torsdag 3. november 2011

Nordfjordrådet får møte Strøm-Erichsen


FJORDABLADET: – Komande fredag blir det møte mellom Helseministeren, representantar frå Nordfjordrådet, Helse Vest og Helse Førde. Det er helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen som teke initiativ til møtet, som vert halde på Flesland i Bergen.

Tidlegare denne veka vart det kjent at ordførarane som utgjer Nordfjordrådet ikkje fekk møte helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen eller leiinga i Helse- og omsorgsdepartementet (HOD). Onsdag kveld stadfesta statssekretær Robin Kåss i HOD overfor Fjordabladet at det er tillyst møte mellom Helse Vest, Helse Førde og helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen og ein delegasjon frå Nordfjordrådet i Bergen førstkomande fredag.

– At det no blir eit møte mellom helseføretaka, Helse Førde og Helse Vest RHF, der også helseministeren også kjem til å vere tilstades at departementet slår kontra?

– Nei det betyr ikkje at departementet slår kontra. I vårt svarbrev på Nordfjordrådet sin førespurnad gjorde vi merksam på at det ville vere naturleg at helseføretaka og kommunane i Nordfjord drøfta seg fram til korleis ein på beste muleg måte skal drive fram prosjektet «Framtidas lokalsjukehus», som er vedteke av regjeringa og som Helse Vest har laga eit mandat for. Hovudpoenget med at helseministeren no har teke initiativ til eit møte mellom partane, er at det er viktig for oss at det blir ein dialog slik at ein kan finne gode løysingar lokalt. Det er dette helseministeren no vil bidra til, seier Robin Kåss til Fjordabladet og legg til at departementet ikkje vil kome med noko diktat overfor partane.

– Betyr det at det no vert eit møte mellom partane at det er noko nytt å tilføre i saka?

– Det er ikkje noko nytt i saka, men vi er opptekne av dei problemstillingane som Nordfjord-kommunane har sett søkelys på, seier Kåss.

– Eit springande punkt når det gjeld dei 75 millionane som regjeringa har løyvd for å utvikle Nordfjord sjukehus til farmtidas lokalsjukehus, har vore korleis desse midlane skal og kan nyttast. Er det slik at midlane kan nyttast til å etablere og drifte rusposten knytt til Nordfjord psykiatrisenter?

– Prosjektmidlane kan blant andre ting nyttast til etablering av rusposten. Kor mykje av prosjektmidlane ein skal nytte til ulike føremål i prosjektet, må kommunane i Nordfjord og helseføretaka kome fram til einigheit om. Eg har stor tiltru til at helseføretaka og kommunane vil kome fram til ei fornuftig fordeling og ein fornuftig bruk av prosjektmidlane, seier Robin Kåss .

– Etter det Fjordabladet erfarer er den årlege drifta av rusposten stipulert til rundt 21 millionar kroner. Dersom prosjektmidlane skal dekke drifta av rusposten blir det ikkje mange kronene igjen til utvikling av «Framtidas lokalsjukehus».

– Regjeringa har som sagt løyvd 75 millionar kroner over tre år til utviklingsprosjektet i Nordfjord. I tillegg så har Helse Vest RHF og Helse Førde eit totalbudsjett som også skal gå til spesialisthelsetenester i Nordfjord. Gjennom ekstraløyvinga har Nordfjord fått ei ekstra mogelegheit. Vi er no opptekne av ein einaste ting og det er at helseføretaka og kommunane blir einige om korleis ein skal bruke midlane. Det er ei heilt vanleg problemstilling at partane drøftar og blir samde om korleis ein løyser utfordringane. Med dei føresetnadene som ligg til grunn i Nordfjord er det muleg å få til eit svært godt prosjekt.

– Som sikkert departementet er kjende med, så har ein ikkje greidd å løyse opp i flokane til denne tid. Ein av grunnane til at ein ikkje har greidd det til denne tid har nok samanheng med mangel på prosess og dialog. Har departementet nok å bidra med for å løyse problema?

– Når no valet er over og pengane er på plass, så har eg tiltru til at partane finn fram til løysingar som både kommunar og helseføretak kan leve med, seier Robin Kåss, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, til Fjordabladet.


• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar