onsdag 18. august 2010

Hydro oppfordrar på det sterkaste at lokalsjukehuset i Lærdal består (frå høyringa)


Hydro i Årdal sitt høringsbrev til Helse Førde er slik:


Hydro Årdal
30. april 2010


Hydro i Årdal oppfordrar på det sterkaste at lokalsjukehuset i Lærdal består.

Hydro Årdal med sine 820 tilsette er opptekne av helse, miljø og tryggleik. Ikkje berre for eigne tilsette i arbeidstida, men og for samfunnet rundt oss.

Hydro Aluminium Årdal er i følgje lovverket ei klasse 1- verksemd. Det vil seie at myndigheitane har vurdert at det kan vere eit potensiale for ulykker i samband med våre produksjonsprosessar. Vi er difor sterkt opptekne av persontryggleik og at verksemda vår skal være ein trygg arbeidsplass. Men dersom ulukka skulle være ute, er vissa om rask og god hjelp ein absolutt føresetnad. Dette gjeld ikkje berre for våre tilsette, men og for innbyggjarane i Årdal.

Riksveg 53 til Fodnes og Fodnestunellen har gjeve ein rask og sikker transport til Lærdal Sjukehus. For ytterlegare å bidra til rask transport har Hydro stilt sin ambulanse til rådvelde for Helse Førde, utan vederlag.

Våre fagmedisinske rådgjevarar fortel oss at ei forlenga transporttid til Førde, Voss eller Haukeland kan innebere eit skille mellom liv og død for ein alvorleg skada eller akutt sjuk person.

Helikopter vil i mange høve vere tvingande nødvendig for å berge liv og helse. Det er likevel mange dagar i året helikopter ikkje er eit alternativ på grunn av værtilhøva. Statistikken som er framlagt av luftambulansen i Førde, stadfestar at omlag 100 oppdrag ikkje kunne gjennomførast i 2009 på grunn av mellom anna værsituasjonen på det aktuelle tidspunktet. Dette understrekar behovet for at det er eit akuttmottak i nærleiken som kan stabilisera ein alvorleg sjuk eller skada person, i påvente av eventuell vidare transport.

Det er eit Samfunnsansvar å oppretthalde eit sjukehus i vårt nærområde, med akutt beredskap og eit fullverdig tilbod til fødande. Dette skapar tryggleik. Ikkje berre for våre tilsette idag, men og for ettervekst og rekruttering. Dette er viktige argument for at Hydro kan bestå og utviklast i Årdal - der alle kan føle og oppleve tryggleik både i arbeid og i fritid.

Hydro i Årdal oppfordrar på det sterkaste at lokalsjukehuset i Lærdal må bestå. Vi ber om at Helseføretaket og Regjeringa tek desse signala på alvor!

30. april 2010
for Hydro Årdal, Årdal Metallverk

Olaf Wigstøl Kari Bjørg Måren

Fabrikksjef Personalsjef

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar