torsdag 18. juni 2009

Rapport til styret i Helse Førde: Ortopedien kan vera truga


SOGN AVIS No ein gong er frykta for framtida i ferd med å koma til overflata på Lærdal sjukehus.

Ein gjennomgang og vurdering som konsulentselskapet PricewaterhouseCoopers har gjort av drifta og driftsgrunnlaget i Helse Førde blir lagt fram for styret i helseføretaket fredag.
Her blir det peika på at Helse Førde over tid har gått med betydelege underskot og at om ein samanliknar rekneskapsresultatet for 2008 med budsjettkravet om balanse i 2010, står ein overfor ei utfordring på om lag 150 mill kroner.

Er i fare
Det ligg i korta at dersom ikkje Helse Førde får større overføringar frå staten, er dagens sjukehusstruktur med fire sjukehus i fare.
I denne prosessen sprer frykten seg sjølvsagt rundt om på dei ulike lokalsjukehusa. Sogn Avis er kjend med at det mellom anna er aukande spekulasjonar om framtida for ortopedien i Lærdal.
Lærdølene føler seg naturleg nok truga når det blir lagt opp til ei nedbemanning på 40 årsverk i Helse Førde.

Reorganisera og samla
I rapporten frå PricewatwerhouseCoopers blir ortopedi peika ut som eitt område der det – samla sett – er ein høg kapasitet i dette helseføretaket.
«Om ein ynskjer det, vil det kunne tenkjast å reorganisere dette der ein i endå større grad samlar dei ortopediske akuttfunksjonane på ein stad, og at ein i tillegg vidareutviklar eit elektivt ortopedisk tilbod på eit av dei andre sjukehusa. Dette tilbodet kunne eksempelvis samle elektiv ortopedi og ortopedisk rehabilitering i eit samla fagmiljø», heiter det i rapporten.

• Les resten av saka på Sogn Avis sine nettsider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar