onsdag 27. august 2008

Sogn og Fjordane legeforening: Ikkje samstemt styre for sentralisering av akutt ortopedi


FJORDENES TIDENDE: Kommunelege i Vågsøy, Trond Inselseth, støttar ikkje legeforeininga sitt ortopedivedtak.

Måndag vart det kjent at styret i Sogn og Fjordane legeforeining støttar vedtaket om omorganiseringa av ortopedien i Helse Førde. I ei pressemelding skriv legeforeininga at dei ser på omorganiseringa som eit viktig grep for å sikre ei god og tenleg ortopediteneste i framtida.

Tysdag gjekk Trond Inselseth ut i NRK og understreka at han ikkje er samd i vedtaket som styret i legeforeininga, der han er styremedlem i, har fatta om ortopedi. Inselseth seier til NRK at han var på ferie då saka vart drøfta blant legane.

Inselseth understrekar at han framleis er kritisk til måten styret i Helse Førde vil organisere ortopedien, og fryktar at det vil gå sterkt ut over pasientar i Nordfjord og drifta ved Nordfjord Sjukehus.

Helse Førde har som kjent bestemt at ortopedipasientar med akutte behov for operasjon skal sendast til sentralsjukehuset i Førde. Vedtaket har vekt sterke reaksjonar i Nordfjord.

• Les saka i Fjordenes Tidende ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar