tirsdag 7. april 2009

Lesarbrev i Sogn Avis 7. april: Med bind(ingar) for auga

Med bind(ingar) for auga

I etterkant av styremøtet i Helse Førde er det igjen fokus på fenomenet ”bindingar” på foretaket. Desse plagsomme bindingane er for det meste knytt til tenestenivået på lokalsjukehusa: Styret er hindra av sentrale politiske føringar og får ikkje ta ned fødetenester og akuttilbod i Lærdal og Eid meir enn dei alt har gjort. Dei får heller ikkje selja sjukehusbygningane i Florø.

Bindingane vert presenterte som urimelege hinder for naudsynte og fornuftige val i ein situasjon med budsjettunderskot. Men sjukehusstruktur er meir enn økonomi og årsbudsjett! Nivå og organisering av sjukehusa våre handlar mellom anna like mykje om distrikts- og næringspolitikk, familiepolitikk og helsepolitikk. Dette perspektivet trur eg Førde Arbeidarparti har gløymt når dei i lokalradioen ”rasar” mot stortingsrepresentantane frå fylket.
Etter at sjukehusa vart organiserte i helseforetak, er botnlinja i rekneskapen vorte den endelege fasit på kor godt sjukehusa vert drivne, medan kvalitet blir målt etter eit hellert snevert utval indikatorar som blir presentert for styret i svært forenkla form (raude, gule og grøne lys).

Politikarar på kommune- og fylkesnivå med ynske om å driva helsepolitikk, har ingen reell påverknadskraft. Dei må vere nøgde med å bli orienterte og få høve til å ytre fromme ynske i dialogmøte med representantar frå foretaket. Slik sett må ein no faktisk til Oslo og Stortinget for å finne helsepolitikarar. Og med foretaksmodellen er også deira makt og mogelegheiter for innsyn kraftig redusert.

Øberg, Mowatt, Ringstad & co må sjølvsagt leggja frå seg politikarhatten på dørstokken til styrerommet. Innanfor den rådande modellen skal dei fyrst og fremst vere lojale mot eigar sine krav, ikkje mot innbyggjarane i fylket. Og eigar (Helse Vest) har sin eigen representant i styret som passar på at dei held seg på rett spor.

Når helseforetaka slit med store underskot, er det sjølvsagt ingen enkeltfaktor som kan forklara det. Utilstrekkelege løyvingar, skeivdeling mellom regionane, det høge lønsnivået til legar, endringar i pensjonsordninga, vikarbruk, auke i levealder og folks urimeleg høge forventningar til tenestene har vore nemnt frå ulike hald.

Men det er påfallande at utgiftene til denne sektoren er bortimot dobla etter sjukehusreforma i 2001! Kor mykje av underskotet skuldast den nye organiseringa og den forretningsmessige rekneskapsmodellen? Dersom Helse Vest RHF hadde ført rekneskap etter fylkeskommunale rekneskapsprinsipp, ville foretaket gått i balanse og vel så det. Då ville me her i fylket kanskje sluppe den uverdige diskusjonen der viktige tilbod innan t.d. geriatri og rus blir sett opp mot grunnleggjande tryggleik for innbyggjarane i Nordfjord og Indre Sogn.

Er det ikkje på høg tid å ta tak i det grunnleggjande og sjå kritisk på styringsmodellen? Kvifor skulle ein lata vere? Me har vel ikkje bind(ingar) for auga?

Bente Øien Hauge, aksjonen Forsvar Lærdal sjukehus

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar