mandag 17. januar 2011

Fylkestinget: Opposisjonen samla om framlegg


NRK SOGN OG FJORDANE Høgre, Frp, Venstre, KrF og uavhengige Gunvor Sunde har samla seg om eit fellesframlegg for å berge lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane.

Under fylkesutvalet måndag presenterte opposisjonen sitt framlegg til uttale i samband med nasjonale helse- og omsorgsplanen for 2011 - 2015.

LES OGSÅ: Lokalsjukehus splittar fylkestinget

- Lokalsjukehusa må innehalde akuttfunksjonar og eit fødetilbod på minimum tilsvarande dagens nivå. Ein bør også ha andre funksjonar slik at ein får utnytta støttefunksjonane fullt ut, lyd framlegget.

Med det har som venta opposisjonen samla seg mot dei raudgrøne politikarane. Men skal mindretal bli til overtal, må nokon av dei raudgrøne politikarane skifte side når Fylkestinget startar klokka 1430.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar