onsdag 11. november 2009

Sanden: Har ikkje fått svar


SOGN AVIS Sanden ikkje overraska.

Ordførar Arne Sanden i Lærdal hadde tysdag ikkje høyrt noko frå dei 12 ordførarane han utfordra i sjukehusdebatten før helga. Det hadde han heller ikkje venta.

– Eg var sjølvsagt klar over at det kanskje ville bli slik, og eg vil med tyngde hevda at dei 12 ordførarane legg for dagen ein primitiv tankegang og ber på eit tankegods som ikkje er eigna til å byggja fylket vidare. Dei vil byggja opp ein del av fylket ved å redusera i andre delar av fylket. Men skal me få til noko her, må me stå saman, seier Sanden.

– Korleis reagerer du på at det ikkje er kome svar?
– Det må eg berre ta som eit uttrykk for at dei spørsmåla som eg stilte har gjeve grunnlag for litt ettertanke og at problemstillinga kanskje ikkje var så enkel som desse 12 ville ha det til.

Sanden seier poenget han ynskjer å streka under, er at fylket må samarbeida for å løysa problema.
– Ikkje slåst som hund og katt slik dei 12 samansvorne ordførarane legg opp til.

• Les saka i Sogn Avis på nett ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar