fredag 22. august 2008

Bolstad føreslår stort løft på medisinskteknisk utstyr

Adm.dir. Jon Bolstad ønskjer dei neste fem åra kjøpe nytt medisinskteknisk utstyr til Helse Førde for 160 millionar kroner. Bolstad tilrår eit kraftig løft i investeringane til kjøp av medisinskteknisk utstyr i investeringsplanen som styret i Helse Førde skal vedta på møtet 28. august.

I 2008 vart det sett av fem millionar kroner til kjøpt av slikt utstyr, men no ønskjer Bolstad ei investeringsramme som er meir i tråd med det reelle behovet.

Behovet for nytt utstyr er stort. Utstyret som vert brukt i dag tilfredsstiller krava, og det er teknisk forsvarleg å bruke dette, men i eit fagleg perspektiv er det behov for å investere i meir moderne utstyr.

Ei av utfordringane med mykje gammalt utstyr er manglande tilgang på reservedeler og til slutt havari. Dette kan føre til driftsstans og auka kostnader.

Blant utstyret som Bolstad ønskjer å kjøpe er CT-maskiner, analysemaskiner, skopiutstyr, dialysemaskiner, kuvøser og EKG-utstyr.

• Les heile saka på Helse Førde sine nettsider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar