torsdag 20. oktober 2011

Hastekeisarsnitt berga babyen


SOGN AVIS Ho er i live mot alle odds, vesle Randi Marit frå Borgund.

– Det var mykje som var flaks den dagen, seier jordmor Elna Nilsson om dei dramatiske timane då Randi Marit kom til verda ved sjukehuset i Lærdal 2. september i år.

– Me var to jordmødrer her på fødestova, det var framleis folk på operasjonsavdelinga og me fekk tak i både gynekolog og anestesilege som var i Lærdal den dagen.

Stod om minuttar

– Hadde det ikkje vore for Elna og sjukehuset i Lærdal, så hadde ikkje Randi Marit vore i live i dag, seier foreldra Wenche Gram og Nils Sletten.

Jordmor Elna fekk telefon frå pappa Nils Sletten om at Wenche hadde tette rier og vart bedne om å koma ned på sjukehuset for vidaresending til Førde sentralsjukehus. Då Wenche kom fram, hadde vatnet alt gått og ho vart kopla til CTG, der dei konstaterte at det ikkje var lyd frå fosteret. Dermed stod det om minuttar.

Tidsfaktoren

Ifølgje retningslinene, skal det ikkje utførast keisarsnitt ved sjukehuset i Lærdal. Men jordmor Elna Nilsson er heilt klar på at dersom dei hadde sendt mamma Wenche med luftambulanse til Førde i staden for å utføra keisarsnittet i Lærdal, så hadde ikkje barnet vore i live i dag.

– Det hadde aldri gått, det hadde teke altfor lang tid. Me hadde også flaks sidan det var folk på operasjonsavdelinga. Utan dei hadde heller ikkje dette gått bra.

Mamma Wenche seier ho berre har vage glimt frå tida etter at dei ikkje høyrde hjartelydar frå fosteret.

Mareritt

– Det var eit skikkeleg mareritt, eg unner ingen å ha det slik. Tenk om det ikkje var nokon i Lærdal som kunne hjelpa oss, seier den nybakte mora, som ber dei som vil fjerna fødetilbodet frå Lærdal om å tenkja seg om ein gong til.

– Skal det verkeleg måtta gå liv først? Eg tenkte på det ofte under svangerskapen, og det er ikkje særleg kjekt å vera usikker på om du får hjelp dersom det skulle skje noko.

Vil skje att

Nilsson legg til at slike komplikasjonar vil skje frå tid til annan.

– Me har hatt episodar kvart år med behov for hastekeisarsnitt her, det vil skje framover også. Anten dette eller andre livstrugande komplikasjonar. Og det er ikkje alltid det er flyvêr heller. Det rikaste landet i verda burde ikkje spara på slike viktige funksjonar som eit fungerande førdetilbod er.

Meir om den dramatiske fødselshistoria kan du lesa i papirutgåva torsdag/e-avisa.


• LES SAKA I SOGN AVIS PÅ NETT VED Å KLIKKE HER ELLER PÅ OVERSKRIFTA

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar