mandag 27. august 2007

95 mill i underskudd (sak til styremøte 31. august)

Styresakene er lagt ut på Helse Førdes hjemmesider, og styresak 047-07 Økonomirapportering viser at underskuddet øker:

"I juli månad har aktiviteten innan somatikken målt i drg poeng vore noko lågare enn same periode førre år. Samstundes har det vore ein markant auke i tal polikliniske konsultasjonar samanlikna med juli månad i fjor.

Nettokostnadane i juli månad viser eit meir-forbruk på 1,6 mill kr mot periodisert budsjett. Per 31.7.2007 ligg føretaket no samla 23,3 mill kr bak budsjettet.

Prognosen er sett til 95 mill kr, mot ei ramme på 46 mill kr, dvs eit meirforbruk på 49 mill kr. Dette er ein auke i varsla underskot i året med 6,0 mill kr i høve førre rapportering. Auken skuldast manglande finansiering av fristbrota innan fedmekirurgien.

Dei største avvika på kostnadssida er:
- 19,8 mill. kroner er gjestepasientutgifter (Uendra)
- 6,0 mill kroner er fristbrot innan fedmekirurgi (Ny)
- 9,8 mill. kroner er for høge utgifter til løn. (Uendra)
- 7,7 mill. kroner rentekostnader (Uendra)
- 2,0 mill kr pasienttransport (Uendra)

Driftsinntektene er i prognosen 4,6 mill kroner mindre enn budsjettert. Dette skuldast ein mindre produksjon enn føresett i budsjettet på om lag 800 drg poeng.

Det vil hausten 2007 bli behov for auke i kassakreditten.

Det er frå Helse Vest varsla at pensjonskostnadane kan kome til å auke meir enn kva som ein tidligare har føresett. Dette skuldast endringar i regnskapsmessig behandling av pensjonsordningar etter lov om føretakspensjon.

Det er førebels ikkje klart om ei slik eventuell auke av kostnaden vil få konsekvens for resultatkravet som er stilt. Helse Vest vil kome attende med nærare informasjon om dette."

Hele dokumentet, og andre saker til møtet 31. august, finnes på www.helse-forde.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar