torsdag 3. mars 2011

Årdølene reiste seg i samfunnshuset


PORTEN.NO Samfunnshuset i Øvre Årdal i kveld var stappfullt då over 500 personar møtte fram for å visa sin solidaritet mot nedlegging av Lærdal sjukehus. Dei reiste seg bokstaveleg tala på fleire måtar.

- Heile arrangementet var heilt fantastisk, me fekkk frysningar på ryggen. Det var godt å syna og høyra at me tykkjer nok er nok, sa fleire av dei.

Godorda kom både frå appelantar, musikarar, arrangørar og ikkje minst publikum no då det heile er over.

Ikkje att sitjeplassar
Heile arrangemenet vara i to timar, og ingen av dei som stod på scena svikta publikum som sat lydhøyre i salen.

Såpass mykje publikum møtte opp at det ikkje var att sitjeplassar. Men ingen brydde seg med at dei enten måtte stå, eller sitja i trappa.


Klokkeklåre og fengjande apellar
Kvar einaste av dei ti som heldt apellar var klokkeklare i si tale, og alle hausta stor applaus.

Den som kanskje var mest personleg, var Monica Høl Øvstetun, som frå scena fortalde om sine erfaringar frå fødeavdelinga i Lærdal. Fleire måtte tørka ei tåre då ho fortalde at sonen Kasper (3) truleg ikkje hadde levd i dag om han ikkje hadde fått akutt hjelp på sjukehuset.


Stolt årdøl
- Eg er altså så stolt over å vera årdøl kveld, og eg er svært rørt når eg ser frammøte her i kveld. Kvar og ein som er her, bidreg til at me skal kjempa vidare. Me har alle reist oss no, og sagt ifrå. Det var bra eg hadde med meg lommetørklede, eg har brukt det fleire gonger, sa varaordførar Marie-Helene Hollevik Brandsdal.

Ho vel å kalla dette ein grasrotaksjon.


Strålande nøgde
Også leiar i Årdal Arbeiderparti, Hilmar Høl, er svært nøgd med kvelden.
- Eg er imponert over det store frammøte, det var rett og slett rørande å vera her i kveld. Det er god indremedisin i dette, seier han.

"Dronninga" for "Forsvar Lærdal sjukehus" over lang tid, Bente Øien Hauge, var siste appelant, og med humoristisk vri fekk ho folk i salen med seg. - Helse Førde er flinke til å koma med varierande argument for kvifor sjukehuset ikkje skal halda fram slik det er i dag. Berre legg merke kva dei seier i media, humra ho, og lista opp ei rekkje eksempel. Også ho strålte over det gode oppmøte.


Mange gode musikkinnslag
Dei lokale musikarane på scena imponerte også stort, og det var ikkje eit einaste keisamt augneblink.

Gruppa Longhorn avslutta kvelden med "Song for sjukehuset", der alle 500 i salen reiste seg og song med.


Porten.no kjem attende med meir, blant anna eit fotoalbum frå dette tiltaket kalla "Aordøler - no er det alvor".

• Klikk her eller på overskrifta for å lese saka på Porten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar