fredag 19. august 2011

Lærdal Ap sin ordførerkandidat vil ha lokalsjukehus med innhald


ARBEIDARPARTIET HAR BLOGGESIDER FOR LOKALPOLITIKARANE "MITT ARBEIDERPARTI" (mittarbeiderparti.no).
HER ER EIT INNLEGG FRÅ BLOGGEN TIL JOHAN NES, LÆRDAL AP SIN FYRSTEKANDIDAT VED KOMMUNEVALET 2011:

Helse og omsorg

Tryggleik og nærleik til gode helsetilbod er viktig for alle. Lærdal Arbeiderparti vil halde fram arbeide for at Sogn framleis skal ha eit godt lokalsjukehus i Lærdal.

Lokalsjukehuset må innehalde akuttmedisin, fødetilbod, spesialkirurgi innan ortopedi og alle nødvendige støttefunksjonar. Me vil arbeide for at eit lokalmedisinsk senter vert lokalisert til lokalsjukehuset i Lærdal.

Stortinget vedtok 2010 den nye samhandlingsreforma og kommunane skal i framtida overta meir av tenestene frå sjukehusa og det skal leggjast sterkare vekt på førebyggjande helsearbeid. Arbeidet med samhandlingsreforma vert viktig i kommunen dei næraste åra.

• Les blogginnlegget ved å klikke her eller på overskrifte

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar