tirsdag 8. juli 2008

Føretakstillitsvald: Provosert av helseministeren

NRK: – Regjeringa set økonomi framfor det faglege om dei tillet nedlegging av akuttfunksjonar ved lokalsjukehusa, seier føretakstillitsvald i Helse Førde, Randi Fagereng.

Ho er svært uroa etter at Bjarne Håkon Hanssen har uttalt at han vil sentralisere akuttfunksjonar, og meiner regjeringa bryt løfta sine.

Fagereng trur fjerning av akuttfunksjonar vil gjere det vanskeleg for tilsette å halde oppe kompetansen og til slutt øydeleggje for rekrutteringa av spesialistar og sjukepleiarar.

– Motstridande
– Eg tykkjer det Hanssen no seier er motstridande i forhold til det som har kome fram tidlegare, og eg er veldig skuffa. Eg blir provosert når økonomi blir sett over det faglege, seier Fagereng.

Fagereng sit i styret til Helse Førde og er føretakstillitsvald for sjukepleiarane.

Ho er svært provosert over at helseministeren har sagt at han vil sentralisere akuttfunksjonar, samstundes som han ikkje vil seie noko om framtida til fødeavdelingane.

Fødeavdelingar
– Ut i frå signala som kom frå Helsedepartementet, skulle ein tru at departementet ynskjer store einingar innan fødeomsorgen. Då vil kanskje fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus ryke, åtvarar ho.

Fagereng krev klare svar frå statssekretæren i Helsedepartementet som kjem til Nordfjord for å drøfte ortopedistriden 24. juli.

– Eg får håpe han er ærleg. Det har vore eit lite problem tidlegare. Ein har fått førespegla éin ting, og så har det vist seg at resultatet blir noko heilt anna, sukkar ho.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar