søndag 1. april 2012

Harry Mowatt: – Omdømmebygging eit meir matnyttig prosjekt


SOGN AVIS  Det som i utgangspunktet handla om samfunnsansvar, er snudd til eit Helse Førde-prosjekt for omdømebygging, meiner styremedlem Harry Mowatt.
Under styremøtet i Helse Førde på Tronvik fredag, snakka administrerande direktør Jon Bolstad mellom anna om samfunnsansvar i Helse Førde. Eit arbeidt som er trekt i gong mykje på grunn av at helseføretaket deltek i det fylkeskommunalt eigde prosjektet Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane.
Helse Førde er ei av om lag 25 verksemder som deltek i dette prosjektet. Og desse verksemdene skal møtast i Loen for å snakka om prosjektet den 19. april i år
Omdømebygging
Styremdlemene i Helse Førde har ei blanda kjensle til å bruka ressusar på å delta i dette arbeidet. Noko mellom anna Harry Mowatt gav tydelege signal om.
- Eg meiner at det blir feil ressursbruk, dersom dette er noko som berre handlar om samfunnsansvar. Men i den utgreiinga me no har hørt frå administrerande direktør, er inntrykket mitt at prodsjektet for Helse Førde sin del er dreia meir mot omdømebygging. Og då er eg samd i at det blir arbeidd vidare med det, sa Mowatt. Noko Bolstad også fekk klåre meldingar frå både styrenestleiar Knut Cotta Schønberg og Helse Vest-representanten Helge Bryne om.
•  Les saka i Sogn Avis ved å klikke HER

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar