lørdag 31. desember 2011

Nordfjord i storm: Den medisinske akuttberedskapen var ikkje god nok


FJORDABLADET: – Vi har ikkje full oversikt over korleis akuttberedskapen var ved Nordfjord sjukehus i julehelga, det skal vi undersøke nærare. Det vi likevel er klare på er at vi ikkje kan ha eitt akuttmedisinsk tilbod som ikkje sikrar liv og helse til folk i regionen.

Dette sa Ole Petter Henden (Sp), leiar for utval for samfunnsutvikling i Eid kommune, då han møtte statsrådane Liv Signe Navarsete og Magnhild Meltveit Kleppa under synfaringa i Nordfjord fredag ettermiddag.


– Vi har fått ein viktig vekkar i samband med uvêret vi har bak oss. Med stengde vegar både nordover og sørover var det umogeleg for folk som hadde akutt behov for hjelp frå spesialisthelsetenesta å kome seg fram, sa Ole Petter Henden og peikte spesielt på svekka akuttberedskap og stengd fødeavdeling i ein ekstremvêrsituasjon.


– Ikkje minst er det viktig å ha ein fullverdig akuttberedskap i ein situasjon der mykje folk er ute på farlege oppryddingsjobbar under og etter stormen. Den situasjonen vi no har vore gjennom viser endå tydlegare enn tidlegare kor viktig det er at lokalsjukehuset vårt i Nordfjord har eit fullverdig akuttmedisinsk tilbod. Ikkje minst når vi veit at vi kan vente oss meir ekstremvêr i framtida. Vi kan ikkje basere ting på tilfeldigheiter. Situasjonen var ille nok for folk som bur nær sjukehuset, det som er viktig å merke seg er at den var endå verre for dei som bur i kommunane vest for Eid, sa Henden som understreka at ein skal ha ein skikklege gjennomgang og evaluering av situasjonen og kome tilbake til saka når evalueringa er gjort.


Både Liv Signe Navarsete og Magnhild Meltveit Kleppa lytta alvorlege til det Ole Petter Henden sa, utan at saka vart kommentert vidare.


• Les saka og kommentarane i Fjordabladet ved å klikke HER
• Les meir om saka i papirutgåva 3. januar. Du får kjøpt pdf-fil av Fjordabladet frå www.buyandread.com ved å klikke HER

torsdag 22. desember 2011

Halvparten av kommunane i Nordfjord uten jordmortilbod



FJORDABLADET.NO   – Hausten 2012 vert fødetilbodet ved Nordfjord sjukehus lagt ned.  Dette vil for dei aller fleste kvinnene i Nordfjord bety vesentleg lengre reiseveg til fødeavdeling.  Slik det er i dag er det berre Stryn kommune som har følgeteneste med jordmor.

Dette skriv kommunejordmødrene i Nordfjord i eit brev til helse- og omsorgsdepartementet, og viser til framtidig svangerskap- fødsels-og barselomsorg i Nordfjord.

– Det er med stor bekymring vi ser på at jordmortilbodet til kvinnene i Nordfjord vert amputert. Per i dag er situasjonen slik for Nordfjordkommunene:

* Stryn har 100 prosent jordmorstilling(inkl. følgeteneste). Tal innb.7084
* Vågsøy har 100 prosent jordmorstilling (ubesatt). Tal innb. 6112
* Selje har 40 prosent jordmorstilling Tal innb. 2820
* Gloppen har 40 prosent jordmorstilling Tal  innb. 5699
* Eid har 20 prosent jordmorstilling Tal innb. 5928
* Hornindal har 10 prosent jordmorstilling Tal innb.1214

(Kjelde innbyggartal: SSB per 1.7.11)

Kommunejordmødrene viser vidare til at Eid og Hornindal kommunar har i ei årrekkje kjøpt jordmorteneste i frå Helse-Førde. Desse avtalane går ut 1.mars 2012. Dette resulterer i at halvparten av kommunane i Nordfjord vil stå uten jordmortilbod etter den datoen.

– Så langt vi kjenner til, har ikkje desse kommunane iverksett konkrete tiltak for å dekkje dette behovet, noko som i seg sjølv er bekymringsfullt.  Ifølge kommunehelseloven paragraf 1-3 plikter kommunane seg til å ivarta dette tilbodet. Vågsøy kommune har i ei årrekkje hatt 50 prosent stilling, denne er blitt auka til 100 prosent i haust – stillinga er per dags dato dessverre ikkje besatt, skriv kommunejordmødrene i Nordfjord.

– Hausten 2012 vert fødetilbodet ved Nordfjord sjukehus lagt ned, dette vil for dei aller fleste kvinnene i Nordfjord bety vesentleg lengre reiseveg til fødeavdeling.  Slik det er i dag er det berre Stryn kommune som har følgeteneste med jordmor.
I følge Medisinsk fødselsregister er det 1,9 prosent av kvinnene i Sogn og Fjordane som føder utenfor institusjon. Dette er den høgaste prosenten i landet. Gjennomsnittet er på 0,8 prosent. Dette syner at det allereie no er eit stort behov for følgeteneste med jordmor ute i kommunane, skriv kommunejordmødrene i Nordfjord og viser til at frå 1.januar 2010 vart ansvaret for beredskap- og følgeteneste lagt til helseforetaka.

– Kommunane har framleis ansvar for svangerskaps- og barselomsorga. Til tross for at det er to år sidan dette vart vedteke har det per dags dato ikkje skjedd nokon endringar i denne samanheng. Med sammhandlingsreforma vil kommuna få eit auka ansvar i forhold til barselkvinnene. Tidleg heimreise vil gje kommunane ei auka utfordring, skriv kommunejordmødrene i Nordfjord og spør:

Kva no?
Kven tek ansvar?
Kvinnene er urolege og har krav på å vite kva som skjer i framtida.

Hensikta med eit lovverk er vel at det skal iverksettast og komme brukarane til gode. Bekymringsfullt er det òg at det samla sett ikkje er meir enn 10 jordmødre i Nordfjord. Halvparten av desse er over 50 år, og den yngste flyttar i løpet av kort tid frå Nordfjord. Ei har allereie fått seg ny jobb og dei fleste andre ser seg om etter nye arbeidsområde, helst utanfor den offentlege helse- og sosialsektoren, skriv kommunejordmødrene i Nordfjord i brevet til Helse- og omsorgsdepartementet og viser til ei lita historie frå Nordfjord Sjukehus.
  
– Nattevakt, der er tilfeldigvis to jordmødre på vakt. Det ringjer ei kvinne, og melder seg på grunn av fødsel og det viser seg snart at ho treng følgje. Forventa reisetid 1,5 timar. AMK etterlyser vakthavande kommunejordmor. Dette finst ikkje i nokon av dei fire berørte kommunene som kvinna måtte køyre gjennom. Dette burde AMK vere orientert om! Løysinga vart at ei av jordmødrene på «føden» rykte ut. Fem minutt etter at jordmor ankom ambulansen var barnet født. Det gjekk bra denne gongen.

Blir ikkje betre
– Dette er på ingen måte ei utvikling vi jordmødre er fornøgde med. Tilbodet vert tilsynelatande ikkje betre heller. Dette er ikkje rekrutterande, det er lite framtidaretta og lite robust, noko som vil være svært uheldig for Nordfjord. Vi har i alle år prøvd å få  kommunane til å auke opp jordmorstillingane. Vi har etterlyst følgeteneste i 28 år og vi har kjempa med nebb og klør for å behalde fødeavdelinga ved Nordfjord Sjukehus. Dette har vi heller ikkje lukkast med. Er det verkeleg slik vi vil at fødande i Nordfjord skal ha det i framtida?, spør kommunejordmødrene i Nordfjord i eit ope brev til Helse- og omsorgsdepartementet, med kopi av brevet til: Helse og omsorgskomiteen ved Bent Høie, Helsedirektoratet v/Bjørn Inge Larsen, Helsetilsynet v/Lars E. Hanssen, rådmennene og ordførarane i Nordfjordkommunane og klinikkdirektør i Helse-Førde ved Tore Dvergsdal.

• LES SAKA I FJORDABLADET VED Å KLIKKE HER

mandag 19. desember 2011

Tilsette: –Positivt med seinare framdrift


SOGN AVIS Helse Førde vedtok torsdag å gje Lærdal meir tid når dei skal gjennomføra planlagde kutt.

– Me ser det sjølvsagt som positivt at gjennomføringa går seinare enn det var lagt opp til. Dette var også eit ønskje frå vår side.
Det seier plasstillitsvald for NITO ved sjukehuset i Lærdal. Kari Grøttebø og andre tillitsvalde åtvara før styremøtet i Helse Førde mot dei planlagde kutta og meinte det ville gå ut over akuttberedskapen ved lokalsjukehusa. I tillegg til talet på senger, blir det også fjerna ein radiolog og gjennomført kutt i bemanninga på laboratoriet.
– Me hadde sjølvsagt ønskt at det me peika på, vart gjort noko med. Me ser lysare på situasjonen no, men hadde helst sett at fleire av punkta vart gjort om.
Meir tid?
Styret i helse Førde vedtok torsdag å redusera talet på senger på medisinsk avdeling i Lærdal og Eid til 15.
Men styreleiar Clara Øberg fekk styret med seg på at gjennomføringstidspunktet måtte vurderast fortløpande.
– Spørsmålet er kor klare kommunane er til å ta vare på dei pasientane som kjem frå sjukehusa i samband med samhandlingsreforma.
Øberg fekk styret med seg på følgjande formulering:?På bakgrunn av synspunkt frå ordførarar i dialogmøtet 9. desember og andre innspel, ber styret om eiga sak med fornya vurdering av tempoplanen for denne omstillinga.
Samarbeid
Øberg fekk følgje av Jorunn Ringstad.
– Det er viktig å tenkja på samarbeidet som må vera mellom kommunane og Helse Førde i samband med samhandlingsreforma. Me må difor vera sikre på at kommunane kan gjera sin jobb slik at me er sikre på å få til eit godt samarbeid. Me skal ikkje rokka ved talet på senger, det står klart i den vedtekne føretaksprotokollen at desse skal reduserast til 15. Men eg er open for å sjå på tempoplanen i denne samanheng
Usikker
Knut Cotta Schønberg var også usikker i høve til framdriftsplanen.
– Me er i ein organisasjon i kontinuerleg omstilling og då kan einskilde føla at dei blir hardt råka. Men me må sjå på tempoet me reduserer talet på sengeplassar på. Det er viktig å ha ein balanse i dette slik at me ikkje kjem i ein situasjon med for få senger.
Omkamp
Harry Mowatt meinte framlegget frå Øberg var ein klar invitasjon til omkamp.
– Gjennomfører me ikkje dette no, blir me sitjande med same sengetal som i dag til evig tid. Når det gjeld beredskapen i høve til pasientane, så bør me sikra dette gjennom ein betre strategi for å ta imot fleire pasientar her i Førde.
Trude Brosvik meinte dette ikkje var invitasjon til omkamp.
– Dette er nybrotsarbeid for kommunane og me må kunna bruka litt folkevit også.
Mowatt ville ikkje inn i ein diskusjon om kven som hadde det beste folkevitet og slo fast at han trudde pasientane ville få det betre med eit godt tilbod ved sentrasjukehuset. Men vart han ståande åleine i avrøystinga, så ville ha røysta for framlegget frå Øberg.
Pasientane
– Som den greie karen eg er, som han sa.
Øberg sa til Sogn Avis etter møtet at ei for rask gjennomføring kan gå ut over pasientane.
– Det er nokre kommunar som er lite langt komne når det gjeld samhandlingsreforma. Me kan ikkje gå for fort fram i høve til den kapasiteten kommunane har til å stetta sine plikter i samhandlingsreforma. Og alt skal ikkje vera på plass før i 2016, minnar Øberg om.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke HER

mandag 12. desember 2011

Styremøte i Helse Førde torsdag 15. desember


(KOPIERT FRÅ HELSE FØRDE SINE SIDER) 


Styremøte 15.12.2011 


Det blir halde styremøte i Helse Førde torsdag 15. desember. Møtestart klokka 09.00 på Førde sentralsjukehus, møterom 4, i 2. etasje.


Av Finn Ove Njøsen, Helse Førde


Sakliste:
               076/2011 A Godkjenning av innkalling og dagsorden
                                  Innkalling og sakliste
               077/2011 A Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF 25.11.2011
                                  Protokoll frå styremøte HF 25. november 2011
                                  Protokoll frå styremøte 25.11.11
               078/2011 O Administrerande direktør si orientering
                                  Adm dir si orientering
               079/2011 A Rapportering frå verksemda per november 2011
                                  Rapportering fra verksemda per november 2011
                                  Verksemdsrapport Kirurgisk klinikk - november 2011
                                  Verksemdsrapport Medisinsk klinikk - november 2011
                                  Verksemdsrapport Psykisk helsevern - november 2011
                                  Verksemdsrapport Stab og støtte - november 2011
               080/2011 A Budsjett 2012 - Helse Førde HF
                                  Budsjett 2012 - Helse Førde HF
                                  Budsjett 2012 Kirurgisk klinikk
                                  Budsjett 2012 Medisinsk klinikk
                                  Budsjett 2012 Psykisk helsevern
                                                    Notat BUP
                                  Budsjett 2012 Stab og støtte
                                  Sak 13611 B Inntektsfordeling 2012 og resultatkrav 2012.pdf
               081/2011 A Investeringsplan 2012 - Helse Førde HF
                                  Investeringsplan 2012 - Helse Førde
               082/2011 Eventuelt 
             Skriv og meldingar
                                                    Skriv og meldingar til styret



KLIKK HER FOR Å KOMME TIL HELSE FØRDE SINE SIDER

Kronikk: Fatale fødebeslutninger på feil grunnlag


KRONIKK I NATIONEN, MANDAG 12. DESEMBER 2011

Fatale fødebeslutninger på feil grunnlag


Bente Øien Hauge, Lærdal
Nils Johan Ystanes, Odda
Bjørn Myklebust, Nordfjordeid
Desiree S. Høgmo, Lofoten


Regjeringen har bestemt at fødetilbudene ved lokalsykehusene i Odda, Lærdal, Nordfjord og Lofoten skal nedgraderes til jordmorstyrte fødestuer og dermed miste fødselsleger og operasjonsberedskap. Vedtaket ble begrunnet med faglige advarsler mot de små fagmiljøene. Nå avdekkes tall som tyder på at legeberedskap på små fødeenheter dobler sjansen for overlevelse og at regjeringens beslutning er gjort på feil grunnlag. På vegne av befolkningen som sogner til disse fire lokalsykehusene krever vi at regjeringen umiddelbart reverserer vedtaket, slik at vi igjen kan få trygge rammer om fødslene i våre vidstrakte regioner.

Regjeringens omgjøring av tre forsterkede fødestuer og en fødeavdeling til "jordmorstyrte fødestuer" betyr at våre lokalsykehus ikke lenger skal ha lege i vaktberedskap for fødselskomplikasjoner. På jordmorstyrte fødestuer kan jordmor i prinsippet bare tilkalle kommunal legevaktslege om komplikasjoner skulle oppstå under en fødsel.

Helseministeren uttalte at regjeringen med vedtaket ønsket å "sikre kvalitet, forutsigbarhet for den fødende og stabile fagmiljøer". Hvordan kan kvaliteten bli bedre når man blir fratatt muligheten for en fødselsleges vurderinger, medisinsk smertelindring, akutte keisersnitt eller vakum under fødselen? Hva slags forutsigbarhet gir det å øke avstanden til fødeavdeling med to timer eller mer?

Regjeringen viste til "entydige faglige råd", vikarbruk og usikre beredskapsordninger. Et tungt innspill var selvsagt Helsetilsynets gransking av tilsynssaker for 2006–2008 som da var under arbeid. Helsetilsynsdirektøren hadde jo i et brev til helseministeren vist til materialet og formidlet at risikoen var størst på de små fødeavdelingene og de forsterkede fødestuene, noe som fikk store oppslag i mediene.

Nå har NRK Nyheter avdekket at materialet dokumenterer det motsatte av hva direktøren ga uttrykk for; tallmessig er risikoen for alvorlig skade eller død under fødsel i realiteten dobbelt så høy på en jordmorstyrt fødestue (uten lege) som på en forsterket fødestue (med lege). Fra de jordmorstyrte fødestuene var det i perioden meldt om fire tilfeller av alvorlig fødselsskade eller død (med 1378 fødsler totalt blir det 0,29%), mens det fra de forsterkede fødestuene var meldt om ett tilfelle av alvorlig fødselsskade eller død (med 890 fødsler totalt blir det 0,11%).

Ettersom tallene er små, kan de uansett standpunkt avfeies som et spinkelt beslutningsgrunnlag. Men tendensen i tallene underbygges av en studie fra Nederland, omtalt i Tidsskrift for den norske legeforening i januar i år. Ved gransking av 37 735 fødsler der halvparten hadde fødselsstart på jordmorstyrt lavrisikoenhet og halvparten på fødeavdeling med fødselslege, viste det seg at man fant en doblet risiko for død av fødselsrelaterte årsaker på lavrisikoenhetene. "Nederlandsk fødselshjelp rystes", sto det i Tidsskriftet.

Fagfolkene som har dominert Nasjonalt Råd for fødselsomsorg har gjennom de siste ti årene fra ulike posisjoner arbeidet for å fjerne legene fra fødestuene i distrikts-Norge utifra en grunntese om at komplikasjoner kan forutses slik at jordmor alene er tilstrekkelig når man forventer en normal fødsel. De har ofte vist til "de gode resultatene" fra Nederland som argument. Siden de avviser alle diskusjoner om premissene for fødselspolitikken er det ikke overraskende at de ignorerer både ovennevnte undersøkelse og en annen analyse som viser tredoblet barnedødelighet ved hjemmefødsler og som skapte heftig debatt i Nederland.

Regjeringen har gjort sitt vedtak på grunnlag av udokumenterte utspill fra Helsetilsynet og påstander fra et snevert fagmiljø som tviholder på et kart som aldri har stemt med terrenget og omtaler legeberedskapen ved våre små fødeavdelinger og forsterkede fødestuer som en "falsk trygghet".

Selv etter at de reelle tallene for de tragiske hendelsene er avdekket, insisterer tilsynsdirektøren på at hans oppfatning er riktig og hevder at han aldri mente å trekke bastante konklusjoner. Det er "identifiserte risikofaktorer" som gjør små fødeinstitusjoner "sårbare". Helse- og omsorgsdepartementet godtar denne argumentasjonen og forsvarer vedtaket om nedbygging av fødetilbudene.

Vi har imidlertid også identifisert en sårbarhetsfaktor, og denne bør interessere beslutningstakerne: Hva er risikoen ved å fjerne legene fra fødeenhetene ved våre lokalsykehus, om det likevel skulle oppstå problemer under fødselen?

Uventede fødselskomplikasjoner er sjeldne, hevdes det. Men våre lokalaviser har bare i løpet av 2010 og 2011 fortalt om minst seks barneliv som legeberedskapen har reddet, når det hverken var tid eller mulighet for overflytting til større sykehus. Tar regjeringen ansvaret for at slike situasjoner ikke vil oppstå i fremtiden?

Oskar, forløst med nødkeisersnitt i Lofoten åtte uker før termin, ville ikke overlevd om mor skulle transporteres med fly til Bodø. Lea Sofie, som ble født tolv uker før termin, klarte seg på grunn av beredskap med anestesilege på lokalsykehuset i Odda. Samme sted ble Eirik, i komplisert seteleie, berget med keisersnitt da ambulansehelikopteret fra Bergen var forhindret av uvær. Raskt keisersnitt ved Nordfjord sykehus reddet tvillingjenter i feilstilling. Og Randi Marit som lå på tvers med navlesnoren i klem ble reddet av at helseforetaket ennå ikke hadde fått avviklet kontrakten med gynekologen i Lærdal.

Fire sykehus, fem fødsler, seks barneliv som i løpet av to år ble berget av lokale fødselsleger som regjeringen nå fjerner. Vi kjenner til ennå flere tilfeller der mødrene ikke kunne rukket frem til Det Store Sykehuset i tide. Vi er glade for at regjeringsvedtaket ikke var gjennomført fra våren 2010, for da ville nok ingen av disse barna vært i live. Hvor mange barn skal i fremtiden risikere risikere skader eller død under transport til et større fagmiljø?

Regjeringen må gjøre rede for hva som var det faktiske grunnlaget for beslutningen. Vi forlanger at man nå ser på alle sider av saken - og inkluderer livene som legeberedskapen beviselig har reddet. Ettersom fagmiljøene ikke har levert et balansert og konkret faktagrunnlag om risikoen ved fødsler med eller uten legeberedskap ved fødeinstitusjonene i Lærdal, Odda, Lofoten og Nordfjord, forventer vi at vedtaket som rammer disse enhetene oppheves inntil et seriøst beslutningsgrunnlag foreligger. Gi oss tryggheten og fødeavdelingene våre tilbake!

Krev at fødestovene får ein ny sjanse

NATIONEN.NO  Representantar for dei fire fødestadene som vart ramma av vedtaket om å avvikle dei forsterka fødestovene, krev at regjeringa ser på saka på nytt. 

—Avviklingsvedtaket frå regjeringa er gjort på udokumenterte utspel og påstandar frå eit snevert fagmiljø, som tviheld på eit kart som aldri har stemt med røynda, seier koordinator Bente Øien Hauge i Folkerørsla for lokalsjukehusa.

I ein kronikk i Nationen måndag krev ho og tre andre representantar for fødestadene som vart ramma av regjeringas vedtak å avvikle dei forsterka fødestovene 1. april i år, at avviklingsvedtaket vert oppheva.

—Vedtaket er ulogisk og byggjer på eit premiss om at fødselskomplikasjonar kan føreseiast. Det kan dei ikkje alltid. No syner det seg at Statens helsetilsyn heller ikkje hadde statistisk belegg for å seie at det skjer fleire skadar på dei forsterka fødestovene. Det vert berre verre og verre, seier Øien Hauge.

—Ikkje tilfeldig utspel

Bakgrunnen for kravet frå Øien Hauge er dei nye opplysningane NRK Sogn og Fjordane nyleg avdekte, som syner at Statens helsetilsyn ikkje har statistisk belegg for å seie at det er meir risikabelt å føde ved dei forsterka fødestovene.

Det strid mot helsetilsynsdirektør Lars E. Hanssen sine åtvaringar frå desember 2010, då han varsla Helsedepartementet om at risikoen for fødselsskadar er større på dei små fødeavdelingane og dei forsterka fødestovene enn på ordinære fødestover.

Konklusjonen bygde på ein førebels gjennomgang av 81 innrapporterte alvorlege skadar eller død under fødsel i treårsperioden mellom 2006 og 2008.

Åtvaringane frå Helsetilsynet vart via stor plass i media, og Hanssen vart mellom anna sitert på at dei små, lokale fødestovene ikkje er noko problem, fordi dei sender risikofødslane vidare til større fødeavdelingar, medan dei små fødeavdelingane, inkludert forsterka fødestover, som skal ha beredskap for keisarsnitt, er sårbare.

Øien Hauge og dei tre andre kronikkforfattarane skriv at signala frå Helsetilsynet var eit «tungt innspel» då regjeringa fire månader seinare vedtok å avvikle ordninga med forsterka fødestover.

—Utspelet frå tilsynsdirektøren var ikkje tilfeldig. Det kom berre nokre få dagar etter den store lokalsjukehusdemonstrasjonen framfor Stortinget. Eg trur Hanssen var aktivt med på å snu opinionen etter demonstrasjonen, seier Øien Hauge.

—Regjeringa må klargjere

Hanssen avviste i Nationen førre veke at han har gjeve råd eller delteke i debatten om organisering av fødetilboda. Han synte også til at det er rutine å varsle departementet om pågåande prosessar i tilsynet.

Statssekretær Robin Kåss (Ap) i Helsedepartementet har synt til at talmaterialet ikkje har vore avgjerande for avviklinga av dei forsterka fødestovene. Kåss seier det på dei forsterka fødestovene var ein del rutinar og måten ein jobba på som auka risikoen for feil, og at det difor er teke grep for å endre rutinane.

Øien Hauge er ikkje overtydd og vil ha regjeringa til å klargjere kva som var grunnlaget for avgjerda om avvikling.

—Den norske jordmorforeining har sagt at dei ikkje har gjeve råd om at dei forsterka fødestovene skal leggjast ned. Eg veit at Legeforeininga heller ikkje tilrår dette. Og no har ikkje heller Helsetilsynet statistisk belegg for utsegna. Skrellar ein av alle desse tinga, kjem ein til at regjeringa har lent seg på eit snevert fagmiljø i denne avgjerda. Skal regjeringa ha tillit, må ho syne til at vedtaket er reelt og konkret fagleg fundert, seier Øien Hauge.

—Vi er ikkje samde i at det er meir uforsvarleg ved dei forsterkte fødestovene. Praksis syner tvert om at akuttberedskapen som finst der i nokre tilfelle er heilt avgjerande. Frå tid til anna oppstår det fødselskomplikasjonar som ikkje kan føreseiast, og då har det med tryggleiken å gjere om ein har ei fødestove med eller utan lege i nærleiken, seier ho.

• Les saka i Nationen ved å klikke her

Dommen i saken mellom Sjukehusaksjonen Nordfjord og Helse Førde

Dommen fra Bergen tingrett er lagt ut på Sjukehusaksjonen Nordfjords sider.

Klikk HER for å lese dokumentet (pdf-fil).


søndag 11. desember 2011

Framtidas lokalsjukehus – på villspor før prosjektstart





FJELLESTAD MANAGEMENT CONSULTING/www.fjellestad.as skriv i eit innlegg:

I forrige veke vart det nasjonale prosjektet Framtidas lokalsjukehus starta. Prosjekteigar er Helse Vest og prosjektleiar er Helse Førde. Prosjektet er forankra i regjeringa og i Helse- og omsorgsdepartementet.

På regjeringa sine heimesider er målet for prosjektet definert slik: (Mine uthevingar) “Målet er at Nordfjord sykehus skal utvikles til en samhandlingsarena og tidmessig lokalsykehus med tjenestetilbud innrettet mot de pasientgrupper som i framtiden vil har størst behov for spesialisthelsetjenester lokalt.”

Prosjektet har derimot fått denne målsetjinga i Helse Førde: (Mine uthevingar) “Målet er å vere eit nasjonalt pilotprosjekt som i eit samhandlingsperspektiv skal vurdere og gi tilråding om endra oppgåvefordeling mellom nivå og kva pasientretta aktivitet som kan bli organisert ved sjukehuset for pasientgrupper som i framtida vil ha størst behov for helsetenester lokalt.”

Det er nokre forhold ved dette som er interessant. For det første; Kvifor har regjeringa si målsetjing vorte endra? – og for det andre; Kvifor er “målsetjinga” ikkje lenger ei målsetjing? (Den nye “målsetjinga” er i realiteten ei beskriving av kva prosjektet skal vere under vegs i prosjektet, og ikkje ei beskriving av kva prosjektet skal oppnå og levere frå seg. Det vert som å skyte ei pil inn i skodda og stille krav til pila si flukt, utan å stille krav til kva det er akseptabelt at pila skal treffe…)

Det er mogeleg at eg no les målformuleringar som ein viss mann les bibelen. Det er óg mogeleg at eg ser mønster som det ikkje er eit sakleg grunnlag for å sjå. På den andre sida har Helse Førde tidlegare brukt “prosessteknikkar” på ein måte som gjer at det er svært gode grunnar til å følgje med på kva foretaket gjer.

No startar prosjektet opp utan mål og meining. Ein konsekvens av dette er at maktspelarane inne i prosjektet kan boltre seg mykje friare. Eg oppfordrar difor prosjektet om å endre på målformuleringa slik at offentlegheita får vite kva det er prosjektet skal levere – og dette må skje no!

• Les innlegget på Endre Fjellestads blogg (Fjellestad Management Consulting) ved å klikke her 

Kjersti Toppe (Sp) kjenner seg ført bak lyset om fødestover



NATIONEN  Helsepolitisk talsperson Kjersti Toppe i Sp stiller spørsmål ved prosessen som leidde til at regjeringa vedtok å avvikle forsterka fødestover.


—Eg kjenner meg til ein viss grad ført bak lyset.

Det seier helsepolitisk talsperson Kjersti Toppe i Senterpartiet etter at det nyleg vart kjent at Statens helsetilsyn ikkje har statistisk grunnlag for åtvaringane om dei forsterka fødestovene, som tilsynet sende Helsedepartementet i desember 2010.

Då regjeringa vedtok å avvikle ordninga med forsterka fødestover 1. april i år som følgje av nye kvalitetskrav frå Helsedirektoratet, synte helseminister Anne Grete Strøm Erichsen (Ap) til at råda frå fleire fagmiljø på dette punktet var eintydige. No stiller Toppe spørsmål ved vedtaksprosessen.

—Dei nye opplysningane fortel meg at vi ikkje kan stole på dei fagleg råda vi får presentert. Bakgrunnstala har ikkje vore kjende for oss før, seier ho.


—Politisk umogleg å omgå
Sp-leiar Liv Signe Navarsete har tidlegare vore tydeleg på at Senterpartiet stod åleine i kampen for å oppretthalde det eksisterande tilbodet ved dei forsterka fødestovene under regjeringsforhandlingane. Navarsete ville ikkje kommentere saka torsdag, og ei heller fredag, men ho stadfestar at bakgrunnsstatistikken er ny for henne.

Toppe seier ho reagerer på at Helsetilsynet gjekk ut så sterkt som det gjorde i sine åtvaringar fire månader før vedtaket i regjeringa.

—Direktør i Helsetilsynet, Lars E. Hanssen, skapte heilt klart eit inntrykk av at det ikkje var fagleg forsvarleg med forsterka fødestover. Når både Helsetilsynet og Helsedirektoratet stod så knallhardt på det same, var det politisk umogleg å kjempe for å oppretthalde desse, seier Toppe.

Ho påpeikar at ho aldri vart overtydde om at det dei sa var rett, men at Sp måtte gi seg nettopp fordi dei faglege tilrådingane var vanskelege å kome forbi.

—Eg synest det er bra at tilsynet og direktoratet påpeikar at det var for dårlege rutinar på dei forsterka fødestovene, men det er pussig at svaret då vert å leggje dei ned. Det burde heller setjast inn tiltak, seier Toppe.

NRK Sogn og Fjordane har vorte gjort kjent med at nedlegginga av dei forsterka fødestovene var basert på det som vart kalla eintydige faglege råd frå Helsedirektoratet, Helsetilsynet, Den norske jordmorforeining og Norsk gynekologisk foreining.


Hanssen avviste
Hanssen avviste til Nationen i går at han har gjeve råd eller delteke i debatten om organisering av fødetilboda på grunnlag av brevet.

—Vi har berre synt til det Helsedirektoratet har sagt om den saka, seier han.

Den norske jordmorforeining støttar seg også på kvalitetskrava frå Helsedirektoratet.

—Vi har ikkje gjeve råd om at dei forsterka fødestovene skal leggjast ned. Det både vi og Norsk gynekologisk foreining har gjort er å slutte oss til dei nye kvalitetskrava til fødselsomsorgen som seier at vi i framtida skal ha eit tredelt system med fødeavdelingar, kvinneklinikkar og fødestover. Vi ønskjer at det skal vere kvalitet, men tilrår ikkje nedlegging av ein drøss med fødestover, seier leiar Marit Heiberg i jordmorforeininga.

• Les denne og relaterte saker på Nationen.no ved å klikke her