torsdag 24. november 2011

Styret i Helse Førde med vedtak om fødetilbodet i Indre Sogn

Styret i Helse Førde har møte fredag 25. november. På saklista står mellom anna fødetilbodet ved Lærdal sjukehus.

Direktør Jon Bolstad og administrasjonen går inn for å etablere eit poliklinisk tilbod for gravide i Lærdal som inkluderer følgjeteneste og eit barseltilbod.

Det er personalsituasjonen som no får skulda for at Helse Førde vil leggja ned. Ein har ikkje lukkast i å rekruttera nok jordmødrer, står det i saksutgreiinga.

Helse- og omsorgsleiar i Lærdal kommune, Margun Thue, har følgjande kommentar i sitt høyringssvar:
"Slik Lærdal kommune ser det har arbeidet med rekruttering av jordmødre til fødestova vore avvikande frå normal tilsetjingsprosedyre. Måten det er gjennomført på og den lange tida det har teke, samt manglande avklaring har skapt unødig usikkerheit hjå søkjarane. På bakgrunn av dette er det grunn til å spørje seg om helseføretaket har hatt eit reelt ynskje om å få denne etableringa på plass."

I lesarbrev i Sogn Avis etter forrige styremøte, kommenterte Bente Øien Hauge saka slik:
"Kva har Helse Førde i realiteten gjort for å sikre bemanning av fødestova? Mellom anna dette: Lyst ut stillingar i ferietida, bydd dei svenske jordmødrene med 20-25 års fartstid i Lærdal dårlegare arbeidstilhøve enn før, innkalla til (og gjennomført) intervju med søkjarar på måtar som er uvanlege, unnlete å gje søkjarar tilbakemelding og elles drege ut tida. Det var sikkert overraskande for Helse Førde at dei svenske jordmødrene har så stor lojalitet til Lærdal at dei takka ja, men undervegs har føretaket i alle fall oppnådd å mista (minst) ein annan søkjar til 100% stilling. Godt regissert! "


Det er godt kjent i Indre Sogn at kommunejordmor i Årdal Rigmor Cruickshank og helsesøster (og tidlegare avdelingsleiar på Føden) Sigrid Lysne arbeidde fram eit driftsopplegg og ein bemanningsplan for jordmorstyrt fødestove ved Lærdal sjukehus, etter at regjeringsvedtaket 1. april nedgraderte fødetilboda både i Lærdal, Nordfjord, Odda og Lofoten. Om Helse Førde hadde valt å støtte seg på det lokale arbeidet og teke vare på initiativet frå Cruickshank og Lysne, ville fødetilbodet i Indre Sogn vore på plass alt frå sommaren - i staden for i praksis å vere lagt ned. 


Når Helse Førde-styret i morgon vedtek nedlegging av fødetilbodet ved Lærdal sjukehus, er det etter ein styrt prosess som har pågått i mange år. Og me vil få sjå at styremedlemmane vil gje administrasjonen mykje skryt for "godt arbeid".


• Klikk her om du vil lese sakspapira til styremøtet 25. november 2011

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar