torsdag 23. juli 2009

Overvakinga på Lærdal sjukehus vert flytta 1. september


Poenget med omorganiseringa er å spara pengar.

Omorganiseringa er nært føreståande
I mars vedtok Helse Førde at dei vil vurdere om overvaking av medisinske pasientar kan skje gjennom eit intermediært rom i medisinsk sengepost og at oppvaking av opererte pasientar kan skje under avdeling for akuttmedisin. Dermed vert funksjonane for det som er ei rein overvakingsavdeling i dag splitta og flytta til medisinsk sengepost og avdeling for akuttmedisin.

- I drøftingane Helse Førde har hatt med tillitsvalde og vernetenesta ved Lærdal sjukehus før ferien har fyrste september i år vore kommunisert som iverksetjingsdato for når endringa skulle settast i verk, bekreftar direktør for medisinsk klinikk i Helse Førde, Arve Varden, og påpeikar vidare at det ikkje er noko nytt i saka utover at datoen er fastsett.

Ingen vert oppsagde
- Me har eit innsparingsmål på tre og ein halv million med dette, seier Varden.
- Vil det verta oppseiingar?
- Det er behov for færre årsverk, men ingen vert sagde opp. Det vert framleis overvaking og oppvaking ved Lærdal sjukehus, men med ei anna organisering.

- I praksis dyrare
Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus har ikkje noko til overs for omorganiseringa.
- Eg står på det eg tidlegare har sagt; at dette verkar ulogisk og eigentleg vil verta dyrare. Skal ein ha like høg kompetanse og bra utstyr som ein har på den reine overvakingsavdelinga i dag, må ein ha den same kompetansen og det same utstyret på to plassar med denne ordninga. Då må det verta dyrare, og dette har me prøvd å leggja fram i møter med Helse Førde. Så eg trudde eigentleg ikkje dei ville gå gjennom med dette.

Varden er likevel klar på at det vil verta høg kompetanse med omorganiseringa, og viser til styrevedtaket i Helse Førde 27. mars.
”Dei tilsette som arbeider med overvaking av postoperative pasientar, får ressurspersonar innanfor sin klinikk, og ein fagansvarleg overlege som er oppdatert på postoperativ overvaking. Dette vil sikre at kompetansen med postoperativ overvaking held den kvaliteten som er påkrevd.”

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar