mandag 17. januar 2011

Årdal kommune: Formannskapet handsamar samhandlingsreforma


ÅRDAL KOMMUNE Formannskapet skal i møte 18. januar handsame kommunen sin høyringsuttale til samhandlingsreforma.
Samhandlingsreforma vart vedteken i Stortinget i april 2010. Målet med reforma er å redusera helseskilnader, og å utvikla eit likeverdig tilbod om helse- og omsorgstenester uavhengig av diagnose, alder, bustad osv.

For å dempa veksten i sjukehustenester skal kommunane overta ein større del av helsetenestene, førebygging og tidleg innsats skal vektleggjast og brukarane skal møta eit heilskapleg og samanhengande helse- og omsorgstilbod gjennom forpliktande samarbeidsavtalar og avtalte behandlingsløp mellom spesialisthelsetenesta og kommunale helsetenester.
Rådmann tilrår formannskapet til å vedta Høyringsuttalen slik den vert lagt fram.

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) la 18.oktober 2010 fram forslag til ny helse og omsorgsplan, 2011-2015, ny folkehelselov og ny kommunal helse- og omsorgslov.

Høyringsfrist er sett til 18. januar 2011 og planen er at dei nye lovene skal iverksetjast frå 1. januar 2012.

• Les saka på Årdal kommune sine nettsider ved å klikke her eller på overskrifta. Her finn du òg saksdokumentet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar