onsdag 24. august 2011

Samhandlingsreformen. Valsending i NRK Sogn og Fjordane frå Sogndal




Torsdag 25. august inviterer NRK til direktesendt valsending frå aulaen i den nye vidaregåande skulen i Sogndal.

I april 2010 vedtok Stortinget Samhandlingsreformen. Dette er ei av dei største helsereformene dei siste tiåra. Frå årsskiftet skal kommunane ta over ein del av dei helseoppgåvene som staten har i dag. Dette gjeld spesielt eldre og kronikarar.

Korleis møter kommunane dei nye utfordringane? Det er helsepolitikk som blir tema når NRK inviterer fylkestingskandidatar og publikum til debatt i Sogndal torsdag.

I tillegg stiller også sjukehusaksjonist Bente Øien Hauge og leiar i Sogn og Fjordane pensjonistlag, Gerd Brekke.

Debatten går i radio på ettermiddagssendinga mellom klokka 1603 og 17, men blir også sendt direkte i nett-TV same tidsrom. Alle som har lyst til å vere publikum er hjarteleg velkomne.

Desse deltek i debatten:

KS-leiar og ordførar, Olav Lunden (Ap)
Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (Ap)
Fylkesleiar og ordførar i Gulen, Trude Brosvik (Krf)
Fylkesleiar Frank Willy Djuvik (Frp)
Tredjekandidat Karen Marie Hjelmeseter (Sp)
Åttandekandidat Jacob Nødseth (H)

Sjukehusaksjonist Bente Øien Hauge
Leiar i pensjonistlaget Sogn og Fjordane, Gerd Brekke

Torsdag blir det også valsending frå klokka 1840 til 19 på Vestlandsrevyen frå aulaen til Sogndal vidaregåande skule.

Framover blir det også to andre direktesendte debattar i ettermiddagssendingane. Tysdag 30. august går turen til Sandane der tema blir framtida for dei vidaregåande skulane i fylket.

Den 6. september er NRK Sogn og Fjordane på plass i Måløy, der framtida til fylket vårt blir tema.

• Klikk her eller på overskrifta for å sjå saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar