lørdag 30. januar 2010

Helse Førde-styret: Ingen felles kandidat frå Nordfjord


FJORDABLADET Nordfjord-kommunane har foreslått seks ulike personar som kandidatar til styret i Helse Førde. Regionen samarbeider ikkje om å få inn kandidatar i føretaksstyret.

I byrjinga av desember fekk alle kommunane invitasjon frå Helse Vest til å kome med kandidatar til styra i helseføretaka. Fylkesutvalet foreslo kort tid etter attval på Jorunn Ringstad (Sp, Askvoll), Clara Øberg (Ap, Sogndal) og Harry Mowatt (Ap, Leirvik), samt Arve Mjømen (H, Gulen). Altså ingen kandidatar frå Nordfjord.

Torsdag handsama formannskapet i Eid saka, dagen før fristen for å melde inn aktuelle personar.

Hundeide og Hansen takka nei
Kristen Hundeide (H), tidlegare Eid-ordførar, var spurt om å vere Eid sin kandidat til Helse Førde-styret, men han har takka nei grunna helsesituasjonen i nær familie.
– Det er eit veldig tungt verv og slett ikkje noko solskinsverv. Eg sa ikkje nei fordi eg ikkje er interessert, eg har veldig stor interesse for vervet, seier Hundeide.

Rolf Lefdal (Ap) meinte formannskapskollega Oddvin Hansen (H) burde ta vervet. Spørsmålet kom bardust på Hansen.
– Eg er motstandar av helseføretaka og måten dei er organiserte på. Då blir dilemmaet om ein skal seie ja til å sitje i noko som ein er imot, seier Hansen dagen etter møtet. Han trur ikkje svaret hadde blitt annleis om spørsmålet hadde kome tidlegare.

– Håplaust og udemokratisk
Fleire av politikarane i formannskapet uttrykte frustrasjon over prosessen i valet av kandidatar til Helse Førde-styret. Kjell Magne Åshamar (Sp) kalla saka den mest udemokratiske prosessen han nokon gong har vore bort i.
– Vi organiserer oss for dårleg for å få gjennom noko. Fylkesutvalet er ferdig med sitt val for lenge sidan, og Nordfjord blir ikkje samde. Helse Vest får full fridom til å plukke sine favorittar. Dette viser kor håplaus modellen for styringa av helseføretaka er, det er så langt frå demokrati ein klarer å kome her i landet, sa Åshamar.

Seks kandidatar
Han foreslo Asgeir Solheim (Sp) frå Vågsøy og Jakob Hammer (H) frå Stryn.
Hammer er foreslått av Gloppen kommune, medan Solheim er foreslått av Selje, Vågsøy og Bremanger saman med Liv Stave (H) og Jorunn Frøyen (H).
Stryn sin kandidat er Kristen Hundeide som altså har sagt nei, medan Hornindal ikkje har sendt inn framlegg.
Gloppen har også foreslått attval på Anni Felde (Sp).

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

fredag 29. januar 2010

Støyva og Dvergsdal held fram i Helse Vest-styret


FJORDABLADET Både Nils P. Støyva og Gerd Dvergsdal held fram i styret i Helse Vest RHF. Dette vart klart etter at Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichen oppnemnde nytt styre for Helse Vest RHF i dag (onsdag).

Styret er det høgste ansvarsorganet i ein helseregion. Det har ansvar for at helseføretaket gjev gode og likeverdige spesialisthelsetenester til befolkninga i regionen, uavhengig av alder, kjønn, bustad, økonomi og etnisk bakgrunn.

– Dette er en sektor med mange utfordringar. Eg har ei forventing til at styret sin samla kompetanse og breie representasjon gjer det i stand til aktivt å utvikle spesialisthelsetenest i sin region, og samtidig sikrar at dette skjer i tråd med nasjonale føringar, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Styret i Helse Vest har ansvar for at dei helsepolitiske måla vert nådde innanfor dei økonomiske rammene som Stortinget har vedtatt, og at ressursane vert brukt mest mulig effektivt.

