: Med sørgjeband på jobb

Firda: Gjekk med sørgjeband på jobb

Fjordabladet: Ei heilt grei markering

tirsdag 8. september 2009

Sogn Avis kommenterer utspel om Aurlandsambulansen: Seint, men godt nok frå Bremer?

SOGN AVIS, LEIAR SKRIVEN AV JAN INGE FARDAL

Det nærmar seg val, og Arbeiderpartiet har dårlege meiningsmålingar her i fylket. Det er på dette bakteppet at partiet sin andrekandidat, Tor Bremer sitt utspel i Sogn Avis laurdag må vurderast. Då gjekk Bremer ut og bad styret i Helse Førde og partikamerat Clara Øberg syta for at det snarast kjem på plass att ein døgnambulanse i Aurland.

Det er mange dagar sidan Ap-veteran Harald Sjursen i Aurland var ute og truga med å lata vera å stemma på partiet i haust. Aurland Ap har dempa valkampen ned til eit minimum i år. Slik sett kjem Tor Bremers klare støtte til kravet frå aurlendingane kanskje i seinaste laget. Og det er liten tvil om at Bremer Ap treng kvar einaste røyst dei kan frå i Aurland om andremandatet skal sikrast neste måndag.

I meiningsmålinga som Sentio gjennomførte for Sogn Avis, Firda og Firdaposten sist veke, var det mest dødt løp mellom Ap og Sp om det 4. mandatet frå Sogn og Fjordane. Og skulle partikameratane til Bremer i Aurland, som stilte skikkeleg opp for Ap for fire år sidan, gjera alvor av trugsmåla sine, kan Bremer sin plass på Løvebakken hengja i ein svært tynn tråd.

Det var med andre ord på høg tid at han reagerte på aurlendingane sitt urokkelege krav om døgnambulanse. Me er nokså trygge på at folk i Aurland – både Ap-tilhengjarar og andre – set pris på Tor Bremers klokkeklare utspel, sjølv om han altså har brukt vel lang tid på å koma ut med det.

Elles er me heilt på linje med Tor Bremers grunngjeving for å stasjonera ein døgnambulanse i kommunen, som ligg mellom fleire av dei lengste og farlegaste tunnelane i landet. Også argumentet med den dramatiske folketalsveksten sommarhalvåret har vore løfta fram før. Det er i det heile ikkje mange nye moment i Bremers støtte.

Samstundes er det ikkje til å stikka under stol at Bremers adressat i denne saka er ein annan sentral Ap-medlem i fylket, Clara Øberg. Ho hevar seg over valkampen og seier ho ikkje kan forstå kritikken mot føretaksstyret frå Bremer. Øberg peika på at det må vera langt meir fruktbare måtar å løysa dette problemet på.

Og sjølvsagt er det. Men det må først og fremst vera Helse Førde sitt ansvar å leggja forholda til rette for å rekruttera fagleg kapable mannskap til ein døgnambulanse. Me kan ikkje sjå at helseføretaket så langt har gjort nok og i så måte treff Bremer med sin kritikk. Så trur me at dersom Øberg kjenner etter i valkampmuskelen sin, så vil ho skjøna partikameraten sitt frieri til den viktige Ap-kommunen Aurland.

Det er berre jakta på stemmer som er forklaringa på at Tor Bremer hakka laus på styret i helseføretaket og partikamerat Øberg i Sogn Avis laurdag. Først måndag 14. kjem svaret på om Bremers utspel kom tidsnok og var godt nok. Det går nok lenger tid før ein døgnambulanse er på plass…

• Les leiaren på Sogn Avis sine nettsider ved å klikke her eller på overskrifta

mandag 7. september 2009

Fagforbundet/NRK Sogn og Fjordane: Valmøte i Førde 8. september med Jan Davidsen som innleiar

Stad: Førdehuset, festsalen
Tidspunkt: tirsdag 08. september 2009 kl 18.00 - kl 21.00
Kontaktinfo: Solveig Norevik
Telefon: 991 01 922
Epost: Solveig.Norevik@fagforbundet.no
Arr.: Fagforbundet avd 283 Førde, Fagforbundet Sogn og Fjordane med NRK Sogn og Fjordane som medspelar.

Alle parti har gitt tilbakemelding om å delta, bortsett frå: Kystpartiet, Demokratane og Miljøpartiet De Grønne.

Etter opning av paneldebatten v/fylkesleiar tenkjer vi oss at leiar i Fagforbundet Jan Davidsen har eit innlegg som skapar grunnlaget for debatten. Kven som blir ordstyrar frå NRK er ikkje avklåra enno, står det på Fagforbundet sine sider. Men møtet er annonsert i avisa med NRK-veteranen Eldgrim Fossheim som møteleiar.

Debatten blir omkring:
- Velferdsstaten/velferdsordningar
- Framtida til offentleg sektor
- Sjukehuspolitikk/helsepolitikk/skulepolitikk
- Industri-, nærings-, kraft- og eigedomspolitikken.
- Samferdsel
- Korleis legge til rette slik at fleire av ungdomane får tilknyting, utdanning, og utfordrande arbeidsplassar som gjer at dei vel å bli værande i eige fylke.


• Les om valmøtet på Fagforbundet sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Navarsete: - Helse Vest får 245 millionar kroner ekstra frå 2010


NRK SOGN OG FJORDANE Helse Vest får 245 millionar kroner ekstra i budsjettet for 2010. Det lovar senterpartileiar Liv Signe Navarsete.

Vil jamne ut forskjellar
Regjeringa vil løyve ekstramidlar til Helse Vest, Helse Midt og Helse Nord for å jamne ut forskjellar mellom helseføretaka i landet.

Av dette vil Helse Vest få 245 millionar, pengar som kjem i tillegg til venta rammevekst og det ordinære budsjettet.

Pengar til Helse Førde
Senterpartileiaren meiner ekstraløyvinga også vil komme Helse Førde til gode.
- Dette vil vere med og styrkje også Helse Førde sin økonomi, seier Navarsete.

Helse Førde slit med eit underskot på over 100 millionar kroner.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

søndag 6. september 2009

Sjukepleiarleiar varslar bemanningskrise


SOGN AVIS – Helse Førde kan stå overfor ei stor bemanningskrise dersom ikkje Jon Bolstad og Co snart tek ansvar for dei tilsette sin arbeidssituasjon, hevdar fylkesleiaren i Norsk Sjukepleiarforbund, Oddgeir Lunde.

Det er i eit lesarbrev fylkesleiar Oddgeir Lunde går i strupen på leiinga i Helse Førde. I eit intervju med Sogn Avis utdjupar han bakgrunnen for den beiske kritikken han kjem med etter å ha vore med på eit medlemsmøte for sjukepleiarane på Lærdal sjukehus onsdag kveld.
– Men dette handlar ikkje berre om Lærdal, eg har nyss vore på rundtur i heile helseføretaket, signala er eintydige over alt, hevdar Lunde.

Fylkesleiaren peikar på at forbundet sine medlemmer i Lærdal står på natt og dag for at pasientar og pårørande skal få eit godt fagleg tilbod, og at sjukepleiarane prøver etter beste evne å godta krav, direktiv og pålegg frå administrasjonen i Helse Førde.

Når det gjeld omlegging av drift og lovleg fatta vedtak, følgjer sjukepleiarane dei pålegg dei får. Sjukepleiarar beskriv ein arbeidssituasjon som nærmar seg det ein kan kalle kaos og rot. Klinikkdirektør ved medisinsk klinikk i Helse Førde får kritikk for manglande informasjon og tilrettelegging ved stadige omorganiseringar. Fråvær av vaktberedskap på grunn av at ein sjukepleiar vart sjukmeld etter eit uhell kan ikkje kallast for noko anna enn dårleg planlegging og alt for låg bemanning ved Lærdal sjukehus. Det at media har fokusert på planlagd «aksjon» ved Lærdal sjukehus har påført den uheldige sjukepleiaren og arbeidskollegaer ei unødig belastning. Dei er med urette vorte hengt ut som dårlege arbeidstakarar», skriv Lunde.

Ni vurderer å gå
– Det dramatiske er at stadig fleire no seier at dei vil slutta, i Lærdal er det ni av våre medlemmar som vurderer dette, seier Lunde. Han har teke imot liknande signal både frå Nordfjordeid og frå Førde.

«Sjukepleiarane sin arbeidssituasjon i Helse Førde er mange stader kritikkverdig og ikkje i samsvar med arbeidsmiljølova. Hald kjeft og jobb er mange stader omkvedet. Dette må det verte slutt på», skriv han i innlegget. Dersom ikkje Jon Bolstad og co snart tek ansvar for dei tilsette sin arbeidssituasjon både i Lærdal, Eid og ikkje minst ved Førde Sentralsjukehus står føretaket snart overfor ei stor bemanningskrise.

– Me har aldri før opplevd så stor kollektiv frustrasjon, motlause og resignasjon på situasjonen i Helse Førde, seier Lunde.
– Årsaka til dette er både den stramme økonomien som resulterer ei rovdrift på tilsette, men også at det har fått utvikla seg ein kultur i helseføretaket som ikkje er bra, seier Lunde. Han vonar politikarar, fylkeslegen, styret og administrasjon i Helse Førde no tek situasjonen ta på alvor.
– Men det som er trist, er at eg trur ikkje dei bryr seg, seier Oddgeir Lunde.

Overraska
Administrenande direktør i helse Førde, Jon Bolstad, er overraska over kritikken.
– Me har regelmessige møte med våre tillitsvalde, også frå sjukepleiarforbundet. Eg har ikkje høyrt eitt pip om noko som liknar på tilhøva Oddgeir Lunde beskriv, seier Bolstad.
– Viss dette var korrekt reknar eg med at dei tillitsvalde hadde kome til meg med det. Og kvifor går Lunde til media framfor til meg, som kan gjera noko med dette? spør direktøren som meiner kritikken er uforståeleg og urettvis.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Nå er det nok


UKEAVISEN LEDELSE Det er en farlig utvikling, som må stoppes, sier NHH-professor William Brochs-Haukedal om systemene sykehusene styres etter. Han mener de tar fra de ansatte interessen for det arbeidet de utfører, og gjør sykehusene til upopulære steder å jobbe. Han får følge av andre eksperter i kritikken.


Han er ekspert på ledelse og mener at New Public Management (NPM), som er fagbenevnelsen på de prinsippene sykehusene styres etter, fører til de alvorligste frustrasjonene blant de ansatte. Det er etter hans mening et upersonlig og autoritært system av budsjetter, rutiner og mål, som tar fra de ansatte motivasjon og arbeidsglede.

Livskvaliteten
– NPM har for lengst inntatt virksomheter i offentlig sektor med sin resultatstyring, bonusordninger og logistikkbasert planlegging. I norsk helsevesen, for eksempel, går frustrasjonene mest på at kostnader ser ut til å ha blitt viktigere enn medisinfaget og livskvaliteten til pasientene, sier Brochs-Haukedal.

Han mener at toppledelse og eiere av offentlige virksomheter har blitt veldig kortsiktige med hensyn til resultater, mens det på et område som medisin burde bli tatt langt mer hensyn til faget i seg selv, og hensynet til pasientenes livskvalitet.

Håndverkeren
Før hadde leger, sykepleiere og mange andre grupper i offentlig sektor, som for eksempel lærere, en håndverkerholdning til sine fag og sitt arbeid. Den er så godt som helt borte i dag. Bruken av styringsparametrene i NPM gjennom ti-femten år har fratatt disse gruppene denne holdningen. Fokuset er alltid økonomisk. Det måles kroner, ikke smil, så å si.

– Det er ikke merkelig at folk ikke vil arbeide under slike forhold. Det er ikke merkelig at sykefraværet i sektoren er høyt, fortsetter han.

• Les saken i Ukeavisen Ledelse ved å klikke her eller på overskriften

lørdag 5. september 2009

- Dårleg planlegging og for låg bemanning



FJORDABLADET – Norsk Sykepleierforbund (NSF) i Sogn og Fjordane har aldri før opplevd så stor kollektiv frustrasjon, motløyse og resignasjon på situasjonen i Helse Førde.
Dette skriv Oddgeir Lunde, fylkesleiar NSF Sogn og Fjordane, i ein kommentar til situasjonen som oppstod ved Lærdal sjukehus onsdag.

– NSF Sogn og Fjordane sine medlemmar ved Lærdal sjukehus står på natt og dag for at pasientar og pårørande skal få eit godt fagleg tilbod. Sjukepleiarane prøver etter beste evne å etterkomme krav, direktiv og pålegg frå administrasjonen i Helse Førde. Når det gjeld omlegging av drift og lovleg fatta vedtak, følgjer sjukepleiarane dei pålegg dei får. Sjukepleiarar ved Lærdal sjukehus beskriv ein arbeidssituasjon som nærmar seg det ein kan kalle kaos og rot. Klinikkdirektør ved medisinsk klinikk i Helse Førde får kritikk for manglande informasjon og tilrettelegging ved stadige omorganiseringar. Fråvær av vaktberedskap på grunn av at ein sjukepleiar vart sjukmeld etter eit uhell, kan ikkje kallast for noko anna enn dårleg planlegging og alt for låg bemanning ved Lærdal sjukehus, skriv Lunde.

Frustrasjon
Lunde peikar vidare på at når media har fokusert på planlagd «aksjon» ved Lærdal sjukehus, så har det påført den uheldige sjukepleiaren og arbeidskollegaer ei unødig belastning.
– Dei er med urette vorte hengt ut som dårlege arbeidstakarar. NSF sine medlemmer set pasienten si velferd og helbred først. Sjukepleiarane sin arbeidssituasjon i Helse Førde er mange stader kritikkverdig og ikkje i samsvar med arbeidsmiljølova. Hald kjeft og jobb er mange stader omkvedet. Dette må det verte slutt på. Lærdal sjukehus sine tilsette sjukepleiarar sitt varsko kan gjelde i heile Helse Førde. Dersom ikkje Jon Bolstad og co snart tek ansvar for dei tilsette sin arbeidssituasjon både i Lærdal, Eid og ikkje minst ved Førde Sentralsjukehus står føretaket snart overfor ei stor bemanningskrise. NSF har aldri før opplevd så stor kollektiv frustrasjon, motlause og resignasjon på situasjonen i Helse Førde. Dette må politikarar, fylkeslegen, styret og administrasjon i Helse Førde ta på alvor. Det som er trist, er at eg trur ikkje dei bryr seg, skriv Oddgeir Lunde.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

torsdag 3. september 2009

Helsepolitisk debatt i Vestlandsrevyen (fra Stord sjukehus)


NRK VESTLANDSREVYEN Hordalandspolitikerne er enige om at Stord sykehus og andre lokalsykehus skal bestå. Men hvordan eldreomsorgen skal styrkes er det delte meninger om.

– For få omsorgsboliger
– Vi har for få hender og for få plasser, slår Arbeiderpartiets Dag Ole Teigen fast.

Verken de borgerlige eller Rødts partileder var fornøyd.
– Hovedansvaret ligger ikke på kommunene, men på Stortinget. Dette er en sektor hvor det er nødvendig å øremerke midler. Og det må satses på mer utdanning, mener Torstein Dahle.

KrFs Laila Dåvøy mener regjeringen bygger for få sykehjem og omsorgsboliger:
– Det ble sendt 5000 søknader om å bygge omsorgsboliger i 2008. Regjeringen kan kun tilsagn til 1000 av dem. Det er for lite, sier Dåvøy.
– Vi øremerker midler til dette og i år har vi gitt midler til 2500 boliger, svarte Hordaland Ap sin helsepolitiker på Stortinget Dag Ole Teigen.

• Sjå debatten og les meir om helsepolitikk framfor valet på NRK Hordalands sider ved å klikke her eller på overskrifta

onsdag 2. september 2009

Ordførar om Helse Førde: Inkompetanse og arroganse


PORTEN.NO Ordførar Arne Sanden gir administrasjonen og styreleiinga i Helse Førde det glatte lag etter at overvakingsavdelinga på Lærdal sjukehus tysdag vart stengd på kort varsel.

Ordninga med ny turnus for OVOP avdeling Lærdal sjukehus skulle gjennomførast frå tysdag 1. september. Ein felles turnus for overvaking og medisinsk avdeling var etter det Porten.no kjenner til klar for 14 dagar sidan. Men allereie fyrste dagen skar opplegget seg, for ut på ettermiddagen tysdag kom det beskjed frå Helse Førde til avdelinga i Lærdal at denne måtte stengast, og eventuelle akuttpasientar sendast til sjukehuset i Førde.

Hårreisande
Administrasjonen i Helse Førde skulda på sjukemeldingar, at dette var grunnen til stenging. Ordførar Arne Sanden mildt sagt oppgjedd over det som har skjedd.

-Helseføretaket har jo bestemt seg for eit opplegg, og planlagt denne overgangen over lang tid. Så har dei ikkje nødvendig personale på plass for å drifte avdelinga, og må av den grunn stenge. Det er vel fyrste gongen sidan OVOP vart teken i bruk at dette har skjedd, seier Sanden. Og held fram:

-Helse Førde skuldar på sjukmeldingar, men det som er tilfelle er at ein av dei to sjukemelde har vore vekke lenge, og den andre vart sjukmeld etter at beskjeden om stenginga vart gitt til avdelinga tysdag ettermiddag. Det er altså ikkje snakk om nokon aksjon frå dei tilsette i samband med omorganiseringa i fall nokon skulle tru det. At føretaket i vel å stenge akutten her i Lærdal under slike vertilhøve er hårreisande, seier Sanden.

Han meiner å stenge akuttmottaket på denne måten, skulde på sjukmeldingar handlar om manglande kompetanse hjå leiinga.
- Her snublar dei grovt fyrste dagen dei skal setje i gang den nye ordninga, eg meiner både administrasjonen og styreleiar i helseføretaket bør ha rimeleg flau smak i munnen, seier Sanden. Han har og opplysningar om at det har vore "hol" i den nye turnusen lenge, noko dei ansvarlege burde visst om. Etter det Porten.no kjenner til har dei tilsette ved medisink avdeling heller ikkje fått opplæring i å ta vakter på OVOP avdelinga.

Ein harm ordførar er klar klinkande klar på at viss det er slik usikkerheit kring denne tenesta, så aktar han å ta problema direkte opp med helsedepartementet.

Arroganse
Ordføraren i Lærdal er og mektig lei det han kallar arroganse frå Helse Førde si side.
-Ikkje minst gjeld dette styreleiar. Me må jo stadig påpeika og presisere ulike ting kring sjukehuset vårt. Det virkar nesten som leiinga i helseføretaket trur me gjer dette moro skuld, men det er jo ikkje difor. Eg meiner dei bør ta oss litt meir på alvor, seier ein nokså forbanna ordførar i Lærdal, Arne Sanden.

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Pasient med erfaring frå overvakinga uttalar seg


DEBATTINNLEGG I SOGN AVIS 2. SEPTEMBER 2009:

"Endringa som er føreslegen består i å flytta overvakinga over gangen til det mest støyande område på huset, og utan einerom, dette til dei sjukaste av dei sjuke."

"Det vert hevda at hjartepasientar skal vidaresendast, men det er avhengig av vær og at flygarane har arbeidstid att."

"Underteikna er tidlegare pasient ved den gamle overvakinga, der var det seks senger med forheng mellom. Når ein ligg med infarkt og svære smerter, og må fylja med på kampen på den andre sida av førehenget med hjartestartar, er det lite beroligande for å seia det mildt.
Det kom ny overvakingsavdeing, med einerom, stilt og roleg og ein hadde berre eigne problem å stri med.
Det som no er planlagt er difor eit stort steg attende og eit behandlingstilbod som ikkje er dei sjukaste av dei sjuke verdig."

Om å spara seg til fant

LESARBREV FRÅ TIDL. OVERSJUKEPLEIAR FOR OVERVÅKINGA, ÅGE W. BØYUM

Frå 1. september i år er det planlagd at overvakings- og oppvakingsavdelinga (OVOP) ved Lærdal sjukehus skal leggast ned. Funksjonane som tidlegare vert ivareteke av OVOP skal splittast mellom avdeling for akuttmedisin (AAM) og Medisinsk avdeling (Med.) Personell ved AAM skal ta seg av postoperativ overvaking av nyleg opererte pasientar i lokale som i dag er ved OVOP. Det tidlegare personalet ved OVOP skal ta seg av medisinsk overvaking av medisinske pasientar ( t.d. pasientar med pustevanskar, hjertesvikt, eller forgiftingar) på Med. Dette medfører noko ombygging ved og flytting av medisin-teknisk utstyr til Med . Årsaka til omlegginga er økonomiske, ein forventar ei innsparing ved å legge ned OVOP.

OVOP er ei etter tilhøva ei ny avdeling , den vart oppretta i 1999. Årsaka var at tilhøva for pasientar som trong overvaking i samband med alvorleg sjukdom , eller oppvaking etter operasjon , var utilstrekkeleg. Legar og sjukepleiarar planla ei avdeling som kunne stetta moderne krav til overvaking, akuttbehandling, utrustning og personalsamansetting.
Som ved dei fleste mindre sjukehus kom ein fram til at ein skulle samla pasientane med særskilde behov for overvaking eller stabiliserande behandling ved ei avdeling. Ei avdeling, ved Lærdal nemnd OVOP, der pasientane vert lagt på grunn av overvakingsbehov eller behov for stabilisering før vidaresending til høgare behandlingsnivå. Ei slik organisering av sjukehustenester for dei dårlegaste pasientane er grunnlaget for oppretting av overvakings-og intensivavdelingar generelt , og i tråd med faglege retningsliner.

Ved OVOP har ein i tillegg hatt akuttmottak for dårlege pasientar og ansvaret for Legevaktsentralen på natta, noko som ytterlegare har auka fleksibiliteten og utnytting av personalet sine kunnskapar og ferdighetar.
Som tidlegare oversjukepleiar for OVOP gjennom sju år har eg hatt stor glede av å arbeide med fagleg engasjerte, dyktige og høgt ansvarsmedvetne sjukpleiarar. Avdelinga har hatt ein stabilitet bland personalet som er sjeldan i spesialisthelsetenesta. Sjukepleiarane og spesialsjukepleiarane ved OVOP mistar ikkje arbeidet ved den planlagde omorganiseringa, men den faglege kapasiteten deira vert ikkje utnytta.

Ein er klar over at Helse Førde har krav om innsparing hengande over seg, og at leiing på alle nivå er pålagde å finna løysingar for å skjære ned. Oppgåver ved sjukehuset har og blitt noko endra, det gjeld både i høve til medisinske og kirurgiske pasientar, men det skal framleis vera akuttberedskap ved sjukehuset. På eit lite sjukehus meiner eg det er mest rasjonelt å samla kapasiteten og ressursane i høve pasientar med behov for overvaking ein stad. Pasientane treng OVOP! Never change a winning team

Lærdal 03.08.09
Åge Wiberg Bøyum

Har ikkje vakter til akuttmedisin


Sidan tysdag har sjukehuset i Lærdal ikkje teke inn akuttmedisinske pasientar: Omorganiseringa ved sjukehuset har ikkje nok folk til å ta vaktene.

- Eg hadde ikkje trudd det var mogleg at ein slik situasjon kunne oppstå. Eg manglar ord for å seie kva eg føler, seier lokalsjukehusforkjempar Bente Øien Hauge.

Skulle bli betre
Omorganiseringa av sjukehuset skulle gjere at vaktplanane vart meir robuste enn tidlegare. Men allereie første dagen måtte sjukehuset sende akuttmedisinske pasientar til Førde, fordi dei på grunn av sjukdom ikkje klarer å fylle vaktlistene.

Direktør Arve Varden ved medisinisk klinikk i Helse Førde avviser kritikken, og meiner situasjonen er udramatisk.
- Eg kan ikkje meine noko om at det har blitt sjukemeldingar. Vi meiner at vi sikrar pasientane våre eit best mogleg medisinisk tilbod ved å organisere tenestene våre på denne måten, seier han.

- Ikkje godt nok
Bente Øien Hauge slår seg likevel ikkje til ro med svaret frå Helse Førde. Ho er rysta over situasjonen som har oppstått ved sjukehuset i Lærdal.
- Det er overhodet ikkje godt nok. Helse Førde har ansvar for å organisere sjukehuset slik at det kan halde ope. Det er no openberrt at Helse Førde ikkje har klart det, meiner Øien Hauge.

- Det er eg ikkje samd i. Vi er i startgropa på dette. Når det har fått sett seg, og vi har fått organiseringa heilt på plass, så meiner vi at vi har ein meir robust organisasjon, repliserer Varden.
Han meiner omorganiseringa til slutt skal bli til det beste for pasientane.

• Les saka og kommentarane på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Stengt for mottak av medisinske akuttpasienter ved Lærdal sjukehus

I går ettermiddag og natt til i dag tok Lærdal sjukehus ikke i mot pasienter som skulle til medisinsk overvåkning. Overvåkningen var stengt på grunn av bemanningsproblemer.

Det vil si at pasienter med hjerteinfarkt, akutte lungeproblemer o.l. ikke kunne få hjelp lokalt og var avhengig av transport til Førde sentralsjukehus.

Helse Førdes nye bemanningsplan, med en overvåkning lokalisert på to steder i steden for en felles enhet, skulle være mer robust. Vi ser allerede at det ikke er slik. Ingen i Helse Førde kan garantere at ikke denne situasjonen vil oppstå igjen.

I går var veien til Voss sjukehus stengt av ras. Store deler av ettermiddagen og kvelden hang skodden tungt mellom fjellene her i Lærdal og umuliggjorde helikoptertransport. Og på nettet kunne vi lese at det var vann i veien i Fjærland, men at veien var åpen. Med de regnmengdene som kom i går, måtte en være forberedt på at også veien til Førde kunne bli stengt, f.eks. ved ras i Kjøsnesfjorden.

Det er på tvers av alle faglige og politiske retningslinjer at en ikke skal ha akuttmedisinsk beredskap på lokalsykehusene. (Striden står om kirurgisk akuttberedskap, som er noe annet.) Situasjonen er totalt uakseptabel for befolkningen i Sogneregionen. Og det er ledelsen i Helse Førde som har ansvaret.