onsdag 11. november 2009

Sanden: Har ikkje fått svar


SOGN AVIS Sanden ikkje overraska.

Ordførar Arne Sanden i Lærdal hadde tysdag ikkje høyrt noko frå dei 12 ordførarane han utfordra i sjukehusdebatten før helga. Det hadde han heller ikkje venta.

– Eg var sjølvsagt klar over at det kanskje ville bli slik, og eg vil med tyngde hevda at dei 12 ordførarane legg for dagen ein primitiv tankegang og ber på eit tankegods som ikkje er eigna til å byggja fylket vidare. Dei vil byggja opp ein del av fylket ved å redusera i andre delar av fylket. Men skal me få til noko her, må me stå saman, seier Sanden.

– Korleis reagerer du på at det ikkje er kome svar?
– Det må eg berre ta som eit uttrykk for at dei spørsmåla som eg stilte har gjeve grunnlag for litt ettertanke og at problemstillinga kanskje ikkje var så enkel som desse 12 ville ha det til.

Sanden seier poenget han ynskjer å streka under, er at fylket må samarbeida for å løysa problema.
– Ikkje slåst som hund og katt slik dei 12 samansvorne ordførarane legg opp til.

• Les saka i Sogn Avis på nett ved å klikke her eller på overskrifta

NRK: Sjukehussaka går mot eit klimaks


NRK SOGN OG FJORDANE Bør vi oppretthalde dagens sjukehusstruktur - eller er tida komme for å ta større grep? Ta debatten!

- Folk må innstille seg på at det blir annleis når det gjeld funksjonane på alle sjukehusa våre, sa styreleiar Clara Øberg i Helse Førde til NRK berre nokre timar etter at framlegget til statsbudsjett for 2010 var lagt fram.

Byggje opp - eller ned?
Årsaka til endringsvarselet er ei økonomisk hengemyr som Helse Førde har komme i, og som dei slit med å komme seg ut av.
No rasar debatten rundt funksjonsfordelinga for Sentralsjukehuset i Førde, Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus.

- Sjukehussaka har lenge styrt mot eit klimaks, der det reelle valet til sjuande og sist vil bli som følgjer: Anten å halde oppe tre lokalsjukehus med akuttfunksjonar og rimeleg godt tilbod, der sentralsjukehuset må byggjast ned, eller å halde oppe sentralsjukehuset og byggje ned sjukehusa i Lærdal og Nordfjordeid til meir typen medisinsk oppbevaringssenter, skriv Firda Tidend på leiarplass i dag.

Ville ikkje frede tilbod
Under presentasjonen av den nye raudgrøne regjeringa presiserte Liv Signe Navarsete at lokalsjukehusa skal bestå.
Men ho ville ikkje frede fødetilbod og akuttberedskap. Navarsete var samstundes oppteken av at dei største sjukehusa må ta seg av dei spesialiserte tenestene.

Så seint som i går møtte vel 300 personar opp på Nordfjordeid for å slå ring om lokalsjukehuset der.

Riksrevisjonen la dessutan nyleg fram ein rapport som rettar kraftig kritikk mot helseføretaka i landet. Her blir føretaka mellom anna skulda for å lene seg på tilleggsløyvingar, og for ikkje å ta budsjettprosessen på alvor.

• Les saka og følg debatten på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Sjukehusmøte i Nordfjord: Slo ring om sjukehuset


FJORDABLADET Rune Muri leverte ein sterk søknad for bevaring av ortopediavdelinga ved Nordfjord sjukehus og hausta ståande applaus på sjukehusmøtet på Nordfjordeid i går kveld.

(…)
Nordfjordingane mobiliserer mot det dei opplever som trugsmål om ytterlegare rasering av Nordfjord sjukehus. Bakgrunnen er at administrasjonen i Helse Førde er i ferd med å gjennomføre utgreiingar som kan innebere å leggje ned ei av dei tre ortopediske avdelingane i Sogn og Fjordane. Dersom det er Nordfjord som står for fall, er frykta stor for at også fødeavdeling og tilleggsfunksjonar kan gå med i dragsuget. På møtet var det fleire sterke innlegg med historier som dokumenterte trongen for å oppretthalde eit fullverdig lokalsjukehus som minst inneheld dagens funksjonar.

Det er slett ikkje alltid helikopter kan lande, og det er lang veg til Førde frå Yste Stadlandet i ambulanse.

– Vi i Nordfjord finn oss ikkje i å verte behandla som annanrangs borgarar. Vi vil ha vår tryggleik. Vi vil ha sjukehuset vårt. Eg trur nok det vert Volda for meg og mange andre, sa ei engasjert Magna Kvalheim i aksjonsgruppa for Nordfjord sjukehus. Ho bad Helse Førde-styret om å tenkje seg om både tre og fire gonger før dei byggjer ned tilbodet.

• ANBEFALT! Les heile saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

• Les også om møtet på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider ved å klikke her

• Les også om møtet i Firda ved å klikke her

Bremanger-politikar: Treng sjukehus i Nordfjord


FJORDENES TIDENDE Espen Gulliksen i Bremanger Arbeidarparti er ikkje like klar som partikollega, Kåre Olav Svarstad, på at lokalsjukehuset for Bremanger ligg i Førde.

Gulliksen er kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet i Bremanger.
Han legg ikkje skjul på at han vart forundra då han i Fjordenes Tidende måndag las partikollega og ordførar Kåre Olav Svarstad snakke om sentralsjukehuset i Førde som folket i Bremanger sitt lokalsjukehus.

Som kjent har Svarstad som ordførar skreve under eit opprop saman med 11 andre ordførarar i Sunnfjord og ytre Sogn som går på å satse på sjukehuset i Førde.
Gulliksen seier at denne saka ikkje har vore diskutert i politiske organ i kommunen eller i Bremanger Arbeidarparti.
- Såleis vart eg litt forundra då eg fekk vite om støtteerklæringa som Svarstad har gjeve til Førde, og det han uttalte i Fjordenes Tidende måndag, seier Gulliksen.

• Les saka i Fjordenes Tidende på nett ved å klikke her eller på overskrifta

mandag 9. november 2009

Edvardsen om Svarstads signatur på ordførarbrevet: Svært beklageleg


FJORDENES TIDENDE Leiar i Nordfjordrådet og ordførar i Eid, Sonja Edvardsen meiner Svarstad sin signatur på opprop for sentralsjukehuset er beklageleg.

Edvardsen viser til at Nordfjordrådet har stått samla bak kravet om eit fullverdig sjukehus på Eid og har gjort ei rekke vedtak på dette.

Edvardsen presiserer at ho ikkje har fått snakka med partikollega Kåre Olav Svarstad etter at det vart kjent at han var ein av ordførarane som hadde underteikna oppropet om å støtte sentralsjukehuset i Førde.
- Eg vil helst ikkje uttale meg før eg har fått snakka med Svarstad, men eg meiner at det er svært beklageleg at han har underteikna dette oppropet. Som medlem av Nordfjordrådet har han vore med på desse vedtaka vi har gjort, og om han har skifta meining eller det ligg andre årsaker bak, veit eg ikkje noko om, seier Sonja Edvardsen.

Ho legg til at Nordfjordrådet vil halde fram kampen for eit fullverdig sjukehus på Eid.
- Om ordføraren i Bremanger vil vere med er noko av det eg vil spørje han om når vi tek oss ein prat, seier leiaren av Nordfjordrådet.

• Les saka i Fjordenes Tidende på nett ved å klikke her eller på overskrifta

Kritiske spørsmål frå ordførar Arne Sanden i Lærdal


SOGN AVIS Arne Sanden, ordførar i Lærdal, har skrive brev til dei tolv ordførarane som i eit opprop har tatt til orde for styrking av sentralsjukehuset og nedlegging av tilbod ved lokalsjukehusa. Her er spørsmåla Sanden vil at dei "kunnskapsrike" ordførarane skal svare på:

1.Kor stort er det akkumulerte underskotet til Helse Førde pr. dag dato?

2. Kva er den årlege budsjettmessige utfordringen til foretaket med utgangspunkt i 2009?

3. Kva helsetenester yter Lærdal Sjukehus?

4. Kva helsetenester leverar Nordfjord Sjukehus?

5. Kva for ein av desse tenestene meiner du (de) at vi bør leggje ned?

6. Kva verknad vil denne endringa ha for befolkninga i Sogn eller Nordfjord?

7. Kva for varige innsparingar vil ei slik endring medføre?

8. Og vil denne innsparinga kunne møte utfordringa i spm 1 og 2?

9. Kvar kan eg og andre finne den kunnskapen og dei analysane som de baserar dykkar utspel på?

10. Eg vil gjerne ha dokumentasjon på at politikarar i Sogn eller aksjon Forsvar Lærdal Sjukehus nokon sinne har teke til ordet for nedbygging av funksjonar ved sentralsjukehuset til fordel for lokalsjukehusa.

11. Alle 12 ordførarar representerar parti som har klåre formuleringar i partiprogramma sine i høve innhaldet i lokalsjukehusa. Korleis harmonerar utspelet dykkar med partiprogramma?

12. Skal denne nye «fordelingspolitikken» i fylket også omfatte t.d. samferdsel og skulestruktur?

• Klikk her eller på overskrifta for å lese saka i Sogn Avis på nett


OPPDATERING:
Balestrand-ordførar vil ikkje svara Sanden. Les om det i Sogn Avis ved å klikke her.

Folkemøte om framtida for Nordfjord sjukehus


FJORDENES TIDENDE I morgon går det store folkemøtet om Nordfjord sjukehus av stabelen i Operahuset på Nordfjordeid.

Det er sjukehusaksjonen for Nordfjord sjukehus som igjen mobiliserer folk i Nordfjord til støtte for innhaldet i eige sjukehus.

Sjukehusaksjonen for Nordfjord sjukehus inviterer alle som er opptekne av eit godt helsetilbod i Nordfjord og i Sogn og Fjordane til folkemøte.

Folkemøtet har berre eitt tema, og det er framtida til sjukehuset på Nordfjordeid.

Leiar i folkeaksjonen Svein Hansen seier at om salen i Operahuset skulle ha for få plassar så vert det ordna med høgtalarar slik at alle som kjem skal få med seg det som skjer.

Stortingspolitikarar, lokalpolitikarar, ordførarar, Helse Førde-leiinga og styret i Helse Førde er invitert.

• Les saka i Fjordenes Tidende på nett ved å klikke her eller på overskrifta

lørdag 7. november 2009

Sjukehusmøte på Nordfjordeid tirsdag 10. november kl. 19


Folkemøte i Operahuset på Eid

Tysdag 10. november kl. 19.00.
Sjukehusaksjonen for Nordfjord Sjukehus inviterar alle som er opptekne av eit godt helsetilbod i Sogn og Fjordane til folkemøte.

Tema: Framtida for Nordfjords Sjukehus

Fra Forsvar Lærdal sjukehus drar vi oppover. Er det andre som også skal reise, ta gjerne kontakt for eventuell samordning av transport.

fredag 6. november 2009

Helseministeren freder lokalsykehusene, men åpner for andre oppgaver























BERGENS TIDENDE Lokalsykehusene vil få nye oppgaver, og flere sykehus kan bli gjort om til lokalmedisinske sentre.

Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen sier at nedlegging av lokalsykehus ikke står på helseministerens dagsorden i kommende regjeringsperiode.
-Men flere av lokalsykehusene bør vurdere muligheten til å bygge om deler eller hele virksomheten slik at de kan fungere som lokalmedisinske sentre for sine nærområde.

Omlegging på Voss
Strøm-Erichsen legger vekt på at en slik omlegging kan være aktuell for flere av lokalsykehusene i Hordaland og Sogn og Fjordane.
-Jeg tenker at det i en region som Voss og Indre Hardanger vil det være uhensiktsmessig å bygge ut et stort lokalmedisinsk senter i tillegg til sykehuset som i dag allerede ligger på Voss, sier Strøm-Erichsen.

Helse Bergen som eier sykehuset på Voss, og kommunene i lokalsykehusområdet bør i stedet gå sammen å vurdere hvilke tilbud som kan skilles ut i et lokalt senter, mener ministeren.

Målet er at alle kommuner skal knyttes til et lokalmedisinsk senter. Sentrene blir minisykehus med legevakttjeneste, observasjonsposter og etterbehandlingsposter for pasienter som har vært innlagt på sykehus. Kommunene og staten skal i fellesskap stå ansvarlig for driften.
-Det er også meningen at de lokalmedisinske sentrene skal kunne tilby behandling og oppfølging av kronisk syke. Dialysehandling og cellegiftbehandling er eksempler på oppgaver som det er mulig å la sentrene få ansvaret for, sier Strøm-Erichsen.

Færre akuttsykehus
-Er det nødvendig at alle sykehus også skal ha akuttmottak?
-Samhandlingsreformen forutsetter at alle kommuner skal knyttes til en legevakt. I praksis vil det styrke akuttfunksjonen i mange områder med spredt befolkning. Avstand og reisetid til nærmeste sykehus blir avgjørende for hvilke sykehus som skal være akuttsykehus. Med et bedre utbygd legevaktsystem er det ikke lenger behov for å opprettholde alle dagens akuttsykehus. I stedet vil disse sykehusene få andre oppgaver, sier hun.


LES OGSÅ: FORKJEMPER FRYKTER FREMTIDEN
Samhandlingsreformen kan bli en trussel for lokalsykehusene, mener lokalsykehusforkjemper Bente Øien Hauge.
Hun er en utrettelig forkjemper for å opprettholde lokalsykehuset i Lærdal. Hun sitter også i ledelsen for den landsomfattende Folkebevegelsen for lokalsykehus.

Samtidig er hun redd at samhandlingsreformen blir en reprise av Nav-reformen. Den fungerer bra på skrivebordet, men er ikke like lett å overføre til praksis.

Gir liv til lokalsamfunnene
-Lokalsykehusene er livsviktige for lokalsamfunnene. Fremkommeligheten innerst i vestlandsfjordene er ikke slik at det er mulig alltid å lande med et ambulansehelikopter. Derfor føler ikke folk seg trygge om lokalsykehuset deres blir borte. Lokalmedisinske sentre blir ingen fullgod erstatning, mener hun.
-Vi vet det er vanskelig å rekruttere leger og annet helsepersonell til sykehus i distriktene. Mister lokalsykehusene sykehusstatusen, blir det enda vanskeligere.

-De lokalmedisinske sentrene skal ha legevakt. Vil ikke det føre til at mange distrikter får bedre akuttberedskap enn de har i dag?
-Jo, i enkelte områder. Men de vil likevel ikke kunne bli mer enn et supplement til det nærmeste lokalsykehuset.

-Hva bør et lokalsykehus tilby?
-Fødetilbud og medisinsk akuttberedskap må være et tilbud på absolutt alle sykehus. Ingen forlanger at et lokalsykehus skal kunne tilby alle former for avansert kreftbehandling og hjertebehandling.

Nærhet viktig
-Også vi i Folkebevegelsen forstår at det er nødvendig med en funksjonsfordeling mellom sykehusene. Men det er unødvendig at bestemor som har lårbensbrudd skal måtte ligge på sykehus mange mil fra sine kjære for å få behandling. Det kan fort bli hverdagen dersom forslagene i stortingsmeldingen om samhandlingsreformen blir satt ut i livet, tror Bente Øien Hauge.

• Les BT-saken med helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen ved å klikke her
• Les BT-saken med koordinator i Folkebevegelsen for lokalsykehusene Bente Øien Hauge ved å klikke her

Sunnfjordsordførerne vil bygge ned lokalsjukehusa: Protesterer mot nedbygging av sentralsjukehuset


SOGN AVIS Tolv ordførarar har skrive under opprop for vern av sentralsjukehuset.
Einar Målsnes i Balestrand og Kjartan Longva i Høyanger er blant dei tolv ordførarane som står samla bak oppropet "Stopp demonteringa av sentralsjukehuset".

Dei krev at Helse Førde held på spesialisttenester i Førde, om nødvendig på kostnad av lokalsjukehusa, og dei meiner styret i helseføretaket må få ro til å gjennomføra dette arbeidet.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

torsdag 5. november 2009

Eide Kirketeig angrip lokalsjukehusforkjemparane: – Driv egoistisk sjukehuskamp


FIRDA Jorunn Eide Kirketeig (Ap) meiner motstanden i nord ber preg av «leve Nordfjord, skit i fylket».

– Den manglande viljen til å omstille seg ved lokalsjukehusa har allereie ført til at det geriatriske teamet ikkje lenger finst i Sogn og Fjordane. Kor mykje har motkreftene tenkt å ofre for å mjøle si eiga kake? skriv Ap-politikaren frå Førde i eit innlegg i dagens Firda.

(Undertegnede er temmelig skeptisk til å gi lokalsykehusene skylden for mangel på geriatrisk team. Jeg var tilhører på møtet og mener å huske at det stod så lagelig til for hogg fordi det aldri kom i gang - på grunn av rekrutteringsvansker? Må sjekke opp dette i sakspapirene …
La også merke til at Firda i første omgang ikke åpnet for kommentarer i denne saken, i motsetning til sakene de kjørte om lokalsykehusaksjonistene …)


• Les saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta

Raudt: Når det maktpolitiske "lauget" vil knekke ein folkeaksjon


RAUDT I SOGN OG FJORDANE HAR SENDT DETTE LESARBREVET:

Siste veka har vi sett eit tarveleg politisk spel for å ta frå folkeaksjonen ”Forsvar Lærdal sjukehus”, og kanskje spesielt Bente Øien Hauge, all rasjonalitet og politisk legitimitet. Dette blir kombinert med skuldingar om at dei representerer eit trugsmål mot demokratiet.

Tidlegare statssekretær i Barne- og likestillingsdep., Tord Dale (AP), skuldar aksjonistane (les: Bente Øien Hauge) for å basere forsvaret for lokalsjukehuset på kjensler. Dei er med andre ord irrasjonelle og tek ikkje omsyn til fakta. Dale held så kjeft, men blir, som bestilt, etterfølgd av styremedlem i Helse Førde, Harry Mowatt (også AP), som underbyggjer og nærast fører bevis for aksjonistane sin irrasjonalitet. Det toppar seg etter det ”lukka møtet” mellom aksjonistane og stortingsbenken. Så kjem heile det maktpolitiske ”lauget” på bana, til og med sindige Jorunn Ringstad (SP) og ikkje minst styreleiar Clara Øberg (AP). Endeleg kan dei slå inn den siste ”spikaren”. Sjølvaste professor Årebrot (også AP) blir henta inn for å gje tyngde til at no set ikkje berre aksjonistane demokratiet på spel – dei eig heller ikkje moralsk og etisk gangsyn. Og ikkje minst, korleis skal det gå når stortingsbenken tillet seg å høyre på aksjonistane?

Og Jorunn Kirketeig (AP) ropar over seg og skriv brev til eige fylkesparti, krev disiplin i rekkjene og skulder Ingrid Heggø (AP) for løftebrot. Det kulminerer med at Tor Bremer (AP), ikkje uventa, tek avstand frå Heggø og uttalar at han aldri vil instruere Helse Førde eller be om konsekvensutgreiing av Helse Førde-vedtak. Veljarane bør merke seg at dei har valt ein politikar som ikkje vil drive med politikk – i alle fall ikkje helsepolitikk. Bremer sin bodskap til styret er at dei berre kan ture fram med sine økonomisk motiverte funksjons-/strukturendringar. Elles er det berre Bjørn Lødemel (H) som seier at han vil la såkalla fagfolk styre helsepolitikken vår.

Dei som no står fram er, med få unnatak, medlemmar av AP – eit parti som har sitt opphav i folkeleg motstand mot nettopp undertrykkande maktpolitikk. Når no aksjonistane i Lærdal og i Nordfjord slåst i beste demokratiske ånd for bevaring av sjukehusa, blir dei konsekvent omtala som ufornuftige/irrasjonelle som ikkje tek omsyn til fakta og no også er ein fare for demokratiet. AP blei også i si tid omtala i same ordelag av den tida sine maktpolitikarar. No har AP makt og har diverre blitt del av det maktpolitiske ”lauget”. Det tener dei ikkje til ære.

Aksjonistane i Lærdal, Nordfjord og Førde er nødvendige og viktige i eit levande demokrati. Dei slåst for sentrale verdiar og treng ikkje ”vaksenopplæring” frå maktpolitikarar. Fylket vårt treng fleire som Bente Øien Hauge, Erik Solheim og Geir Oldeide og fleire ”Thingnesingar” frå Vevring. Det står om viktige verdival. Og som det er sagt: den som berre verdset pris, set liten pris på verdiar.

Raudt Sogn og Fjordane
Ingunn Kandal

Raudt Førde
Per Bj. Ørjansen

• Les brevet på Firda Origo ved å klikke her eller på overskrifta

Akuttberedskap under angrep

AVISA FIRDA HAR FUNNE EIN TIDLEGARE STYRELEIAR SOM VIL UTTALA SEG OM AKUTTBEREDSKAP:
Tidlegare styreleiar i Helse Førde, Per Ytrehus, meiner det ikkje trengst akuttberedskap ved lokalsjukehusa i Lærdal og Eid.
- Titals millionar kroner blir brukt feil på grunn av ein forelda sjukehusstruktur, seier Ytrehus til Firda.

• Les saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta

tirsdag 3. november 2009

PWC-rapporten som det vert vist til


Helse Førde viser i grunngjevinga for gjennomgangen av ortopedikapasiteten til ein rapport frå PriceWaterHouseCooper som vart lagt fram tidlegare i år.







FAKTA ORTOPEDISK VERKSEMD






Status tenestetilbod innan ortopedi Helse Førde:
Som det framkjem av tabell 2 går den ortopedisk verksemda føre seg på 3
ulike geografiske lokasjonar; Førde, Lærdal og Nordfjord. Helse Førde HF
har gjennom ei tid hatt ein til dels vanskeleg diskusjon om den ortopediske
funksjonsfordelinga. Pr. dags dato har alle tre sjukehusa ein akuttberedskap.
Dette vil seie at det er ortoped, anestesilege, anestesisjukepleiar,
operasjonssjukepleiar, turnuslege, røntgen og labtenester på vakt heile
døgnet.

2008 tal - - - - Årsverk - - Sengetal - - Gj.snitt belegg
Ortopedisk sengepost LSH - - 24,3 - - 18 - - 93%
Ortopedisk sengepost Nordfjord - - 23,9 - - 14 - - 83%
Ortopedisk sengepost Førde - - 44,4 - - 30 - - 80%

* I sengetalet LSH og NSH er det begge stader 8 sengar ortopedi + NSH 6 sengar rehab og LSH 10 senger rehab.

Fellesnemnaren for dei tre sjukehusa er at samtlege har akuttberedskap
innan ortopedi, men elles ser ein av oversikta ovanfor at dei er av relativt ulik
storleik. Sjukehusa har også valgt ulike faglege profilar. Lærdal sjukehus har
i fleire år hatt eit høgt volum av elektive proteseinngrep og har på bakgrunn
av dette tilbodet hatt ein relativt høg andel pasientar utanfor Helse Førde sitt
opptaksområde. Som ein forlenging av denne modellen, er det frå leiinga i
Helse Førde kome framlegg om at NSH skal utvikle eit spissa
behandlingstilbod innan artroskopisk kirurgi.opedisk


VÅRE VURDERINGAR FOR ORTOPEDISK VERKSEMD
1. FSS har 26 sengar ortopedi. Sengetalet vart redusert frå 32 til 26 i
2007. Frå oktober 2008 er all ØH ortopedi samla ved FSS. Det betyr
at pasientar som tidlegare vart operert som ØH ved NSH og LSH i
dag vert operert ved FSS. Tilbodet ved FSS er i dag ein stor del ØH,
som sjølvsagt i antal vekslar frå periode til periode. Breidden i tilbodet
ved FSS er større enn ved NSH og LSH, det betyr også at DRGvekta
har eit stort spenn.

2. NSH har 8 senger ortopedi og 6 senger rehab. Spekteret av
operasjonar ved NSH er inngrep med forholdsvis låge DRG, iallfall
om ein samanliknar med LSH. NSH har mange langvarige
operasjonar i skulder. Skulderleddet er eit komplekse ledd i kroppen
og operasjonar her kan ta opp til fleire timar for ein enkelt pasient.

3. LSH har i all hovudvekt operert kneproteser + litt anna. Innan
ortopedi er det protesekirurgi som gjev dei høge DRGane. Ein
kneprotese i LSH som varer opp til max eit par timar, har ei vekt på
over 4,5 DRG poeng. Det betyr at ein kan ikkje utan vidare kan
samanlikne dei tre sjukehusa etter at ein fekk fram ei større
funksjonsfordeling frå hausten 2008.

Aktivitetstal for 2009 viser at det er eit høgt belegg ved FSS, med eit
gjennomsnittleg belegg som varierar mellom 75% og 112%, med ei overvekt
på belegg nær 100%.


VÅRE VURDERINGAR
Som vi ser av framstillinga ovanfor har ortopedisk avdeling FSS eit belegg
som tilsvarar eit stort antal korridorpasientar på enkelte dagar/tider av dagar.
Belegg over 90 % vil alltid gje korridorpasientar og er ein viktig nasjonal
kvalitetsindikator.

Etter samling av akuttberedskap FSS ortopedi, har avdelinga fått auka
beleggsprosenten betrakteleg. Det er neppe i dag realistisk å seie at det er
overkapasitet på denne sengeposten.

Etter vårt syn kan det imidlertid vere relevant å sjå på det samla tilbodet for
ortopedi i Helse Førde HF. Fordi det er ortopedi ved alle tre sjukehusa er det
klart at det er stor overkapasitet på dette området. Det ortopediske tilbodet
ved LSH er avhengig av at ein stor del pasientar kjem utanfor Helse Førde
området. Hadde ikkje dette sjukehuset hatt det omdømme som gjer at
pasientar ynskjer seg dit, hadde overkapasiteten samla sett vore tydeleg.

Det er ikkje lang ventetid innan ortopedi samla sett. Ein kan tenkje seg at
den ortopediske akuttberedskapen vart samla ein stad (FSS) med
akuttberedskap ortopedi og den breidde som er i dag. FSS er også viktig
som utdanningsinstitusjon. I tillegg kunne det vore ein avdeling som kun
hadde elektiv verksemd og ingen beredskap, jfr. eks Hagavik-modellen i
Hordaland. Mykje tilseier at det kapasitetsmessig hadde vore tilstrekkeleg.
Eit meir krevjande alternativ kunne teoretisk vore å samle all ortopedi på
FSS. Det ville krevd ei sterk auke i den dagkirurgiske andelen, samt utviding
av operasjonsstovekapasiteten ved FSS.

• Les rapporten "Gjennomgang og vurdering av drifta og driftsgrunnlaget i Helse Førde HF" ved å klikke her eller på overskrifta.

Nordfjordeid: Dei tilsette ikkje informert


NRK SOGN OG FJORDANE Tilsette på sjukehuset i Eid reagerer på å høyre om moglege kutt i ortopedien på radio.

- Eg fekk informasjonen frå ein annan tilsett som hadde høyrt om saka på radio, seier plasstillitsvald Evy Janne Berle.
Ho reagerer på dårleg informasjon frå Helse Førde.

Spøkjer for avdelinga
- Det hadde vore kjekt å få informasjon frå styret i Helse Førde og ikkje gjennom radioen og intranettet, seier Berle.
No må tilsette ved lokalsjukehusa leve fleire veker i uvisse om kva som skjer med arbeidsplassen.
Måten dei fekk beskjed om den moglege nedlegginga på var via radio og internett.

• Les meir om dette, og om reaksjonane frå ordførar i Eid kommune og varaordførar i Lærdal kommune på NRK sine sider ved å klikke her eller på overskrifta