tirsdag 31. mars 2009

Kuttlista til Helse Førde


FJORDABLADET FREDAG 27. MARS Eit samrøystes styre i Helse Førde vedtok i dag revidert budsjett for 2009.

Som tidlegare meldt vert det ikkje gjort endringar i ambulanseberedskapen i denne omgang. Den saka utsette styret til sitt møte den 19. juni 2009. Men resten av kutta skal gjennomførast.

Blant styremedlemmane Fjordabladet snakka med etter møtet, rådde det ulike oppfatningar av kva vedtaket eigentleg innebar. Nokre meinte at kutta i det vedtekne revidert budsjett ikkje kunne gjennomførst før etter at den varsla prosjketgruppa er ferdig med sitt arbeid i midten av juni. Administrerande direktør Jon Bolstad er imidlertid heilt klar på at kuttlista som no er vedteke skal effektuerast.

- Dersom vi ikkje skulle starte gjennomføringa av kuttlista no, ville vi ikkje ha vedtatt eit revidert budsjett. Dei som har oppfatta vedtaket på annan måte tek feil, seier Bolstad.

Psykisk helsevern
Auke andre inntekter (500 000)
Omdisponering av ressursar til rusposten på Tronvik (1 050 000)
Gjestepas. Rus (2 000 000)
Reduksjon vedlikehald (500 000)
Reduksjon kjøp av utstyr (200 000)
Auka RTV inntekter (1 200 000)
Samla innsparing Psykisk helsevern (5 450 000)

Kirurgisk klinikk
Avdeling for akuttmedisin ( 5 296 299)
Avdeling for hovud-hals ( 1 115 345)
Ortopedisk avdeling ( 1 404 900)
Kirurgisk avdeling ( 600 000)
Kvinneklinikken ( 1 500 000)
Auke i vekter kirurgisk klinikk ( 1 500 000)
Sal av brukte ambulansebilar ( 200 000)

Samla innsparing Kirurgisk klinikk (11 616 544)

Føretaksområdet
Reduksjon årsverk og overtid føretaksområdet ( 2 117 000)
Reduksjon andre driftskostnader føretaksområdet ( 1 101 000)
Samla innsparing Føretaksområdet (3 218 000)

Medisinsk klinikk
Auka aktivitet raskare tilbake (3 681 000)
OVOP - endra organisering (3 500 000)
Geriatriteam (800 000)
Revma - omorganisering (800 000)
Innsparing nevropsykologi (500 000)
Innsparing patologi (200 000)
Samdrift mellom avd. sommaren 2009 (500 000)
Innsparing psykolog (600 000)
Innsparing spesialpedagog (400 000)
Stillingsreduksjonar (1 392 000)
Samla innsparing Medisinsk klinikk (12 373 000)

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Kvifor har direktørane og styret forsømt seg?


PORTEN Ordførar Arne Sanden med ope brev til styreleiar Clara Øberg

I samband med dei siste budsjettkutta i Helse Førde, skal OVOP avdelinga ved Lærdal Sjukehus leggjast ned og tenestene ved avdelinga skal delast opp. Medisinsk overvaking skal inn på eit rom på medisinsk avdeling og avdeling for akuttmedisin skal overta overvakinga av dei opererte pasientane. OVOP har i dag 12, 2 sjukepleiarstillingar og eit samla budsjett på ca. 10 mill kroner. Ved å leggje ned OVOP avdelinga og leggje tenestene inn under andre avdelingar, meiner direktørane og styret at ein skal spare 5 mill kroner på årsbasis, men framleis levere like gode tenester til innbyggjarane i Sogn.

Nær sagt frå fyrste dag etter at helseforetaket vart etablert, har ein hatt problem med budsjetta og kuttframlegga i tenestene har nær sagt hagla over innbyggjarane i fjordfylket i åra etter. Engasjementet kring helsetilboda våre er stort og framlegga til løysingar har vore mange. Dei mest ivrige i denne debatten, som normalt er kloke folk, har til og med kome med løysingar som går på at ein skal redusere helsetilbodet i ein del av fjordfylket, for at ein skal kunne oppretthalde eller betre tilbodet i ein annan del. Utenkjelege løysingar kan du vita, for oss som representerar eit parti som har programfesta like gode helsetilbod til alle og der nærleik til tenesta er avgjerande viktig. Dette er både grunnleggjande og avgjerande for at me skal få folk til å busetje seg i alle små bygder etter fjordane våre.

OVOP i Lærdal er, og har vore ein tryggleiksbase for innbyggjarane i Sogn, og er ein viktig del av akuttberedskapen ved sjukehuset. Eg trur at alle forstår, inkludert direktørar og styremedlemar, at helse og omsorgsarbeid i stor grad er knytt til personalressursar og kunnskapane som desse har. Med det som bakgrunn; korleis skal tenestene verte like gode og like trygge når budsjettet til tenesta skal halverast og tal tilsette skal halverast ? Til orientering går det med snaut 5,5 stillingar, for å ha 1 person på vakt gjennom døgnet i eit år.

Og viss dette grepet er enkelt; kvifor har ikkje direktørane og styret gjennomført endringa for fleire år attende ? Ein kunne jo ha spart nærare 5 mill kroner over fleire år og dermed redusert budsjettunderskota ! Er samanhengen slik , har både direktørane og styret forsømt seg, og gode styreleiar, eg spør kvifor ??

Eg registrerar elles at det er medisinsk klinikk som får ei innsparing, medan oppvakingstenesta ikkje er omtala. Dei ekstra kostnadane som avdeling for akuttmedisin får med denne tenesta etter omlegginga, er ikkje omtala budsjettdokumentet. Betyr det at direktørane og styret ikkje påreknar ekstra kostnader ved denne tenesta etter omlegginga ? Eller skal alt likevel overførast til Førde, slik NRK melde i sine nyhendesendingar måndag ettermiddag ?

Arne Sanden - Ordførar i Lærdal

• Les brevet på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

onsdag 25. mars 2009

Sogn Regionråd: Nei til nedbygging av akuttberedskapen

PORTEN Regionrådet ser med stor uro på HF administrasjonen sine kuttframlegg. Desse vert fredag lagt fram for styret i samband med saldering av budsjettet for 2009.

-Det er framlegget om endringar i ambulansetenesta i Luster, permanent nedlegging av ambulanseberedskapen i Aurland og endringane ved overvakingsavdelinga ved Lærdal Sjukehus som gir grunnlag for uroa. Endringane i ambulansetenesta vil gje færre bilar i aktiv teneste, lengre responstid og etter vår vurdering ei dårlegare teneste for innbyggjarane i Sogn.Det er helseforetaket si plikt å syte for ei god og tenleg ambulanseteneste for innbyggjarar i alle kommunar i fylket. Sogn Regionråd forventar at helseforetaket oppfyller denne plikta slik at innbyggjarane i alle sognekommunane kan vere trygge på at dei vert tekne hand om på beste vis ved behov, skriv ordførarane Arne Sanden, Jarle Aarvoll og Torodd Urnes i helsegruppa Sogn Regionråd.

Ytterlegare svekking
Rådet ser og med stor uro på endringane som det er gjort framlegg om ved Lærdal Sjukehus. Omlegging av den 10 år gamle overvakingsavdelinga ved sjukehuset betyr ei ytterlegare svekking av akuttberedskapen for innbyggjarane i Sogn. Omlegging av OVOP betyr at overvakinga av medisinske pasientar skal inn på eit rom ved medisinsk avdeling og at oppvakninga etter operasjonar skal takast hand om av akuttmedisinsk avdeling. Dette er løysingar som vart nytta på 1970 og 80 talet. Vi er usikre på om dette er ei oppretthalding av dagens nivå.

Konsekvensane av tiltaka som administrasjonen rår styret i foretaket til å gjennomføre, må utgreiast nærare. Sogn Regionråd ber derfor styret i Helse Førde om å gjennomføre ei konsekvensutgreiing av tiltaka før desse vert vedtekne i styret, skriv helsegruppa i Sogn regionråd.

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

tirsdag 24. mars 2009

Tillitsvalde kritiserer Helse Førde


FIRDA Hovudverneombod og tillitsvalde med sterk kritikk om budsjettprosessen i Helse Førde.

– Tida frå informasjon blir gitt til vedtak skal fattast er for kort, slik at tillitsvalde og verneombod ikkje får høve til å kommunisere med dei ein representerer.
Det skriv Inger Johanne Sætenes, Ftv Delta Helse Førde i ei pressemelding som er signert av seks ulike fagforeiningar i Helse Førde og hovudverneombod Guri Handeland.

Ambulansekutt
Fredag skal styret handsame framlegga til nye sparetiltak. Måndag denne veka vart det kjend gjennom media at helseføretaket planlegg fleire kutt i ambulanseberedskapen i fylket, samstundes som dei fleste kommunane i Sunnfjord og ytre Sogn går saman i eit legevaktsamarbeid.

"I prosessen rundt revidert budsjett 2009 har det ikkje vore særleg medverknad frå tillitsvalde og verneombod på avdelings-/klinikknivå frå starten av" skriv dei tillitsvalde, som viser til at både Arbeidsmiljølova, tariffavtalar og internt omstillingsdokument for Helse Førde understrekar at tilsette gjennom drøftingsplikta skal ha reell påverknad.

- Brot på drøftingsplikta
– Får vi ikkje høve til å påverke, er det eit brot på drøftingsplikta, seier dei tillitsvalde.

I pressemeldinga skriv dei at styredokumenta i Helse Førde er komne ut før informasjons- og drøftingsmøta er gjennomført med tillitsvalde og verneombod.

– Vi ser at det er krevjande med dei store økonomiske utfordringane som Helse Førde har, men vi som representerer dei tilsette og skal motivere dei til å delta i omstillingar, MÅ vere med for at slike prosessar skal lykkast. Elles er dette å sjå på som eit brot på lov og avtaleverk, står det i pressemeldinga.

• Les saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta

Tillitsvalde: - Helse Førde bryt lova


NRK SOGN OG FJORDANE Ei rekkje tillitsvalde i Helse Førde meiner dei ikkje har fått informasjon eller innsyn i dei nye budsjettkutta før dei var ferdighandsama av administrasjonen.

Inger Johanne Sætenes, føretakstillitsvald for Delta i Helse Førde, meiner dette ikkje held mål.
- Slik vi ser dei har dei brote både lova, tariffavtalen og sitt eige omstillingsdokument. Eg tykkjer det er ganske arrogant.


- For dårleg tid
Tillitsvalde i Helse Førde meiner dei ikkje har fått vore delaktige i arbeidet med det reviderte budsjettet Helse Førde la fram måndag.
Sætenes meiner at dei har fått for liten tid til budsjettkutta skal avgjerast.
- Det skal skje veldig fort, og då er vi ei forseinking viss dei skal ha oss med i prosessane. Når vi ser på kutta i ambulansen, så er det ganske alvorleg. Vi er partar på like linje som arbeidsgivar, og dei kan ikkje setje igang slike kutt utan at vi er med.

• Les resten av saka hjå NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Aksjonsgruppemøte onsdag 23. mars kl. 20

I forkant av styremøtet i Helse Førde vert det eit møte i Forsvar Lærdal sjukehus onsdag kveld. Der vil me sjå på sakspapira og konsekvensane for Lærdal sjukehus.

• Vil du vera med på møtet kan du kontakte Bente Øien Hauge på mobil 90 75 96 24 eller Anne Sofie Ljøsne på mobil 91 39 84 42.

mandag 23. mars 2009

Kuttforslag i Helse Førde-budsjettet

Klikk på lenkene for å sjå sakene i media:

NRK Sogn og Fjordane:
- Legevaktsamarbeid i fare
- Store ambulansekutt i vente
- Helse Førde kuttar i eldretilbodet

Sogn Avis:
- Aksjonsgruppe protesterer mot nedlegging av gynekologisk sengepost
- Kuttar i ambulansetenesta

Bergens Tidende:
- Dramatiske kutt i Helse Førde

Fjordenes Tidende:
- Forslag om store kutt

Firda
- Helse Førde torpederer legevaktsamarbeidet

Helse Førde: Sjukehustilsette vågar ikkje snakke


NRK SOGN OG FJORDANE Tilsette i Helse Førde vågar ikkje å la seg intervjue av media, i frykt for represaliar.

- Folk er redde for stillingane sine, eller dei orkar ikkje stå fram, seier føretakstillitsvald Randi Fagereng i Norges Sykepleierforbund til Firda.

Vågar ikkje snakke
I ei tid med store kutt, boblar frustrasjonen over hjå dei tilsette i Helse Førde. Men ingen vågar å snakke med media om sin eigen kvardag eller ting dei meiner er graverande. Dette i frykt for at det kan slå tilbake på dei seinare.
- Andre teier for ikkje å stille avdelinga si i dårleg lys og for ikkje å seie noko som kan skake opp pasientane, seier Fagereng til avisa.

- Ynskjer ikkje støy
Fagereng har også åtvara sine medlemer mot å gå til media. I epost ber Fagereng sine medlemar om å tenke seg godt om før dei går til media.

- Dette helseføretaket ynskjer ikkje støy. Tilsette får lov til å stå fram når det skjer noko nytt og positivt, for det er i føretakets interesse, men ikkje når det handlar om omstillingar og problem, seier ho.

• Les resten av saka på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider ved å klikke her eller på overskrifta

NRK SFj: Direkte overføring av presentasjonsmøtet

Eg var diverre for seint merksam på at NRK Sogn og Fjordane overførte dagens presentasjonsmøte direkte på nett-tv og har bedt om at dei legg opptaket ut i programarkivet. Dersom dei gjer det, vil eg legge lenkje her, så alle interesserte kan få sjå det.

Helse Førde: Styresakene til fredag 27. mars er lagt ut på nett

Neste styremøte i Helse Førde vert halde på Rica Sunnfjord Hotell fredag 27. mars. Møtestart klokka 09.30.

Sakene er lagt ut på nett, du finn dei ved å klikke her eller på overskrifta.

Du kan laste ned følgjande dokument (frå den sida):
- Off styreprotokoll HF 26 02 2009
- Saksliste HF 27 03 2009
- Styresak 020-09 V Styrerapportering nr 2 - 2009
- Styresak 021-09 V Vedl 1 Årsmelding 2008 HF
- Styresak 021-09 V Vedl 2 Resultatrekneskap 2008 HF
- Styresak 021-09 V Årsrekneskap 2008 HF
- Styresak 022-09 O Vedl Aarsmelding 2008 - Pasientombod
- Styresak 022-09 O Aarsmelding 2008 - Pasientombodet
- Styresak 023-09 O Styringsdokument 2009 HF
- Styresak 024-09 V Revidert budsjett 2009 HF
- Styresak 024-09 V Vedl 1 Budsjett 2009 MED
- Styresak 024-09 V Vedl 2 Budsjett 2009 KIR
- Styresak 024-09 V Vedl 3 Budsjett 2009 PHV
- Styresak 024-09 V Vedl 4 Budsjett 2009 Føretaket
- Styresak 025-09 V Rusplan HF
- Styresak 025-09 V Vedl 1 Forslag til rusplan HF
- Styresak 026-09 V Prosjekt Tronvik

onsdag 18. mars 2009

Lærdal formannskap: Uroa over nedbyggingsplanar ved sjukehuset


PORTEN Formannskapet er kritisk til Helse Førde sine planar om endringar innan overvakingstenesta utan at konsekvensane er skikkeleg utgreidd.

-Overvakingsavdelinga er hjarta i drifta av sjukehuset og kjerna i den akuttmedisinske beredskapen for alle innbyggjarane i Indre Sogn. Fagmiljøet ved avdelinga er bygd opp over lang tid, ei oppsplitting slik det går fram av notat frå fagdirektør Varden vil medføre ei nedbygging av dette miljøet. Dette er ei utvikling me ikkje kan godta, står det i ein uttale frå formannskapet.

Årdal, Lærdal og Aurland er i gang planar om å etablere ein felles legevaktsentral, der ein gjerne vil ha eit samarbeid med med Lærdal sjukehus og Helse Førde.

-Ei samlokalisering med Lærdal sjukehus er svært aktuell, og samlokalisering mellom interkommunal legevakt og overvakingsavdelinga er ein av fleire moglegheiter. Ei endring, slik framlegget til dir. Varden legg opp til, vil setje ein stoggar for dette alternativet, meiner formannskapet.

Konsekvensanalyse
Grunn til at Helse Førde ynskjer å ei endringa i drifta av overvakingsavdelinga er å spare pengar - nærare 5 millionar kroner. Dette vil dei oppnå med at den akuttmedisinske overvakinga vert redusert til eitt rom inn på ei ombygd medisinsk avdeling på sjukehuset. Ei løysing fagpersonale ved sjukehuset meiner er ei løysing som høyrer fortida til, då denne organiseringa er lik den ein hadde for denne tenesta på 70 og 80 talet.

Notatet frå fagdirektør Varden seier lite om alle andre kostnader ved tiltaket, som ombygging, nye bemanningsplanar og nye investeringar i nødvendig medisinsk utstyr og kompetansebygging i personalet.

-Før tiltaket vert nærare vurdert, krev formannskapet i Lærdal at planane for oppsplitting av overvakingsavdelinga ved Lærdal sjukehus vert nærarare utgreidd gjennom ei konsekvensanalyse, meiner dei folkevalde.

• Les heile saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

lørdag 14. mars 2009

Helse Førde vil splitta overvakinga i Lærdal


SOGN AVIS Helse Førde vil halvera kostnadene ved overvåkinga ved Lærdal sjukehus gjennom omorganisering.

– Prinsipielt ulogisk, seier Bente Øien Hauge i aksjon Forsvar Lærdal sjukehus.
I eit notat Sogn Avis har fått tilgang til, skriv klinikkdirektør Arve Varden i Helse Førde at alle klinikkar og føretaksområde er pålagde å gjennomgå sine avdelingar med omsyn til å finna område som kan organiserast annleis enn i dag og til lågare kostnad.

Kan spara fem millionar
– Når det gjeld OVOP i Lærdal er budsjettet for 2009 like i underkant av 10 millionar kroner. Nær 100 prosent av kostnadene er knytt til løn. Ei omorganisering av tenesta vil etter klinikkdirektør si meining ha eit insparingspotensial på årsbasis på om lag fem millionar kroner, skriv Varden og understrekar at det ikkje er konkludert i saka.

Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus er undrande til framlegget frå klinikkdirektøren som går ut på å dela overvåkinga i to, slik at overvåkinga av medisinske pasientar kan skje gjennom eit internmediært rom i medisinsk sengepost, og at oppvaking av opererte pasientar kan skje under avdeling for akuttmedisin.

Prinsipielt ulogisk
– Vil dei halvera totalkostnadene eller er det berre medisinsk klinikk som skuva fleire utgifter over på ortopedien og fødetenesta, spør ho, og meiner dette er eit døme på at klinikkorgansieringa er til hinder for heilskapleg tenking i sjukehusa og kallar ei slik løysing prinsipielt ulogisk.

– Dersom det blir slik at andre sjukepleiarar på avdelingane skal kunne steppe inn, vert det store kostnader, ettersom alle sjukeleiarar som skal jobbe på overvaking må kursast spesielt for det arbeidet. Vanlege sjukepleiarar er ikkje kvalifisert til å ta hand om overvåkningspasientar, seier Øien Hauge.

• Sjå saka på Sogn Avis sine nettsider ved å klikke her eller på overskrifta

tirsdag 10. mars 2009

Årsmelding for pasientombodet i Sogn og Fjordane


FORORD: Årsmeldinga formidlar synspunkt frå 220 personar.
Dette er dermed synspunkt frå eit lite tal pasientar, og dei fortel om uheldige hendingar eller misnøye. Synspunkta i årsmeldinga er altså ikkje representativ for alle pasientar, men er eit unikt høve for helsearbeidarar og andre til å sjå helsevesenet "frå den andre sida" i dei tilfella pasientar og pårørande opplever at møtet med helsearbeidaren ikkje blir bra.

Årsmeldinga speglar pasientane sitt syn, og i dei fleste tilfella har ombodet berre pasientane sin versjon av det som har skjedd.

Helsevesenet yter tenester i stort omfang. Berre på dei medisinske og kirurgiske poliklinikkane i fylket vart det utført over 100 000 konsultasjonar i 2008 (Kjelde: Helse Førde si årlege melding). Dei fleste pasientane er fornøgde med helsetenestene dei får, og det gjeld for både somatikk og psykisk helsevern. Dette veit ein frå regelmessige målingar av brukarerfaringar, som vert offentleggjort i dei såkalla PasOpp-rapportane til Kunnskapssenteret. Rapportane synleggjer også at helsevesenet har potensiale til å bli endå betre, noko som forhåpentlegvis blir brukt til å rette innsatsen mot områda der behova og potensialet er størst.
Pasientar generelt har altså stor tillit til helsevesenet. Dersom pasientar med uheldige erfaringar blir gitt tid og forståing - og tilbakemeldingar og konklusjonar skjer ope og ærleg - så er det mi erfaring at helsepersonell opprettheld denne tillita.

• Klikk her eller på overskrifta for å lese heile årsmeldinga

lørdag 7. mars 2009

De Facto-rapporten "De tok tilbake sykehusene"

FRA FORORDET:
Rapporten De tok tilbake sykehusene – Om Skottlands og New Zealands farvel med markedsmodeller i sykehussektoren er utarbeidet av De Facto Kunnskapssenter for fagorganiserte på oppdrag fra organisasjonen For velferdsstaten. Intensjonen har vært å få frem dokumentasjon og analyser som viser at det finnes gode alternativer til den markedsorienterte sykehusreformen som ble innført i Norge fra 2002.

Det er særlig to land som har bevist at det er fullt mulig å ta sykehussektoren tilbake til offentlig forvaltning etter i en periode å ha eksperimentert med markedsløsninger.

Mest konsekvent er den omleggingen som har skjedd i Skottland. Landet har sagt et kompromissløst farvel til all markedsinnblanding i helsesektoren, og arbeider nå aktivt med å videreutvikle en demokratisk styrt helsesektor innenfor rammene av offentlig forvaltning. Skottlands erfaringer er av stor interesse for alle som er opptatt av disse spørsmålene, og i denne rapporten presenteres en oppdatert oversikt over de viktigste skotske erfaringene.

De mest ytterliggående forsøkene med markedskrefter i helsesektoren skjedde i New Zealand på 1990-tallet. I løpet av de siste 8-10 årene har det også her skjedd en fundamental omlegging av politikken, og i rapporten dokumenterer vi denne historien. (…)

• Klikk her eller på overskriften for å se eller laste ned hele rapporten (pdf-format).

Skottland: Tar farvel med markedsstyrte sykehus


FRI FAGBEVEGELSE Sykehusene i Skottland er lagt under politisk styring. Alle markedselementer er fjernet. Det er blitt en suksess, ifølge en ny rapport skrevet av Roar Eilertsen i De Facto. Den ble presentert på Velferdskonferansen i Oslo denne uka.

• Les mer på Fri Fagbevegelses nettsider ved å klikke her eller på overskriften

onsdag 4. mars 2009

Bremer: Krev meir helsepengar


NRK SOGN OG FJORDANE Fylkesvaraordførar Tor Bremer meiner Helse Førde må bli kompensert når staten overprøver kuttvedtak og kjem med nye bindingar til sjukehusdrifta.
Sjølv om Sogn og Fjordane ligg på landsnittet i bruk av helsepersonell, får Helse Førde stadig nye krav om innsparingar.

- Urimeleg å bli straffa
- Det er urimeleg viss vi skal straffast i fylket vårt når det gjeld tilgangen på helsetenster fordi at det bur færre menneske her, og vi slik sett får dyrare helsetenester per innbyggjar, seier fylkesordførar Tor Bremer.

Sogn og Fjordane ligg i følgje ein Sintef-rapport frå 2007 på landsnittet i bruk av helsepersonell på sjukehusa. Likevel har Helse Førde dei største økonomiske problema i Helse Vest.

Legg bindingar på drifta
Bremer meiner fordelinga av pengar til sjukehusa i større grad må tilgodesjå distriktsfylket som Sogn og Fjordane. Han krev at pengar må følgje etter når eigarane overprøver kuttvedtak og kjem med nye bindingar til sjukehusdrifta.
- Eg tykkjer det bør kompenserast når dei legg så pass store bindingar på drifta, seier Bremener, men presiserer at det ikkje er urimeleg med bindingar så lenge det er grunngjeve med at det skal vere ein minstestandard på tenestene.

Avviser nedprioritering
Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Dagfinn Sundsbø meiner Helse Førde ikkje er underprioritert og viser til at dei får lov til å gå med 40 millionar kroner i underskot.
- Eg føreset at budsjetta har teke høgde for drifta dei har planlagt, seier han.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Velferdskonferansen: - Stans dansen rundt gullkalven


FAGBLADET Velferdskonferansen tok et formidabelt oppgjør med markedsorganisering i offentlig sektor. Fagforbundets leder Jan Davidsen advarer mot sniknedbygging av velferdsstaten.

- Velferdsstaten er ikke truet av politikere som direkte sier at de vil bygge den ned. Truslene er sniknedbygging av velferdstjenestene og new public management, som er ren markedstenkning i offentlig sektor, sa Fagforbundsder Jan Davidsen på velferdskonferansen som samlet nærmere 500 deltakere fra fagbevegelsen og venstresiden i norsk politikk.

Davidsen understreket at jobben nå er å skaffe kunnskap om hva dette betyr for offentlig sektor og hva som er de gode alternativene for å skape gode arbeidsplasser og et samfunn for fellesskapsløsninger, og som er bærekraftig i forhold til naturressursene.

Nødvendig selvransakelse
Dermed var tonen satt for velferdskonferansen som i to dager har satt søkelys på hva som egentlig skjer med velferdsstaten når markedstenkningen får bre om seg, og hva som er alternativene. Og det er grunn til selvransakelse også for fagbevegelsens og venstresidens aktører.

Gullstandard
Kjell Arne Røvik, professor i statsvitenskap ved Universitetet i Tromsø, var klar på at markedstenkningen er på frammarsj, selv om noen liker å tro det motsatte. Forretnings- og bedriftsorganisering brer om seg, med en selvforklarende begrunnelse. Bedriftsorganisering er blitt selve gullstandarden som har satt seg i ryggmargen, også langt inn i de rødgrønnes rekker, sa han.

• Klikk her eller på overskriften for å lese hele saken på Fagbladets nettsider

mandag 2. mars 2009

Skottland: Droppet markeds-styring, sparer milliarder


KLASSEKAMPEN Skottland har gjort det som politikerne her hjemme mener er umulig, nemlig å reversere markedsreformene i det offentlige helsevesenet.

Skottland har tatt et oppgjør med markedsstyringa av det offentlige helsevesenet. De har spart seks milliarder kroner på tre år.
I 2002 kvittet skottene seg med bestiller-utfører-modellen, og i 2004 avviklet de helseforetakene og la de under statlig forvaltning. Stykkpris og innsatsstyrt finansiering er fullstendig avvist som styringsprinsipp fra politisk hold. Konkurranseutsetting og privatisering av støttetjenester i helsesektoren, som renhold, kantiner og vaskeri, er under full avvikling.

Sparte 6 milliarder kroner
I en rapport fra Defacto, som presenteres på Velferdskonferansen i dag, vises det at prosessen med å ta tilbake det offentlige helsevesenet i Skottland har vært utelukkende positiv i et økonomisk perspektiv.

I perioden etter avviklingen av helseforetakene, fra 2005 til 2008, har det skotske helsevesenet hatt en produktivitetsforbedring som tilsvarte en besparelse på 610 millioner pund (ca. 6 milliarder kroner).

Underskuddet i 2008 var 16 millioner pund (ca. 160 millioner kroner). Året før var det 92 millioner pund (920 millioner kroner). Den skotske riksrevisjonens rapport om økonomien i det skotske helsevesenet for 2007-2008 var uten negative anmerkinger. Alle sjukehusenhetene, bortsett fra ett, anslås å gå i økonomisk balanse i 2009. Til sammenlikning var underskuddet i den norske helsesektoren på ca. 800 millioner kroner i fjor.

• Les saken i Klassekampen ved å klikke her eller på overskriften