Styra i de regionale helseføretaka består av både eigaroppnemnde styremedlemmer og styremedlemmer som er valt av dei tilsette. Frå 2006 er det stilt krav om at eit fleirtal av dei eigaroppnemnde styremedlemmene skal vere folkevalde.

Dei eigaroppnemnde styremedlemmene skal ikkje representere geografiske område, parti eller andre interesser. Men det er viktig at styra samla sett har breidde, både geografisk, partipolitisk og når det gjeld alder, og at kravet til kjønnsbalanse er ivareteken. I tillegg har det vore ønskjeleg både å ta omsyn til kontinuitet og fornying. På grunn av dette er dei fleste av dei sittande styremedlemmene oppnemnde på nytt, medan nokre får avløysing av nye medlemmer.

I føretaksmøtet med Helse Vest RHF tok helse- og omsorgsministeren opp krav til drifta i helseregionen. I føretaksmøtet pekte også statsråden på viktigheita av at lover og reglar blir fylgt i forhold til pasientbehandling og registrering av ventetider.

Det nye styret i Helse Vest RHF består av følgjande styremedlemmer:
• Oddvard Nilsen (leiar)
• Aud Berit Alsaker Haynes (ny) (nestleiar)
• Gunnar Berge
• Ohene Aboagye
• Nils Støyva (Ap)
• Gisle Handeland (Ap)
• Gerd Dvergsdal (Sp)
• Torhild S. Nyborg (KrF)
• Gro Skartveit (V)

Tilsetterepresentantar
• Lise Karin Strømme
• Aslaug Husa
• Helge Espelid
• Reidun Johansen

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Hyllestad Ap-leiar: – Sats på sjukehuset i Førde


NRK SOGN OG FJORDANE Arbeidarpartiet i fylket har vore feige: – Vi må tore å seie at det må satsast mest på sentralsjukehuset i Førde, seier lokallagsleiar Finn B. Førsund.

– Vi må seie rett ut at vi må satse klart sterkast på sentralsjukehuset i Førde, sjukehuset med det klart beste kompansen og sjukehuset dei fleste i fylket vil trenge hjelp ifrå, seier Førsund som er leiar i Hyllestad Arbeiderparti.

– Sats på Førde
Arbeidarpartiet i fylket har i lengre tid skubba dei vanskelege helsepolitiske sakene føre seg.

– Vi bør satse på det sjukehuset som har viktigast funksjonar for så og sei alle menneske her i fylket, seier Førsund.

Det er fylkesårsmøte i mars, der mellom andre helseminister Anne-Grethe Strøm-Eriksen kjem, og tida er overmogen for å ta standpunkt.

– Kan ikkje bygge opp
– Ein kan ikkje bygge opp lokalsjukehusa dersom ein skal spare 150 millionar, seier han.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

mandag 25. januar 2010

Styresakene til torsdag 28. januar er no lagt ut på nett


FRÅ HELSE FØRDE SINE SIDER:

Sakene til styremøtet 28. januar er no lagt ut.
Møtestart er kl 09.00 på Førde sentralsjukehus, møterom 4, 2. etasje.

• Sakspapira finn du ved å klikke her eller på overskrifta

Forsvar Lærdal sjukehus vil som vanleg vere til stades på tilhøyrarbenken

søndag 24. januar 2010

Lei av runde svar frå Ap om lokalsjukehus



NRK SOGN OG FJORDANE - Det er frustrerande at Arbeidarpartiet er så uklare når dei definerer eit lokalsjukehus. Det seier Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus.

Helseministeren var lite konkret
Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen vart denne veka utfordra av tidligare leiar i sosialkomiteen på Stortinget, Harald T Nesvik frå Frp. Han ville vite kva som er definisjonen på eit lokalsjukehus. Og Strøm- Erichsen svarte:
- Det er ingen eintydig definisjon av kva tilbod og personalgrupper eit lokalsjukehus skal ha.

Har sett seg lei på runde svar
Nesvik var ikkje nøgd med svaret. Han meinte det var lite konkret. Han får full støtte fra Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus.

- Arbeidarpartiet må ta utfordringa og definere kva eit lokalsykehus skal vere. Det slit på både personale, pasientar og innbyggjarar at det ikkje er sagt kva funksjonar eit lokalsjukehus må ha, seier ho.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

• Saka er ei oppfølging til "Ingen veit nøyaktig kva eit lokalsjukehus skal vere", også på NRK Sogn og Fjordane sine sider, som handla om helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsens (Ap) uklare svar til Harald Nesvik (FrP) i Stortingets spørretime. Klikk her for å komme til den.

• Og Fjordabladet har lagt ut heile ordskiftet mellom Nesvik og Strøm-Erichsen her

fredag 22. januar 2010

Takk for gåver til aksjonen i 2009!


Forsvar Lærdal sjukehus har gjennom 2009 motteke gåver frå verksemder, lag, organisasjonar og private.

Her er nokre av gåvene me har motteke:
15. januar, Lærdal Energi, kr. 7 000
23. januar, Tønjum Grendalag, kr. 5000
12. februar, Lærdal Røde Kors besøksteneste, kr. 5000
4. mars, Lærdal Revmatikarlag, kr. 5000
1. juni, Årdal SV, kr. 500
26. oktober, Lærdal Bygdekvinnelag, kr 3000
17. desember, Fagforbundet Lærdal, kr 7500
22. desember, tilsette og styremedlemar i Lærdal Energi, kr 12000

I tillegg har private gjevarer bidrege, mellom anna i samband med fleire gravferder.

Me takkar hjarteleg for store og små bidrag. Gåvene er viktige, både fordi dei fortel at de støttar kampen for sjukehuset i Lærdal og fordi dei set oss i stand til å dekka kostnadane med å driva aksjonen.

• Les i Sogn Avis om gåva frå dei tilsette og styremedlemane i Lærdal Energi ved å klikke her eller på overskrifta

torsdag 21. januar 2010

Punktene fra arbeidsmøtet til Helse Førde-strategi 7. januar


Helse Førde har lagt ut oppsummeringen fra arbeidsmøtet ("folkemøtet") som ble holdt på Lærdal sjukehus om kvelden 7. januar.

• Klikk her eller på overskriften for å lese punktene fra møtet i Lærdal

• Klikk her for å lese punktene fra folkemøtet i Nordfjord

• Klikk her for å se oversikten over alle referatene

Diskusjon på Origo/Fjordaglimt


Det foregår en diskusjon på Origo/Fjordaglimt om Helse Førde, arbeidet med strategien m.m. Begynte vel med å handle om Nordfjord, men vi har da klart å få inn litt om Lærdal her etterhvert. Det er litt vanskelig å finne frem til disse diskusjonene, derfor legger jeg ut lenken her.

• Klikk her eller på overskriften for å se diskusjonsinnleggene.

onsdag 20. januar 2010

Uttale frå årsmøtet til Senterkvinnene: Vil ha lokalsjukehus med akuttfunksjonar


FJORDABLADET - Vi skal ha lokalsjukehus med akuttfunksjonar for å gje alle innbyggjarane trygg og sikker hjelp. Dette kjem fram i ei fråsegn fylkesårsmøtet i Senterkvinnene i Sogn og Fjordane vedtok på fylkesårsmøtet sist helg.

Senterkvinnene i Sogn og Fjordane meiner dagens sjukehusstrid er skadeleg for fylket både på kort og lang sikt.

Ein slik strid skapar unødig splid mellom kommunar, folk og regionar og gjer at innbyggjarane føler seg usikre og utrygge. Senterkvinnene ynskjer ein sakleg debatt basert på fakta. Årsmøtet meiner at alle har rett til rask, effektiv hjelp av høg kvalitet når sjukdom oppstår og at dette må ligge til grunn i debatten om sjukehusa, heiter det i fråsegna..

Senterkvinnene i Sogn og Fjordane meiner:

• At vi skal ha lokalsjukehus med akuttfunksjonar for å gje alle innbyggjarane trygg og sikker hjelp, og oppretthalde fødeavdelingane.

• At ambulansetenesta skal vere god med høge faglege krav til dei tilsette, og den skal vere tilgjengeleg i heile fylket.

• At vi skal ha ei sterkt sentralsjukehus som bidreg til å ha eit godt fagmiljø i heile fylket, og som er ei drivkraft for rekruttering og kompetanseutvikling til beste for alle sjukehusa i fylka – der alle sjukehusa dreg nytte av kvarandre sin kompetanse,

• At Helse Førde må gjennomføre ei funksjonsfordeling mellom sjukehusa som gjev eit best mogleg tilbod og gjev eit sterkt fagmiljø ved kvart enkelt sjukehus.


Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

mandag 18. januar 2010

Styremøte i Helse Førde våren 2010

Styremøta i Helse Førde er sett til:
28. januar
25. februar
25. mars
30. april
27. mai
18. juni

• Henta frå "Informasjons- og kommunikasjonsplan, Helse Førde sitt strategiarbeid"

Framdriftsplanen for strategiarbeidet i Helse Førde


Helse Førde har lagt ut framdriftsplanen for strategiarbeidet.

• Klikk her eller på overskrifta for å sjå dokumentet

lørdag 16. januar 2010

Lesarbrev i Sogn Avis i dag: Trivselfylket?

LESARBREV I SOGN AVIS Trivselfylke, vekstfylke, framtidsfylke. Det er ikkje måte på kor positiv stoda er.
Ikkje alle i indre Sogn og Nordfjord er samde i karakteristikken.


I Lærdal har dei bygt ned ei velfungerande fødeavdeling, - og på Nordfjordeid er det no planar om det same. Dette er tryggleik – og velferdstilbod møysommeleg oppbygd over tid. Å byggja ned noko som har fungert så godt, - høver det for eit vekst og trivselfylke? Er det slik ein skal stanse forgubbinga?

Endå meir nedlegging trugar. Truleg ryk ortopedien på ein av stadane. Nordfjord vert sett opp mot Sogn; Førde vinn.
Ein kan allereide ane kvar nedskjæringane kjem ved neste krossveg; Lærdal eller Eid, viss det er att kjøt å skjere i.

Kven er det som eigentleg bestemmer denne nedbygginga av lokalsjukehusa? Ein skulle tru at lokalpolitikarane kjempa mot. Men ordførar og varaordførar i Lærdal er på vikande front. I Sogn Avis 9. des.09 seier ordføraren: ”Den som trur at julenissen kjem til Lærdal for å opne oppatt ei fødeavdeling i år eller neste år, den tek definitivt feil.”
”Lars Petter Nesse slo fast at det ikkje nytta for ein lokalpolitikar å påverka helseføretaka. – Me forsvarar ikkje dette.”
Begge er langt frå fagre vallovnader. Og begge er altså eigentleg imot nedgraderinga i Lærdal, men har tydelegvis gjeve opp kampen.Ein skulle tru lokalpolitikarar kunne påverka oppover i partisystema!

Kven er dei reelle makthavarane? Helseføretakstyret, ”dyktige” direktørar som sakshandsamarar, eller politikarar?

Viss makthavarane ein gong får bygt opp traumehospitalet i Førde slik som dei vil, så får ein håpe på at spesialavdelingane vert av topp kvalitet, sjølv om det er få pasientar å øve seg på i fylket. Hugs: Det er fritt sjukehusval. Eit relevant spørsmål i den samanheng er i kor stor grad innbyggjarane i Sogn og Nordfjord er motiverte for å velja Førde. Det er farbar veg både nordover, sørover og austover.
Det kan vel ikkje prinsipielt vera slik at omsynet til fylkesgrenser og helseføretaksgrenser skal koma framom omsynet til pasienten?

Ein kan ikkje begrava fogderistriden med eit fylkestingsvedtak. Derimot kan striden truleg dempast ved kloke politiske avgjerder. Det synest som striden no er meir betent enn nokon gong.

Å byggja ned i Nordfjord og Sogn til fordel for Førde, er som å helle bensin på open varme.

Er det slike tilstandar utflytta ungdomar skal flytte attende til? Kanskje bør dei vente til familiestrukturen er vel etablert. Flytter dei til framtidsfylket?

Om det vert hjernekirurgi i Førde i framtida skal dei vite at det krevst serdeles høg kompetanse for å lobotomere bort patriotismen hjå sogningar og nordfjordingar.
Me har ei felles sak å kjempe for: Robuste lokalsjukehus med gode basale tenester.I vårt velferdssamfunn bør ein verdig fødsel, ein verdig død og rimeleg nærleik til akutthjelp vera sjølvsagt!

Pasienten må koma i fokus. Og dei frustrerte sjukehustilsette må få trygge forutsigbare arbeidsforhold. Riv ikkje ned det som er bygd opp, bygg heller vidare på lokalsjukehusa!

Og viss dei folkevalde sviktar oss, så får me blåøygde veljarar la vere å tru på julenissen i neste valkamp.

Steinar J. Mundal
Lærdal

fredag 15. januar 2010

Statsråden til Førde 5. mars


NRK SOGN OG FJORDANE Helseministeren Anne Grete Strøm Erichsen kjem til Førde 5. mars, og skal mellom anna besøke Førde sentralsjukehus.

Ho skal også delta på dialogmøtet mellom styret i Helse Førde og ordførarane i fylket.

– Det er veldig kjekt at ministeren kjem, ikkje minst i den viktige fasen vi er inne i med å utforme strategien fram mot 2020, seier Bolstad.

• Les saka på NRK Sogn og FJordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

torsdag 14. januar 2010

Stort engasjement i Nordfjord


FJORDABLADET Vel 120 personar deltok på dei to arbeidsmøta om Helse Førde sin strategi fram mot 2020 som vart halde på Nordfjord sjukehus tysdag ettermiddag og kveld.

På det interne møtet tysdag ettermiddag deltok vel 60 tilsette. På folkemøtet på kvelden var eit tilsvarande tal nordfjordingar møtt fram.
– Samanlikna med frammøtet i Lærdal og Førde så toppar Nordfjord suverent, sa Vidar Vie, viseadministrerande direktør i Hesle Førde.

Trass i manglande annonsering om tid og stad for Helse Førde sitt strategimøte på Nordfjord sjukehus tysdag, fann vel 60 personar vegen til kantina på Nordfjord sjukehus for å delta på møtet. Mange deltakarar gav i starten av møtet uttrykk for at ein så omfattande prosess som det helseføretaket la opp til burde blitt handtert på ein betre måte.

Ein del av deltakarane var også tvilande til om dei synspunkt og prioriteringar som tilsette ved sjukehuset, innbyggarane, tilsette i kommunehelsetenestene og kommunelegane kom med i prosessen ville bli tatt omsyn til i det vidare strategiarbeidet, som styret i Helseføretaket har initiert.

