onsdag 11. januar 2012

Nordfjord: Krev gjennomgang av sjukehusberedskapen



FJORDABLADET Overlege og gynekolog ved fødeavdeilinga ved Nordfjord sjukehus, Arne Järnbert, krev at helsetilsynet i fylket granskar beredskapen Nordfjord sjukehus hadde i julehelga.





– I Jula var fødeavdelinga og operasjonsavdelinga ved sjukehus steng, og ortopedien lagd ned. Under den mest kritiske perioden, som følgje av stormen, var alle vegar til sjukehusa i Førde og i Volda stengde. Sentralsjukehuset i Førde oppmoda folk til å ta kontakt med nærmaste sjukehus dersom dei hadde behov for hjelp, men helseføretaket hadde elles inga rolle i gjennomføringa av beredskapen og konsekvensane under krisa, skriv Arne Järnbert i eit brev til Helsetilsynet i Sogn og Fjordane og understrekar at før uvêret sette inn, så hadde han skapt alliansar med operasjonspersonell som eigentleg hadde fri, i motsetning til Helse Førde sine intensjonar om at operasjonsavdeling skulle vere stengd.
  – Dette vart gjort berre for eigen tryggleik om eg skulle bli nøydd til å gjennomføre akutt kirurgi, i verste fall heilt åleine. Eg informerte samtlege jordmødrer på førehand. Vidare sende eg e-post, den 24. desember, til direktørane og avdelingssjefar om at eg, sjølvpålagt, hadde tatt på meg kontinuerlig vakt gjennom heile stengingsperioden.
  
 Forbetringspotensiale
– Under uvêret, i mangel av ein beredskaps- eller kriseplan, heldt arbeidet lokalt med å gjere det beste ut av situasjonen om akutte situasjonar som måtte oppstå, fram.  Det skal leggast til at retningslinjene for arbeidet ved den nyetablerte skadepoliklinikken ikkje kom på plass før etter stormen. Denne gongen gjekk det bra, men for ettertida har ein rett til å krevje meir av Helse Førde sitt leiarskap når det gjeld å legge til rette for ein adekvat helseberedskap. Her  finst eit stort forbetringspotensial for ikkje unødvendig sette liv og helse i fare, skriv Järnbert i meldinga til Helsetilsynet.

Tryggleik og likeverd
– Denne saka handlar heller ikkje berre om Nordfjord sjukehus, den handlar om viktige verdiar og prinsipp, om alt frå tryggleik til likeverd. Nordfjord sjukehus er utpeikt til å vere eit pilotprosjekt for korleis framtidas lokalsjukehus skal sjå ut og fungere som akuttsjukehus. Den lovnaden har vi frå regjeringa. Men resultatet av demonteringa som vi ser no med uvêret, gjev lite håp om ikkje noko blir gjort med situasjonen snarast råd, slik at framtidas lokalsjukehus i ein geografi og vêrsituasjon som i Nordfjord, som minimum må innehalde basistenester med fullverdig akutt- og fødeavdeling. Argument som å halde på den kvaliteten ein har i dag, eller til og med betre kvaliteten, etter ei nedmontering blir berre til tomme og lite framtidsretta. Og så er det viktig å ikkje gløyme å planlegge beredskapen før neste «storm», som vi veit vil kome i ei eller anna form. Betre beredskap betyr eit fullverdig Nordfjord sjukehus, skriv Arne Järnbert i brevet til fylkeslegen.

Subkultur
– Det må vere tillete å kritisere helseføretaket, som i dette tilfellet sette liv i fare, utan å sjølv måtte bli utsett for truslar om oppseiing eller bli utsett for ein e-posttrafikk med meiningsytringar som  ikkje er meint for «dagslys». Ein slik subkultur bør ikkje få lov til å gro fram og få fritt spelerom i Helse Førde utan at det blir forhindra av det øvste leiarskapet i Helse Førde.

• Les saka i Fjordabladet på nett ved å klikke HER

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar