fredag 28. november 2008

Tek i bruk nye ambulansar


FIRDA Fem nye ambulansar blir fordelt over heile fylket.

Bilane Helse Førde tek i bruk i desse dagar, erstattar slitne ambulansar med lang tenestetid.
– Både komforten for pasientane og arbeidssituasjonen for dei tilsette skal no bli vesentleg betre, opplyser ambulansesjef Stian Sægrov.

Stasjonane som får nye bilar i denne omgang er Stryn (2 bilar), Gulen (2) og Lærdal. I Selje blir den gamle ambulansen skifta ut med ein nyare modell.

Ny tobåreambulanse
Før årsskiftet tek ambulansetenesta også i bruk ei ny tobåreambulanse som primært vil køyre overflyttingsoppdrag mellom Førde sentralsjukehus og Haukeland universitetssykehus. Dette gir rom for omdisponeringar som fører til at det i Nordfjord blir to tobåreambulansar tilgjengeleg over nyåret, opplyser Helse Førde i ei pressemelding.

• Les saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta

torsdag 27. november 2008

Helse Førde må halvere investeringane


FIRDA Helseføretaket vil berre ha råd til halvparten av dei planlagde nyinvesteringane dei neste fem åra.

Dette kom fram då administrasjonen orientere om økonomisituasjonen og budsjettutsiktene under styremøtet torsdag.

Den varsla innstramminga kjem som følgje av at Helse Førde no er på veg mot ein budsjettsprekk på rundt 68 mill kroner, i det året der økonomien skulle bringast under kontroll.

Ekstra trongt
Budsjettet det no blir lagt opp til, vil ikkje gi rom for nyinvesteringar før mot slutten av 2010. Disponible midlar i 2009 og deler av 2010 vil måtte brukast til å gjere opp for investeringar som allereie er iverksette.

• Les heile saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta

Sjukehusaksjonen kom seg ikkje til Førde

Representantar for Forsvar Lærdal sjukehus hadde planlagt å vere tilhøyrarar på styremøtet i Helse Førde torsdag 27. november.
På grunn av rasa i Kjøsnesfjorden vart turen vår til Førde avlyst.

Neste styremøte er budsjettmøtet 18. desember.

Nordfjord: - Fryktar nye ortopedikutt


FJORDABLADET - Vi fryktar at ortopedisk avdeling ved Nordfjord sjukehus blir sitjande att med berre kikholskirurgi. Vi tolkar dei mange signala om mogelege kutt som eit kraftig varsku om at det er ei kjempeomlegging på gang, og at sjukehuset vert nedlagt bit for bit, varslar plasstillitsvald for sjukepleiarane ved Nordfjord sjukehus, Martha Kjøllesdal.

Kjøllesdal viser til at Helse Førde-styret i juni gjorde vedtak om at akuttortopedi som treng anestesi skulle overførast til Førde. For få veker sidan fekk dei på bordet forslag som innebar at overvakingsavdelinga og røntgenlegen vart vurdert fjerna. No blir det sagt at røntgenlegen er trygg og at OVA blir lagt på vent, men ein skal likevel utgreie konsekvensane av ei nedlegging av OVA. Det har vore sagt at ortopediplanen ligg fast, men det kjem likevel framleis signal om at det på sikt berre skal vere scopisk kirurgi (kikholskirurgi) ved Nordfjord sjukehus.

- Det siste er det hittil sterkaste åtaket på sjukehuset. Ortopedien ein av dei sterkaste grunnpilarane, seier Kjøllesdal, som fryktar at dette kan bli eit så sterkt slag at sjukehuset blir liggjande med broten rygg og ikkje lenger kan kallast eit sjukehus.

- Vi får ikkje fred. Stadige utspel om nye omleggingar ved sjukehuset gjer det svært vanskeleg å jobbe her, og vi fryktar spesialistflukt, seier Martha Kjøllesdal.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

onsdag 26. november 2008

Neste styremøte: 27. november


Neste styremøte i Helse Førde er torsdag 27. november, i Førde.

• Sakliste og -papir vert lagt ut på Helse Førde sine sider om lag ei veke før møtet. Klikk her for å komme til møteplan og sakspapir for Helse Førde.

mandag 24. november 2008

Lærdal: Stor auke i proteseoperasjonar


PORTEN Før året er omme vil dei tre ortopedane ved klinikken i Lærdal ha utført nærare 1300 operasjonar.

800 av desse er større operasjonar på inneliggjande pasientar, i hovudsak knytt til kne- og hofteprotesar, melder Helse Førde. Seksjonsoverlege Truls Jellestad seier dei til no har ein samla auke på 150 operasjonar, og at brorparten av desse gjeld protesar.

Den kraftige auken forklarar han med at dei er blitt meir effektive, og ikkje minst at estlendaren Prit Arro kom til Lærdal for to år sidan. -Arro har no kome skikkeleg i gang, og har etterkvart blitt veldig god på kneproteseinngrep. Han er blitt ein flott ressurs for oss, seier Jellestad.


Auke kvart år
Sidan oppstarten i 2004 har Ortopedisk seksjon i Lærdal auka aktiviteten kvart einaste år, og Jellestad trur ikkje toppen er nådd enno. Seksjonsoverlegen seier dei i dag greier to proteseoperasjonar kvar dag, og at dei gjennom eit forbetringsprogram har tru å at dette kan aukast til tre. Føresetnaden for å få dette til er betre intern logistikk, mellom anna kan tida mellom to operasjonar bli kortare, dernest kan ein kanskje utnytte dagen betre ved å starte tidlegare.

Stor pågang
Pågangen til klinikken i Lærdal er svært stor, dei fleste pasientane kjem frå Hordaland, men det er også mange som kjem frå andre deler av landet. Jellestad trur ikkje dette er på grunn av kort ventetid, for den er ikkje spesielt kort i Lærdal.

-Med ca. 3 mnd. ventetid ligg me vel om lag midt på treet, så me vel å tru at det er kvaliteten som gjer oss attraktive. Og det er viktig, spesielt for eit så lite sjukehus som Lærdal. Det er viktig at me greier å finne vår veg, seier Jellestad til Helse Førde si nettside.

tirsdag 18. november 2008

Sterke protestar mot psykiatrirapport

NRK SOGN OG FJORDANE Tilsette ved psykiatrisk poliklinikk i Florø er provoserte over at klinikken skal flyttast til Førde.

I følgje utgreiingsrapporten om psykisk helsevern som er laga for Helse Førde, bør psykiatrisk poliklinikk slåast saman. Sosionom Marit Melvær Berge i Florø ser ingen gode argument for flyttinga.
- Eg er for det første provosert over at dei har konkludert utan at vi har vore kontakta undervegs i prosessen. Og syns og det er merkeleg å gå inn for å leggje ned ein velfungerande poliklinikk, seier ho.

Kan spare 17,2 millionar
For dei tilsette ved psykiatrisk poliklinikk i Florø har rapporten om psykisk helsevern reist fleire spørsmål enn den har gjeve svar. Etter bestilling frå Helse Førde har ei prosjektgruppe kome med sitt forslag til korleis psykiatrien skal organiserast i Sunnfjord og Ytre Sogn i tida framover. Rapporten konkluderer med at det kan sparast 17,2 millionar kroner ved fleire tiltak. Men planen møter sterk motstand.

- Vanskeleg for pasientane
- Det krev mykje å reise til behandling i Førde når du må gå kanskje ein gong i veka, eller over lang tid. Det betyr at dei som er i arbeid kanskje må ta fri heile dagen. Mange av våre pasientar har det som sitt hovudproblem at dei har vanskar med å bruke offentleg transport og å passere tunnelar. Så eg kan ikkje sjå nokre gode argument for å flytte ein velfungerande poliklinikk, seier Melvær Berge.

Mest provosert er ho og dei andre tilsette i Florø over at dei ikkje har blitt spurt til råds. Men prosjektleiar Trond Aarre meiner det motsette.
- Vi har representantar frå psykiatrisk klinikk i Førde som er dei som driv poliklinikken i Florø, og dermed har klinikken fått gitt sine innspel undervegs, seier han.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Nordfjordrådleiar orienterte Bjarne Håkon Hanssen


FJORDABLADET Førre veke var Nordfjordrådleiar Sonja Edvardsen (Ap) i møte med helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen (Ap). Ho orienterte statsråden om stoda ved Nordfjord sjukehus og om regionrådet sitt arbeid i forhold til ortopedivedtaket.

Sonja Edvardsen var på KS-konferanse der samhandling innan helsesektoren var tema. Der var også helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen, og leiaren i Nordfjordrådet fekk eit møte med Hanssen der ho fekk presentere Nordfjord sjukehus og leggje fram situasjonen i samband med ortopedivedtaket og det arbeidet som Nordfjordrådet har gjort.
- Eg la vekt på at Nordfjordrådet sitt engasjement er basert på faglege innspel frå kommunelegane i regionen og legane ved sjukehuset, seier Edvardsen.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

mandag 17. november 2008

Rapport meiner det var rett å senda 84-åring frå Nordfjord til Førde

FJORDABLADET Ei ekstern faggruppe meiner det var riktig at ei 84 år gamal kvinne frå Eid vart frakta til Førde sentralsjukehus for operasjon.

• Les saka og rapporten frå faggruppa i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

søndag 16. november 2008

Helse Førde: 24 akuttpasientar til sentralsjukehuset på seks veker


Frå lokalsjukehusområdet til Nordfjord vart det sendt 11 pasientar for operasjon ved Sentralsjukehuset i Førde dei seks fyrste vekene av ortopedivedtaket.
- Det er færre enn vi rekna med i planleggingsfasen, skriv Breidablik i ein rapport til Helsetilsynet.

Fylkeslegen kravde vurdering
Etter fleire medieoppslag om pasientar som måtte reise med brotskader til Sentralsjukehuset i staden for behandling ved Nordfjord sjukehus, kravde fylkeslegen vurdering av kapasiteten i Førde.

Men dei fyrste seks vekene i vedtaket har berre 11 pasientar blitt sendt frå Nordfjord til Førde, det skriv Bergens Tidende.
I same tidsrom vart det sendt 13 pasientar frå Lærdal til Førde.

• Les meir på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

fredag 14. november 2008

- Legg ned patologien


NRK SOGN OG FJORDANE Overlege i Nordfjord rettar sparekniven mot sentralsjukehuset.

- Eg har hatt store problem med å forstå motivasjonen bak å ha ei så stor avdeling på eit så lite område som Helse Førde har. Eg ville heller bevara overvakingsavdelinga for dei sjukaste av dei sjuke, seier overlege Henrik Berg ved Nordfjord sjukehus.
Helse Førde kan måtte kutte berre ved medisinsk klinikk åleine med nær 47 millionar kroner.

Omfattande kuttliste
Talet kan verte mindre etter at Helse Førde samla nyleg fekk 40 friske millionar, men spareutfordringa er framleis stor.

Derfor har klinikken utarbeida eit framlegg til kuttliste der står det mellom anna at overvakingsavdelingane ved lokalsjukehusa og røntgenlegane kan verte fjerna. Også røntgentilbodet i Florø kan forsvinne. Som prioritet nummer to står fleire mellom anna å legge ned patologiavdelinga i Førde.
Henrik Berg ved Nordfjord meiner det må vere betre å fjerne ei patologiavdeling som jobbar med å analysere vevsprøver enn å legge ned eller kutte i tilbodet til dei aller sjukaste.

Dårlegare pasienttilbod
- Vi hadde ein veldig god grunn til å få overvakingsavdelinga då vi fekk den for 13-14 år sidan og dei som ligg der er ofte så sjuke at det er vanskeleg å transportere dei vidare til andre som har kapasitet, seier Berg.

Overvakingsavdelingane vart oppretta for snart 15 år sidan for å styrke den faglege kvaliteten. Berg fortel høgt kvalifisert personale med avansert utstyr for å hjelpe dei aller sjukaste.

Berg trur ei nedlegging der akuttpasientar vert behandla ved vanlege avdelingar vil føre til eit dårlegare pasienttilbod.

15 år tilbake
- Denne pasientkategorien treng eit heilt anna tilsyn. Dei treng å vere på ein mindre post med høgt kvalifisert personell. Her må det vere høgteknologisk utstyr som samtlege i personalet må beherske. Når det hastar her, så hastar det verkeleg. Då må det skje fort. Eg har vanskeleg for å forstå at denne avdelinga kan forsvinne. Det ville vere å skru klokka 15 år tilbake, og det er det ingen som aksepterer i dag.

Tidlegare denne veka fortalde tillitsvalde sjukepleiarar at smertegrensa er nådd, og at dei ikkje lenger maktar å yte den hjelpa som dei meiner dei burde gi. Berg meiner at leiinga no har eit ansvar for å finne pengar i staden for å kutte.

• Les resten av saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Foreslår økt bevilgning til de regionale helseforetakene


PRESSEMELDING FRA HELSE- OG OMSORGSDEPARTEMENTET, 14. NOVEMBER 2008:
Regjeringen foreslår å øke basisbevilgningen til de regionale helseforetakene med 500 millioner kroner i 2008. Det går fram av St.prp. nr. 13 (2008-2009) Om endringer i statsbudsjettet for 2008 som regjeringen i dag har lagt fram.

De regionale helseforetakenes prognoser viser et samlet underskudd i 2008 i forhold til eiers resultatkrav på rundt 900 millioner kroner. Det er fortsatt usikkerhet knyttet til prognosen. Likviditeten er gjennom flere år svekket som følge av underskudd og høye pensjonspremieinnbetalinger. De regionale helseforetakene må omstille og effektivisere driften slik at de oppnår økonomisk balanse. Samtidig må de sikres likviditet for å dekke løpende utbetalinger. På bakgrunn av den stramme likviditetssituasjonen og for å lette omstillingsutfordringene for de regionale helseforetakene, foreslås basisbevilgningen økt med 500 millioner kroner i 2008.

Aktiviteten på offentlige poliklinikker innen psykisk helsevern/rusbehandling, laboratorier og radiologi har vært høyere enn budsjettert. Prognosen for 2008 basert på aktivitetstall per september 2008 innebærer at bevilgningen foreslås økt med 95 millioner kroner.

• Les saken på Helse- og omsorgsdepartementets sider ved å klikke her eller på overskriften

onsdag 12. november 2008

Psykiatridirektør: - For tidleg å konkludere



NRK SOGN OG FJORDANE Nedlegginga av Tronvik skal opp på styremøtet til Helse Førde, men direktør for psykiatri, Ole Christian Reusch, meiner utgreiingsarbeidet manglar rusplan.

Utgreiingsarbeidet som er gjort for å avklare om Tronvik bør leggast ned eller ikkje, seier ingenting om rusdelen. Sjølv om han tykkjer gruppa bak utgreiingsarbeidet har gjort ein god jobb, meiner Reusch at det er for tidleg for styret i Helse Førde å fatte eit endeleg vedtak på styremøtet 27.november.

Reusch meiner det ligg eit omfattande arbeid med å greie ut rusdelen att.

Sentralisering einaste rette
Etter planen skulle styret i Helse Førde fatte eit endeleg vedtak om Tronvik på Kyrkjebø i Høyanger skal leggast ned 27.november.

Ei prosjektgruppe, bestilt av Helse Førde, har levert ein rapport der konklusjonen er at instistusjonen må leggast ned. Ei sentralisering til Førde vil vere det einaste rette økonomisk og fagleg, viser rapporten.

Etterlyser risikoanalyse
- Viss konklusjonen frå rapporten skal vedtakast, bør det vere eit slags prinsippvedtak. Det må likevel gjerast ein del utgreiingsarbeid på førehand, seier Reusch.

Han hevdar fleire etterlyser risikoanalyse og konsekvensvurdering.

Manglar oversikt
Ifølgje Reusch gjenstår det så mykje arbeid i saka at styret i Helse Førde umogleg kan fatte eit endeleg vedtak på styremøtet. Direktøren seier det er mange omsyn å ta i saka, som Helse Førde enno ikkje har oversikt over.

• Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

- Galskap å leggje ned Tronvik


NRK SOGN OG FJORDANE Alkoholikar hadde ikkje greidd å bli rusfri utan behandling på Tronvik.

Prosjektgruppa som har vurdert Tronvik, rår styret i Helse Førde til å legge ned Tronvik og sentralisere tilbodet til Førde.

27. november skal styret i Helse Førde fatte vedtak om den tradisjonsrike institusjonen på Kyrkjebø i Høyanger skal oppretthaldast.

- Veit ikkje kva dei snakkar om
- Eg vil bruke ordet galskap, for dei burde tenke seg om. Eg trur ikkje det er nokon i styret som har særleg erfaring med dei som verkeleg har rusproblem, meiner tidlegare rusavhengig Asbjørn Jagedal.

Jagedal slutta å drikke for 20 år sidan. Etter det tredje opphaldet på institusjon vart han rusfri.

Utan hjelp med tett oppfølging etterpå, hadde han ikkje klart det. Når han høyrer om debatten kring ei nedlegging av Tronvik, vert han oppskaka.

Helse Vest vil ikkje satse på Tronvik
I 2003 fatta styret i Helse Førde vedtak om ei nedbygging av Tronvik. Samstundes vart det vurdert å etablere ny verksemd innanfor behandling av ruslidingar knytt til Tronvik, men då i samarbeid med Helse Vest.

Men i april i år sa Helse Vest at dei ikkje ville satse på Tronvik. Ei prosjektgruppe som har vurdert om Tronvik bør leggast ned eller ikkje, har konkludert med at sentralisering av tilbodet innan psykiatri og rus er det beste. Og at Tronvik vert ståande tomt.

• Les heile saka hjå NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Tillitsvald ved medisinsk klinikk i Helse Førde: Helsekutt råkar pasientar


NRK Sogn og Fjordane Tilsette ved medisinsk klinikk er uroa fordi dei ikkje får nok tid til pasientane.

Kutta i Helse Førde har for lengst gått kraftig utover kvaliteten på behandlinga for pasientane. Det meiner tillitsvald ved medisinsk klinikk Ruth Tone Solheim.

Kutt på 47 millionar
Ved medisinsk klinikk har dei i år ei budsjettutfordring som kan verte på så mykje som 47 millionar kroner. Kuttlista som det vert arbeidd med inneheld fleire forslag til nedskjeringar. Alle dei tre sjukehusa kan verte kraftig råka.
- Eg meiner at vi kun driv brannsløkking. Pasientane får ei minimumsbehandling. Tilsette meiner dei ikkje får gjere ein god nok jobb, seier Solheim.
Ho meiner smertegrensa for lengst er nådd.
- Dei tilsette har ikkje nok tid til å trene opp pasientane, så dei får ikkje ei optimal behandling, seier ho.

Forsvarer tilbodet
Klinikkdirektør i Helse Førde Arve Varden meiner pasientane får eit godt nok tilbod.
Han viser til at i periodar er over 90 prosent av dei innlagde pasientane øyeblikkeleg hjelp-pasientar.
- Då er det rimeleg fullt på avdelingande og i nokre periodar vil tilsette føle at dei ikkje får gjeve eit så godt tilbod som dei ynskjer.
- Men i det store og heile meiner eg Helse Førde gjev eit godt tilbod til pasientane, seier Varden.

Lang kuttliste
Ei liste som Fjordabladet har fått tilgang til viser at ein vurderer å fjerne overvakingsavdelingane ved lokalsjukehusa og ta bort røntgenlegane.
Som prioritet nummer to står mellom anna avvikling av patologiavdelinga ved Sentralsjukehuset, avvikling av sengepostavdelinga for store barn, avvikling av lærings og meistringsenteret og å utsetje opptrapping av mikrobiologisk laboratorium.

Før jul vil Helse Førde avgjere korleis det skal kuttast for å nå målet om å komme i balanse. Helse Førde har ei budsjettutfordring på om lag 60 millionar kroner etter at det nyleg vart klart at dei får lov til å gå med 40 millionar i underskot til neste år.

• Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

tirsdag 11. november 2008

Helse Førde: Dramatiske kuttforslag

FJORDABLADET Helse Førde vurderer å avvikle OVA (overvakingsavdelinga) og på sikt fjerne stillinga som røntgenlege ved Nordfjord sjukehus.

Helse Førde vurderer å legge ned overvakingsavdelinga ved Nordfjord sjukehus. Torsdag var tillitsvalde og verneombod ved medisinsk klinikk på Nordfjordeid innkalla til møte. Der fekk dei opplyst at eitt av innsparingstiltaka som no vert vurderte, er å avvikle drifta av overvakingsavdelingane ved Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus. Å avvikle OVA ved Nordfjord sjukehus er stipulert å ha eit innsparingspotensiale på kring fem millionar kroner, og vil tilsvare kutt på kring ti stillingar med høgt kvalifisert personale.

Eit anna forslag som vert vurdert, er å sjå på om ein kan gå over til radiografstyrt radiologi ved Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus. Det vil i praksis seie at ein på sikt kan kome til å ta vekk røntgenlegen.

Det er også framlegg om å auke aktiviteten på diverse tenester, mellom anna å auke aktiviteten på hudpoliklinisk behandling.

Bakgrunnen for framlegga er at medisinsk avdeling manglar 47,6 millionar kroner i 2009- budsjettet. Behovet for 2009 er på 292 millionar, men avdelinga er førespegla å få ei ramme på berre 245 millionar kroner.
Ved medisinsk klinikk har dei vurdert mange tiltak. Det er enno ikkje bestemt kva som blir resultatet, men status no er at både OVA og røntgenlegestillinga er ting som ein vil gå vidare med å få konsekvensutgreidd.

Andre tiltak på medisinsk avdeling i Helse Førde som har vore vurderte, men som ein har valt å ikkje gå vidare med, er mellom anna avvikling av lærings- og meistringssenteret ved sjukehuset i Førde, avvikling av patologiavdelinga i Førde, avvikle sengepostavdeling for store barn i Førde og å utsetje opptrapping av mikrobiologisk laboratorium i Førde.

Klinikkdirektør Arve Varden stadfestar at Helse Førde vurderer å organisere overvaking og oppvaking ved Nordfjord sjukehus på ein annan måte for å spare pengar. Han seier at det som kan bli aktuelt, er at medisinsk avdeling tek seg av sine overvakingspasientar og at ortopedisk avdeling tek seg av oppvakingspasientane. I dag er dette samla.

Helse Førde er også i ferd med å vurdere om ein kan gjere ting annleis på radiologisk avdeling, om ein muligens kan gå mot ei radiografstyrt avdeling. Men Varden understrekar at ikkje noko av dette er bestemt.

- Dersom ein skal gå så langt som å avvikle OVA, så må dette konsekvensutgreiast, seier han.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

mandag 10. november 2008

Nordfjord-aksjonen med brev til Statens Helsetilsyn

Sjukehusaksjonen i Nordfjord har bedt Statens Helsetilsyn sjå på ortopedisaka:


STATENS HELSETILSYN
V/ANDERS HAUGLAND
OSLO.

HELSETILBODET I SOGN OG FJORDANE.
NORDFJORDEID SJUKEHUS ORTOPEDISAKA.


Vi viser til ortopedisaka og ber om at Statens Helsetilsyn ser på denne saka.
I Nordfjordregionen er det 36000 som naturleg høyrer til under Nordfjord sjukehus.
Den trakkaseringa som har blitt oss til del frå administrasjonen og styre i Helse Førde som pasientar og pårørande frå Nordfjord finn vi oss ikkje i.
Vi finn oss ikkje i at administrasjon og styre i Helse Førde som har ca.2300 tilsette og eit budsjett på ca.1,6 milliardar skal forsette med å trakassere enkelte av dei tilsette på ymse nivå. Vi finn oss heller ikkje i at legane ved Nordfjord sjukehus og kommunelegane i Nordfjordregionen skal utsetjast for overstyring når dei ut i frå faglege grunnar tek pasientane sitt parti for rett behandling til rett tid.
Vi har dyktige personar som arbeider for at vi skal ha eit godt helsetilbod i Nordfjord og Sogn og Fjordane fylke . Dette må sjåast i ein heilskap. Ortopedivedtaket er skadeleg for helsetilbodet i Sogn og Fjordane og vil på sikt resultere til at vi får mangel på kvalifiserte legar til fylket, ortopedivedtaket må kort og godt vekk.
I Soria Moria –erklæringa slår Regjeringa fast at den vil oppretthalde et desentralisert sjukehustilbod, som blant anna sikrar nærheit til akuttfunksjonar og fødetilbod.
Samhandling er et viktig ord , men då må ein del personar sjå at Sogn og Fjordane fylke er meir en Førde.

Vi legg ved :
Uttale frå 31 kommunelegar i Nordfjord-regionen. dat.26.10.2008.
Uttale til Styret i Helse Førde frå 10 overlegar ved Nordfjord sjukehus. dat.13.06.2008.
Protokoll frå Spesialistskomiteens besøk ved Førde Sentralsjukehus 10.09.2007.
Protokoll frå Spesialistskomiteens besøk ved Nordfjord sjukehus 11.09.2007.
Brev frå dei tilsette ved Nordfjord sjukehus til Helse og omsorgsminister. dat.30.09.2008

Det er også viktig og merke seg uttale frå pasientombodet i Sogn og Fjordane, Ove Mjåtveit i avisa FIRDA den 28.oktober der han meiner at nettopp dei faglege vurderingane har fått for liten plass i den offentlege debatten.

Med venleg helsing
Svein Hansen
Leiar.

Kopi til:
Helse og omsorgsdepartementet v/ Bjarne Håkon Hanssen.
Helsetilsynet i Sogn og Fjordane v/fylkeslegen.
Helse Førde v/styreleiar Clara Øberg.
Helse Vest v/ styreleiar Herlof Nilssen
Sogn og Fjordane Fylkeskommune v/Fylkesordførar Nils R. Sandal .
Kommunane i Nordfjord v/ordførar.
Legane i kommunehelsetenesta.

lørdag 8. november 2008

Sogn og Fjordane Høgre: Fryktar helseflukt


FJORDENES TIDENDE "Høgre i Sogn og Fjordane inntek eit "Ole Brumm- standpunkt" i helsepolitikken. Ja, takk. Begge deler." skriv Odd L. Drabløs.

Sogn og Fjordane Høge skjønar svært godt at det vert stilt spørsmål om kvar dei politiske partia står i sjukehusdebatten. No har fylkespartiet drege i gang ein debatt om dette der svar skal gjevast på eit ekstraordinært årsmøte i januar neste år.

Alt før årsmøtet så konkluderer fylkesleiar og fyrstekandidat på lista til stortingsvalet, Bjørn Lødemel, at det skal byggjast vidare på modellen med eit sterkt lokalsjukehus med lokalsjukehusfunksjon for Sunnfjord og gode lokalsjukehus på Nordfjordeid og i Lærdal.

- Kva er vitsen med eit ekstraordinært årsmøte når ein allereie har konkludert? Vi skal gå enno djupare i dette. Dette er ein læreprosess og vi vil involvere så mange som mogeleg i denne viktige debatten. Helse er viktig og det er eit evigvarande spørsmål. Vi i Høgre tek dette på alvor og vi ønskjer å involvere så mange som mogeleg i den debatten. Til meir vi veit og til fleire innspel vi får, til betre rusta vil vere til å fatte avgjerder, seier Bjørn Lødemel.

• Les saka i Fjordenes Tidende ved å klikke her eller på overskrifta

- Dette er uverdig pasientbehandling

FJORDABLADET - Eg er svært skuffa over at eldre sjuke skal måtte oppleve å bli behandla på ein så nedverdigande måte.

Dette seier Åse Alsaker etter at hennar 86 år gamle far måtte dele ambulanse til Haukeland Universitetssjukehus med ein annan hjartesjuk pasient.

• Les heile saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Bygdefolk frykter dårligere sykehustilbud


NATIONEN Flest bygdefolk tror sykehustilbudet deres vil være dårligere om ti år, mens byfolk tror deres tilbud vil være bedre.

Alle kjemper for «sitt» sykehus, men folk på bygdene frykter for utviklingen de neste ti år.

Nationens Distriktsbarometer viser at et flertall av de som bor på bygda eller i tettsteder, tror deres sykehustilbud vil være dårligere om ti år. De som bor i større byer, tror på sin side at de vil ha et bedre sykehustilbud om ti år.

• Les hele saken i Nationens nettutgave ved å klikke her eller på overskriften

fredag 7. november 2008

Sogn: Føden kan bli feriestengd


SOGN AVIS Det kan gå mot feriestenging av fødestova i Lærdal i 10 veker i 2009. Dette blir stadfesta av fleire kjelder overfor Sogn Avis.

Det er snakk om to veker stenging til påske, seks til sommaren og to veker til neste jul. Administrerande direktør Jon Bolstad seier han ikkje vil kommentera slike rykte.

– Eg går ut frå at slike rykte kan ha oppstått i samband med budsjettbehandlinga for 2009. Her er det frist for innlevering av klinikkvise budsjett den 15. november. Før den tid kan eg ikkje kommentera noko, eit slikt rykte har heller ikkje nådd meg. No er det ikkje alle som skjønar kva som er interne prosessar og kva som ikkje er det, eg veit uansett ikkje noko meir før den 15.

Tema
Bolstad legg til at feriestenging er eit tema kvart år, ikkje berre når det gjeld føden.
– Me planlegg sommarstenging veldig tidleg, me drøftar tidlegare og tidlegare korleis drifta skal vera ved dei ulike sjukehusa. Dette gjer me av fleire grunnar, blant anna i høve til planlegging av oppussing eller andre tekniske ting ved ulike avdelingar slik at me kan sikra ei god drift gjennom heile året. Det er då heller ikkje unaturleg at me har feriestenging der det måtte vera mogleg i høve til drifta.

I fjor fekk helseføretaket eit brev frå departementet der det vart gjeve ei klar melding om at økonomi ikkje skulle vera årsak til feriestenging av fødestover eller fødeavdelingar. Bolstad presiserer at økonomi åleine ikkje skulle vera ein grunn.
– Her må me gjere ei vurdering av drifta dei ulike stadene i høve til tilgang på personell og kapasitet.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

tirsdag 4. november 2008

- Byggjer bevisst ned tilbodet

FJORDABLADET - Svaret eg har fått frå helseminister Bjarne Håkon Hanssen viser tydeleg at den uverdige behandlinga dei ortopediske ØH-pasientane i Helse Førde får, er i tråd med regjeringa sine føringar for spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane.

Dette seier stortingsrepresentant Åge Starheim (Frp), som tidlegare i haust stilte skrifteleg spørsmål til helseminister Bjarne Håkon Hanssen om han kunne tillate at uverdige forhold, som følgje av ortopedivedtaket, kunne ramme store pasientgrupper i Nordfjordregionen.

I grunngjevinga for spørsmålet viste Starheim til oppslag i pressa, og at ortopedivedtaket råkar pasientar ved at dei får lengre transport og forlenga ventetid før dei vert behandla ved Sentralsjukehuset i Førde. - Dette kan ikkje vere hensiktsmessig, korkje medisinfagleg eller økonomisk, når det ved Nordfjord sjukehus er ei operativ avdeling både med ortopedar og anestesilegar, skreiv Starheim i spørsmålet til statsråden.

• Les heile saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

mandag 3. november 2008

Fødsel: Åpen høring i Stortingets helse- og omsorgskomité torsdag 6. november 2008

FRA STORTINGETS NETTSIDER:

Helse- og omsorgskomiteen har besluttet å holde åpen høring i følgende sak:
Representantforslag fra stortingsrepresentantene Sonja Irene Sjøli, Linda C. Hofstad Helleland og Olemic Thommessen om en bedre svangerskapsomsorg, et tryggere fødetilbud og bedre oppfølging i barseltiden (Dokument nr. 8:106 (2007-2008)).

Torsdag 6. november
15.30 - 15.45 Den norske legeforening:
Sentralstyremedlem Jan Emil Kristoffersen
Leder i Norsk gynekologisk forening Rolf Kirschner
Avdelingsdirektør Jorunn Fryjordet

15.45 - 16.00 Den norske jordmorforening:
Leder Marit Heiberg
Generalsekretær Hege-Merethe Bengtsson

16.00 - 16.15 Folkebevegelsen for lokalsykehusene:
Koordinator Bente Øien Hauge
Lokal aksjonist Eva Opshaug Teigen

16.15 - 16.30 Liv laga - organisasjon for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg:
Leder Ingeborg Altern Verdal
Nestleder Siv-Lise Bendixen Stærk

Høringene i rom K-212 blir ikke overført på Stortingets nett-TV.

• Klikk her eller på overskriften for å finne mer om høringen og saken på Stortingets nettsider

søndag 2. november 2008

Landssamling i Folkebevegelsen for lokalsykehusene 1. og 2. november

• Uttale om statsbudsjettet - klikk her
• Uttale om "Hovedstadsprosessen" - klikk her
• Uttale om samhandlingsreformen - klikk her

Bilder fra samlingen:
• Klikk her og her og her og her og her og herog her