– Den 2. februar i 2006 vart det starta ein strategiprosess om innhaldet i lokalsjukehusa i Helse Førde. På dette møtet, som vart halde i Valhall, kom det fram mange synspunkt om kva innbyggarane i Nordfjord forventa seg av tilbod ved lokalsjukehusa. I strategiprosessen den gong kom det inn ei rekkje innspel frå legar og tilsette ved sjukehuset på Eid. Også etter at strategiprosessen døyde stille og roleg ut, utan at vi såg eit einaste konkret resultat av det arbeidet som vart lagt ned og dei råda som kom inn, har det kome mange synspunkt frå tilsette i helsetenestene i Nordfjord. Dersom de vil vite kva vi meiner om innhald og kva strategi ein bør velje for spesialisthelsetenesta i framtida, så er det berre å gå tilbake å sjå kva som har blitt sagt fram til i dag, sa Svein Hansen som langt på veg meinte at heile den oppstarta prosessen var ein skinnprosess, og at styret allereie har bestemt seg for kva ein skal kutte ved lokalsjukehusa.

– Eg kjem til å delta konstruktivt på møtet her i kveld, men eg sterkt tvilande om kva som kjem ut av heile prosessen, sa Hansen.

Meir frå møtet i avisa torsdag (14.1.2010).

• Les saka på Fjordabladet sine nettsider ved å klikke her eller på overskrifta

Nordfjord: Møta er spel for galleriet


NRK SOGN OG FJORDANE Mange møtedeltakarar i Nordfjord kritiske til arbeidsmøte med Helse Førde.

Helse Førde har invitert heile fylket til å kome med innspel i strategiarbeidet på møta som tidlegare har vore både i Lærdal og Førde. Mellom 50 og 60 stilte tysdag til det opne møtet på Nordfjord sjukehus.

- Eg tykkjer det er eit spel for galleriet. Det kjennes ganske frustrerande å kome til eit møte der det ikkje er lagt opp til noko som helst diskusjon. Vi har skrive på lappane, men vi har vår store tvil om det i det heile blir brukt, sa Wenke Søvik Myklebust, tidlegare organisasjonspsykolog.

- Pedagogisk dårleg

Søvik Myklebust skildra tysdagens arbeidsmøte på Nordfjord sjukehus som meiningslaust. Helse Førde la opp til gruppearbeid, ikkje open diskusjon, og delte ut store plakatar, tusjar og post-it-lappar i ei rekkje fargar. Her skulle deltakarane kome med sine innspel til utfordringane Helse Førde står overfor.
- Eg tykkjer det er pedagogisk veldig dårleg framstilt, meinte sjukehusaksjonist Marit Nore Sørhaug frå Vågsøy.

Forbanna ordførar
Ordførar i Vågsøy, Roger B. Silden, lot viseadministrerande direktør Vidar Vie få høyre kva han tykte om slike type møte.
- Eg blir rett og slett forbanna. Vi har to timar møte til dømes, og det går ein time og 50 minutt der vi blir fortalde kor positivt alt er og ti minutt til å fortelje om kva vi meiner om saker og ting. Når de kjem til Nordfjord og vi skal ha dialog, så vil eg vite kva vi skal produsere i Nordfjord, sa han.

- Flatt lite papir
Einar Sandven, kommunelege i Eid, meinte at mange synspunkt om Helse Førde aldri blir høyrde.
- Då er eg veldig glad for å invitere til møte slik som i dag. Eg hadde venta at eg kanskje skulle få sjansen til å seie noko om det eg meiner er viktigast. No har eg fått sjansen, rett nok i kortversjon på eit lite flatt papir, men eg har inga kjensle av at eg har fått argumentert særleg for det eg brenn for, oppsummerte han.

Fekk også skryt
Den einaste som opent skrytte av møteforma, var stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) som deltok mellom legar, lokalpolitikarar og den vanlege mann og kvinne i gata.
- Det kan vere mykje gode idear og tankar hos den vanlege mann, sa han.

- Alle blir høyrde
Helse Førde har tidlegare blitt kritisert for å ha lukka prosessar. Når dei no opnar opp for innspel frå alle, kom kritikken litt overraskande på utviklingssjef Tove Hovland. Ho forklarte at alle lappane skal samlast inn og leggjast fram for styret - og at alle dermed blir høyrde.
- Meiner framleis at den måten lagt fram prosessen på, der alle får kome med sine ting er viktig, og eg trur det kjem fram mykje viktig i denne prosessen, sa ho.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

onsdag 13. januar 2010

Ny sone på ORIGO: Helse Førde mot 2020


Det er oppretta ei ny gruppe på nettsamfunnet ORIGO. Initiativtakarane skriv:

Denne sona er eit verkøy for å betre belyse og analysere aktiviteten rundt Helse Førde sitt arbeid rundt strategi for 2020. Vi oppfordrar alle til å delta, og ønsker innspel både frå fylket, og ellers i landet.

Sidan Helse Førde gøymer dokumenta sine relativt godt på sin eigen nettstad, vil vi prøve å sortere og tilgjengeleggjere (peike til) dei gjennom sona. Mykje av informasjonen frå foretaket er særs vanskeleg å finne. T.d var både aksjonsgruppa for lokalsjukehusa, og presse uvitande om at det var ope folkemøte på NSH 12.01.2010. På møtet viser det seg også at Helse Førde inviterer til debatt rundt vedtak fatta på styremøter tidlegare.

Sona skal hjelpe publikum og tilsette i helsevesenet i fylket å få oversikt over prosessane rundt styret i Helse Førde. I tillegg håpar vi på å oppnå kritisk masse, og samle data frå brukerane av sona. Slik ønsker vi å demokratisere prosessane, og få folket i tale. Det er større sjanse å få kome med innspel her, enn på eit folkemøte ein gjekk glipp av.

Vi håpar du vil vere med!


• Les meir på ORIGO ved å klikke her.

Nordfjord: Kva er poenget med idédugnad?


Sjukehusaksjonist Svein Hansen var ikkje vanskeleg å be då Helse Førde heldt arbeidsmøte i Eid tysdag kveld.

Undra seg over opplegget
Møtet samla 60 personar som arbeidde med idèar og tankar kring strategiarbeidet helseføretaket no er i gong med.
Mange av dei som deltok var opptekne av spørsmål kring ortopeditilbodet.

Hansen var kjapt ute og stilte spørsmålsteikn ved heile prosjektet.
- Kva er poenget? undra han seg, og heldt fram med å stille spørsmål til Helse Førde-leiinga om slike møte er det som skal til for å få helseføretaket på rett kurs, og om innspela dei frammøtte kom med i det heile vart lytta til.

Delt inn i grupper
Sjølv om Hansen kom med ustpelet valde Helse Førde å halde fram med opplegget slik dei hadde tenkt.

Dei frammøtte vart delt inn i mindre grupper og arbeidde med å kome med innspel til korleis Sogn og Fjordane skal få eit best mogleg helsetilbod.

• Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

mandag 11. januar 2010

Nordfjord: Åtvarar mot u-landsliknande tilstander


FJORDABLADET – Eg har ved fleire høve åtvara mot å nedgradere fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus. Dette har eg gjort for å forhindre ein u- lands liknande situasjon og ei openberr svekking av omsorga for dei fødande og barna.

Dette seier Arne Järnbert, overlege ved gyn/fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus.
– I mange delar av verda har obstetrisk undersøking (gynekologisk ultralyddiagnostikk) nådd så høg kvalitet att dødsfall eller sjukdom relatert til svangerskap og fødsel nærmast er historie. Det same gjeld for dei nyfødde barna.

• Les heile saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Frå strategimøtet i Lærdal 7. januar



• Reportasje i Porten finner du ved å klikke her

• Reportasje fra Helse Førde finner du ved å klikke her.

mandag 4. januar 2010

Forberedelser til strategimøtet for Lærdal sjukehus torsdag 7. januar


Flere har etterlyst hvordan en kan forberede seg til strategimøtet på Lærdal sjukehus torsdag 7. januar. Her er forslag til lesestoff:

• Synes noen de husker å ha vært på et strategimøte på sjukehuset før? Ja, det stemmer nok! Det var jo et strategiarbeid i 2006. Referater ligger ute på Helse Førdes sider, klikk her for å finne rapport og omtale fra dette arbeidet.

• I 2007 utarbeidet styringsgruppa for lokalsykehusstrategiarbeidet i Helse Førde en visjon og forskjellige mål for strategiarbeidet. Visjonen er mottoet "Omsorg og kunnskap – på lag med deg". Mer om dette, og målene, finner du ved å klikke her.

• Klikk her for å se og laste ned dokumentgrunnlaget Helse Førde har lagt ut i forbindelse med strategiarbeidet 2009. Jeg regner med at de vil presentere en del av dette på møtet. (Det kan være greit å merke seg at det er ulike tolkninger av Legeforeningens rapport om lokalsjukehus, og Helse Førde har ikke monopol på hvordan den skal lese og forstås.)

Og vil du lese ennå mer, kan du kikke på Helse Førdes samleside for strategiarbeidet ved å klikke her.

Stortingsbenken og sjukehusstriden

Det har vore mykje diskusjon i media om kva stortingsrepresentantane for fylket har gjort i høve til sjukehusstriden i fylket. At dei møtte representantar for "aksjonistane" for dei tre sjukehusa har spesielt vore provoserande for avisa Firda og nokre Ap-politikarar i Sunnfjord.

Stortingspolitikarane har i etterkant òg hatt møte med Helse Førde og Helse Vest. Talsperson for benken, Ingrid Heggø (Ap), har i etterkant av møtet med Helse Vest sendt ut dette referatet til media:

Møte mellom Helse Vest og Stortingsbenken

Stortingsbenken representert ved Ingrid Heggø, Åge Starheim,Knut M Olsen og Bjørn Lødemel hadde møte med styreleiar i Helse Vest og adm.dir i Helse Vest onsdag 16 des.
Leiinga i Helse Vest orienterte om stoda i Helse Vest generelt, og Helse Førde spesielt, ved gjennomgang av dei same dokumenta som ordførarane og fylkesutvalet hadde fått på Leikanger tidlegare i veka.

Spørsmåla som vart reist frå stortingsbenken var bla om konsekvensutgreiing av vedtak og etterkontroll av vedtaka.
Helse Vest stadfesta at dei har saman med Helse Førde lagt eit løp for prosessen framover inklusiv konsekvensutgreiing av vedtak og etterkontroll.

Samhandlingsreforma og konsekvensane for våre sjukehus vart debattert. Samhandlingsreforma er no til handsaming i Stortinget, og konklusjonen frå alle partar var at det er naturlig å avvente denne prosessen før ein går vidare.

Vedrørande fødetilbod, informerte Helse Vest om at dei var i startgropa for å setja ned ei regional gruppe som skulle sjå på dette. Dei ville ha ei grundig konsekvensanalyse på plass før endelige vedtak kunne fattast.

Vi var vidare innom temaet involvering og informasjon til tilsette og at dette har stor betydning både for tillit og for gjennomføring av vedtaka.

Manglande investeringsmidlar uroa Stortingsbenken, og vi fekk forsikringar om at Helse Vest leiinga var opptekne av at naudsynt utstyr måtte på plass ved alle sjukehusa . Det vart likevel poengtert at også ekstra investeringsmidlar til Helse Førde måtte takast frå andre foretak i Helse Vest, inntil underskotet til Helse Førde er retta opp.

Tonen var god og prega av at alle hadde respekt for kvarandre sine rollar samstundes som vi var samde om det overordna målet om at helsetilbodet skulle vera både trygt og godt i heile regionen.
Helse Vest orienterar Helse Førde om innholdet i møtet.