lørdag 8. januar 2011

Vaktmeister måtte køyre akutt


FIRDA Alle beredskapsambulansane var ute på oppdrag. Då mått vaktmeister i Aurland kommune og tidlegare ambulansesjåfør Steinar Grønsberg trå til for å frakte ein alvorleg sjuk pasient til sjukehuset i Voss, skriv Sogn Avis laurdag.

Kommunelege 2 i Aurland, Lars Moland, seier det grunnleggjande problemet er at det er berre ein døgnoperativ ambulanse i Aurland og Lærdal.

Alle ute
Det var onsdag ettermiddag at hendinga fann stad. Då var den døgnoperative ambulansen ute på oppdrag. Den dagoperative ambulansen var ute av drift. Det vart henta inn ein ambulanse frå Sogndal til Lærdal for å dekke opp. Men også denne måtte ut på oppdrag.

Så kom akuttsituasjonen. Ein ambulansesjåfør som hadde fri måtte steppe inn. Men det skal vere to på eit slikt oppdrag. Då vart vaktmeisteren ringt opp.

– Eg sa sjølvsagt ja til å stille, seier Grønsberg til avisa. Han har 30 års erfaring som ambulansesjåfør, men jobbar som vaktmeister i dag.

– Turen gjekk greitt, men dette illustrerer at det kan vere behov for to ambulansar med heildøgns beredskap, meiner Grønsberg.

Også kommunelege Lars Moland meiner éin bil er i minste laget.

- Beste løysing for pasienten
– I dette tilfellet var døgnbilen i Lærdal oppteken. AMK varsla både luftambulanse og næraste ordinære ambulanseressurs som ville vere frå Helse Bergen og Voss ambulansestasjon. Då vi fekk bemanna reserveambulansen i Lærdal, valde vi denne løysinga, i samråd med kommunelegen, seier ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov til Sogn Avis.

Han seier at slike situasjonar kan oppstå når ordinær beredskap er oppteken, og med avstandane som vi har i distrikta.

Sægrov meiner denne løysinga vart best for pasienten.

• Les saken i Firda ved å klikke her eller på overskriften

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar