onsdag 14. april 2010

Hydro i Årdal oppfordrar på det sterkaste at lokalsjukehuset i Lærdal består


PORTEN Hydro Årdal med sine 820 tilsette er opptekne av helse, miljø og tryggleik. Ikkje berre for eigne tilsette i arbeidstida, men og for samfunnet rundt oss, skriv leiinga ved aluminiumsfabrikken i Årdal til styret i Helse Førde

- Hydro Aluminium Årdal er i følgje lovverket ei klasse 1 - verksemd. Det vil seie at styresmaktene har vurdert at det kan vere eit potensiale for ulykker i samband med våre produksjonsprosessar. Vi er difor sterkt opptekne av persontryggleik, og at verksemda vår skal være ein trygg arbeidsplass. Men dersom ulukka skulle være ute, er vissa om rask og god hjelp ein absolutt føresetnad. Dette gjeld ikkje berre for våre tilsette, men og for innbyggjarane i Årdal, står det i eit brev til Helse Førde.

Riksveg 53 til Fodnes og Fodnestunellen har gjeve ein rask og sikker transport til Lærdal Sjukehus. For ytterlegare å bidra til rask transport har Hydro stilt sin ambulanse til rådvelde for Helse Førde, utan vederlag.

Våre fagmedisinske rådgjevarar fortel oss at ei forlenga transporttid til Førde, Voss eller Haukeland, kan innebere eit skille mellom liv og død for ein alvorleg skada eller akutt sjuk person.

Helikopter vil i mange høve vere tvingande nødvendig for å berge liv og helse. Det er likevel mange dagar i året helikopter ikkje er eit alternativ på grunn av værtilhøva. Statistikken som er framlagt av luftambulansen i Førde, stadfestar at omlag 100 oppdrag ikkje kunne gjennomførast i 2009 på grunn av mellom anna værsituasjonen på det aktuelle tidspunktet. Dette understrekar behovet for at det er eit akuttmottak i nærleiken som kan stabilisera ein alvorleg sjuk eller skada person, i påvente av eventuell vidare transport, skriv fabrikksjefen.

Det er eit samfunnsansvar å oppretthalde eit sjukehus i vårt nærområde, med akutt beredskap og eit fullverdig tilbod til fødande. Dette skapar tryggleik. Ikkje berre for våre tilsette idag, men og for ettervekst og rekruttering. Dette er viktige argument for at Hydro kan bestå og utviklast i Årdal - der alle kan føle og oppleve tryggleik både i arbeid og i fritid.

Hydro i Årdal oppfordrar på det sterkaste at lokalsjukehuset i Lærdal må bestå. Vi ber om at Helseføretaket og Regjeringa tek desse signala på alvor, står det i brevet frå Hydro.

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar