LEIAR I FJORDABLADET, VED REDAKTØR TORMOD FLATEBØ, 21. SEPTEMBER 2010
SIST LAURDAG vart «Lokalsjukehusdagen» arrangert fleire plassar i landet. I Sogn og Fjordane vart dagen markert både på Nordfjordeid og i Lærdal. Begge stader møtte det fram mellom 250 og 300 menneske for å markere sin motstand mot nedbygging av tenestene ved lokalsjukehusa i fylket og samstundes vise si støtte til tilsette. I Nordfjord var alle lokalavisene og den største regionsavisa, Sunnmørsposten, til stades. Det som undrar oss ein del er at Nrk Sogn og Fjordane ikkje såg seg tente med å ta turen, korkje til Lærdal eller til Nordfjordeid.
SPØRSMÅLET som melder seg er; Er ikkje Nrk Sogn og Fjordane ein radio for heile Sogn og Fjordane. Er det ikkje lenger interessant å bringe vidare korleis innbyggarane i Sogn og Nordfjord ser på det som skjer med lokalsjukehusa? Fylkesradioen har gjennom lang tid vore svært oppteken av, og laga ei lang rekkje vel gjennomarbeidde og gode journalistiske saker om det statlege helsestellet i trivselsfylket. Difor er det ein smule underleg at vårt aller sterkaste media finn det uinteressant å dekke ein folkeleg aksjon som den som fann stad sist laurdag.
DET ER IKKJE BERRE VI som reagerer på at fylkesradioen ikkje såg seg tent med å bruke tid på sjukehusaksjonistar, eit samla politisk nivå og folk som i dag føler uro for kva spesialisthelsetenestetilbod dei kan vente seg i framtida. Abonnentane av lokalaviser i regionane som vert råka av eit ringare helsetilbod krev at lokalavisene føl opp det som skjer, fordi dei betalar for avisa. Det same gjer ein i høve Nrk, gjennom Nrk-lisensen. Difor må ein også kunne krevje noko tilbake. Iallfall når det er saker av ei viss viktigheit.
• Frå papirutgåva av Fjordabladet 21. september 2010. Kjøp pdf-avisa ved å klikke her eller på overskrifta.
tirsdag 21. september 2010
Florø sjukehus: Blir lagt ut for sal

FIRDA Helse Vest har gitt klarsignal til at sjukehusbygget i Florø kan seljast til private. Dermed vil salsprosessen som vart stogga truleg kome i gang igjen.
Sjå etter kjøparar
Styreleiar Oddvard Nilsen i Helse Vest stadfester overfor Firda at regionføretaket no har gitt Helse Førde grønt lys for å vende seg til den opne marknaden – vel eitt og eit halvt år etter at departementet gav stoppordre for det første salsforsøket.
– I denne omgang handlar det om å sjå om det finst potensielle kjøparar og kva marknaden eventuelt er villig til å betale. Deretter startar ein eventuell salsprosess, seier styreleiaren.
Vil ikkje gi vekk
Ifølgje Oddvard Nilsen, er det uaktuelt å meir eller mindre gi bort den store bygningsmassen.
– Det har vi ikkje lov til. Vi er sette til å ta vare på statens verdiar, og må ta utgangspunkt i den verdien bygningsmassen har, seier han.
Helse Vests styreleiar seier dette om kvifor regionføretaket no opnar for sal til private:
– Det er viktig å få denne saka ut av verda, fordi bygningsmassen er ei bør for Helse Førdes økonomi, og fordi det er viktig å få ting på plass.
Tome lokale
Framtida for sjukehusbygget i Florø har vore eit uavklart stridsspørsmål heilt sidan sengeposten vart avvikla i februar 2008 og mesteparten av den 7400 kvm store bygningsmassen vart ståande ubrukt.
I tillegg til kostnadene med t.d. varme og vedlikehald, kostar bygningsmassen i Florø helseføretaket 7,5 mill. kroner årleg berre i avskrivingar.
• Les saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta
mandag 20. september 2010
Helse Førde hevdar dei opprettheld aktiviteten i Nordfjord

HELSE FØRDE Det blir frå fleire hald hevda at leiinga i Helse Førde HF har byrja nedtrappinga av ortopedien på Nordfjord sjukehus, og at dette er ei direkte oppfølging av styrevedtaket frå juni.
Av Arne Eithun, informasjonssjef Helse Førde
Slik er det ikkje, og det er viktig å presisere at administrasjonen ikkje kjem til å føreta seg noko i samband med modellvalet, før styret i Helse Vest RHF har handsama saka.
Analysar gjort ved ortopedisk seksjon ved Nordfjord sjukehus, så langt i år, syner ei låg kapasitetsutnytting. Det har difor vore vanskeleg å oppretthalde to fulle operasjonsteam med det tal operatørar som er ved sjukehuset. Samstundes er det lange ventelister for poliklinikk-behandling.
Ved denne endringa kan vi styre nokre ortopedressursar til poliklinisk arbeid og samstundes få ut eit effektiviseringsresultat ved at vi unngår bruk av vikar til anestesisjukepleiar. Dette er i tilegg eit kvalitetshevande tiltak ved at vi unngår reine vikardrivne team på operasjonsstova.
Tilbodet og aktiviteten til pasientane er ikkje planlagt endra frå 1. til 2. halvår 2010 på grunn av denne omlegginga.
Arbeidet som nyleg har starta opp i Nordfjord for å få ein felles sengepost, blir også omtalt som ei snikinnføring av styrevedtaket tidleg i sommar. Det er feil. Prosjektet er riktig nok omtalt i samband med kartlegginga i strategiarbeidet, men vurdert som eit tiltak som uavhengig av modellval, skal utgreiast. Styret i Helse Førde gjorde allereie i desember i fjor vedtak om at administrasjonen i føretaket skulle følgje opp både dette og andre forbetringsprosjekt.
Mandatet var å sjå på mogelegheitene for å vidareutvikle døgntilboda, både i Nordfjord og Lærdal, og samstundes vurdere samanslåing av sengepostane. Når Helse Førde no ynskjer å gå vidare med dette arbeidet så er det fordi vi veit at spesialisthelsetenesta framover vil verte enno meir spesialisert. Dette medfører at pasienttypen, rammeføresetnadene og arbeidet på sengepostane i spesialisthelsetenestene vil endre karakter. Samtidig er det mykje som tyder på at spesialisthelsetenesta må samarbeide mykje tettare enn i dag med kommunehelsetenesta om kronikarar og eldre pasientar. Det er viktig at sengepostane i Helse Førde førebur seg på desse endringane.
Vårt mål er at det framtidige døgntilbodet ved alle sjukehusa våre skal ha god kvalitet og bygge på moderne medisinsk behandling og pleie. Prosjektet skal legge til rette for robuste fagmiljø og at helsetenestene skal vere mest mogleg effektive.
• Les saka på Helse Førde sine sider ved å klikke her eller på overskrifta.
– Ordførar og Dale har ikkje æra

FIRDAPOSTEN – Det blir litt flaut å lese at ordførar Bente Frøyen Steindal og kommunelege Jan Helge Dale får æra av at Helse Førde startar opp att dagkirurgi i Florø, seier kirurg Trygve Nybø.
Laurdag skreiv Firdaposten at Helse Førde skal opne kirurgisk poliklinikk i Florø att, med avgrensa aktivitet.
Trygve Nybø meiner saka vert framstilt feil, då det kan tolkast som om ordførar Bente Frøyen Steindal og kommunelege Jan Helge Dale får æra av at Helse Førde gjer dette, på bakgrunn av eit møte dei hadde med Helse Vest for 14 dagar sidan.
– Ærast den som ærast bør. Eg blei spurt om å starte opp igjen i Florø fleire veker før dette møtet fant stad, påpeikar Nybø.
– Både Firdaposten og ordførar Bente Frøyen Steindal bør vite at bakgrunnen for at Helse Førde no måtte gjere noko i Florø, var det iherdige arbeidet som Harald Lindvik har gjort opp mot departementet og Helse Vest, seier Nybø.
– Seinast i juli i år fekk han helseminister Anne-Grete Strøm Eriksen si stadfesting på at det er eit eigarkrav at det skal drivast spesialisthelseteneste, poliklinikk og dagbehandling i Florø. Det er dette som er grunnen til at det igjen blir litt kirurgisk aktivitet i Florø, seier Nybø.
– At denne aktiviteten er alt for liten til å innfri dei krav departementet stiller er ei anna sak, seier han.
• Les saka i Firdaposten ved å klikke her eller på overskrifta
- Dårlegare kirurgi i Førde enn på Eid

FIRDA Bekymringsmelding frå sjukepleiar- tillitsvalt
Dei tilsette på sjukehuset i Eid er uroa over kva tilbod skulderpasientar vil få når dei fram til nyttår blir operert på sentralsjukehuset og ikkje i Eid. Ein ortoped ved sjukehuset i Nordjord skal nemleg ut i permisjon.
Uroa for infeksjonsfaren
– Dei tilsette er bekymra for tilbodet til desse pasientane fordi dei vil verte operert med tradisjonelle metodar ved sentralsjukehuset og ikkje kikholsteknikk slik ortoped ved Nordfjord sjukehus nyttar, skriv Randi Fagereng, føretakstillitsvald i Norsk sjukepleiarforbund i eit brev til Helsetilsynet.
Vidare skriv ho:
– Dei tilsette er bekymra for infeksjonsfaren/hygiene når Helse Førde har teke avgjerd om å leggje ortopedisk pasientar på same avdeling/post som medisinske pasientar.
Uroa over barneavdelinga
Ho viser også til at dei tilsette ved barneavdelinga har vore i kontakt med tillitsvald og orientert om at dei var uroa over tilbodet ved barneavdelinga i sommarferien.
– Det var vakter der det berre var ein kjend sjukepleiar og fleire vikarar som ikkje var kjende og som ikkje var trygge på utstyret. Dei hadde ifølgje denne sjukepleiaren fått god nok opplæring. Det skal ikkje ha skjedd uhell/avvik som følgje av dette.
Svaret: - Gå tenestevegen med bekymringane
Fylkessjukepleiar Anne Eli Wangen skriv i svaret sitt at ho rådar Fagereng til å gå tenestevegen med bekymringane og tilbakemeldingane frå dei tilsette.
– Ho bør syte for at problemstillingane ho tek opp vert dokumentert. Når det gjeld hygiene/infeksjonsfare kan det også vere lurt å ha vitskapelege dokumentasjon/erfaringar frå andre sjukehus å syne til dersom slikt finst, skriv Wangen.
• Les saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta
Reisetid sliter ut kreftpasienter

FIRDA/NTB-ANB Omfattende reiseruter for å komme til behandling utgjør en alvorlig tilleggsbelastning for kreftrammede eldre som bor i distriktene, viser ny studie.
Studien har sett på situasjonen for enslige eldre med uhelbredelig kreft. I utgangspunktet er det snakk om spreke eldre mennesker som har fått tilbud om livsforlengende behandling når kreften ikke lenger kan behandles, opplyser studiens forfatter, høyskolelektor Guri Bitnes Wiik ved Høgskolen i Nord-Trøndelag, til Nationen.
– De takker for det og ser håpefulle mot tilbudet. Men de er utslitte, og reisen kan være en viktig grunn til det, sier Wiik.
Alle hun har intervjuet i forbindelse med studien opplyser at det er reisene til og fra behandling som gjør belastningen for stor. Mange timer blir kastet bort i løpet av en behandlingsdag på grunn av reiserutene.
– Det er ikke avstanden de klager på. De klager på at de må vente ekstra på grunn av at det skal være mange pasienter med, og at reisene blir ekstra lange fordi det skal kjøres innom flere hjem, sier Wiik.
Når pasientene blir så utslitte av behandlingen og reisingen, går det ut over matlaging og spising.
Wiik har i mange år arbeidet i Kreftforeningen. Det var der hun fikk inntrykk av at eldre kreftsyke i distriktene hadde det mer strevsomt enn de som bor i bynære strøk.
– De får cellegiftbehandling for å få flere gode år. Det må da være om og gjøre å ikke påføre dem ekstra påkjenninger, sier hun. (ANB-NTB)
• Les saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta
Lokalsjukehusets dag Nordfjordeid: Gir ikkje opp

FJORDENES TIDENDE Knut Leirgulen (t.v.) i Folkeaksjonen er overbevist om at kampen om lokalsykehuset skal vinnes, motgang til tross.
Lørdag holdt flere appellanter innlegg utenfor Nordfjord sjukehus.
Ordfører i Eid, Sonja Edvardsen, og appellant Marit Nore Sørhaug støttet opp om aksjonen.
Les mer fra sykehusmarkeringen i papirutgaven mandag 20. september.
• Les saka i Fjordenes Tidende ved å klikke her eller på overskrifta
Sjukehusets dag Nordfjord: Solid markering



FJORDABLADET Mellom 250 og 300 personar møtte laurdag opp for å markere si støtte til Nordfjord sjukehus.
– Administrasjonen har blitt den største vekstfaktoren i spesialisthelsetenesta, og lokalsjukehus forsvinn medan Regjering og helsedirektør ser på og fomlar tafatt i bakgrunnen. Er det rart at ein blir frustrert? Og forbanna?, sa Trond Inselseth, kommunelege i Vågsøy som var ein av appellantane under lokalsjukehusdagen sist laurdag.
– Det blinkar eit blått lys for mange lokalsjukehus i dag. Også vårt. At ein må ha ei markering som dette burde vere heilt unødvendig i 2010.
– Det vi ser i dag er ein villa politikk frå Helse Førde. Dei ønskjer at dette sjukehuset blir lukka og låst med dei aktivitetane som finst her i dag. Bygningane er bygda sin eigedom, jamfør overdragingsbrevet frå William Singer som skjenka huset til Nordfjor- dingane. Verre er det med den høgt spesialiserte kompetansen som finst inne i bygningane.
Trakassering
– Etter år med trakassering i form av manglande kommunikasjon og informasjon, reduksjon i tilbod som mage- og tarmkirurgi urologi og eit ortopedivedtaket som har ført til at svært kompetente legar og sjukepleiarar har takka for seg og funne seg andre stader å arbeide. Dei orka simpelt hen ikkje denne mobbekampanjen lenger, sa Toril Fjørtoft og peikte på at trass i desse tinga så hevdar informasjonssjef Eithun, i eit innlegg i Fjordabladet, at det ikkje er eller skal bli reduksjon av tilbod ved Nordfjord sjukehus.
– Kva handlar det om? Er det vi som ikkje har forstått? Er vi fullstendig verkelegdomsfjerne? Er dette keisaren sine nye klede? For det er jo nedlegging og innsparingar som er målet. Kvifor ikkje seie det klart i staden for alle desse løgnene, som ikkje fører til noko anna enn mistillit?, sa Fjørtoft.
Fellesskapet sin velferd
– Som innbyggar, mor og kone vil eg ikkje sjølv, eller at nokon av mine må bli frakta langt i sjukebil med lårhalsbrot, vonde skuldrer eller slag. Eg betalar min skatt og mi trygdeavgift i rikt monn, med den forvissing om at det er fellesskapet sin velferd. Men eg er ikkje større på jord enn at eg ønskjer å få noko att for desse investerte pengane, som til dømes å få helse-hjelp i rimeleg nærleik av der eg bur.
Pengesluk
– Eit anna spørsmål er også kvifor Helse Førde set i verk tiltak i tråd med modell 1, når Helse Vest enno ikkje har behandla strategidokumentet? Kvifor rek det folk frå Helse Førde rundt i gangane på Nordfjord sjukehus og tel opp utstyr? Dei stilte til og med opp på ei operasjonsstove under ein operasjon, der operatøren vart avbroten i sitt kirurgiske arbeid. Kor ivrige skal vi tillate dei å vere i tenesta? Skal vi akseptere at det vert drive planlagt fedmekirurgi i Førde, når vi i Nordfjord ikkje får fjerna blindtarmen ved vårt eige sjukehus? Eller kva med ei stor og flott patologiavdeling, når vi har Gades Institutt i Bergen? Kvifor redusere aktiviteten, som i mange år har gitt avkasting og inntekt til føretaket? Det er ikkje Eid eller Lærdal som er pengesluket, men Sentralsjukehuset. Det er det fleire enn meg som veit, understreka Toril Fjørtoft.
Rett til helsehjelp
– Folkens det er nok pengar, og vi i Nordfjord har også rett til helsehjelp når vi måtte trenge det, utan å få to timar på båre langs Jølstravatnet som belasting. Historiene er mange om desse transportane. Eit minimum er å oppretthalde tenelege akuttfunksjonar. Utan det er vi, etter mitt syn, ikkje per definisjon eit sjukehus, sjølv om høvdingar og direktørar i dette fylket hevdar noko anna. Vi finn oss ikkje lenger i at nøkkelpersonell og funksjonar sakte men sikkert blir kvelt for deretter å bli fjerna heilt. Vi skal kjempe for tryggleiken som eit sjukehus inneber. Eit sjukehus med mykje kompetanse på både medisinsk og kirurgisk fagfelt. Det er kvar einaste nordfjording verd, sa Torill Fjørtoft.
– KVA GALT HAR VI GJORT I NORDFJORD?
– Det er tungt å arbeide for ei sak ein trur på, når ein talar for dauve øyrer. Når ein føler at saklege innspel vert overhøyrde og neglisjerte av dei som tek avgjerdene. Det er både slitsamt og går på helsa laus. Eg er sikker på at det gjeld for mange helsearbeidarar ved sjukehuset, men også for dei mange som har engasjert seg og brukt energi i kampen for lokalsjukehuset.
Slik innleia kommunelege Trond Inselseth sin appell og understreka at det har vore ei stor belasting for dei involverte å oppleve ei systematisk nedbygging, innskrenking, sabotering og amputering av lokalsjukehuset.
– Først administrasjonen, deretter funksjonar og fagområde, så vaktplanar og personellressursar, alt meint for å lamme aktiviteten. Mange har opplevd dette som ein vond prosess, der personalpolitikken har vore lite påakta. Likevel har helsearbeidarane stilt opp for pasientar og pårørande på ein måte som dei fortener ros for. Eg er imponert over den innsatsen som har vore vist frå tilsette ved Nordfjord sjukehus dei siste åra og eg tykkjer dei fortener applaus frå denne forsamlinga, sa Trond Inselseth som understreka at lokalsjukehuset er viktig, ikkje minst i vårt fylke og andre stader der det er lange avstandar til sentralsjukehus eller større sjukehus.
– Eg er for sentralisering av sjukehustenester. Den medisinske utviklinga har kome langt og innafor enkelte fagfelt og sjukdomstypar er det riktig at behandlinga skjer på så få stader som muleg for at kvaliteten skal vere så høg som muleg. Dette gjed for store deler av kreftbehandling, hjartekirurgi, barnekirurgi, nevrokirurgi og ei rekkje andre behandlingsformer, sa Inselseth og understreka at for storparten av innleggingane, gjeld det alminnelege, hyppige, ofte alvorlege sjukdomstilstander, der behandlinga like godt kan gjevast ved lokalsjukehus og der tidsfaktoren og nærleiken til hjelp er viktig for eit godt behandlingsresultat.
–Det har ikkje vore noko problem i vår region at kompliserte tilstander som krev meir ressursar for utgreiing og behandling ikkje har blitt sendt vidare til andre sjukehus når det har vist seg å vere behov for det, sa Inselseth og poengterte at det trass alt er rimelegare å behandle pasientar ved mindre einingar.
– All vår kunnskap og erfaring viser at det er rimelegare å behandle pasientar ved mindre einingar. Svenskane har gått heile vegen og har vist at effektiviteten går ned og kostnadene opp ved å sentralisere for sterkt. Til og med vår eiga regjering har sagt at dei har forstått dette, og til og med ytra at lokalsjukehusa skal bestå. Men det som skjer er at etter Helsereforma i 2002 har vi mista den faglege styringa av Helse-Norge. Bedriftsøkonomien er blitt eit styrande prinsipp i helseføretaka. Adminis- trasjonen har blitt den største vekstfaktoren i spesialisthelsetenesta, og lokalsjukehus forsvinn medan Regjering og helsedirektør ser på og fomlar tafatt i bakgrunnen. Er det rart at ein blir frustrert? Og forbanna? Ein kan lure på kva vi har gjort galt i Nordfjord. Eg trur eg har svaret. I mangel på fagleg styring er det tyngdekrafta som rår, og den største tyngda sit i Før- de. Eit samfunn som er tufta på vedtak og ikkje på tiltak, sa Trond Inselseth.
– Eg skulle gjerne sagt noko om framtida, men eg er i villreie om korleis den ser ut. Eg er usikker på kor lenge det går før Storting og Regjering ser at helsereforma må reviderast og sentraliseringa bremsast. Dette landet treng sårt til ein Nasjonal Helseplan. Samhandlinga til Hanssen er neppe svaret, noko som betyr at grunnlaget for gjeldande vedtak om nedlegging av Nordfjord sjukehus er borte, sa Inselseth og understreka at grensene mellom helseføretaka er eit problem.
– Det minste vi må krevje er at dagens grenser mellom helseføretaka blir fjerna ved akuttinnleggingar, slik at vi fritt kan bruke faglege medisinske vurderingar i forhold til akuttinnleggingar og ikkje må ta omsyn til ulogiske administrative grenser, sa han.
HONNØR TIL TILSETTE
Vågsøy-ordførar Roger B. Silden peikte i sin appell på at den statlege overtakinga av sjukehusdrifta har vore ein katastrofe for lokalsjukehusa i fylket. Silden brukte også mykje tid på å snakke om mangelen på personalpolitikk i Helse Førde og kva ei nedlegging av sjukehuset ville ha å seie for utvikling og vekst i Nordgfjord-regionen.
– Personalbehandlinga i Helse Førde er skammeleg. Ei slik behandling av tilsette ville aldri gått andre stader i næringslivet. Leiinga ser rett og slett ikkje verdien i den kompetansen vi finn blant dei tilsette og i fagmiljøa. I dag øydelegg helseføretaket gode fagmiljø, som det vil ta år å bygge oppatt, med eit pennestrøk, sa Silden som meinte at dialogen med helseføretaket opphøyrde når den andre parten byrja å stille spørsmål.
– Når vi stiller spørsmål er dialogen over. Eg har ikkje tru på korkje leiing eller styre i dette helseføretaket, sa han og stilte samstundes spørsmål ved logikken om å legge ned tilbod samstundes som køane veks, sa Silden.
KONTAKT POLITIKARANE
– Eg oppmodar alle som er her i dag om å vende seg til folkevalde i Regjering og Storting som sit med ansvaret for helse- tenestene våre. Dei må få beskjed frå store folkegrupper og organisasjonar om at det som held på å skje med Nordfjord sjukehus er ei nedbygging utan ansvar, sa Marit Nore Sørhaug, kommunestyremedlem for Sp i Vågsøy og sentral i sju-kehusaksjonen, i sin appell og oppmoda samstundes dei frammøtte til å stille spørsmål om ikkje Nordfjordingane har krav på sjukehustenester på lik linje med befolkninga i meir sentrale strøk av landet.
LOVNADSBROT
Gunn Helgesen (Krf), leiar i Nordfjordrådet, peikte i sin appell på at føretaksreforma har spelt fallitt og at Nordfjordrådet krev eit fullverdig lokalsjukehus på Nordfjordeid.
– Modellen styret i Helse Førde har vedteke bryt med heilt sentrale prinsipp om at det skal vere likeverdige helsetenester uavhengig av kor ein bur i landet. Ingen skal vere i tvil om at Nordfjordrådet sin ståstad i denne saka. Vi akseptere på ingen måte ei rasering av Nordfjord sjukehus, sa Helgesen som oppfatta det som no skjer som klare brot på lovnadene regjeringa har kome med i Soria Moria.
UTFORDRA NORDFJORDRÅDET
Knut Harald Leirgulen, frå sjukehusaksjonen for Nordfjord Sjukehus, utfordra under markeringa sist laurdag Nordfjordrådet til å arrangere fakkeltog for Nordfjord sjukehus i løpet av hausten.
– Eg oppfordrar til folkeleg opprør. Eg oppfordrar til politikaropprør. Eg oppfordrar også Nordfjordrådet til å arrangere eit stort fakkeltog i protest mot det Helse Førde prøver å gjere med sjukehuset vårt, sa Knut Harald Leirgulen.
• Les saka i papirutgåva av Fjordabladet tysdag 21. september 2010. Elektronisk versjon kan kjøpast her.
Klåre appellar, og sterke historiar i Lærdal







PORTEN Om lag 150 personar var møtt fram for å markere Lokalsjukehusets dag i Lærdal laurdag, der appellantane sto i kø på rådhustrappa.
-Eg vart ikkje politikar for å bygge ned samfunnet vårt, sa første appellant, Marie Helene Hollevik Brandsdal, varaordførar i Årdal. Vi trur på Lærdal sjukehus, og vi trur på trygge lokalsamfunn. Vi vil og gjerne at våre unge skal komme heim att etter endt utdanning, og då må dei ha noko å kome heim til. Eg ønskjer samfunnsutvikling, ikkje at vi skal gå attende i tid. Det er uverdig å føde i ein ambulanse. Og akuttberedskap vil vi og sjølvsagt ha. Vi ønskjer ikkje å framstå som offer her i dag, men krev respekt for våre meiningar. Det er vi som veit kvar skoen trykker, sa ein tydeleg varaordførar, med klar adresse til sin eigen fremste tillitsvalde, statsminister Jens Stoltenberg.
-Kom deg ut og snakk med grasrota Jens, sa Brandsdal, dette er eit grasrotopprør, og det er fyrst og fremst kvinnene som no forlet Arbeidarpartiet om dagen, og du bør spørje deg sjølv kvifor det er slik Jens.
Hanne Hestetun fortalde om tøffe fødslar
- Det som skulle vere ein trygg og god fødsel nummer ein, vart til ein tur i ambulanse, fastspent på båre, og allereie i Sogndal fekk sjåføren beskjed om å sette på blålys og så var det full fart til Førde, sa Hanne Hestetun. Inga god oppleving.
Då ho skulle føde for andre gong hadde legane på Haukeland sagt tydeleg i frå at ho ikkje kunne føde nokon annan plass enn på Haukeland, men ting skjedde raskt når riene kom, og dei kom seg ikkje lenger enn til Lærdal. Ho var vettskremd, men vart raskt teken hand om og alt gjekk svært bra.
-Heile denne opplevinga, og oppfølginga på Lærdal sjukehus var fantastisk sa Hanne Hestetun.
Riv muren mellom mål og midlar
-Det er tverrpolitisk semje om at det skal vere eit likt helsetilbod til alle, bortsett frå der det kostar for mykje å ha slikt tilbod, sa Atle Winjum, venstrepolitikar frå Aurland.
- Eg har enno tilgode å høyre at eit tiltak blir vert framstilt frå eit entusiastisk styre i Helse Førde, «noko nytt og betre». Styret i Helse Førde har tilsynelatande berre ein oppgåve, og det er å tilpasse seg økonomiske rammer, og gjere ting stadig billegare. Kommunestyre i Aurland har vedteke at dersom Lærdal sjukehus vert lagt ned vil kommunen søke overgang til Helse Bergen. Ein må få lov å stille spørsmål ved organiseringa når det vert like langt å reise til «vårt sjukehus» som til Ringerike sjukehus på Hønefoss, sa Winjum.
Helse Førde har til oppgåve å handtere helsetilbodet til heile fylket, og det greier dei ikkje om Lærdal sjukehus vert lagt ned. Dette må vi som ansvarleg politikarar peike på. Det er ikkje Aurlendingane som skal syte for Helse Førde sitt ve og vel ved å vere lojale, det er faktisk omvendt, sa Winjum.
Sterk historie frå Harald Sjursen
Sjursen var mellom anna oppteken av ambulansane. Ved årsskifte 2008/2009 vart personalet på ambulansen i Aurland flytta over til Lærdal, og dette skjedde etter mange år med undergraving frå Helse Førde. Mellom anna ved å sende lærdalsambulansen på oppdrag i Aurland, om den var ledig, dette medan ambulansen i Aurland stod.
-Dei fleste tilfella her er akutte, og pasientane vert frakta vidare til Voss eller Bergen, og då er Lærdal utan ambulanse i denne perioden. Ein dag i oktober 2008, svima Sjursen av i heimen med stort blodtap. Han vart frakta til Lærdal, men ståande ordre frå Helse Førde sa at slike pasientar skulle sendast til Førde. Einaste ledige ambulanse var på Jølster. I samråd med meg sette legen på Lærdal ein injeksjon med koagulerande stoff rett i blodet på meg, noko som berga livet mitt, sa ein sterkt bevega Sjursen.
Sjursen sitt brev til Helse og omsorgsministeren finn ein her, på bloggen til Forsvar Lærdal Sjukehus
Ingen alternativ til lokalsjukehusa pr i dag
- Legeforeningen skreiv i 2004, kva dei meinte eit lokalsjukehus skulle vere, og underleg nok var dette ei nøyaktig beskriving av det sjukehuset vi hadde i Lærdal den gongen, sa kommunelege og helsesjef i Lærdal, Frode Myklebust. Og dei meiner akkurat det same i dag, når dei igjen definerer utrykket lokalsjukehus.
Lokalsjukehusa skal ha breiddekompetanse, og dei står i dag, til saman for mellom 80 og 90 % av all pasientbehandling i Noreg. Alle lokalsjukehusa i landet er iferd med å bli øydelagde grunna prosessar, og tankemodellar frå helsebyråkratar. Dette trass i at vi pr i dag ikkje har noko alternativ, og kva gjer ein då? Jau ein kjem med Samhandlingsforma. Her overlet ein til kommunehelsetenesta alt det som sjukehusa ikkje gidd å drive med lenger, og det er ganske mykje, sa Myklebust.
Forutsigbarheit skapar tryggleik, forutsigbarheit hadde vi, og eg forventar at vi får dette på plass igjen. Vi skal vite kva kompetanse vi har, og kven vi skal samarbeide med, dette er vanskeleg i dag.
Nøgd aksjonsleiar
Aksjonsleiar Bente Øien Hauge takka for flotte, og rørande appellar, og fekk dei frammøtte med på ein applaus til Lærdal sjukehus.
- Takk for de held ut og vert verande på post i desse vanskelega tidene, sa Øien Hauge.
Det norske velferdssamfunnet vart utvikla medan landet vår nærast var konkurs. I dag lever vi i eit overflodssamfunn, men vert fortalt at Noreg ikkje har råd til å oppretthalde lokalsjukehusa.
Eg vil åtvare mot samhandlingsreforma, sa Øien Hauge. Eit distriktsmedisinsk senter kan aldri erstatte eit sjukehus, det kan berre verte eit tillegg. Det er totalt uverdig at vi skal verte frakta lange vegar i ambulanse, for undersøkingar, behandlingar, og sjukehusopphald som vi, med god kvalitet, kunne fått der vi bur.
Vi høyrer at Helse Førde jobbar med planar om å slå saman ortopediklinikken og medisinsk avdeling til ein etasje. Vi høyrer også at dei førebur seg på å avvikle føden i juli neste år. Så vi ser at, til og med før endeleg vedtak er gjort, jobbar helseføretaket i kulissane for å demontere sjukehuset vårt.
Men slaget er ikkje tapt så lenge vi ikkje gjev opp. Vi skal stå på for Lærdal sjukehus, vi skal forlange at helseministeren lyttar til folket og stoppar nedlegginga, var den klare meldinga frå leiaren i Forsvar Lærdal sjukehus.
• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta
TILFØYING FRÅ AKSJONEN:
I tillegg til appellantane som Porten har referert, var det ein sterk appell frå Åge Natvik. Han fortalde historia om då han i mai i år braut foten. Brotet var slik at foten neppe kunne klart ein to timars transport til Førde, resultatet ville vorte amputasjon. Fordi det var beredskap på Lærdal sjukehus, vart Åge teken hand om straks. "Eg takkar Lærdal sjukehus for at eg står her i dag, på to bein." sa Åge Natvik.
lørdag 18. september 2010
Lokalsykehusets dag Lærdal

SOGN AVIS Lokalsjukehusets dag samla om lag 200 personar til markering i Lærdal.
– Eg er kjempegodt nøgd med at så mange var med. Det er både sauesank og frukthausting i desse tider, så at dette er me glade for, seier aksjonsleiar Bente Øien Hauge.
Det kom folk både frå Aurland, Årdal og Lærdal for å markera at det framleis er stor kampvilje for det gode lokalsjukehuset og for at folk skal kjenna seg trygge der dei bur.
– Indresogningar set pris på Lærdal sjukehus, og me godtek ikkje nedbygging av det gode lokalesjukehuset vårt, var den klare bodskapen.
Seks ulike personar held appell. Fleire av dei fortalte sterke historiar om eigne erfaringar der lokalsjukehuset har vore med å berga liv og helse.
• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta. Meir om markeringa i papirutgåva av Sogn Avis måndag.
Lokalsjukehusets dag Lærdal: Kjensleladde appellar

SOGN AVIS Lokalsjukehusets dag vart meir enn ein kamp for eit godt og trygt helsetilbod. Om lag 200 frammøtte fekk høyra Hanne Hestetun fortelja korleis ho og familien fekk oppleva fråveret av ei fullverdig fødeavdeling.
Det var også fleire enn tobarnsmora frå Årdal som snakka om dramatiske opplevingar for open mikrofon. Harald Sjursen frå Aurland, har vore gjennom fleire livstrugande sjukdomshendingar, der Lærdal sjukehus har berga livet hans.
Åge Natvik, mannskap på Årdalsambulansen, måtte sjølv ha akutthjelp då han ramla ned over fire meter og small i betongen.
– Eg hadde flaks og kom til Lærdal sjukehus før dei stengde for dagen. Der vart eg raskt operert av skandinavias beste kirurg. Tida var så knapp at det allereie var gått koldbrann i den knuste foten. Ein ambulansetur til Førde på to timar, ville truleg ha medført amputasjon, fortalte Natvik, og takka Lærdal sjukehus og Truls Jellestad for at han kunne stå her på to føter i dag.
Fødetur
Hanne Hestetun delte personlege opplevingar kring svangerskap og fødsel. Ho hadde mange tankar og meiningar før den første fødselen og var klar på at Lærdal ikkje var noko alternativ sidan dei ikkje kunne tilby epidural og heller ikkje hadde barneavdeling i nærleiken om noko skulle skje.
For Hanne vart det eit dårleg val. Ein trygg fødsel i Førde vart i staden ein umenneskeleg transportetappe fastspent på ei båre i ambulansen.
– Då me kom til Loftesnesbrua var riene så sterke at ambulansen sette på blålyset for å rekka fram i tide. Mann min som var i bil foran vart forbikøyrd og vetaskremd fordi han ikkje visste kva som skjedde. Ungen var ute om lag 20 minutt etter at me kom fram til sjukehuset, og epidural var ikkje aktuelt, fortalte Hanne.
Det vart ingen god fødeoppleving og ho var heilt klar på at neste gong skulle ho velgje Lærdal, det fekk ho derimot ikkje lov til på grunn av seleksjonskrieterane. Då var det Førde eller Haukeland som var alternativa. Alt anna var uforsvarleg, var meldinga frå legane.
Bergen
– Eg valgde Haukeland av den grunn at då ville me passera to andre sjukehus på vegen dersom tida var knapp. Sidan det gjekk så fort på første, ville nok den andre mest truleg ha minst like mykje hastverk.
Hanne rakk aldri til Bergen, men takka vera eit fantastisk personale på Lærdal og jordmora som var i tett dialog med Haukeland, fekk ho denne gongen ei trygg og god fødeoppleving i rolege omgjevnader på sjukehuset. Grytidleg om morgonen den 26.juni vart vesleAlidafødd. Tretimar etter at mamma vakna med rier heime i Årdal.
– Kvifor skal det ikkje vere verdig oss kvinner i Indre Sogn og ha eit godt fødetilbod for alle. Stadig nye seleksjonskriterier skapar uvisse og frykt. Oppfølginga eg fekk av personalet på Lærdal var fantatisk, fortalte Hanne Hestetun.
Berga livet
Harald Sjursen, aktiv helsepolitikar frå Aurland, har fleire gonger fått stifta kjennskap tydnaden av eit fungerande lokalsjukehus og ikkje minst ei god ambulanseberedsap. I 2008 fall han om medvitlaus i heimen med hjarteproblem og frakta med aurlandsambulansen til Lærdal sjukehus. Der var ingen helikopter som kunne ta han vidare til Haukeland, men dyktige legar på Lærdal berga livet hans då dei sette koagulerande stoff direkte i blodet.
– Eg vil og nytta høvet til å takka Lærdal sjukehus for to ulike vellukka kreftoperasjonar, sa ein rørd Sjursen, som fekk fram fram mange tårer hjå dei frammøtte då han sang sin eigen nynorskversjon av Blott ein dag. For å illustrera pasientane sin kamp, med smerter og angst.
KLAR BODSKAP FRÅ MARIE-HELENE TIL JENS
– Kom deg ut og møt grasrota Jens!
Var den klare bodskapen frå ein sint varaordførar Årdal, Marie-Helene Hollevik Brandsdal. Ap-politikaren la ikkje skjul på at ho er skuffa over statsministeren frå eige parti.
– Eg vart ikkje politikar for å byggje ned bygdene våre. Eg vart heller ikkje politikar for å gjera innbyggjarane utrygge. No er det nettopp det som skjer og folk er i ferd med å resignera.
– Kjære Jens, eg saknar heilskapsperspektivet i politikken min, sa Hollevik Brandsdal, som forstår godt at medlemmar flyktar frå partiet.
Ho trur det vert fleire og fleire, og spesielt kvinner, som vegrar seg mot å flytta attende til regionen når dei veit korleis dei vert behandla når dei skal føde.
– Me ber om respekt og verdigheit. Då treng me fødeavdelingar og akuttberedskap. Me kjempar for levande bygder og ikkje for noko gubbebygd. Eg seie til deg Jens, kom deg ut og møt grasrota!
• Sakene er i papirutgåva av Sogn Avis måndag 20. september 2010. Elektronisk utgåve kan kjøpast her.
LOKALSJUKEHUSETS DAG LAURDAG 18. SEPTEMBER: Vi kjempar for det gode lokalsjukehuset og tryggheit der folk bur

Nettverket av aksjoner i Folkebevegelsen for lokalsykehusene samarbeider om en nasjonal aksjonsdag med lokale markeringer over hele landet lørdag 18. september. Felles motto: ”Vi kjemper for det gode lokalsykehuset og trygghet der folk bor”.
Lokale aksjoner kan få tilsendt flygeblad, kontakt koordinator. Mer informasjon om de lokale arrangementene kommer her.
• I LÆRDAL blir arrangementet foran Lærdal Rådhus kl. 12-14 med Årdalstangen musikklag, appeller fra ulike ståsteder m.m.
• I NARVIK blir arrangementet foran Narvik rådhus kl 12-14 med stand. Appeller fra kl 12.30
Lokalt krav for Narvik: ”Vi krever å beholde døgnkontinuerlig akuttkirurgi og fullverdig fødeavdeling ved Narvik sykehus”
Appeller med ordførere, stortingspolitikere, Sanitetsforeningen, tillitsvalgte fra Narvik sykehus, FFO, Narvik næringsforum, LO i Ofoten, Ungdomsrådet, Eldrerådet, medlemmer av Aksjonskomiteen for Narvik sykehus
• I MOSJØEN vil det under arrangementet bli opptreden med flere artister, appeller og pengeinnsamling til sykehusaksjonen. Arrangementet blir på torget i Mosjøen kl. 13-14.
• HARSTAD Stand og løpeseddelutdeling på torget i Harstad fra kl. 11.00. Vi kjemper for det gode lokalsykehuset og trygghet der folk bor. For å se løpeseddelen, gå inn på www.sykehusvennene.no
• AKER SYKEHUS VENNER planlegger stand 18. september fra kl. 12 på Eidsvolds plass, Oslo. Endelig bekreftelse og flere detaljer kommer.
• NORDFJORDEID Her blir det samling i Eid sentrum fra kl. 12. Går opp til sjukehuset. Samling ved Nordfjordeid sjukehus og appeller der kl. 14
• I KONGSBERG blir det stand og utdeling av flygeblad lørdag kl 10-12.
NB! Det blir arrangementer mange flere steder! Oppdatering følger etterhvert som jeg får inn opplysninger!
fredag 17. september 2010
PROGRAM LAURDAG 18. SEPTEMBER

PROGRAM Laurdag 18. september kl.12 ved Lærdal rådhus
Konferansier: Jan Olav Fretland
Årdalstangen musikklag spelar
APPELLAR FRÅ ÅRDAL: Marie-Helene Hollevik Brandsdal og Hanne Hestetun
APPELLAR FRÅ AURLAND: Atle Winjum og Harald Sjursen
APPELLAR FRÅ LÆRDAL: Frode Myklebust og Åge Natvik
OPEN MIKROFON: For dei som har noko på hjarta. (Meld frå til konferansier.)
APPELL FRÅ AKSJONEN: Bente Øien Hauge
Indresogningar set pris på Lærdal sjukehus, og me godtek ikkje noka nedbygging av det gode lokalsjukehuset vårt!
Sjukehuset er viktig for oss i alle fasar i livet. Befolkninga treng tilboda innan indremedisin, ortopedi og fødetenester. Difor må det òg vere støttetenester som overvaking, radiologi, laboratorium, kjøken m.m.
For å få ei god vidareutvikling av Lærdal sjukehus må ein få att lokal leiing og økonomistyring.
Me seier nei til Helse Førde sitt strategivedtak (“Strategi 2020”) og forlangar at helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen stoppar vidare demontering av sjukehuset vårt!
torsdag 16. september 2010
LÆRDAL: LOKALSJUKEHUSETS DAG LAURDAG 18. SEPTEMBER

Laurdag 18. september kl.12 ved Lærdal rådhus
Årdalstangen musikklag spelar
Det er open mikrofon - for dei som har noko på hjarta!
APPELLAR FRÅ ÅRDAL
Marie-Helene Hollevik Brandsdal og Hanne Hestetun
APPELLAR FRÅ AURLAND
Atle Winjum og Harald Sjursen
APPELLAR FRÅ LÆRDAL
Frode Myklebust og Åge Natvik
APPELL FRÅ AKSJONEN
Bente Øien Hauge
Ber Nordfjord om å stiille opp

FJORDENES TIDENDE - Det er no kampen for Nordfjord sjukehus må kjempast, seier Knut Leirgulen. Laurdag er det lokalsjukehusa sin dag.
Knut Leirgulen er nestleiar i folkeaksjonen for bevaring av Nordfjord sjukehus. Han fortel at det komande laurdag vert storaksjon for Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid.
- Fyrst vert det appellar i sentrum før vi klokka 14.00 samlast på sjukehuset for å slå ring rundt det, seier Leirgulen.
Leirgulen seier at til denne samlinga på sjukehuset bør det kome folk frå heile Nordfjord for å vise både regjering og Helse Vest at folk i Nordfjord verkeleg bryr seg om sjukehuset sitt.
- Det er no kampen står. Vi opplever at Helse Førde med regjeringa og leiinga i Sogn og Fjordane Ap si velsigning driv med nedbygging av tilbodet ved sjukehuset. Dette er noko vi må sette ein stoppar for og det er berre stor folkeleg motstand som kan endre dei planane som er lagt, seier Leirgulen.
Aksjonisten frå Stryn har ei bøn til folk i Nordfjord heilt til slutt:
- Møt opp så mange som mogeleg. Utan stor folkeleg motstand er eg redd vi har tapt kampen for eit fullverdig lokalsjukehus i Nordfjord, seier Knut Leirgulen.
• Les saka i Fjordenes Tidende (fjt.no) ved å klikke her eller på overskrifta
Abonner på:
Innlegg (Atom)
